Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

7. Sentral domstoladministrasjon

Ansvaret for den sentrale administrasjonen av domstolane er lagt til Justisdepartementet, og arbeidet vert i hovudsak utført av domstolavdelinga i Justisdepartementet og RIFT.

Det er også etablert nokre frittståande råd utanfor departementet, der dommarar og andre domstoltilsette har ansvaret for viktige administrative tiltak, dels saman med representantar frå departementet og dels som reine dommarråd.

Mykje av den daglege administrasjonen er delegert til den einskilde domstolleiar.

Det vert i proposisjonen pkt. 7.3 gjort greie for ordningane i våre granneland og i land som nyleg har greidd ut domstolane si stilling og administrasjonen av domstolane.

I Danmark og Island har ein nyleg gjennomført reformar av det domstoladministrative arbeidet, med større grad av fristilling. I Sverige har ein i mange år hatt eit eige Domstolverk med monaleg handlefridom.

I proposisjonen pkt. 7.4 vert det peika på følgjande omsyn ved organiseringa av ny domstoladministrasjon; demokratiomsynet, omsynet til at domstolane skal vere upartiske og uavhengige, ha god kvalitet, at domstolane må ha tillit frå folk og omsynet til offentleg innsyn.

Det er fleire organisasjonsløysingar som kan vere aktuelle. Dei viktigaste alternativa er:

  • Departementsmodellen, eventuelt med eit eksternt korrektiv i form av eit råd eller liknande.

  • Direktoratsmodellen, eventuelt med eit styre. Statsråden har framleis det parlamentariske og konstitusjonelle ansvaret.

  • Sentralbanklov-modellen, der ein held fast ved regjeringa sin instruksjonsrett, men knytt til vilkår som gjev domstoladministrasjonen ein stor grad av sjølvstende.

  • Frittståande domstoladministrasjon med tilknyting til regjering eller Storting for eksempel gjennom rett til å oppnemne og avsette styret for domstoladministrasjonen.

  • Domstoladministrasjon styrt direkte av domstolane, der domstolane administrativt ikkje er undergitt nokon anna innverknad frå dei andre statlege styresmaktene.

Fleirtalet i kommisjonen har foreslått ei ny administrativ ordning for domstolane. Hovudtrekka i forslaget er at domstoladministrasjonen skal leiast av eit styre, delvis valt av Stortinget og delvis oppnemnt av Kongen i statsråd, med representasjon frå ålmenta, frå dommarane og frå advokatar. Sjølve administrasjonen skal flyttast bort frå departementet. Grunngjevinga for eit større administrativt sjølvstende er særleg at dette stør opp om sjølvstendet i dommararbeidet.

Det er gjort nærare greie for fleirtalet sitt forslag i proposisjonen pkt. 7.6.1.

Eit mindretal i Domstolkommisjonen foreslår at den sentrale domstoladministrasjon vert organisert som ein del av Justisdepartementet, men med ei særordning i form av eit eksternt råd. Det vert foreslått oppretta eit innstillingsråd og eit tilsynsråd, som til saman skal utgjere eit uavhengig Domstolråd for departementa. Mindretalet legg vekt på å få ei ordning der den sentrale administrasjonen av domstolane vert lagt inn under ein parlamentarisk og konstitusjonelt ansvarleg statsråd.

Det er gjort nærare greie for mindretalet sitt forslag i proposisjonen pkt. 7.6.2.

Blant dei domstolane som har avgitt høyringsuttale, er det ei klår overvekt som stør den administrasjonsordninga Domstolkommisjonen sitt fleirtal har foreslått, eventuelt med nokre merknader. Det same gjeld m.a. Den norske Advokatforening, Norges Juristforbund og fleirtalet i styret i Den norske Dommerforening. Det vert m.a. peika på at domstolane balanserer forvaltninga si makt og har kontrollfunksjonar i høve til lovgjevinga i Stortinget. Nokre instansar meiner det er uheldig at kommisjonen ikkje har brukt meir tid på å utgreie eventuelle mellomløysingar.

Dei som sluttar seg til mindretalet si tilråding, legg m.a. vekt på at det at domstolane er uavhengige i si dømmande verksemd, er vel innarbeidd i Justisdepartementet og at etablering av nye organ fører til auka utgifter. Dette gjeld m.a. Etatsansattes landsforbund (nå 2fo), Landsorganisasjonen og Regjeringsadvokaten. Sistnemnde viser m.a. til at om fleirtalet sitt forslag blir gjennomført, vil dei personane som er oppnemnde til å sitje i styret få eit ansvar for utviklinga i domstolane som er av personleg karakter og utan politisk kontroll.

