Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om lov om endringar i lov 23. desember 1988 nr. 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon og lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd. Kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt.

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 35 (1999-2000)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 60 (1998-1999)
  • Dato: 09.12.1999
  • Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 10
  • PDF

Innhold

Til Odelstinget

Sosial- og helsedepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i lov 23. desember 1988 nr. 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon, og lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd.

I lova om avtalefesta pensjon gjer departementet framlegg om eit nytt delpensjonssystem for kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt basert på eit såkalla pro rata-prinsipp. Det inneber at pensjonen blir fastsett i høve til kor mykje arbeidsinntekta blir sett ned. Føremålet med framlegget er å innskrenke høvet for AFP-pensjonistar til å få ei høgare disponibel inntekt når yrkesaktiviteten blir redusert enn det dei hadde som fullt yrkesaktive. Departementet meinar at det ikkje bør vere meir lønnsamt å ta ut pensjon enn å halde fram i fullt arbeid.

Dessutan gjer departementet framlegg om at alderspensjonen frå folketrygda for alle mellom 67 og 70 år skal avkortast etter dei gunstige reglane som blei innførte i 1997, det vil seie at pensjonen skal avkortast med 40 pst. av arbeidsinntekt som overstig grunnbeløpet. I dag er det to sett med avkortingsreglar, avhengig av om ein har teke ut AFP før fylte 67 år eller ikkje. Føremålet er at alle alderspensjonistar mellom 67 og 70 år i folketryga blir stilte overfor like avkortingsreglar.

Departementet føreslår at endringane tek til å gjelde frå det tidspunktet Kongen fastsett. Endringane i rammelova for AFP får berre verknad for nye pensjonistar frå dette tidspunktet, og såleis ikkje for løpande pensjonar. Endringane i folketrygdlova får òg verknad for løpande pensjonstilfelle.

Framlegget er basert på utgreiinga frå Førtidspensjonsutvalet, jf. NOU 1998:19 Fleksibel pensjonering, kva gjeld desse spørsmåla.

I samband med inntektsoppgjeret våren 1997 avtalte partane i arbeidslivet at det skal vere høve til å gjere skriftleg avtale om å redusere arbeidstida med éin eller to heile dagar og samstundes kunne ta ut delpensjon etter ordninga med avtalefesta pensjon (AFP). Før 1. oktober 1997 hadde partane vedtektsfesta at ein måtte slutte heilt i stillinga for å kunne gå av med AFP.

Etter dei reglane som i dag gjeld for kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt i AFP-ordninga, skal pensjonen bli avkorta med 50 pst. av inntekt over grunnbeløpet i folketrygda. Summen av pensjon og arbeidsinntekt skal ikkje vere høgare enn tidlegare inntekt. Når ein tek omsyn til skattefordelar og AFP-tillegg, kan ein i mange høve få høgare inntekt ved delpensjonering enn om ein held fram i arbeid. Det er lite heldig og ikkje tilsikta. Arbeid bør alltid vere meir lønnsamt enn pensjonering, særleg når pensjonering er vald frivillig.

Sosial- og helsedepartementet varsla i Ot.prp. nr. 79 (1996-1997) våren 1997 at ein måtte sjå nærmare på den ordninga som gjeld i dag.

På bakgrunn av dette sende departementet den 11. desember 1997 ut på høyring alternative forslag til justeringar av dei gjeldande reglane. Alle høyringsinstansane gav uttrykk for at noko burde gjerast for i størst mogleg grad å avgrense dei utilsikta konsekvensane ved ein kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt. Høyringsinstansane gav likevel uttrykk for at eventuelle lovendringar burde utsetjast i påvente av det utgreiingsarbeidet om fleksibel pensjonering som var i gang.

I brev av 27. mai 1998 til departementet bad Landsorganisasjonen i Norge spesielt om at det ikkje måtte gjennomførast endringar før Førtidspensjonsutvalet hadde kome med si vurdering av denne problemstillinga.

Førtidspensjonsutvalet la fram si innstilling (NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering) den 27. november 1998. Utvalet drøftar mellom anna kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt i AFP-ordninga, og har kome til at det er vanskeleg å redusere dei uheldige konsekvensane gjennom å justere det gjeldande systemet. Utvalet kjem i staden med framlegg om eit nytt delpensjonssystem i AFP-ordninga.

I framlegget går utvalet inn for eit såkalla pro rata-system, der pensjonen blir fastsett ut frå kor mykje ein reknar med at den nye arbeidsinntekta utgjer i forhold til tidlegare inntekt. Dersom den nye arbeidsinntekta til dømes utgjer 65 pst. av tidlegare inntekt, blir det utbetalt ein pensjon som svarer til 35 pst. av full pensjon. Når inntektsopplysningane for det einskilde kalenderåret ligg føre, og det då viser seg at vedkomande har fått for mykje eller for lite utbetalt i pensjon i forhold til den faktiske inntekta, skal det gjennomførast eit etteroppgjer - anten som trekk i framtidige ytingar eller i form av ei etterbetaling.

Samstundes føreslår fleirtalet i utvalet at alderspensjonen frå folketrygda for alle mellom 67 og 70 år skal avkortast etter dei gunstige reglane som blei innførte i 1997, det vil seie at pensjonen skal avkortast med 40 pst. av arbeidsinntekt som overstig grunnbeløpet. Reglane skal gjelde anten pensjonisten har teke ut avtalefesta pensjon før fylte 67 år eller ikkje. Det skal heller ikkje vere noko øvre grense for summen av pensjon og arbeidsinntekt.

Mindretalet gjer framlegg om at den skisserte pro rata-ordninga for inntektsprøving mellom 62 og 67 år òg skal gjelde for all inntektsprøving mellom 67 og 70 år i folketrygda, uansett om det har vore teke ut AFP eller ikkje.

Sosial- og helsedepartementet sende framlegget frå Førtidspensjonsutvalet om endringar i reglane for kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt i AFP-ordninga og i folketrygda på separat høyring den 29. januar 1999 med frist for merknader den 11. mars 1999.

Før 1992 kunne personar mellom 67 og 70 år kombinere alderspensjon med arbeidsinntekt så framt at summen ikkje blei høgare enn 80 pst. av tidlegare arbeidsinntekt. Alderspensjonen blei avtrappa i trinn på 25 pst. av full pensjon. Det blei utbetalt anten 100, 75, 50 eller 25 pst. av full pensjon, eller ingen pensjon i det heile. Ved sidan av full pensjon var det mogleg å ha ei arbeidsinntekt på opptil 50 pst. av grunnbeløpet utan at pensjonen blei redusert.

