Innstilling fra finanskomiteen om endringar i skatte- og avgiftslovgjevinga
Dette dokument
- Innst. O. nr. 1 (1999-2000)
- Kildedok: Ot.prp. nr. 86 (1998-1999)
- Dato: 14.10.1999
- Utgiver: Finanskomiteen
- Sidetall: 7
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Innledning
- 2. Endring i merverdiavgiftsloven § 16andre ledd bokstav b
- 3. Endringer i petroleumsskatteloven
- 4. Endring i selskapsskatteloven
- 5. Endringer i loven om kompensasjon for merverdiavgift til kommuner og fylkeskommuner ved kjøp av visse tjenester fra registrerte næringsdrivende
- 6. Oppretting av skatteloven av 1911 § 45 åttende ledd
- 7. Komiteens tilråding
Finans- og tolldepartementet fremmer følgende forslag:
1. Endring i meirverdiavgiftslova § 16 annet ledd bokstav b.
2. Endring i petroleumsskattelova §§ 1, 3, 4, 5, 6 bortsett frå nr. 1 bokstav b og d, 6a, 7, 8, 9 og 10.
3. Endring i selskapsskattelova § 6-1 nr. 3 andre punktum.
4. Endring i lova om kompensasjon for meirverdiavgift til kommunar og fylkeskommunar ved kjøp av visse tenester frå registrerte næringsdrivande § 1.
5. Endring i den nye skattelova § 10-40 nr. 3 annet punktum.
6. Endring i skattelova av 1911 § 45 åttande ledd bokstav a tredje til femte punktum.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Berit Brørby, Erik Dalheim, Ranveig Frøiland, Karin Lian, Tore Nordseth, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, fra Fremskrittspartiet, Anders Anundsen, Siv Jensen og Kenneth Svendsen, fra Kristelig Folkeparti, Randi Karlstrøm, lederen Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S. Sørfonn, fra Høyre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, fra Senterpartiet, Jørgen Holte, fra Sosialistisk Venstreparti, øystein Djupedal, fra Venstre, Terje Johansen og fra Tverrpolitisk Folkevalgte, Steinar Bastesen, viser til at departementet i brev av 22. juni 1999 har gjort oppmerksom på at det er to skrivefeil i forslaget til lov om endring i lov av 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt, jf. side 10 i proposisjonen. Se nedenfor i pkt. 4 og vedlegg til denne innstillingen.
Etter meirverdiavgiftslova § 16 andre ledd bokstav b kan Finansdepartementet i saker som gjeld spørsmål om ein publikasjon er omfatta av fritaket for aviser, bøker og tidsskrift, avgjere om ein publikasjon er friteken frå avgiftsplikt, etter å ha innhenta fråsegn frå det rådgjevande utvalet. Utvalet vart etter oppnemninga i 1969 nytta da Finansdepartementet utarbeida forskrifter som avgrensar fritaket og har sidan vorte nytta til å vurdere konkrete saker som er innkomne til Finansdepartementet for avgjerd.
Departementet gjer framlegg om at den særskilde saksbehandlinga for trykt skrift saker og ordninga med eit eige rådgjevande utval fell bort. Behandlingsmåten er tidsmessig krevjande og Finansdepartementet har ikkje makta å avgjere sakene så fort som ønskeleg ut frå vanlege forvaltningsrettslege prinsipper. I tillegg blir praksis vanskeleg tilgjengeleg når ein har ei slik ordning med mange enkeltavgjerder. Dette er ein uheldig situasjon for avgiftsstyremaktene og for dei næringsdrivande innan bransjen.
Perioden for det siste oppnemnde utvalet gjekk ut 31. desember 1997, og det er ikkje oppnemnt eit nytt utval. Bakgrunnen for dette har vore at det har vist seg å vere vanskeleg å etablere eit utval som fungerer godt, og at restansesituasjonen var problematisk. Finansdepartementet har derfor i fleire saker den seinare tid gitt fortolkningsfråsegner på området utan å legge saka fram for eit utval først. Saker om trykt skrift har såleis blitt behandla på same måte som andre saker som gjeld spørsmål om rekkevidda av avgiftsplikta etter meirverdiavgiftslova. Stortinget blei orientert om dette i St.prp. nr. 1 (1998-1999) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.