Blant dei andre høyringsinstansane, m.a. fylkesmennene, politimeistrane og departementa, er meiningane delte.

Som grunngjeving for Justisdepartementet sitt forslag til endring vert det m.a. peika på samanhangen med omorganiseringa av resten av justisforvaltninga, ønskje om klårare skilje mellom domstolane og departementa, og at den løysinga som er tilrådd av fleirtalet i Domstolkommisjonen har fått tilslutning av dei fleste høyringsinstansane.

Justisdepartementet ser det som uaktuelt å føre vidare den ordninga vi har i dag utan endring, og ser det heller ikkje som godt nok å følgje mindretalet sitt forslag. På den andre sida gjev fleirtalet sitt forslag ei for vidtgåande fristilling.

Komiteen seier seg samd med Regjeringa i at det er trong for eit klårare skilje mellom domstolane og Justisdepartementet, ikkje minst med den omorganiseringa som har vore gjennomført av den øvrige justisforvaltninga. Komiteen har merka seg at det er eit fleirtal i Domstolkommisjonen og i høyringsinstansane som sluttar seg til forslaget.

Komiteen vil òg understreke at trongen for ein ny struktur eller reform på området også vert forsterka av generelle utviklingstrekk ein kan sjå i ei rekkje andre land.

Ein tradisjonell direktoratsmodell vil etter departementet si vurdering ikkje gje ei slik markering av domstolane si statsrettlege stilling som er naturleg når ein skal gjennomføre ein reform på dette området.

Justisdepartementet foreslår at departementet i framtida ikkje skal ha alminneleg instruksjonsrett over domstolane i administrative spørsmål. Gjennom handsaminga av budsjettproposisjonen i Stortinget vert det gjeve sentralt fastsette retningsliner for domstoladministrasjonen, og styring av domstoladministrasjonen skjer elles ved lov, føresegner eller plenarvedtak i Stortinget på vanleg måte. Regjeringa skal ved kongeleg resolusjon kunne instruere domstoladministrasjonen i høve til administrative einskildsaker.

Dei einskilde elementa i forslaget vert nærare omtalt i proposisjonen pkt. 7.10.3 - 7.10.9. Eit viktig element i modellen er at det vert oppnemnt eit styre for domstoladministrasjonen.

Justisdepartementet har vurdert om ein bør regelfeste ei plikt for domstoladministrasjonen til å leggje fram, eventuelt orientere om særleg viktige saker for Justisdepartementet, men foreslår ikkje slike reglar.

Forvaltningsrevisjonen av domstolane som Riksrevisjonen utfører, vil gje Stortinget høve til ein effektiv etterfølgjande kontroll overfor verksemda i dom­stolane, og er ein viktig føresetnad for å etablere ein eigen domstoladministrasjon med ein så avgrensa instruksjonsrett frå den utøvande makt som foreslått.

Justisdepartementet legg til grunn at lov om offentleg innsyn bør gjelde for dei vesentlege delane av domstoladministrasjonen si verksemd. Styret sine vedtak om administrasjon av domstolane, inkludert dissensar, vil vere offentlege med mindre vedtaket går inn under andre unntaksreglar, for eksempel på grunn av innhaldet i vedtaket.

Fleirtalet i Domstolkommisjonen har foreslått at skriftlege styrevedtak som er retta inn til administrasjonen skal vere offentlege. Ein slik unntaksfri rett til innsyn vil etter departementet si vurdering lett kunne få uheldige konsekvensar, og departementet går ikkje inn for ei slik ordning.

Komiteen er samd i at domstolane si framtidige stilling må markerast slik at samspelet og sjølvstendet kan regulerast gjennom dei opptrekte fire hovudprinsippa:

  • «1. Justisdepartementet skal ikke i fremtiden ha alminnelig instruksjonsmyndighet over domstolene i administrative spørsmål.

  • 2. Gjennom Stortingets behandling av budsjettproposisjonen gis sentralt fastsatte retningslinjer for de ansvarsområder som er lagt til domstoladministrasjonen.