Desse reglane blei òg gjorde gjeldande for AFP-ordninga, som då berre omfatta 65- og 66-åringar.

I Trygdemeldinga (St.meld nr. 12 (1988-1989)) blei det vist til at den trinnvise avtrappinga hadde store terskelverknader. Ein relativt liten auke av arbeidsinntekta kunne føre til ein monaleg reduksjon av den samla inntekta når ein måtte gå ned eit trinn i pensjon, til dømes frå 50 til 25 pst. I meldinga blei det teke til orde for at alderspensjonen burde inntektsprøvast etter same modellen som pensjon til attlevande ektefelle. Denne modellen inneber at alle kan ha ei arbeidsinntekt opp til eit fribeløp, og at pensjonen blir redusert med ein viss prosent av arbeidsinntekt over fribeløpet.

Som resultat av stortingsbehandlinga (Innst. S. nr. 200 (1988-1989), Ot.prp. nr. 77 (1989-1990) og Innst. O. nr. 11 (1990-1991)) blei dei aktuelle avtrappingsreglane erstatta med reglar for inntektsprøving etter same modellen som for attlevande ektefelle med verknad frå 1. januar 1992. Dei nye reglane gjekk ut på at pensjonen skulle reduserast med 50 pst. av den pensjonsgivande inntekta over grunnbeløpet, og at summen av pensjon og den pensjonsgivande inntekta ikkje kunne bli høgare enn tidlegare inntekt. Desse reglane omfatta både alderspensjon i folketrygda og AFP.

I Velferdsmeldinga (St.meld nr. 35 (1994-1995)) blei det føreslått tiltak for å stimulere eldre arbeidstakarar til å stå lenger i arbeid. Mellom anna blei det føreslått gunstigare avkortingsreglar for alderspensjon for årsklassene 67, 68 og 69 år. Som resultat av stortingsbehandlinga (Innst. S. nr. 180 (1995-1996), Ot.prp. nr. 4 (1996-1997) og Innst. O. nr. 16 (1996-1997)), blei reglane for denne aldersgruppa endra med verknad frå 1. januar 1997, slik at det i dag finst to sett med avkortingsreglar. Kva for reglar den einskilde kjem inn under, er avhengig av om han eller ho har teke ut avtalefesta pensjon eller ikkje:

  • For dei som ikkje har teke ut AFP før dei fyller 67 år, blir alderspensjonen frå folketrygda avkorta med 40 pst. av pensjonsgivande inntekt over eit fribeløp tilsvarande grunnbeløpet i folketrygda (1 G). Det er inga øvre grense for kor stor den samla inntekta kan vere.

  • For dei som tek ut AFP, og for alderspensjonistar i folketrygda som tidlegare har motteke AFP, blir pensjonen avkorta med 50 pst. av inntekt over grunnbeløpet. Pensjon og pensjonsgivande inntekt må til saman ikkje bli høgare enn 100 pst. av tidlegare inntekt.

I samband med at ordninga med delpensjon blei avtalt i AFP-ordninga, vurderte partane i arbeidslivet eit pro rata-system basert på stillingsdel. Dette systemet gjekk ut på at arbeidstakarar i full stilling kunne gjere avtale med arbeidsgivaren om å redusere arbeidstida med anten éin eller to dagar per veke. Dersom arbeidstida blei redusert med éin dag per veke - det vil seie at vedkomande etter pensjoneringstidspunktet arbeider fire dagar per veke (80 pst. av full stilling) - ville det bli ytt pensjon for éin dag per veke (20 pst. av full pensjon). Tilsvarande ville det vere dersom vedkomande trappa ned yrkesaktiviteten med to dagar per veke. Vedkomande ville då vere i arbeid tre dagar per veke og få 60 pst. lønn, samtidig som pensjonen ville utgjere 40 pst. av full pensjon.

Eit pro rata-delpensjonssystem basert på stillings­andel har visse veikskapar. Mellom anna treng ein å ha eit parallelt regelverk som fangar opp personar som ikkje har avtale med arbeidsgivaren om fast redusert arbeidstid, og personar med variabel inntekt.

Ordningane med avtalefesta pensjon (AFP) for privat sektor er regulert i tariffavtalar mellom partane i arbeidslivet. Desse ordningane gjev arbeidstakarar høve til å gå av med pensjon før den ordinære pensjonsalderen på 67 år i folketrygda. Frå 1. mars 1998 er det høve til å ta ut AFP frå fylte 62 år.

Lov 23. desember 1988 nr. 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon er ei rammelov som sett visse vilkår for at ei AFP-ordning skal få statstilskott. Det er i dag berre AFP-ordningane i privat sektor som får slikt tilskott. Staten dekkjer gjennom dette tilskottet 40 pst. av pensjonsutgiftene (eksklusive AFP-tillegget) for 64-, 65- og 66-åringer.

AFP i privat sektor blir rekna ut etter pensjons­reglane i folketrygdlova. Det blir teke omsyn til pårekna framtidige pensjonspoeng til og med det året vedkomande fyller 66 år, på same måten som for uførepensjon frå folketrygda. Pårekna framtidige pensjonspoeng blir godskrive i folketrygda og får dermed verknad for alderspensjon frå folketrygda. Dette inneber at AFP grovt sett svarar til den alderspensjonen ein ville fått ved å halde fram i arbeid fram til fylte 67 år. For eit gjennomsnittleg lønnsnivå vil det gje ei brutto pensjonsdekning (før skatt) på 50-60 pst. av tidlegare lønnsinntekt, noko meir for lågare inntekter og noko mindre for høgare inntekter. Netto pensjonsdekning (etter skatt) blir noko høgare på grunn av dei særskilde skattereglane for pensjonistar.

I tillegg til sjølve pensjonen blir det gitt eit såkalla AFP-tillegg, noko som ytterlegare aukar kompensasjonsgraden før fylte 67 år. AFP-tillegget blei avtalt av partane i arbeidslivet i samband med inntektsoppgjeret for 1992. I Fellesordninga LO/NHO er det vedtektsfesta AFP-tillegget på 950 kroner per månad (11 400 kroner i året) skattefritt. I dei andre AFP-ordningane er AFP-tillegget på 1 700 kroner per månad (20 400 kroner i året), men her er beløpet skattepliktig.