Sjølv om reglane om nullsats for trykt skrift gjer sitt til å komplisere meirverdiavgiftssystemet, er dette rettsområdet etter kvart blitt fastsett gjennom forskrifter og lang forvaltningspraksis.
Finansdepartementet gjer på denne bakgrunn framlegg om å oppheve meirverdiavgiftslova § 16 andre ledd bokstav b.
Framlegget vil føre til at trykt skrift saker blir behandla på ordinær måte. Den næringsdrivande vil såleis kunne be fylkesskattekontoret i første instans om å vurdere om ein publikasjon er omfatta av fritaket for trykt skrift, og avgiftsforvaltninga vil gi fråsegn på bakgrunn av ei begrunna oppfatning om publikasjonen sin avgiftsmessige status. I tilfelle kor avgiftsstyremaktene fattar eit etterberegningsvedtak, kan ein klage vedtaket inn for Klagenemnda for meirverdiavgift. Klagenemnda sitt vedtak kan vidare bli brakt inn for domstolen. Prosedyrane for saksbehandlinga vil bli enklare og dette har som siktemål å korte ned saksbehandlingstida, både for den avgiftspliktige og for avgiftsstyremaktene.
Ei oppheving av § 16 andre ledd bokstav b vil ikkje få betydning for departementet sin kompetanse til å gi forskrifter om utfylling, avgrensing og gjennomføring av fritaket for trykt skrift, fordi departementet framleis vil ha heimel til dette i meirverdiavgiftslova § 16 andre ledd bokstav a.
Departementet viser til framlegg til endring av meirverdiavgiftslova § 16 andre ledd bokstav b. Departementet gjer framlegg om at endringa skal gjelde med verknad straks.
Alle saker om trykt skrift blir i dag først vurdert av fylkesskattekontoret og Skattedirektoratet. Mange saker blir òg avslutta etter at den næringsdrivande har fått ei fråsegn frå ein av desse instansane. Dei underliggjande organ har såleis allereie i dag monaleg kompetanse på området. Finansdepartementet meiner at det ikkje vil være særleg meir arbeidskrevjande i større grad å svare den næringsdrivande direkte framfor å førebu og oversende saka til Finansdepartementet. Dersom framlegget til endring av meirverdiavgiftslova blir vedteke, vil Finansdepartementet utarbeide oversikt over praksis i dei sakene som er behandla etter å ha vore lagde fram for det rådgjevande utval for trykt skrift.
Framlegget inneber inga endring av materiell karakter.
For Finansdepartementet vil endringa medføre ein reduksjon av sakstilgangen, ved at det for framtida berre vil vere tvilsame og prinsipielle saker som skal bli lagde fram for departementet for fråsegn.
Ein legg òg til grunn at dei avgiftspliktige får raskare avklaring og at praksis blir meir tilgjengeleg. Finansdepartementet kan såleis heller ikkje sjå at framlegget skulle medføre negative administrative eller økonomiske konsekvenser for desse.
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om endring i merverdiavgiftsloven § 16 annet ledd bokstav b.
Petroleumsskattelova inneheld eit stort antall føresegner som gir Kongen fullmakt til å fastsetje nærare forskrifter eller til å treffe vedtak. Fullmakta etter dei aktuelle føresegnene er i enkelte tilfelle delegert til departementet, anten Finansdepartementet eller Olje- og energidepartementet. Den generelle fullmakten for Kongen til å gi nærare regler til utfylling og gjennomføring av loven i petroleumsskattelova § 8 blei delegert til Finansdepartementet ved kongeleg resolusjon av 16. april 1999.