  • 3. Styring av domstoladministrasjonen skjer ved lov, forskrift eller plenarvedtak i Stortinget på vanlig måte etter forslag fra regjeringen.

  • 4. Regjeringen skal ved kongelig resolusjon kunne instruere domstoladministrasjonen i forhold til administrative enkeltsaker.»

Komiteen er vidare samd i at eit viktig element i modellen for ansvarsdelinga er at det vert nemnt opp eit styre for domstoladministrasjonen og at forvaltningsrevisjonen av domstoladministrasjonen vil gje Stortinget tilfredsstillande høve til kontroll utan at det er trong for å regelfeste ei plikt om å leggje fram for eller orientere Justisdepartementet i viktige saker.

Komiteen vil understreke at det er viktig for domstoladministrasjonen å nytte seg av prinsippet om offentleg innsyn.

Justisdepartementet foreslår at ein vel ein modell med eit styre for domstoladministrasjonen med sjølvstendig ansvar. Styret skal setjast saman av to representantar for ålmenta, to advokatar frå privat eller offentleg sektor, og tre dommarar, likevel slik at det kan nemnast opp ein annan særleg kvalifisert representant for domstolane i staden for ein av dommarane. Dei to representantane for ålmenta skal veljast av Stortinget, og dei andre styremedlemene skal nemnast opp av regjeringa. Oppnemningsperioden bør vere fire år, med høve til gjenoppnemning/gjenval ein gong.

Fleirtalet i Domstolkommisjonen har foreslått at styret vert sett saman av dei same personane som skal sitje i Innstillingsrådet for dommerutnemningar. Både arbeidet i styret og i Innstillingsrådet vil kunne bli relativt tidkrevjande og det er trong for ulik kompetanse i desse organa. Justisdepartementet foreslår derfor at ein oppnemner ulike personar til styret og til Innstillingsrådet.

Når det gjeld oppnemninga av dommar- og advokatrepresentantane i styret, kan det være aktuelt å motta forslag frå domstolane, Den norske Dommer­forening eller andre organisasjonar som representerer dei aktuelle gruppene. Regjeringa står uansett fritt i sitt val av personar til styret.

Justisdepartementet er einig med fleirtalet i Domstolkommisjonen i at Kongen i statsråd bør ha rett til å gje styret avskil dersom det ikkje følgjer opp kritikk frå Riksrevisjonen. Etter departementet sitt syn må ein også kunne reagere med avskil dersom styret ikkje følgjer opp retningsliner eller vedtak gjeve av Kongen i statsråd, dersom styret ikkje følgjer det regelverket som gjeld for Domstoladministrasjonen eller gjer vedtak i strid med lovverket. Oppnemning av einskildmedlemer kan trekkjast attende dersom eit medlem ikkje er i stand til å utføre vervet på ein forsvarleg måte. Departementet er vidare einig i at desse reglane bør lovfestast. Regjeringa må orientere Stortinget omgåande dersom dei gjev styret avskil.

Styret kan fastsetje instruks for domstoladministrasjonen, og bør handsame større eller prinsipielle saker. Styret tilset direktør for domstoladministrasjonen, og er elles øvste tilsettingsmakt. Direktørstillinga bør vere ei åremålsstilling.

Komiteen er samd i at det vert valt ein modell med eit styre for domstoladministrasjonen med eit sjølvstendig ansvar, der styret vert samansett av to representantar for ålmenta, to advokater frå privat eller offentleg sektor, og tre dommarar, men slik at det kan nemnast opp ein anna særleg kvalifisert representant for domstolane i staden for ein av dommarane. Oppnemningsperioden bør vere på fire år, med rett til re-oppnemning ein gong.

Komiteen er samd med Regjeringa i at styret ikkje skal sitje i Innstillingsrådet for dommarutnemningar.

Komiteen er vidare samd i at Kongen i statsråd skal ha høve til å gje styret avskil dersom det ikkje følgjer opp kritikk frå Riksrevisjonen og det må også kunne reagerast med avsetjing dersom styret kan klandrast for ikkje å følgje opp retningsliner eller vedtak gitt av Kongen i statsråd eller anna lovgjeving. Komiteen er vidare samd i at Kongens og Stortingets mynde bør lovfestas, jf. domstollova § 33 a tredje og fjerde leddet.

Regjeringa bør orientere Stortinget straks dersom dei avsett styret.