Frå 1. oktober 1997 blir pensjonen, inkludert det vedtektsfesta AFP-tillegget, sett ned dersom han utgjer meir enn 70 pst. av den tidlegare arbeidsinntekta, jf. rammelova § 2 første ledd bokstav c femte ledd. Sjå nærmare i Ot.prp. nr. 79 (1996-1997). I praksis får denne regelen stort sett berre verknad for personar med ei låg tidlegare inntekt, av di pensjonistar med ei middels eller høg tidlegare inntekt får ei lågare kompensasjonsgrad enn 70 pst.

I offentleg sektor blir AFP berekna på same måten som i privat sektor for 62-, 63- og 64-åringar. For statleg sektor fylgjer dette av lov 11. juni 1993 nr. 64 om avtalefestet pensjon for offentlige tjenestemenn m.fl. § 3. Ordninga med AFP i kommunal sektor, som er tariffesta, følgjer stort sett ordninga i statleg sektor.

I statleg sektor blir pensjonen rekna som ein tenestepensjon frå fylte 65 år. Dersom ein folketrygdberekna pensjon er høgare, blir differansen utbetalt i tillegg til tenestepensjonen. I kommunal sektor har ein valt ei noko anna løysing. Etter fylte 65 år får ein utbetalt det beste av folketrygdalternativet og tenestepensjonsalternativet. I praksis er det likevel ingen forskjell i ytingsnivået mellom statleg og kommunal sektor.

Det blir ikkje gitt noko AFP-tillegg når pensjonen blir fastsett som tenestepensjon i offentleg sektor.

Etter gjeldande reglar blir pensjonen sett ned dersom pensjonisten har ei arbeidsinntekt over grunnbeløpet i folketrygda ved sidan av pensjonen. Dette er regulert i rammelova § 2 første ledd bokstav d, som viser til folketrygdlova § 19-6 fjerde ledd.

Pensjonen blir ikkje avkorta dersom arbeidsinntekta er mindre enn grunnbeløpet i folketrygda (fribeløp). Fribeløpet utgjer 45 370 kroner per 1. mai 1998. Pensjonen blir først redusert med eit beløp som svarer til 50 pst. av arbeidsinntekta over fribeløpet. Dersom den reduserte pensjonen og arbeidsinntekta samla utgjer meir enn tidlegare inntekt (øvre grense), blir pensjonen ytterlegare redusert. Den tidlegare inntekta blir fastsett ut frå dei tre beste av dei åra vedkomande fylte 56, 57, 58, 59 og 60 år.

I tillegg kjem det vedtektsfesta AFP-tillegget, som ikkje vert rekna med når ein avkortar pensjonen etter dei nemnde reglane. Tillegget blir i etterkant redusert i det same høvet som pensjonen er redusert.

Desse avkortingsreglane gjeld både i privat og statleg sektor. I statleg sektor er dette lovheimla for årskulla frå 62 til 64 år, medan det for årskulla frå 65 til 67 år er heimla i hovudtariffavtalen. Reglane gjeld òg når pensjonen i kommunal sektor blir fastsett som ein folketrygdpensjon. Når AFP i kommunal sektor blir fastsett som ein tenestepensjon er det berre inntekt frå arbeidsforhold som medfører fortsatt medlemskap i ei offentleg tenestepensjonsordning som fører til avkorting i pensjonen. Pensjonen blir då avkorta etter stillingsdel. AFP etter tenestepensjonsalternativet blir såleis ikkje redusert for arbeidsinntekt frå privat sektor.

Det er ei allmenn oppfatning at det skal lønne seg å arbeide framfor å velje å ta ut pensjon. Det er heller inga usemje om at personar som vel å kombinere pensjon med redusert arbeidstid, under elles like vilkår bør ha noko mindre i samla inntekt enn dei som vel å halde fram i full jobb. Likeins bør dei som kombinerer pensjon med arbeidsinntekt, ha noko meir i samla inntekt enn dei som vel å ta ut full pensjon. Då bør det òg vere slik at den som reduserer arbeidsinnsatsen sin i eit større omfang, bør ha ei noko mindre samla inntekt enn den som reduserer arbeidsinnsatsen sin i eit mindre omfang, alt anna likt.

Dagens reglar om kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt fører til at redusert arbeidsinnsats opp til eit visst inntektsnivå kan gi ein auke i disponibel inntekt. Det kan vidare lønne seg å redusere arbeidsinnsatsen med to dagar framfor éin dag per veke.

Førtidspensjonsutvalet viser i si utgreiing til at grunngivinga for at AFP blei oppretta, først og framst var omsynet til eldre arbeidstakarar som var slitne etter lange yrkeskarrierer. Dei skulle få høve til å gå av tidlegare enn ved 67 år. Reglane for utrekning av pensjon blei utforma etter modell av uførepensjonsordninga. Utvalet uttalar at dersom det verkeleg er denne typen arbeidstakarar som nyttar seg av AFP-ordninga, kan det argumenterast med at det er fornuftig å leggje opp til generøse kombinasjonsløysingar for å få folk til å halde fram i delvis arbeid. Utvalet viser vidare til at AFP-ordninga har utvikla seg i retning av ei generell ordning der dei fleste har eit reelt val mellom å halde fram i fullt arbeid eller å gå av med pensjon. Dei reglane som i dag gjeld for avkorting av pensjon mot arbeidsinntekt, framstår dermed som svært gunstige, og gir eldre arbeidstakarar sterke incentiv til å trappe ned arbeidsinnsatsen frå fylte 62 år.

Utvalet meiner at dagens avkortings- og avgrensingsreglar gir til dels uønskte og ulogiske resultat som stimulerer til å redusere arbeidsinnsatsen, og at det innanfor dagens rammer er lite rom for å avgrense slike resultat i sterk nok grad.

Førtidspensjonsutvalet viser til at det i samband med etableringa av delpensjonsordninga i AFP i 1997 blei vurdert ei pro rata-ordning basert på stillingsprosent. Men eit slikt system ville hatt klare veikskapar. Mellom anna ville det vere naudsynt å ha eit parallelt regelverk som fanga opp dei som kombinerte pensjon og arbeidsinntekt, men som ikkje hadde avtale med arbeidsgivaren om ei bestemt redusert arbeidstid. Det ville òg vore nødvendig at desse to regelverka gav nokolunde same resultat, for å hindre eventuelle tilpassingar.