Departementet gjer framlegg om at dei fleste av føresegnene i petroleumsskattelova som gir fullmakt til Kongen endrast, slik at fullmakta i staden blir gitt til departementet. Etter departementet sin oppfatning vil dette gi eit meir smidig og effektivt system, og bidra til ei meir føremålsteneleg arbeidsfordeling mellom Regjeringa og departementet, ved at forskrifter og vedtak av til dels svært teknisk karakter ikkje lenger må opp til avgjerd i Statsråd. Når fullmakta etter dei sentrale delane av lova alt er delegert til departementet, blir det ei meir konsekvent og samordna løysing at ei allmenn og brei delegering blir vedteke i sjølve lova, framfor i nye kongelege resolusjonar om delegering.
Når det gjeld Kongens fullmakt til å nemna opp medlemer av Oljeskattenemnda etter § 6 nr. 1 bokstav b og Klagenemnda for petroleumsskatt etter § 6 nr. 1 bokstav d, gjer departementet likevel ikkje framlegg om nokon endring. Omsynet til nemndenes frie stilling talar for at fullmakta til å nemna opp medlemer av nemndene framleis bør liggje hos Kongen. Særleg gjeld dette fordi søksmål etter petroleumsskattelova skal anleggjast mot staten v/Finansdepartementet, jf. petroleumsskattelova § 6 nr. 3 første avsnitt.
Av omsyn til oversikta i regelverket, gjer departementet framlegg om endring også i dei føresegnene kor fullmakta alt er delegert. Etter dette blir det foreslått at «Kongen» blir erstatta med «departementet» i følgjande føresegner i petroleumsskattelova: §§ 1, 3, 4, 5, 6 bortsett frå nr. 1 bokstav b og d, 6a, 7, 8, 9 og 10.
Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad straks.
Ein viser til utkast til endringar i petroleumsskattelova.
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om endring i petroleumsskatteloven §§ 1, 3, 4, 5, 6 bortsett fra nr. 1 bokstav b og d, 6a, 7, 8, 9 og 10.
Ved lov av 28. juni 1996 nr. 41, i samband med innføringa av dei nye reglane om skattlegging av kraftselskap, blei det teke inn ein regel om bruttolikning av «selskap og sameier som driver kraftproduksjon, når deltakerene selger det vesentlige av kraftproduksjonen på selvstendig basis» i selskapsskattelova § 6-1 nr. 3 andre punktum. Regelen blei gitt verknad frå 1. januar 1997.
Grunngjevinga for regelen er at nettolikning av produksjonsfelleskap i kraftforsyninga kan reise særskilde likningstekniske problem. For ei nærare framstilling av bakgrunnen for regelen viser departementet til Ot.prp. nr. 23 (1995-1996) kapittel 14, Innst. O. nr. 62 (1995-1996) kapittel 11 og Ot.prp. nr. 22 (1996-1997).
Dei nye reglane om skattlegging av kraftforetak, innførte ved lov av 28. juni 1996 nr. 41, var ei reform som ikkje omfatta andre energiformer enn vasskraft.
Departementet viser til at over 99 pst. av kraftproduksjonen i fastlands-Noreg nettopp skjer i vasskraftverk, jf. Ot.prp. nr. 23 (1995-1996) s. 23. Ordninga gitt i selskapsskattelova § 6-1 nr. 3 andre punktum med bruttolikning av poduksjonsfelleskap i kraftforsyninga er dessutan særleg tilpassa «medeiendomsrett», som er ei vanleg samarbeidsform i vasskraftsektoren, jf. Ot.prp. nr. 23 (1995-1996) avsnitt 14.3. Det er etter departementet si vurdering ikkje grunnlag for å tru at «medeiendomsrett» blir ei vanleg samarbeidsform ved produksjon av andre energiformer enn vasskraft.
Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at selskapsskattelova § 6-1 nr. 3 andre punktum blir endra slik at regelen berre gjeld for selskap og sameige som driv produksjon av vasskraft.
