Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra finanskomiteen om lov om omdanning av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap.

Dette dokument

Innhold

Til Odelstinget.

Proposisjonen gjeld forslag til lovendringar i samband med omdanning av Noregs Kommunalbank (Kommunalbanken) til finansieringsselskap, Kommunalbanken AS. Det er i kapittel 2 i proposisjonen gjort nærare greie for bakgrunnen for forslaget. I kapittel 3 i proposisjonen er det gjort greie for noverande organisering og verksemd i banken og under dette òg problem og hovudutfordringar for banken. Det blir lagt opp til at Kommunalbanken AS blir organisert og driven som eit ordinært finansieringsføretak og gitt same rammevilkår som andre finansieringsføretak organiserte som aksjeselskap. Dette inneber at selskapet blir underlagt dei vanlege reglane for denne typen finansinstitusjonar, og at Kredittilsynet på vanleg måte skal føre tilsyn med verksemda. Statsgarantien blir avvikla for nye innlån i selskapet, og selskapet blir skattepliktig. Utlånsreguleringa med innvilgingsrammer blir avvikla. Etter dei vanlege reglane i lov av 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjonar (finansieringsverksemdslova) vil verksemda til Kommunalbanken AS bli avgrensa til finansieringsverksemd og verksemd som naturleg heng saman med dette. Selskapet får resultatansvar overfor eigarane på vanleg måte.

Selskapet blir skipa som eit aksjeselskap i 100 pst. statleg eige. Eigarinteressene vil bli forvalta av Kommunal- og regionaldepartementet (Kommunaldepartementet ). Det blir lagt opp til at 20 pst. av aksjane i det nystarta selskapet blir selde til Kommunal Landspensjonskasse (KLP). Det inneber at det må gjerast eit nytt unntak frå eigaravgrensingsreglane i finansieringsverksemdslova, jf. nærmare omtale i pkt. 5.2 i proposisjonen. Vidare blir det lagt til grunn at siktemålet skal vere å overdra alle statens aksjar til kommunal sektor, slik at den statlege eigarskapen blir avvikla over tid. Statens aksjar skal overdragast til kommunesektoren til marknadspris. I tidsrommet fram til kommunal sektor fullt ut har overteke selskapet, legg ein opp til at selskapet ikkje skal ha andre eigarar enn staten og kommunesektoren.

I statsbudsjettet for 1999 (Gul bok) melde regjeringa at ho drøfta ulike former for framtidig organisering av Kommunalbanken, bl.a. om noverande organisering og eigarskapen er den mest formålstenlege. Regjeringa varsla at ho på den bakgrunnen eventuelt ville komme tilbake med forslag om å omorganisere Kommunalbanken.

Under behandlinga av statsbudsjettet for 1999 gjorde Stortinget følgjande vedtak i samband med behandlinga av Budsjett-innst. S. nr. 6 (1998-99):

«Stortinget ber Regjeringa leggje fram naudsynte lovendringar som fylgje av at Kommunalbanken vert gjort om til aksjeselskap.»

I proposisjonen blir det lagt opp til at 20 pst. av aksjane i det nye selskapet Kommunalbanken AS blir selde til KLP (Kommunal Landspensjonskasse). Vidare blir det lagt til grunn at siktemålet skal vere å overdra alle statens aksjar til KLP/kommunesektoren over tid. Statens aksjar skal overdragast til kommunesektoren til den marknadsprisen som gjeld på det tidspunktet aksjane blir selde.

Dei budsjettmessige konsekvensane av omdanninga er alt innarbeidde i statsbudsjettet for 1999. Men det kan bli behov for å gjere visse endringar i dei beløpa som er vedtekne. Eventuelle forslag til endring i beløpet for tilbakeføring av fondskapital vil bli fremma i samband med nysalderinga for 1999. Eventuelt forslag til endra beløp for aksjekapitalen i det nye selskapet vil bli fremma i samband med framlegget til Revidert nasjonalbudsjett for 1999. Kommunaldepartementet vil i samråd med Finansdepartementet komme tilbake til dei budsjettmessige konsekvensane av eventuelt sal av aksjar i det nye selskapet.

Det blir arbeidd for at banken skal verke som aksjeselskap frå og med 1. oktober 1999.

Det blir gjort framlegg om at garantiordninga for kommunale lån til skulebygg fell bort.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Dag Terje Andersen, Berit Brørby, Erik Dalheim, Ranveig Frøiland, Trond Giske, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, fra Fremskrittspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, fra Kristelig Folkeparti, Randi Karlstrøm, lederen Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S. Sørfonn, fra Høyre, Per-Kristian Foss, Michael Momyr og Kjellaug Nakkim, fra Senterpartiet, Jørgen Holte, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, fra Venstre, Terje Johansen, og fra Tverrpolitisk Folkevalgte, Arvid Falch, viser til merknader under de enkelte avsnitt nedenfor.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser for øvrig til tidligere behandling av Kommunalbankens framtid. I Budsjett-innst. S. I (1998-99) uttalte disse medlemmer:

«Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at Regjeringen arbeider med å utrede flere alternativer for Kommunalbankens framtidige organisering. Disse medlemmer støtter Regjeringens ønske om å vurdere alternative løsninger før forslag til omdanning behandles. Disse medlemmer viser videre til regjeringspartienes justerte forslag som innebærer å omgjøre Kommunalbanken til aksjeselskap. Disse medlemmer mener det er svært uheldig å gjennomføre en slik omdanning i budsjettsammenheng uten at Regjeringen har fått lagt fram sin utredning og innstilling som grunnlag for beslutninger. Disse medlemmer ber derfor Regjeringen komme tilbake i Revidert nasjonalbudsjett med denne saken, og ber om at det i denne sammenheng blir vurdert organisatoriske løsninger mellom Kommunalbanken og Postbanken.»