Utvalet meiner at eit pro rata-system i utgangspunktet framstår som både enkelt og logisk. For å unngå ulike regelverk for dei som har avtale med arbeidsgivaren om redusert stilling, og dei som ikkje har nokon slik avtale, blir det føreslått eit pro rata-system basert på arbeidsinntekt.

Utvalet ber elles avtalepartane om å opne for andre kombinasjonar av arbeid og pensjon enn 20 og 40 pst. pensjonsgrad, slik at fleksibiliteten i AFP-ordninga aukar.

Ifølge Førtidspensjonsutvalet bør eit slikt delpensjonssystem i AFP-ordninga innehalde desse elementa:

  • 1. Pensjonen blir fastsett ut frå kor mykje ein reknar med at den nye arbeidsinntekta kjem til å utgjere i forhold til tidlegare arbeidsinntekt. Dersom den nye inntekta til dømes utgjer 65 pst. av tidlegare inntekt, blir det utbetalt ein pensjon som svarer til 35 pst. av full pensjon. Dersom den nye inntekta utgjer 25 pst. av tidlegare inntekt, blir det utbetalt ein pensjon som svarer til 75 pst. av full pensjon.

  • 2. Den einskilde pensjonist må sjølv informere trygdekontoret om kor mykje han eller ho meiner arbeidsinntekta kjem til å utgjere i eit kalenderår. Det same gjeld når vedkomande ser at inntekta ikkje blir slik ein opphavleg hadde trudd. Trygdekontoret justerer så pensjonsutbetalingane ut frå kor mykje pensjonisten reknar med å ha i årleg arbeidsinntekt.

  • 3. Når inntektsopplysningane for eit kalenderår er kjende, og dersom det då viser seg at vedkomande har fått for mykje utbetalt, fører det til trekk i pensjonen framover. Dersom det viser seg at vedkomande har fått for lite utbetalt i pensjon, skal differansen etterbetalast. Dersom det viser seg at pensjonisten har hatt ei arbeidsinntekt på til dømes 55 pst. av tidlegare inntekt, skal etteroppgjeret baserast på at vedkomande hadde rett til 45 pst. av full pensjon.

Utvalet viser til at ordninga elles bør utformast med tanke på enkel administrasjon, slik at det ikkje blir naudsynt med etteroppgjer for uvesentlege beløp. Utvalet uttalar òg at det truleg ikkje vil vere føremåls­tenleg å avkorte pensjonen mot låge inntekter.

Ettersom den endelege avrekninga må utførast etter opplysningar frå skattestyresmaktene, blir det endelege pensjonsbeløpet først klart ei tid etter at likninga er kjend. Men i prinsippet kan eit etteroppgjer i samband med pensjonsutbetalingar samanliknast med eit skatteoppgjer. På same måten som ein baserer forskotsskatten for sjølvstendig næringsdrivande på skattytaren sitt eige anslag, baserer ein «forventa årleg inntekt», og dermed frådraget i forhold til full pensjon, på mottakaren si vurdering. Når den endelege likninga ligg føre, får skattytaren restskatt eller tilbakebetalt for mykje trekt skatt. På tilsvarande måte må pensjonisten betale tilbake for mykje utbetalt pensjon (ved trekk i framtidige ytingar) eller få tilsendt etterbetaling ved for lite utbetalt pensjon.

Dei inntektsprøvingsreglane som i dag gjeld i AFP-ordninga, gjeld òg når AFP-pensjonisten får alderspensjon frå folketrygda. Desse reglane gjeld fram til fylte 70 år, då pensjonisten får rett til alderspensjon frå folketrygda utan noko atterhald. Det vil seie at pensjonen blir utbetalt utan noko form for inntektsprøving. Personar som ikkje har teke ut AFP, er frå 1997 omfatta av gunstigare inntektsprøvingsreglar når dei er mellom 67 og 70 år. For denne gruppa blir pensjonen redusert med 40 pst. av inntekt over grunnbeløpet, og det er inga øvre grense for kor mykje samla pensjon og arbeidsinntekt kan utgjere.

Førtidspensjonsutvalet reiser spørsmål om det er tenleg å framleis ha to sett med inntektsprøvingsreglar for alderspensjonistar mellom 67 og 70 år i folketrygda, avhengig av om dei har teke ut AFP eller ikkje.

Utvalet peiker òg på at dei særskilde reglane som gjeld etter fylte 67 år for personar som ikkje har teke ut AFP, blei innført for å stimulere folk til å halde fram lengre i arbeid. Det kan tale for å ha ulike ordningar. Reglane blei vedtekne av eit samrøystes Storting i 1997.

Fleirtalet i utvalet føreslår at alderspensjonen for alle mellom 67 og 70 år skal avkortast etter dei gunstige reglane som blei innførte i 1997. Det vil seie at pensjonen skal avkortast med 40 pst. av arbeidsinntekt som overstig grunnbeløpet. Reglane skal gjelde anten pensjonisten har teke ut AFP før fylte 67 år eller ikkje. Det skal heller ikkje vere noko øvre grense for summen av pensjon og arbeidsinntekt.

Eit mindretal i utvalet (medlemmene Knudsen og Bautz) er usamde i at det skal vere andre reglar for inntektsprøving for personar mellom 67 og 70 år i folketrygda enn det er for personar mellom 62 og 66 år i AFP. Desse medlemmene viser til at det er eit stort problem at det er ulike reglar for regulering av forholdet mellom arbeidsinntekt og pensjon i dei ulike ordningane. Mellom anna varierer reglane alt etter tariffområde, aldersgrupper og om inntekta skriv seg frå kommunal, statleg eller privat verksemd. Dette fører til manglande oversikt for publikum og ei monaleg administrativ meirbelastning. Mindretalet legg hovudvekta på omsynet til forenkling og behovet for oversiktlege reglar. For dei som held fram i delvis arbeid etter fylte 67 år etter å ha motteke delvis AFP i kombinasjon med arbeidsinntekt, synest mindretalet det er underleg at det no skal gjelde andre reglar for kombinasjon av arbeidsinntekt og pensjon. Mindretalet gjer på bakgrunn av dette framlegg om at dei nye reglane for inntektsprøving for personar mellom 62 og 66 år i AFP òg blir gjorde generelt gjeldande for all inntektsprøving for personar mellom 67 og 70 år i folketrygda.

Eit tredje alternativ er å vidareføre det systemet som gjeld i dag, det vil seie at dei som har teke ut AFP, beheld det same avkortingssystemet fram til fylte 70 år, medan dei gjeldande (gunstigare) reglane står ved lag for dei som tek ut pensjon først etter fylte 67 år.