Departementet gjer framlegg om at endringa trer i kraft straks, med verknad frå og med inntektsåret 1999. Det inneber at ein må endre både selskapsskattelova og den nye skattelova av 26. mars 1999, da regelen som ein gjer framlegg om å endre er teken inn i den nye skattelova med verknad frå og med inntektsåret 2000. Ein viser til utkast til endring i selskapsskattelova § 6-1 nr. 3 andre punktum og den nye skattelova § 10-40 tredje ledd andre punktum.
Komiteen viser til at departementet i brev av 22. juni 1999 har gjort oppmerksom på at det er to skrivefeil i forslaget til lov om endring i lov av 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt, jf. side 10 i proposisjonen. Departementet skriver:
«Forslag til endring i den nye skatteloven gjelder bestemmelsen i § 10-40 tredje ledd annet punktum og ikke § 10-40 nr 3 annet punktum, slik det står i Odelstingsproposisjonen.
Videre skal det innledende ordet Reglene i forslag til lovtekst i § 10-40 tredje ledd annet punktum erstattes med ordet Bestemmelsene. Dette er i samsvar med begrepsbruken i skatteloven av 26. mars 1999 nr 14, jf Ot prp nr 86 (1997-98) side 120 og Innst O nr 40 (1998-99) side 61.»
Vedtak om endring i skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14 samsvarer med dette.
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om endring i selskapsskatteloven § 6-1 nr. 3 annet punktum og den nye skatteloven § 10-40 tredje ledd annet punktum.
I henhold til gjeldande rett er det kommunar og fylkeskommunar med kommunal og fylkeskommunal verksemd der kommunestyret, fylkestinget eller anna styre eller råd i henhold til kommunelova eller kommunal særlovgjeving er øvste makt, samt interkommunale og interfylkeskommunale samanslutningar organiserte etter kommunelov eller etter kommunal særlovgjeving som kan krevje kompensasjon for meirverdiavgift.
Eit framlegg om endring av kompensasjonsordninga vart fremma i Dokument nr. 8:99 (1995-1996) av stortingsrepresentantane Meltveit Kleppa, Solberg, Sponheim og Steensnæs. På bakgrunn av framlegget fatta Stortinget 18. oktober 1996 følgjande vedtak:
«Stortinget ber Regjeringen om å endre forskrifter til lov av 17. februar 1995 nr. 9. om kompensasjon for merverdiavgift til også å omfatte private og ideelle virksomheter som er tatt med i offentlige planer som en integrert del av det kommunale/fylkeskommunale tjenestetilbudet. Ordningen skal omfatte virksomheter der driften finansieres fullt ut med offentlige midler samt eventuell brukerbetaling på lik linje med tilsvarende offentlige virksomheter.»
Departementet gjer med dette framlegg om endringar i overskrifta og § 1 i lova. Departementet meiner at desse endringane er naudsynte for å få betre samsvar mellom ordlyden i lova og den utvida subjektkretsen Stortinget har vedteke skal omfattast av kompensasjonsordninga. Nærare avgrensinger om kva for private og ideelle verksemder som skal omfattast av kompensasjonsordninga og reglar om fremming og behandling av kompensasjonskrav med vidare, vil gå fram av forskrifter gitt med heimel i § 6 i lova. Departementet har difor utarbeidd eit framlegg til endringar i forskrifta til lova om kompensasjon for meirverdiavgift til kommunar og fylkeskommunar.
Forslaget til endring i lova er ikkje send til høyring. Departementet meiner at høyring ikkje er naudsynt då forslaget som er lagt fram ikkje inneber andre materielle endringar i lova utan dei Stortinget allereie har vedteke.
Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad straks.
Departementet viser til utkast til endringar i lova om kompensasjon for meirverdiavgift til kommunar og fylkeskommunar ved kjøp av visse tenester frå registrerte næringsdrivande.
