Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Andre rettslige spørsmål

Kommunalbanken AS vil etter departementet sitt forslag vere eit finansieringsføretak regulert av reglane i finansieringsverksemdslova og aksjelova. Særlova om Noregs Kommunalbank blir foreslått oppheva. Det blir nødvendig med ein særregel i finansieringsverksemdslova.

Finansdepartementet vil i ein proposisjon med framlegg til endringar i skattelova seinare i vår, gjere framlegg om at skattefritaket for Kommunalbanken blir oppheva.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens vurdering.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti tar dette til orientering og viser for øvrig til sin merknad under pkt. 1.

Verkeområdet for finansieringsverksemdslova går fram av lova § 1-1 til 1-3. Den verksemda Kommunalbanken driv, går inn under definisjonen av finansieringsverksemd i § 1-2. Etter § 1-3 første ledd nr. 1 er «offentlige kredittinstitusjoner og fond» haldne utanfor lova sitt verkeområde. Departementet legg til grunn at det nemnde unntaket ikkje vil gjelde for Kommunalbanken AS. Kommunalbanken AS vil derfor vere eit finansieringsføretak slik det er meint i finansieringsverksemdslova.

Etter finansieringsverksemdslova § 2-2 første ledd kan ingen eige meir enn 10 pst. av aksjekapitalen i ein finansinstitusjon. Men i første og andre ledd er det stilt opp fleire unntak frå denne grensa. Staten vil etter forslaget i utgangspunktet eige 80 pst. av aksjane i selskapet, og KLP vil eige 20 pst. Det blir derfor foreslått å innføre eit nytt unntak i § 2-2 andre ledd. Etter lova § 2-4 første ledd kan ingen på generalforsamlinga røyste for meir enn 10 pst. av røystene i selskapet eller for meir enn 20 pst. av dei røystene som er representerte på generalforsamlinga. Gjennom tilvisinga i § 2-4 andre ledd følgjer det at denne avgrensinga i røysteretten ikkje vil gjelde for dei institusjonane der det er gjort unntak frå eigaravgrensingsreglane i § 2-2.

Dersom det seinare skulle bli aktuelt for Regjeringa å ta opp spørsmålet om også andre enn KLP etter kvart skal eige meir enn 10 pst., må det som nemnt framfor i tilfelle gjerast ytterlegare lovendring i form av nye unntak i § 2-2. Departementet har vurdert å gjera unntak for andre enn KLP, men har førebels ikkje funne dette tenleg. Det er vanskeleg å gjere slike unntak før det er klart kva for instansar dette er. Slik forslaget lyder, er det derfor ikkje teke inn andre unntak i sjølve lova enn for staten og KLP. Departementet vil eventuelt komme tilbake til dette seinare.

Kommunalbanken AS vil elles vere undergitt dei vanlege reglane for finansieringsføretak i finansieringsverksemdslova. Dette omfattar bl.a. reglar om organa og verksemda i føretaket.

Kommunaldepartementet vil i samråd med Finansdepartementet fastsetje vedtekter for Kommunalbanken AS i samband med omdanninga. Vedtektene må godkjennast av Kongen og kan ikkje endrast utan godkjenning av Kongen, jf. finansieringsverksemds­lova § 3-3 femte ledd. Myndigheita er delegert til Kredittilsynet.

Kommunalbanken AS er eit direkte framhald av Noregs Kommunalbank, og det skal ikkje skje noka vesentleg endring av verksemdsområdet. Fordi Kommunalbanken AS skal bli driven som eit ordinært finansieringsføretak og bli gitt samme rammevilkår som andre finansieringsføretak, blir det likevel lagt til grunn at det skal frammast ein søknad til Kredittilsynet om konsesjon etter finansieringsverksemdslova § 3-3.

Etter kredittilsynslova § 1 fører Kredittilsynet tilsyn med finansinstitusjonar som er omfatta av finansieringsverksemdslova. Kommunalbanken AS kjem derfor under tilsyn av Kredittilsynet.

Etter finansieringsverksemdslova § 2-8 kan den som er medlem av eit styrande organ eller har leiande stilling i ein finansinstitusjon, ikkje vere medlem av eit styrande organ i ein annan finansinstitusjon med mindre anna er bestemt av Kongen. (Myndigheita er delegert til Finansdepartementet.) Det er gitt nærmare reglar om avgrensinga av forbodet og høvet til å gi dispensasjon ved forskrift av 1. juni 1990 nr. 433 om gjensidig representasjon i styrande organ. Myndigheita til å gi dispensasjon er lagt til Kredittilsynet. Dersom nokon som er omfatta av personkrinsen i § 2-8, jf. nemnde forskrift, skal vere representert i styret i Kommunalbanken AS, vil det etter dei reglane som er nemnde her vere nødvendig med dispensasjon. Det kan vere aktuelt å ta opp spørsmålet om dispensasjon frå forbodet om gjensidig styrerepresentasjon. Det vil i så fall bli fremma ein søknad for Kredittilsynet på vanleg måte.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Tverrpolitisk Folkevalgte, slutter seg til Regjeringens vurdering.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Tverrpolitisk Folkevalgte viser til merknader foran, og går mot forslaget om å endre § 2-2 andre ledd i finansieringsvirksomhetsloven.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti tar dette til orientering og viser for øvrig til sin merknad under pkt. 1.

Det blir lagt til grunn at omdanninga ikkje får verknader for eksisterande avtalar som Noregs Kommunalbank har inngått. Departementet har komme til at dette bør gå fram av ei særskild føresegn i overgangsreglane.

Statsgarantien på lån som er tekne opp før omdanninga, vil bli haldne oppe. På denne bakgrunnen og på bakgrunn av at Kommunalbanken AS blir ei direkte vidareføring av Noregs Kommunalbank, og etter overgangsreglane skal overta alle rettar og plikter Noregs Kommunalbank har ved omdanninga, går ein ut frå at eksisterande låneforhold vil gjelde utan endringar.

I enkelte avtalar har likevel staten som garantist ein rett til å tre inn i låneforholdet i tilfelle långjevar hevdar at avtalar kan seiast opp. Kommunaldepartementet vil derfor i ein seinare proposisjon be om fullmakt til å overta lån der långjevar viser til omdanninga som grunnlag for å seie opp lånet. Kommunaldepartementet vil eventuelt berre utnytte denne fullmakta når renta på det aktuelle lånet er lågare enn den relevante marknadsrenta, dvs. når det er fordelaktig å halde fram med låneforholdet.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens vurdering.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti tar dette til orientering og viser for øvrig til sin merknad under pkt. 1.