Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Hovudtyngda av den dømmande verksemda i Noreg skjer i dei alminnelege domstolane, dvs. Høgsterett, lagmannsrettane og herads- og byrettane.
Vi har 6 lagmannsrettar, 92 herads- og byrettar og ca. 440 forliksråd. Svært mange sivile saker startar i forliksrådet med obligatorisk mekling. Alle straffesaker startar i herads- og byrettane. På landsbasis var talet på tilsette i domstolane pr. 1. januar 2000, 624 dommarar inkludert dommarfullmektigar, og 1 000 stillingar utan dømmande oppgåver.
Ansvaret for den sentrale administrasjonen av domstolane er lagt til Justisdepartementet. Dei seinare åra er det skjedd ei omfattande delegering av oppgåver til domstolleiarane. Det vert i proposisjonen gjort kort greie for saksgangen i domstolane.