Sosial- og helsedepartementet sende framlegget frå Førtidspensjonsutvalet om endringar i reglane for kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt på høyring den 29. januar 1999.

Samtlege av dei høyringsinstansane som har uttalt seg, meiner at framlegget frå Førtidspensjonsutvalet om pro rata delpensjon i AFP-ordninga samla sett framstår som ei betre ordning enn dagens reglar, og at det innafor dagens rammer er for lite rom til å avgrense dei til dels ulogiske resultata.

Når det gjeld spørsmålet om avkortingsreglane i folketrygda mellom 67 og 70 år, støttar fleirtalet av høyringsinstansane framlegget frå fleirtalet i Førtidspensjonsutvalet om at ein bør avkorte alderspensjonen for alle mellom 67 og 70 år etter dei gunstige reglane som blei innført i 1997.

Når det gjeld spørsmålet om når dei nye reglane skal tre i kraft, uttalar Statens Pensjonskasse at det må «avsettes tilstrekkelig tid mellom vedtak og ikrafttredelsesdato».

Når det gjeld dei meir administrative sidene ved framlegget, viser Rikstrygdeverket til at det er behov for ein fornuftig avgrensing av ordninga i form av friinntekt, toleransegrense for endringar og rutiner for etteroppgjør.

Departementet viser til at Førtidspensjonsutvalet meiner at eit pro rata-system basert på inntekt og med etteroppgjer samla sett framstår som betre enn dagens avkortings- og avgrensingsreglar. Utvalet føreslår derfor at dagens reglar for avkorting av AFP-pensjon mot arbeidsinntekt blir avløyste av eit pro rata-system basert på inntekt. Departementet er samd i dette.

Departementet har merkt seg at dei høyringsinstansane som har uttalt seg er positive til framlegget frå Førtidspensjonsutvalet om pro rata delpensjon i AFP-ordninga.

Departementet meiner at framlegget til delpensjonssystem, er føremålstenleg og logisk. Systemet vil i det vesentlege eliminere dei uheldege utslaga som gjeldande reglar inneber. På grunn av skattereglane vil det likevel i somme tilfelle kunne bli noko høg kompensasjon når den tidlegare inntekta er låg. Førtidspensjonsutvalet har òg gjort framlegg til endringar i skattereglane når det gjeld AFP.

Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om å erstatte dagens avkortings- og avgensingsreglar i AFP-ordninga med eit pro rata delpensjonssystem som føreslått av Førtidspensjonsutvalet.

Departementet viser til rammelova for AFP § 2 første ledd bokstav d i lovframlegget.

Lovframlegget gjeld direkte dei AFP-ordningane som får statstilskott, det vil seie ordningane i privat sektor. Framlegget gjeld òg for AFP 62 til og med 64 år i statleg sektor, jf. lov 11. juni 1993 nr. 64 om avtalefestet pensjon for offentlige tjenestemenn m.fl. § 3. Dessutan gjeld framlegget dei tariffesta ordningane i offentleg sektor som viser til rammelova for AFP.

Lovframlegget er utforma med sikte på at ordninga må bli regulert nærmare i forskrift, jf. rammelova for AFP § 7. Departementet viser til at Førtidpensjonsutvalet i si vurdering har lagt til grunn at ordninga må utformast med sikte på enkel administrasjon, slik at det ikkje må gjerast etteroppgjer for uvesentlege beløp. Utvalet gav dessutan uttrykk for at det truleg ikkje vil vere gagnleg å avkorte pensjon mot låge inntekter.

Rikstrygdeverket gir i si høyringsfråsegn uttrykk for behovet for å avgrense talet på etterkontrollar, og avrekningar talar for litt romslege toleransegrenser for endring av pensjonar og ved avrekning og etteroppgjer i sakane. Rikstrygdeverket meiner at det må fastsetjast eit nedre inntektsnivå for at det i det heile tatt blir aktuelt å avkorte pensjonen. På den andre sida viser Rikstrygdeverket til at ei friinntekt på 1/2 G i eit pro rata-system framleis inneber at pensjonistane klart tener på å ta ut delpensjon. Departementet er enig i at eit toleransebeløp for når det blir naudsynt å foreta avkorting og etteroppgjer må vere langt lågare enn 1/2 G.

Departementet meiner at spørsmåla om ved kva for inntektsnivå det bør vere aktuelt å avkorte pensjonen, ved kva for avvik i høve til oppgitt inntekt det blir naudsynt med endringar av løpande pensjon og om etteroppgjeret, er viktig - både for den einskilde pensjonist, for trygdeetaten og for dei pensjonskassene som skal administrere ordninga. Desse spørsmåla vil bli nærmare regulert i forskrift, men er likevel føremåls­tenleg å omtale nærmare her.

Departementet legg til grunn at det ikkje skal gjerast reduksjon i pensjonsutbetalingane når inntekta ved sidan av pensjonen er låg, til dømes lågare enn 4 000 kroner per kalenderår.

Dess fleire gonger pensjonisten regulerer sitt overslag over kor mykje vedkomande meiner å ha i arbeidsinntekt i løpet av kalenderåret, dess meir arbeid blir det for trygdeetaten. Rikstrygdeverket uttalar i denne samanheng at ein bør ha retningsliner som avgrensar moglegskapen for å endre pensjonsutbetalingane, til dømes 3-4 gonger per år. Departementet meiner at ordninga bør utformast slik ho tek i vare pensjonistane sine behov for justeringar, samtidig som det er ei administrativ mogleg oppgåve for trygdeetaten. Departementet legg til grunn at pensjonisten skal kunne be trygdekontoret om å justere den løpande pensjonen når vedkomande ser at den årlege arbeidsinntekta kjem til å avvike frå det opphavlege overslaget med meir enn 4 000 kroner. Det bør i oppstartfasen ikkje leggjast opp til nokon avgrensing på kor mange gonger den einskilde kan endre pensjonen per år. Dersom det viser seg at ordninga bli uforholdsmessig arbeidskrevjande å administrere, bør det vere mogleg å vurdere eventuelle avgrensingar i talet på justeringar per år.

Når det gjeld sjølve etteroppgjeret - det vil seie når det blir aktuelt med etterbetaling av for lite utbetalt pensjon og tilbakekrevjing av for mykje utbetalt pensjon - legg departementet til grunn at det heller ikkje skal gjerast slikt etteroppgjer når den faktiske inntekta avvik frå overslaget med mindre enn 4 000 kroner i løpet av kalenderåret.

