3. Endringer i petroleumsskatteloven
Petroleumsskattelova inneheld eit stort antall føresegner som gir Kongen fullmakt til å fastsetje nærare forskrifter eller til å treffe vedtak. Fullmakta etter dei aktuelle føresegnene er i enkelte tilfelle delegert til departementet, anten Finansdepartementet eller Olje- og energidepartementet. Den generelle fullmakten for Kongen til å gi nærare regler til utfylling og gjennomføring av loven i petroleumsskattelova § 8 blei delegert til Finansdepartementet ved kongeleg resolusjon av 16. april 1999.
Departementet gjer framlegg om at dei fleste av føresegnene i petroleumsskattelova som gir fullmakt til Kongen endrast, slik at fullmakta i staden blir gitt til departementet. Etter departementet sin oppfatning vil dette gi eit meir smidig og effektivt system, og bidra til ei meir føremålsteneleg arbeidsfordeling mellom Regjeringa og departementet, ved at forskrifter og vedtak av til dels svært teknisk karakter ikkje lenger må opp til avgjerd i Statsråd. Når fullmakta etter dei sentrale delane av lova alt er delegert til departementet, blir det ei meir konsekvent og samordna løysing at ei allmenn og brei delegering blir vedteke i sjølve lova, framfor i nye kongelege resolusjonar om delegering.
Når det gjeld Kongens fullmakt til å nemna opp medlemer av Oljeskattenemnda etter § 6 nr. 1 bokstav b og Klagenemnda for petroleumsskatt etter § 6 nr. 1 bokstav d, gjer departementet likevel ikkje framlegg om nokon endring. Omsynet til nemndenes frie stilling talar for at fullmakta til å nemna opp medlemer av nemndene framleis bør liggje hos Kongen. Særleg gjeld dette fordi søksmål etter petroleumsskattelova skal anleggjast mot staten v/Finansdepartementet, jf. petroleumsskattelova § 6 nr. 3 første avsnitt.
Av omsyn til oversikta i regelverket, gjer departementet framlegg om endring også i dei føresegnene kor fullmakta alt er delegert. Etter dette blir det foreslått at «Kongen» blir erstatta med «departementet» i følgjande føresegner i petroleumsskattelova: §§ 1, 3, 4, 5, 6 bortsett frå nr. 1 bokstav b og d, 6a, 7, 8, 9 og 10.
Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad straks.
Ein viser til utkast til endringar i petroleumsskattelova.
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om endring i petroleumsskatteloven §§ 1, 3, 4, 5, 6 bortsett fra nr. 1 bokstav b og d, 6a, 7, 8, 9 og 10.