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om endring i loven om kompensasjon for merverdiavgift til kommuner og fylkeskommuner ved kjøp av visse tjenester fra registrerte næringsdrivende.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser at den foreslåtte endringen i lov om kompensasjon for merverdiavgift kun er en teknisk oppfølging for å bringe lovteksten bedre i samsvar med Stortingets tidligere vedtak, jf. Innst. S. nr. 3 (1996-1997). Den nærmere avgrensningen for hvilke virksomheter som skal omfattes av kompensasjonsordningen vil måtte gå fram av forskrifter gitt med hjemmel i § 6 i loven. Disse medlemmer vil peke på at en omfattende utvidelse av kompensasjonsordningen kan føre til nye konkurransevridninger. Det er derfor disse medlemmers syn at subjektkretsen etter forskriften klart må avgrenses til kommunenes og fylkeskommunenes pålagte oppgaver.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at den foreslåtte endringen i lov om kompensasjon for merverdiavgift kun er en teknisk oppfølging for å bringe lovteksten bedre i samsvar med Stortingets tidligere vedtak, jf. Innst. S. nr. 3 (1996-1997), disse medlemmer viser for øvrig til sine merknader og forslag i Innst. S. nr. 177 (1997-1998) og slutter seg på den bakgrunn til Regjeringens forslag.
Skattelova av 1911 § 45 åttande ledd bokstav a første punktum blei endra ved lov av 18. desember 1998 nr. 72. Endringa innebar at det blei innført vilkårsbunde skattefritak ved innløysing av festetomt, og blei gjort gjeldande frå og med inntektsåret 1999. Ved eit mistak blei samstundes § 45 åttande ledd bokstav a tredje til femte punktum oppheva. Departementet gjer framlegg om å rette opp denne feilen, slik at § 45 åttande ledd bokstav a tredje til femte punktum blir gjeninnført med den lovteksten som gjaldt før endringa av 18. desember 1998 nr. 72. Dette gjeld gamle særreglar om vilkårsbunde skattefritak ved nedslakting av buskap på gardsbruk.
Departementet viser til framlegget om endringar i skattelova av 1911 § 45 åttande ledd bokstav a. Departementet gjer framlegg om at endringa skal gjelde med verknad for inntektsåret 1999. Frå og med inntektsåret 2000 gjeld den nye skattelova av 26. mars 1999, og § 45 åttande ledd bokstav a tredje til femte punktum i skattelova av 1911 er ført vidare i den nye lova som § 14-70 sjette ledd.
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om endring i skatteloven av 1911 § 45 åttende ledd.
Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran og rår Odelstinget til å gjøre slike
vedtak til lover:
A.
Vedtak til lov
om endring i lov av 18. august 1911 nr. 8 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)
I
I lov av 18. august 1911 nr. 8 om skatt av formue og inntekt (skatteloven) blir det gjort denne endringa:§ 45 åttande ledd bokstav a tredje til femte punktum skal lyde:
Nedslakting fra buskap på gårdsbruk som omfattes av bokstav d annet punktum, anses som ufrivillig realisasjon når den pålegges av veterinærmyndighet eller er ansett ønskelig ifølge attest fra slik myndighet. Når fjøs eller annet anlegg for slik buskap av veterinærmyndigheten er pålagt å stå tomt en periode etter pålagt nedslakting på grunn av smittefaren etter sykdom, forlenges reinvesteringsfristen etter bokstav b med lengden av nevnte stengningsperiode. Eventuell resterende skattepliktig gevinst i tilfelle som nevnt i tredje og fjerde punktum, kan legges til gevinst- og tapskonto etter reglene i § 44 A-7.
II
Endringa under I trer i kraft straks med verknad for inntektsåret 1999.
B.
Vedtak til lov
om endring i lov av 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift
I
I lov av 19. juni 1969 nr 66 om merverdiavgift blir det gjort denne endringa:§ 16 andre ledd bokstav b blir oppheva.
II
Lova tek til å gjelde straks.
C.
Vedtak til lov
om endringar i lov av 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster m.v.
I
I lov av 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster m.v. blir det gjort desse endringane:§ 1 tredje ledd skal lyde:
Departementet kan bestemme at visse arter virksomhet eller arbeid ikke skal omfattes av loven, og kan treffe vedtak om nærmere avgrensning av skatteplikten etter første ledd bokstav d).