Komiteen er vidare samd i at styret kan fastsetje instruks for direktør og dei øvrige tilsette i domstoladministrasjonen, og gjere vedtak om kva saker som må leggjast fram for eller vedtakast i styret. Alle større prinsipielle saker bør leggjast fram for styret. Styret tilsett direktør for domstoladministrasjonen og er den øvste tilsetjingsmakta. Direktørstillinga bør vere ei åremålsstilling.

Komiteen syner til at arbeidet med klage- og displinærspørsmål for dommarar skal overførast til Tilsynsutvalet for dommarar.

Fleirtalet i komiteen, alle unntatt medlemen frå Framstegspartiet og representanten Jørn L. Stang, går inn for at dei to styrerepresentantane for ålmenta vert å velje av Stortinget og dei andre av regjeringa.

Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet og representanten Jørn L. Stang mener at det ikke er en selvfølge at regjeringen skal stå for utnevningen av de 3 dommerne i styret. Disse medlemmer finner det mer naturlig at utnevnelsen av dommere foretas av domstolene selv, og mener at Høyesterett er den naturlige nasjonale ivaretager av dette. Disse medlemmer foreslår derfor at 3 dommere utnevnes av Høyesterett, og ikke av regjeringen.

Disse medlemmer fremmer forslag om endring av domstolloven § 33a i samsvar med dette.

Domstoladministrasjonen skal ha ansvar for å utarbeide budsjettforslag for sin eigen og domstolane si verksemd. Forslaget skal kunne omarbeidast under regjeringa sitt budsjettarbeid.

Fleirtalet i Domstolkommisjonen har foreslått lovfesta at Stortinget skal gjerast kjent med budsjettframlegget frå domstoladministrasjonen. Departementet går ikkje inn for dette. Det er likevel ikkje til hinder for at domstoladministrasjonen sjølv sender sitt budsjettframlegg til Stortinget.

Gjennom handsaminga av budsjettproposisjonen i Stortinget, vil det bli gjeve årlege retningsliner for arbeidet i domstoladministrasjonen. Dersom det unntaksvis skulle vere turvande å gripe inn i mellomperioden, må regjeringa gjere bruk av sin instruksjonsrett eller fremme eige forslag overfor Stortinget.

Ein har allereie i dag etablert eigne organ som har eit hovudansvar for opplæringstiltak; m.a. Etterutdanningsrådet for dommere og Opplæringsrådet for funksjonærer i domstolene. Desse bør i framtida rapportere til og motta retningsliner frå domstoladministrasjonen.

Arbeidet med lokalar, rekneskap, budsjettildeling og budsjettoppfølging overfor domstolane bør overtakast av den nye domstoladministrasjonen. Det same gjeld arbeidet med personalforvaltning, og sentralt utviklingsarbeid andsynes domstolane.

Spørsmålet om kva for forvaltningsoppgåver som skal bli verande i domstolane, er handsama i St.meld. nr. 23 (2000-2001) Førsteinstansdomstolene i fremtiden. Justisdepartementet har foreslått at tinglysingsoppgåvene vert overførde frå herads- og byrettane til Statens kartverk.

Komiteen er samd i at domstoladministrasjonen skal ha ansvar for å utarbeide eige budsjettforslag for domstolane si verksemd. Budsjettforslaget vert å arbeide vidare med under regjeringa sitt budsjettarbeid, og vert ein del av regjeringa sitt samla budsjettforslag til Stortinget. Gjennom Stortingets handsaming av budsjettproposisjonen vert det høve for Stortinget til å gje årlege retningsliner for domstoladministrasjonen sitt arbeid.

Komiteen vil peike på at arbeidet med lokaler, rekneskap, budsjettildeling og budsjettoppfølgjing overfor domstolane er naturlege arbeidsoppgåver for domstoladministrasjonen. Dagleg utviklingsarbeid overfor domstolane bør òg liggje til den nye domstol­administrasjonen. Det bør vurderast om Etterutdanningsrådet for dommarar og Opplæringsrådet for funksjonærar i domstolane, Fagbokutvalet og Studiepermisjonsutvalet kan slåast saman og arbeide under retningsliner frå domstoladministrasjonen og rapportere til den same.

Det vil bli vurdert nærare å etablere ein større grad av samarbeid eller fellesskap innafor IT-området i justissektoren. I den samanhangen vil det òg måtte vurderast om delar av RIFT bør overførast til ein slik fellesfunksjon, saman med heile eller delar av Politiets Datatjeneste og KITT (Kriminalomsorgens IT-tjeneste).