Samla beløp som kan haldast utanfor inntektsprøvinga skal ikkje utgjere meir enn 4 000 kroner per kalenderår.

Eit slikt opplegg - med eitt beløp for når det blir aktuelt med avkorting i høve til arbeidsinntekt, når dei løpande pensjonsutbetalingane kan justerast og når det skal foretakast etteroppgjer - meiner departementet vil vere enkelt og føremålstenleg både i høve til pensjonistane og dei som skal administrere pro rata-ordninga. Departementet ser likevel ikkje bort i frå at det kan bli aktuelt å justere dette beløpet etterkvart som ein får erfaring med den framlagde pro rata-ordninga.

Som nemnd blir den tidlegare inntekta fastsett ut frå dei tre beste av dei åra vedkommande fylte 56, 57, 58, 59 og 60 år. Nokre av høyringsinstansane, mellom anna Rikstrygdeverket, meiner det er betre å fastsetje tidlegare inntekt ut frå året før pensjonering. Departementet vil peike på at dei gjeldande reglane er fastsett ut frå omsynet til vekslande inntekt åra før pensjonering. Spørsmålet om definisjon av «tidlegare inntekt», vil ein ta stilling til ved utforminga av forskrifta.

Framlegg til nærmare reglar vil om kort tid bli utarbeidd i samråd med Rikstrygdeverket og dei andre pensjonsordningane som administrerer AFP-ordningar. Utkast til forskrifter vil bli sendt til ordinær høyring.

Departementet føreslår at rammelova for AFP § 7 blir nærmare presisert for å gi heimel for å regulere nemnde forhold.

Når det gjeld spørsmålet om avkortingsreglar for alle alderspensjonistar i folketrygda, viser departementet til at det etter handsaminga av Velferdsmeldinga blei innført gunstigare avkortingsreglar for dei som held fram i arbeid fram til fylte 67 år. Pensjonen blir avkorta med 40 pst. av inntekt over grunnbeløpet, og det er ikkje noko øvre tak på samla pensjon og arbeidsinntekt. Dei som har teke ut AFP, får som tidlegare avkorta alderspensjonen frå folketrygda med 50 pst. av inntekt over grunnbeløpet, og samla pensjon og arbeidsinntekt skal ikkje utgjere meir enn tidlegare inntekt.

Meininga med desse to ulike regelsetta, er å stimulere til høgare pensjoneringsalder. På den andre sida er det uheldig og administrativt tungvint å ha ulike reglar for alderspensjonistar i folketrygda.

Departementet har elles merkt seg at dei høyringsinstansane som har uttalt seg, støttar framlegget frå Førtidspensjonsutvalet om at alle alderspensjonistar mellom 67 og 70 år blir stilte overfor like avkortingsreglar.

Næringslivets Hovedorganisasjon, Kommunenes Sentralforbund, Rikstrygdeverket, Statens Pensjonskasse og De selvstendige kommunale pensjonskasser meiner at pro rata-systemet òg bør gjerast gjeldande for alderspensjon i folketrygda mellom 67 og 70 år.

Departementet har for så vidt forståing for at det bør vere mest mogleg einsarta reglar i pensjonssystemet. Det er likevel av stor betydning at pensjonssystemet skil mellom pensjon før og etter fylte 67 år.

Mens folketrygda er ei generell, rettigheitsbasert pensjonsordning som omfattar alle innbyggjarane i Noreg, opnar AFP-ordninga for frivillig tidlegavgang frå arbeidslivet for dei som er omfatta av ordninga. Pensjonsalderen i folketrygda definerer ei norm for når ein person er alderspensjonist. Å viske ut skilnaden mellom AFP-pensjonistar og alderspensjonistar, svekker pensjonsalderen i folketrygda som aldersnorm for pensjonering. Etter departementet si meining er det rimeleg at alderspensjonistane i folketrygda får noko gunstigare vilkår enn dei som tek ut AFP før 67 år dersom dei ønskjer å kombinere arbeid og pensjon. Framlegget frå fleirtalet i Førtidspensjonsutvalet har denne eigenskapen.

Departementet sluttar seg på denne bakgrunn til vurderinga frå Førtidspensjonsutvalet om at det er uheldig med ulike regelsett for avkorting av pensjon mot arbeidsinntekt for personar mellom 67 og 70 år i folketrygda avhengig av om dei har vore AFP-pensjonistar eller ikkje. Dei gunstige reglane som blei innført i 1997 om 40 pst. avkorting av arbeidsinntekt over grunnbeløpet bør gjelde for alle pensjonistar over 67 år.

Departementet gjer derfor framlegg om at alderspensjon mellom 67 og 70 år i folketrygda blir avkorta på same vis - det vil seie med 40 pst. av arbeidsinntekt over grunnbeløpet - uansett om det har vore teke ut AFP før fylte 67 år eller ikkje.

Departementet viser til folketrygdlova § 19-6 i lovforslaget.

Ei ordning med pro rata-delpensjon i AFP inneber vanlegvis ei innstramming i høve til dagens regler om kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt. Det er òg klart at ordninga vil innebere administrative meirkostnader for trygdeetaten. Men det er vanskeleg å seie noko presist om dei økonomiske konsekvensane ved å innføre ei slik delpensjonsordning. På den eine sidan er det klart at jo færre personar som vel å kombinere arbeid og pensjon, jo mindre blir innsparinga. På den andre sidan vil det vere slik at trygdeetaten blir påført høgare kostnader, jo fleire personar som kombinerer arbeid og pensjon.

Pro rata-ordninga inneber administrative meirkostnader for trygdeetaten. Dette gjeld både eingongs­kostnader i samband med sjølve omlegginga og økte kostnader på grunn av meirarbeid.

Rikstrygdeverket har peikt på at arbeidet med å få på plass tilstrekkeleg EDB-støtte og gjere andre naudsynte førebuingar, kan føre til det ikkje vil vere mogleg å gjennomføre ordninga allereie frå 1. januar 2000. Dette har òg samanheng med den såkalla 2000-problematikken. Departementet tek likevel sikte på at det nye delpensjonssystemet i AFP-ordninga tek til å gjelde så tidleg som mogleg i 2000, forhåpentlegvis frå 1. mars 2000. For å gje Rikstrygdeverket naudsynt tid til førebuingar, gjer departementet framlegg om at nyordninga trer i kraft frå den tid Kongen fastsett. Endringane skal berre få verknad for nye pensjonistar, og såleis ikkje for personar som før dette allereie tek imot AFP.

