Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Særleg om heimevernsungdomen

Eit forbod mot tvungen rekruttering av personar under 18 år vil ikkje vere nok til å hindre andre former for rekruttering av barn til dei væpna styrkane. Det har difor vore drøfta internasjonalt om ikkje eit forbod bør gjelde alle former for rekruttering til militærteneste - både tvungen og frivillig rekruttering, sjå pkt. 2 ovanfor, og etter den nye tilleggsprotokollen til Barnekonvensjonen skal partane gje ei bindande erklæring om kva for aldersgrense (16, 17 eller 18 år) dei vil forhalde seg til. I tråd med Noregs haldningar under det internasjonale arbeidet, er det truleg at Noreg vil forplikte seg til å ha eit forbod mot frivillig rekruttering av personar under 18 år. Dette kan i prinsippet tenkjast å skape eit særproblem i forhold til heimevernsungdomen (HV-ungdomen) her til lands.

Gjennom handsaminga av Ot.prp. nr. 9 (1986-1987) og Innst. S. nr. 21 (1986-1987) slutta Stortinget seg til ei ordning der ungdom mellom fylte 16 år og fylte 17 år kan takast inn som aspirantar til HV-ungdomen.

Heimevernet er ein del av det militære forsvaret, jf. heimevernslova § 1, og ein driv her såleis med øving og utdanning i militære disiplinar. Aspirantar får opplæring på finkalibra våpen (kaliber .22), medan eldre HV-ungdom får opplæring på modifisert AG-3 (våpenet kan berre skyte enkeltskot).

Frå internasjonale fora kjenner ein at det kan være problematisk å forklare dei positive sidene og særtrekka ved den norske ordninga. Etter føresegn 30. april 1999 nr. 431 til lov om Heimevernet, skal ikkje HV-ungdom, mellom desse HV-aspirantar, mobiliseringsdisponerast eller gjevast oppdrag av nokon art ved mobilisering. Dei er ikkje innrullerte som vernepliktige, og dei skal ikkje ha nokon operativ rolle eller andre oppgåver i beredskap, krise eller krig.

HV-aspirantar, dvs. ungdom under 17 år, skal ikkje drive nokon form for stridsrelatert verksemd, det vil seie verksemd som opplæring i militære strids- og våpenteknikkar, deltaking i felttenesteøvingar der stridselementet er ein vesentleg del og liknande operativ verksemd. Sjå elles pkt. 9 under merknadene til heimevernslova § 6. Det er ikkje heller mogleg å kvittere ut våpen eller ammunisjon til HV-ungdom.

Det dreier seg kort sagt om ungdom som driv frilufts- og fritidsaktivitetar av sportsleg art med militære innslag. HV-ungdomsarbeidet skal tene så vel ungdomen som Forsvaret og det sivile samfunnet sine interesser. Føremålet med verksemda er å lære ungdomen verdien av orden, ansvarskjensle, plikttruskap og godt kameratskap gjennom dugande og ansvarsmedviten leiing. Målet er òg å aktivisere dei gjennom opplæring, øvingar, konkurransar og samlingar, og å gje dei ei orientering om Forsvaret og Forsvaret sin plass i samfunnet.

Ein fører streng kontroll med personell som vert tekne inn i Heimevernet, også aspirantar. Alle som vert tekne inn til teneste, er vurderte av ei kommunal HV-nemnd med mellom anna representasjon frå den lokale politimakta. HV-aspirantar får ikkje utlevert vanleg militær uniform.

Med bakgrunn i den såkalla Hadelandssaka og ein del tjuveri av våpen frå Heimevernet sine lagre, vart det i 1981 fremja forslag i Stortinget om å endre aldersgrensa for rekruttering til Heimevernet. Framlegget førte likevel ikkje fram. Det er også grunn til å understreke at Hadelandssaka i svært liten grad kunne knytast til ungdomsverksemda i Heimevernet. Som nemnd ovanfor slutta Stortinget seg til dei noverande aldersgrensene i 1987. Ein la då mellom anna vekt på at ein kunne rekruttere ungdomane rett etter avslutta grunnskule. Spørsmålet om å hevje aldersgrensa vart seinast teke opp i spørjetimen i Stortinget 21. februar 1996, etter ei ulukke med ein øvingsgranat i Kvinesdal, der det vart påstått at HV-ungdomar var involverte.

Eit framlegg om å endre aldersgrensa for opptak til ungdomsheimevernet vil truleg møte sterk og kjenslelada motstand. Spørsmålet må også vurderast i lys av røynslene frå Den andre verdskrigen, som la grunnlaget for Heimevernet samt den norske tradisjonen med frivillige skyttarlag, jakt og sportsleg bruk av våpen. Heimevernet har med andre ord ei brei folkeleg støtte. Dette er også reflektert i samansettinga av Landsrådet for Heimevernet.