§ 3 bokstav b første ledd tredje punktum skal lyde:
Departementet kan gi nærmere forskrifter til gjennomføring og utfylling av bestemmelsen i foregående punktum.
§ 3 bokstav c første ledd annet punktum skal lyde:
Departementet kan på vilkår som settes, samtykke i at det likevel gis fradrag for underskudd utover 15 år.
§ 3 bokstav d tredje ledd skal lyde:
Departementet kan gi nærmere forskrifter til gjennomføring og utfylling av bestemmelsene i første og annet ledd, og om fordelingen av inntekter og utgifter som nevnt i foregående ledd, herunder for deltakere i selskaper som nevnt i skatteloven § 20 annet ledd siste punktum.
§ 4 første ledd skal lyde:
Til bruk ved ligningen, herunder utligningen av særskatt (jfr. § 5 ), kan departementet – generelt eller for det enkelte tilfelle – med bindende virkning fastsette en normpris for petroleum som utvinnes i de områder som er nevnt i § 1, bokstav a og b.
§ 4 annet ledd siste punktum skal lyde:
Departementet kan fastsette nærmere retningslinjer som skal følges ved prisfastsettingen og kan i det enkelte tilfelle bestemme at fastsatt normpris ikke skal gjelde.
§ 4 tredje ledd første og annet punktum skal lyde:
Før normpris fastsettes, skal de berørte parter varsles og gis anledning til å uttale seg etter nærmere regler som fastsettes av departementet. Er prisfastsettingen av departementet overlatt et underordnet organ, skal hver av partene ha rett til å kreve at fastsatt normpris overprøves av vedkommende departement.
§ 4 fjerde ledd annet punktum skal lyde:
Departementet fastsetter nærmere bestemmelser om saksbehandlingen og oppnevning av det sakkyndige utvalg, og kan herunder gjøre nødvendige unntak fra forvaltningslovens alminnelige bestemmelser.
§ 5 åttende ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrifter til gjennomføring og utfylling av bestemmelsene i denne paragraf.
§ 6 nr. 1 bokstav a annet og tredje punktum skal lyde:
Departementet kan gjøre vedtak om at Oljeskattenemnda også skal utføre ligning av statsskatt på annen formue og inntekt som slike skattepliktige har. Departementet gir nærmere forskrifter om gjennomføringen av denne bestemmelse, herunder om fordeling av fradrag for utdelt utbytte.
§ 6 nr. 1 bokstav d femte ledd første punktum skal lyde:
Departementet kan gi forskrifter om Klagenemndas organisasjon og saksbehandling, herunder om gjennomføringen av inndeling av nemnda i avdelinger.
§ 6 nr. 5 siste punktum skal lyde:
Departementet kan gi nærmere forskrifter til utfylling og gjennomføring av denne bestemmelse.
§ 6 a tredje ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrifter til utfylling og gjennomføring av denne bestemmelse.
§ 7 nr. 5 skal lyde:
Departementet gjør vedtak om:
a) Renter av terminskatt og av resterende skatt.
b) Beregningstidspunkt for renter av resterende skatt.
c) Renter på for meget betalt skatt.
d) Renter ved endring av ligning. Ligningsloven § 9–10 gjelder ikke.
§ 7 nr. 6 skal lyde:
Departementet kan gjøre vedtak om ansvar for og gjennomføring av betaling av skatt etter denne lov, samt gi utfyllende forskrifter om utskrivning av terminskatt, jfr. nr 2 og 3.
§ 8 tredje ledd skal lyde:
Departementet kan gi nærmere regler til gjennomføring og utfylling av denne lov. Departementet kan herunder:
a) når særlige grunner tilsier det, bestemme at personer eller selskaper som danner et konsortium e.l. med delt eller på annen måte begrenset ansvar, tas opp til skattlegging hver for seg,
b) fastsette forskrift om fordeling av formue, inntekt og fradrag mellom forskjellig virksomhet eller arbeid som omfattes av loven og mellom slik virksomhet eller arbeid og annen virksomhet eller arbeid.
