Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Tilhøvet til andre lover

Forholdet mellom lovene er slik at den som driv verksemd etter lov om havbeite ikkje treng løyve etter oppdrettslova.

Begge lovene regulerer fôring og andre tiltak i samanheng med verksemda. Dette medfører at oppdrettsverksemd med krepsdyr, blautdyr og pigghuder utifrå noverande virkeområde i oppdrettslova omfattast av både oppdrettslova og havbeitelova. For å unngå dobbelregulering for desse artane blir derfor virkeområdet i oppdrettslova endra.

Havbeitelova regulerer alle driftsformer som oppdrettslova regulerer, mens oppdrettslova ikkje gir den same gjenfangstrett som havbeitelova. Dersom verksemda er innretta på ein slik måte at det er behov for ein eksklusiv gjenfangstrett, vil verksemda best kunne henførast under oppdrettslova. Valet mellom lovene kviler derfor ikkje på ei rettsleg vurdering, men på kva som er mest føremålstenleg. Ei slik grensetrekking sikrar fleksibilitet og dynamikk i ei næring som stadig er under utvikling. Når val av løyve er ei behovsvurdering risikerer ein ikkje at ei type verksemd som har behov for ein eksklusiv gjenfangstrett, ikkje får denne fordi lovene inneheld rettslege skrankar.

Lov om havbeite er ei spesiallov i høve til lov om saltvannsfiske. I § 5 tredje ledd er det dessutan bestemt at regulering av gjenfangst kan skje uavhengig av anna lovgiving. Det same gjeld med omsyn til tryggingsområde.

Fôring eller behandling av organismane vil truleg krevje løyve etter forureiningslova. Ekstensivt havbeite vil normalt ikkje krevje løyve etter forureiningslova.

Havbeite omfattast av fiskesjukdomslova både når det gjeld intensiv og ekstensiv drift. Regulering med omsyn til sjukdom bør gjerast ved førebyggjande tiltak og ved å minske konsekvensane ved eventuelle sjukdomsutbrott. På denne bakgrunn blir omgrepet havbeite foreslått innarbeidd i fiskesjukdomslova for respektive førebyggjande og reparerande tiltak. I tillegg kjem krav om helseattest for organismar som skal setjast ut.

Det blir foreslått at vedtak etter plan- og bygningslova ikkje utan vidare er bindande for vedtak etter lov om havbeite, men må tilleggjast stor vekt ved tildeling av løyve. Etter departementets meining er havbeite elles ei verksemd som truleg ikkje vil skape nemneverdige konflikter med dei ulike arealkategoriane i plan- og bygningslova.

I forhold til arealdisponering, omfattast arealbruk i sjø ut til grunnlinjene av plan- og bygningslova, jf. § 1. Havbeiteverksemd må såleis på vanleg måte underleggast ein planprosess. Havbeiteverksemd kan ikkje drivast i strid med bindande planvedtak etter plan- og bygningslova.

Departementet vil, som Miljøverndepartementet også viser til i sitt høyringssvar, peike på at spørsmålet om forholdet mellom plan- og bygningslova og ulike særlover generelt, er ei av problemstillingane planlovutvalet skal arbeide med. Spørsmålet om i kva grad det eventuelt er behov for samordning mellom dei to lovene, bør takast opp i den samanheng. Departementet meiner såleis at spørsmålet bør kvile i denne omgang sidan problemstillinga i nær framtid skal behandlast generelt.

Havbeite kan gjere det nødvendig å oreigne (eks­propriere) grunn og rettar til anlegg for klekking, fô­ring og gjenfangst. I samsvar med reglane for ekspropriasjon vil dette berre skje i den utstrekning det er nødvendig for å sikre innehavar av løyve dei nødvendige rettar for drift av verksemda.

I den utstrekning verksemda skal ha fysiske tiltak som er av ein slik karakter at dei grip inn i sjøtransport eller Kystverket sine installasjonar, vil dette krevje løyve etter hamne- og farvasslova. Som ved andre løyve i tilknyting til havbeite, må handsaminga av søknaden koordinerast mellom dei forskjellige etatane.