Dei delane av RIFT som ikkje utfører IT-relatert arbeid, i første rekkje rekneskapsførareininga og seksjonen for etterutdanning i domstolane, vert flytta og samlokalisert med den nye domstoladministrasjonen.

Komiteen har merka seg at departementet vil vurdere nærare å etablere større grad av samarbeid eller fellesskap innafor IT-området i justissektoren. Komiteen vil understreke at i eit så stort og spesialisert arbeidsområde som foregår ved domstolane treng ein bygge opp IT-kompetanse nær domstoladministrasjonen, før ein vurderer å slå alle desse justisrelaterte områda saman. For å få ein slagkraftig sentraladministrasjon bør det vurderast å samle IT-relatert arbeid, rekneskapsførsel, personal og etterutdanning i domstolane til den nye domstoladministrasjonen.

Som følgje av etableringa av ei sentral domstoladministrativ eining utanfor Justisdepartementet, er det naudsynt å gjere ein del lovendringar, særleg i domstolloven.

Dersom den sentrale domstoladministrasjonen vert flytta ut av Justisdepartementet, må det vurderast nærare kva for namn verksemda skal ha.

Sjølv om det dreier seg om ei omorganisering og samanslåing av to eksisterande organisasjonar (RIFT og Domstolavdelinga), ser Justisdepartementet det som ønskjeleg at lokalisering skjer utanfor Oslo-området. Departementet har m.a. lagt vekt på rekrutteringsomsyn, og foreslår ei lokalisering i Trondheim.

Ein reknar med at stillingstrongen til den nye domstoladministrasjonen vert dekt ved overføring frå Justisdepartementet og RIFT. Stilling som direktør, eventuelt òg på neste leiarnivå, skal lysast ledig med offentleg konkurranse. Det vil bli lagt særleg vekt på å ta i bruk moderne teknologi for å redusere reiseutgiftene mellom Trondheim og Oslo-området.

Ein viser elles til pkt. 12 nedanfor.

Komiteen viser til at kapasitetstrongen til den nye domstoladministrasjonen vert vurdert til om lag 65 årsverk. Stillingstrongen vert dekka ved overføring frå Justisdepartementet og RIFT. Stillinga som direktør og nestleiar bør lysast ut med offentleg konkurranse. Dei som arbeider i Justisdepartementet og RIFT og vert råka av denne omorganiseringa, må få tilbod om arbeid i den nye domstolorganisasjonen.

Komiteen vil peike på at skal ein få ut den ønska gevinsten, må det løyvast tilstrekkeleg med midlar for å få den nye organisasjonsstrukturen som her er skissert til å fungere.

Fleirtalet i komiteen, alle unntatt medlemen frå Framstegspartiet og representanten Jørn L. Stang, er samd med Regjeringa i å flytte ut den sentrale domstoladministrasjonen frå Justisdepartementet og lokalisere den til Trondheim.

Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet og representanten Jørn L. Stang mener at det er et viktig poeng at en uavhengig dom­stoladministrasjon ikke samlokaliseres med Justisdepartementet. Det vil redusere uavhengigheten.

Disse medlemmer finner det derimot ikke nødvendig å legge domstoladministrasjonen til Trondheim. Det er etter disse medlemmers vurdering intet som tilsier at Trondheim har noe faglig miljø som skulle tilsi en lokalisering til Trondheim fremfor Oslo. Høyesterett har sitt tilholdssted i Oslo, og den faglige utdanning innen det juridiske felt foregår i Oslo, Bergen og Tromsø. Disse medlemmer viser også til at Regjeringen regner med at det vil medføre 23 mill. kroner i omstillingskostnader å etablere domstoladministrasjonen i Trondheim, fordi en vil få overlappende bemanning i en ikke definert tidsperiode, og økte kostnader forbundet med allerede igangsatte IT-prosjekt. Regjeringen regner i tillegg med en ekstrakostnad på 5 mill. kroner i året grunnet ekstra reisekostnader ved en lokalisering i Trondheim. Disse medlemmer mener derfor at en helhetsvurdering taler for at administrasjonen bør plasseres i Oslo.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber Regjeringen lokalisere den nye domstoladministrasjonen til Oslo.»