Framlegget til endringar i reglane for kombinasjon av arbeidsinntekt og alderspensjon frå folketrygda mellom 67 og 70 år vil ikkje føre til særlege administrative eller økonomiske konsekvensar. Departementet føreslår at desse endringane òg tek til å gjelde frå den tid Kongen fastsett, men at dei med verknad frå denne dagen skal gjerast gjeldande for alle løpande pensjonstilfelle.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens forslag i proposisjonen om et nytt delpensjonssystem for kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt basert på et såkalt pro rata-prinsipp. Flertallet vil peke på at dette innebærer at pensjonen blir fastsatt i forhold til hvor mye arbeidsinntekten blir satt ned. Dersom arbeidsinntekten f.eks. utgjør 65 pst. av tidligere inntekt, vil pensjonen tilsvare 35 pst. av full pensjon.

Flertallet vil vise til at Regjeringen foreslår å endre nåværende lov for å innskrenke muligheten for AFP- pensjonistene å få høyere disponibel inntekt når yrkesaktiviteten blir redusert enn om de var fullt yrkesaktive. Flertallet er enig med Regjeringen i at det må være mindre lønnsomt å ta ut pensjon enn å arbeide. Flertallet viser også til at det for tiden er mangel på arbeidskraft i Norge. Det vil også av den grunn være uheldig å ha ordninger som oppmuntrer til å slutte i arbeid.

Flertallet har merket seg at Førtidspensjonistutvalget i sin begrunnelse for å opprette AFP viser til hensynet til eldre arbeidstakere som var slitne etter lange yrkeskarrierer. Reglene ble utformet for å tilsvare uførepensjon. Utvalget viser imidlertid til at AFP på grunn av sine gunstige regler har utviklet seg til å bli en ordning som mange velger. Flertallet har videre merket seg at Førtidspensjonistutvalget støtter et pro rata-system da dette vil være både enkelt og logisk. Flertallet vil vise til at de høringsinstansene som har uttalt seg er positive til forslaget om pro-rata delpensjon i AFP.

Flertallet viser til at det etter hvert kalenderår må foretas et etteroppgjør ved at de som har fått utbetalt for mye i pensjon trekkes neste år, mens de som har fått for lite får etterbetalt. Flertallet er enig i at samlet beløp som skal holdes utenfor etteroppgjøret ikke skal utgjøre mer enn 4000 kroner.

Flertallet støtter også Regjeringens forslag om at folketrygden skal ha samme avkortningsregler for alle mellom 67 og 70 år. Flertallet vil vise til at det i dag er to forskjellige avkortningsregler for pensjonistene mellom 67 og 70 år. Flertallet vil peke på at det i 1997 ved behandling av velferdsmeldingen ble innført en mer gunstig avkortingsordning for de pensjonistene som ikke tar ut AFP-pensjon ved at disse får redusert inntekten med 40 pst. over grunnbeløpet og at det ikke er noen øvre grense for hvor mye samlet pensjon og inntekt kan utgjøre.

Flertallet har merket seg at meningen med forskjellige avkortningsregler er å stimulere til høyere pensjonsalder. Flertallet vil imidlertid peke på at ved å gi de som har tatt ut AFP-pensjon også de gunstigste reglene, oppmuntres aldersgruppen 67 – 70 år til å ta inntektsgivende arbeid. Flertallet vil også peke på at det er uheldig og tungvint å ha ulike regler for alderspensjonister i folketrygden.

Flertallet vil vise til at flertallet i førtidspensjonistutvalget foreslo at alle pensjonistene mellom 67 og 70 år skulle avkortes etter de gunstigste reglene. Flertallet har merket seg at NHO, KS, Rikstrygdeverket, Statens Pensjonskasse og de selvstendige pensjonskasser mener at pro rata-prinsippet også bør gjelde alderspensjon i folketrygden mellom 67 og 70 år. Flertallet er enig med Regjeringen i at det bør være gunstigere regler for alderspensjon etter 67 år i folketrygden enn for avtalefestet pensjon og støtter forslaget om at når sistnevnte pensjonister går over på alderpensjon i folketrygden, bør inntektsprøvingen være den samme som for alderspensjonister ellers.

Komiteens medlemmerfra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at dagens AFP-ordning er kommet på plass gjennom avtale mellom og med partene i arbeidslivet. Disse medlemmer konstaterer at Regjeringens framlegg og forslag om endringer/innstramminger ikke har skjedd i forståelse med partene. Saken burde derfor vært utsatt til slikt samarbeid er gjenopprettet i tråd med forutsetningene i de inngåtte inntektspolitiske avtaler mellom partene og Regjeringen.

Disse medlemmet mener at AFP-ordningen må videreføres i tråd med avtaleverket. Det videre arbeidet med pensjonsspørsmål må støtte opp om folketrygden som en felles fullverdig pensjonsordning for alle. Disse medlemmer legger til grunn at Regjeringen i det videre arbeid ikke på noen måte bryter med de avtaler som partene i arbeidslivet har inngått.

Disse medlemmer vil etter dette stemme mot det fremlagte lovforslaget

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet har merket seg Regjeringens bekymring for yrkesdeltakelsen og at Regjeringen mener at en hovedutfordring framover vil være å unngå nedgang i yrkesdeltakelsen. Disse medlemmer er enig med Regjeringen i at pensjonssystemet bør videreutvikles med sikte på større fleksibilitet og at en høy yrkesdeltakelse blant eldre over tid vil være viktig for velferd og verdiskaping. Disse medlemmer mener imidlertid at andre virkemidler enn endringer i pensjonssystemet må vurderes i en slik sammenheng. Minstefradraget i lønnsinntekt som det ble oppnådd enighet om i budsjettforhandlingene mellom Arbeiderpartiet og regjeringspartiene, kan for eksempel bidra til økt motivasjon til å delta i arbeidslivet for de som eksempelvis kan kombinere arbeid og pensjon eller trygd. På denne bakgrunn vil disse medlemmer advare mot det syn at økt yrkesdeltakelse blant de eldre bare kan oppnås ved å svekke folketrygdens uførepensjonsordning og AFP-ordningen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil vise til Fremskrittspartiets prinsipielle holdning og tidligere merknader i Innst. O. nr 54 (1993-94), Innst. S. nr. 188 (1992-93) og Innst. S. nr. 236 (1991-92) vedrørende avtalefestet pensjon.