§ 9 første ledd første og annet punktum skal lyde:
Departementet kan i særlige tilfeller samtykke i at en skattepliktig helt eller delvis overfører til en annen skattepliktig sine skattemessige posisjoner. Videre kan departementet samtykke i at gevinst ved slik overføring helt eller delvis skal være fritatt fra inntektsbeskatning.
§ 9 annet ledd første punktum skal lyde:
Dersom deltakerne i et kommandittselskap som driver virksomhet som nevnt i § § 3 og 5 ønsker å omdanne kommandittselskapet til et aksjeselskap eller allmennaksjeselskap, kan departementet etter søknad fra deltakerne samtykke i å fravike bestemmelser i skattelovgivningen, herunder frita gevinst ved slik omdanning helt eller delvis fra inntektsbeskatning og gi samtykke til overføring av skatteposisjoner.
§ 10 skal lyde:
Overdragelse eller interesseoverføring som nevnt i petroleumsloven § 10-12 kan ikke skje uten at departementet har samtykket i de skattemessige virkningene. Departementet kan ved samtykket også lempe den beskatning som ellers følger av skattelovgivningen. Departementet kan sette vilkår for samtykket og herunder fravike bestemmelser i skattelovgivningen. Vedtak som gjøres må ha en naturlig tilknytning til overdragelsen eller overføringen.
Ved samordning eller omfordeling av andeler i petroleumsforekomster som omfattes av flere utvinningstillatelser med tilhørende driftsmidler, kan departementet fravike bestemmelser i skattelovgivningen.
Departementet kan gi nærmere forskrifter til utfylling og gjennomføring av bestemmelsene i denne paragraf.
II
Lova tek til å gjelde straks.
D.
Vedtak til lov
om endring i lov av 20. juli 1991 nr 65 om særregler for beskatning av selskaper og selskapsdeltakere (selskapsskatteloven)
I
I lov av 20. juli 1991 nr 65 om særregler for beskatning av selskap og selskapsdeltakere (selskapsskatteloven) blir det gjort denne endringa:§ 6-1 nr 3 annet punktum skal lyde:
Reglene gjelder heller ikke for selskaper og sameier som driver produksjon av vannkraft når deltakerne selger det vesentlige av kraftproduksjonen på selvstendig basis.
II
Lova tek til å gjelde straks, med verknad frå og med inntektsåret 1999.
E.
Vedtak til lov
om endring i lov av 26. mars 1999 nr 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)
I
I lov av 26. mars 1999 nr 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven) blir det gjort denne endringa:§ 10-40 tredje ledd annet punktum skal lyde:
Bestemmelsene gjelder heller ikke for selskaper og sameier som driver produksjon av vannkraft når deltakerne selger det vesentlige av kraftproduksjonen på selvstendig basis.
II
Lova gjeld frå 1. januar 2000.
F.
Vedtak til lov
om endringar i lov av 17. februar 1995 nr. 9 om kompensasjon for merverdiavgift til kommuner og fylkeskommuner ved kjøp av visse tjenester fra registrerte næringsdrivende
I
I lov av 17. februar 1995 nr. 9 om kompensasjon for merverdiavgift til kommuner og fylkeskommuner ved kjøp av visse tjenester fra registrerte næringsdrivende blir det gjort desse endringane:Overskrifta til lova skal lyde:
Lov om kompensasjon for merverdiavgift til kommuner og fylkeskommuner m.v.
§ 1 nytt andre ledd skal lyde:
Kompensasjon for merverdiavgift kan også ytes til private og ideelle virksomheter som er tatt med i offentlige planer som en integrert del av det kommunale eller fylkeskommunale tjenestetilbudet og som finansieres fullt ut med offentlige midler samt eventuell brukerbetaling på lik linje med tilsvarende offentlige virksomheter.
II
Lova tek til å gjelde straks.
Oslo, i finanskomiteen, den 14. oktober 1999.
Lars Gunnar Lieleiar | Tore Nordtunordførar | Siv Jensensekretær |