Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

Utkast til lov om havbeite regulerer utsetting og gjenfangst av krepsdyr, blautdyr og pigghuder til næringsformål. Lova krev løyve for utsetting og gir ein eksklusiv gjenfangstrett til den utsette art innanfor eit avgrensa område. Havbeite kan få innvirkning på miljø, utøving av allemannsrett og konkurrerande næringsinteresser som til dømes tradisjonelt fiske. Reguleringa av havbeite tek sikte på å ivareta desse interessene både når det gjeld tildeling av løyve og reguleringa av drifta.

Det vil ikkje vere høve til å gi løyve til havbeite dersom det er fare for skade på miljøet. Ved tildeling skal det leggast stor vekt på samfunnsmessige nytte- og skadeverknader, herunder om verksemda kan integrerast i regionen slik at dette vil medføre ei positiv næringsutvikling. Lokal tilknyting kan prioriterast ved tildeling dersom dette totalt sett gir eit betre samfunnsøkonomisk resultat.

Utanfor lokaliteten kan det fastsetjast eit område med avgrensa restriksjonar for å verne gjenfangstretten (buffersone).

Det kan bli nødvendig med særskilde fangsttider og avgrensingar i bruk av reiskap m.v., både for rettshavaren og for andre fangstinteresser i lokaliteten og buffersona.

Lova gir heimel til kontroll med at verksemda driv på ein veterinær- og miljømessig forsvarleg måte. Det er sett krav om opplysningsplikt, og ein kan sette krav om internkontroll og rettshavaren sin faglege kompetanse.

Dersom verksemda blir driven i strid med lova kan løyvet trekkast tilbake og det kan nyttast pålegg, tvangsmulkt, iverksetjing og inndraging av eventuell vinning frå den ulovlege verksemda.

Ettersom havbeite er ei næring i startfasen, er det ikkje klart kva forventningar ein kan ha til lønsemd og andre samfunnsmessige verknader i byrjinga. Departementet vil legge opp til ei varsam utvikling av næringa for å skaffe seg nødvendig erfaring i forhold til den vidare næringsutviklinga. Kunnskapen om miljømessige konsekvensar må byggast opp. Næringsut­øvarane må også kunne drive økonomisk forsvarleg. Økonomi og miljø vil derfor vere dei to mest sentrale parametrane ved forvaltninga av næringa. Tildeling bør følgjeleg bygge på eit prinsipp om varsemd, slik at ein har ei forsvarleg oversikt over miljø- og samfunnsmessige konsekvensar før havbeiteverksemd får løyve til etablering og drift. Den praktiske framgangsmåten ved tildeling av løyve vil bli nærare bestemt i forskrift.