Disse medlemmer viser til at det i dag er 25 000 pensjonister med avtalefestet pensjon hvorav ca 12 000 i privat sektor. I 1998 var utgiftene til AFP- pensjon over statsbudsjettet 304 millioner og antas for år 2000 å bli ca. 437 millioner. Fremskrittspartiet har vært imot denne ordningen med AFP-pensjon hovedsakelig fordi ordningen gjelder for et fåtall av potensielle pensjonister innen visse områder av arbeidsstyrken.

Disse medlemmer vil vise til at behovet for arbeidskraft er økende og det er ingen grunn til å innføre/videreføre ordninger som gjør det like økonomisk fordelaktig å gå av med pensjon som å være i arbeid. Fremskrittspartiet mener at 67 år skal være gjeldende aldersgrense for avgang fra yrkesaktiv tilværelse. Fremskrittspartiet er imidlertid for fleksibel pensjonsalder, men dette må tilpasses det økonomiske nivået. Fremskrittspartiet ønsker derfor en gradvis avvikling av AFP-ordningen for nye tilfeller.

Disse medlemmer vil allikevel med bakgrunn i prinsippet om at det må lønne seg å arbeide støtte Regjeringens forslag i denne omgang.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at Høyre i alle sammenhenger har gått imot AFP-ordningen. Disse medlemmer viser til at ordningen er blitt meget dyrere enn hva partene i utgangspunktet hadde regnet med. Utgiftene til AFP-pensjoner over statsbudsjettet var i 1998 på 304 mill. kroner, og antas for 2000 å utgjøre ca. 437 mill. kroner. Høyre mener det på prinsipielt grunnlag er galt at staten yter betydelige bidrag til en ordning for førtidspensjonering som bare deler av arbeidsstyrken drar fordel av.

Disse medlemmer viser til at Norge står overfor en utvikling hvor andelen eldre i befolkningen øker, som kombinert med høyere gjennomsnittlige pensjonsytelser gjør at Norge står overfor en utvikling hvor forsørgerbyrden på den yrkesaktive delen av befolkningen vil øke sterkt. Utviklingen i retning av lavere avgangsalder bidrar til å forsterke disse problemene. Det vises til at Regjeringen i Nasjonalbudsjettet for 2000 anslår at Folketrygdens utgifter til alders- og uførepensjoner vil øke fra 8 pst. av BNP i 1995 til 15 pst. av BNP i 2030.

Disse medlemmer viser til at antallet AFP-pensjonister har økt sterkt de siste årene. I løpet av 1998 økte antallet AFP-pensjonister med 60 pst., til 21 600. I løpet av de første åtte månedene i 1999 har antallet økt til rundt 25 000. 12 000 av disse kommer fra privat sektor.

Disse medlemmer viser til at Regjeringens forslag om innstramminger i AFP-ordningen vil bidra til å fjerne åpenbare urimeligheter i ordningen, og gir sin tilslutning til disse forslagene.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener at muligheten for å kunne pensjonere seg tidligere er et velferdsgode som må tas vare på og på enkelte områder styrkes. Samtidig er det rimelig at den som velger å ta ut økt fritid i form av pensjon ikke kan vente å få den samme inntektsutvikling som den som blir stående i arbeid. Det kan være behov for regelendringer som gjør det mer attraktivt for eldre arbeidstakere å delta i arbeidslivet, men dette må skje på en åpen måte i samarbeid med arbeidstakerorganisasjonene. Dette medlem forutsetter at eventuelle endringer ikke kommer i konflikt med at AFP-ordningen videreføres i tråd med avtaleverket.

Dette medlem viser til at Norge har den høyeste yrkesdeltakelsen i Europa, særlig fordi norske kvinner har nesten like høy yrkesdeltakelse som menn. Høy yrkesdeltakelse og full sysselsetting er viktig for å kunne opprettholde og videreutvikle velferden.

Dette medlem er enig med Regjeringen i at det er en politisk utfordring å opprettholde yrkesdeltakelsen. Denne utfordringen gjelder ikke bare for eldre arbeidstakere. Dette medlem vil peke på at det særlig er blant kvinner, innvandrere, deltidsarbeidende og ledige det er et potensiale for å øke yrkesdeltakelsen. Sosialistisk Venstreparti har fremmet en rekke forslag som ville økt yrkesdeltakelsen:

  • Avvikling av kontantstøtten.

  • Langt sterkere satsing på tiltaksplasser for å få ledige og yrkeshemmede over i ordinært arbeid.

  • Opplysning og tiltak mot etnisk diskriminering for å gjøre det lettere for innvandrere å komme inn i arbeidslivet.

  • En økning i minstefradraget slik at skatten reduseres for lavinntektsgrupper vil blant annet gjøre det mer attraktivt for lavlønte i deltidsstillinger å øke sin arbeidstid.

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om endringar i lov 23. desember 1988 nr. 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon og lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd

I

I lov 23. desember 1988 nr. 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon blir det gjort slike endringar:

§ 2 første ledd bokstav d skal lyde:

Dersom pensjonisten har arbeidsinntekt, må ordningen inneholde bestemmelser om at pensjonen, inkludert eventuelle vedtektsfestede tillegg, skal reduseres med samme prosent som arbeidsinntekten utgjør av tidligere inntekt. Dersom pensjonisten har fått utbetalt for mye eller for lite pensjon, skal det foretas et etteroppgjør, enten som etterbetaling eller tilbakebetaling.

§ 7 skal lyde:

Departementet kan gi forskrifter med sikte på utfylling av vilkårene i §§ 1 - 6, herunder nedre inntektsgrense for avkorting av pensjon, endringer og om etteroppgjør i forbindelse med inntektsavhengige ytelser.

II

Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 19-6 fjerde ledd blir oppheva. Noverande femte ledd blir nytt fjerde ledd.

III

Lova trer i kraft frå den tid Kongen fastsett, men med desse overgangsreglane:

  • a) Endringane i lov 23. desember 1988 nr. 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon får verknad for personar som får utbetalt pensjon tidlegast frå det tidspunktet lova trer ikraft.

  • b) Endringane i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd blir gjort gjeldande for alle løpande pensjonstilfelle.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 9. desember 1999

Ågot Valle Ola T. Lånke Grethe G. Fossum
fung. leder ordfører sekretær