2. Bakgrunn og føremål med proposisjonen

Domstolkommisjonen fremma i NOU 1999:19 Domstolene i samfunnet, forslag om endringar i organiseringa av den sentrale domstoladministrasjonen og utnemningsordninga for dommarar, ei ny klage- og disiplinærordning for dommarar, redusert bruk av mellombelse dommarar og rettsleg regulering av dommarane sine sidegjeremål.

Domstolkommisjonen har òg tatt opp ei rekkje problemstillingar knytt til lekdommarar, den sivile rettspleia på grunnplanet og særdomstolane. Det foregår utgreiingsarbeid på nokre av desse områda, og departementet vil arbeide vidare med desse spørsmåla.

Hovudføremålet med proposisjonen er å foreslå ein reform for den sentrale domstoladministrasjonen.