3. Lovstruktur
Utvalet avga si innstilling i NOU 1994:10 med utkast til eiga lov om havbeite. Hovudinnhaldet i dette forslaget var å vedta ei eiga lov som opna for konsesjonar til havbeite på kommersiell basis. Utvalet meinte at ei eiga lov om havbeite ville vere det mest brukarvennlege alternativ. Fiskeridepartementet la fram eit forslag i samsvar med dette i høyringsutkastet.
Etter departementet si oppfatning er regulering av havbeite i oppdrettslova det mest aktuelle alternativet til ei eiga lov om havbeite. Når denne løysinga ikkje er valt skuldast dette fleire høve.
Havbeite reiser spørsmål med omsyn til økologi i lokaliteten som krev andre miljømessige vurderingar enn etter oppdrettslova. Det er også eit skilje i spørsmålet om sjukdomsregulering som krev andre vurderingar for havbeite enn for oppdrett.
Det største skiljet er likevel etableringa av gjenfangstretten, som krev andre reguleringar enn det som i dag gjeld for oppdrett.
Ein anna grunn til at havbeite blir foreslått regulert i ei eiga lov, er at oppdrettslova er under revisjon. Ei eventuell innarbeiding i takt med dette arbeidet vil gjere at havbeite ikkje kan starte opp før om fleire år. Det er viktig å få eit regelverk slik at interesserte næringsutøvarar kan starte opp verksemd. Spørsmålet om å samle oppdrett og havbeite i ei felles lov vil bli vurdert på nytt under revisjonsarbeidet med oppdrettslova.