Disse medlemmer mener det opprinnelige forslag om å se Kommunalbankens og Postbankens behov i sammenheng ville gitt den beste løsningen, men konstaterer at vedtak om omdanning til aksjeselskap allerede er fattet.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet vil på denne bakgrunn ikke motsette seg det forslag til løsning som er foreslått.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil i tråd med sitt syn ved behandlingen av Budsjett-innst. S. I (1998-99) stemme mot Regjeringens forslag om å omdanne Kommunalbanken til aksjeselskap.

Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre vil vise til at organisasjonsform og eigarskap i Kommunalbanken ved fleire høve har vore vurdert og drøfta dei siste åra. Statsbankutvalet tilrådde i 1994 at Kommunalbanken burde bli eit gjensidig selskap eigd av kommunane. Men regjeringa Brundtland gjekk i 1995 inn for at det ikkje skulle gjerast endringar i organisasjonsform og eigarskap av banken.

I Nasjonalbudsjettet 1998 fremma regjeringa Jagland forslag om å gjere Kommunalbanken om til eit heileigd dotterselskap under Postbanken.

Regjeringa Bondevik gjekk inn for å gi Postbanken ei friare stilling, men var imot å gjere Kommunalbanken om til eit dotterselskap under Postbanken.

I St.prp. nr. 1 (1998-99) varsla Regjeringa at spørsmålet framleis var til utgreiing og vurdering.

Desse medlemene vil spesielt understreke behovet for avklaring om eigarskap og organisasjonsform i Kommunalbanken og viser til at desse medlemene i Budsjett-innst. S. nr. 6 (1998-99) fremma forslag om at Kommunalbanken vert gjort om til eit statleg eigd aksjeselskap.

Dette slutta fleirtalet i Stortinget seg til.

Desse medlemene støttar Regjeringa sitt framlegg om i å gi Kommunal Landspensjonskasse (KLP) høve til å eige 20 pst. av aksjane i det nystarta selskapet og om på sikt å overdra staten sine aksjar til kommunal sektor.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Tverrpolitisk Folkevalgte viser til at forslag om omorganisering av Kommunalbanken til et aksjeselskap ble fremmet av Syse-regjeringen i 1990, og på nytt igjen som privat lovforslag etter at Brundtland-regjeringen trakk forslaget etter regjeringsskiftet. Som følge av feil ved voteringen ble det ikke oppnådd flertall for omorganisering den gang. Disse medlemmer viser også til at vedtaket om omorganisering til aksjeselskap ble fattet i forbindelse med behandlingen av statsbudsjettet for 1999, og konstaterer at denne proposisjonen er en oppfølging av dette vedtaket.

Disse medlemmer støtter derfor forslagene om omdanning av Kommunalbanken til aksjeselskap. Disse medlemmer mener imidlertid staten bør avvikle sitt eierskap i Kommunalbanken AS, ved etter hvert å selge samtlige aksjer i det nydannede aksjeselskapet til høystbydende.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til behandlingen i Budsjett-innst. S. I (1998-99) hvor disse medlemmer uttalte:

«Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre er tilfreds med at regjeringen nå fremmer forslag om å omdanne Kommunalbanken til aksjeselskap. Med en slik selskapsstruktur kan Kommunalbanken lettere på fritt grunnlag vurdere sin fremtidige struktur og rolle i kredittmarkedet, og statens eierskap kan avvikles.»

Disse medlemmer ser klare fordeler ved en slik omdanning som her blir foreslått. Kommunalbanken vil møte endrede markedsvilkår og økt konkurranse, og omdanningen til et ordinært finansieringsselskap vil gi banken økt handlefrihet.

Etter vedtak i Stortinget 7. juni 1985 skal melding om verksemda i Noregs Kommunalbank leggjast fram for Stortinget annakvart år. Melding om verksemda i banken i 1994 og 1995 blei lagd fram 15. november 1996. I St.prp. nr. 1 (Kommunal- og regionaldepartementet) (1998-99) er det gitt ein omtale av verksemda i Kommunalbanken i første halvår 1998. Som vedlegg til denne proposisjonen er det gitt ein omtale av verksemda i Kommunalbanken i 1996, 1997 og 1998.

Komiteen tar omtalen av virksomheten i Kommunalbanken i 1996,1997 og 1998 til etterretning.

Lovforslaget inneber ei omdanning av Kommunalbanken til eit finansieringsføretak organisert som aksjeselskap, Kommunalbanken AS. Denne institusjonen vil ha som formål å yte langsiktig kreditt til kommunesektoren og yte kommunane finansielle rådgivingstenester, dvs. å føre vidare verksemda i den noverande Kommunalbanken.

Det blir lagt opp til at Kommunalbanken AS blir organisert og driven som eit ordinært finansieringsføretak og gitt same rammevilkår som andre finansieringsføretak organiserte som aksjeselskap. Dette inneber at selskapet blir underlagt dei vanlege reglane for denne typen finansinstitusjonar, og at Kredittilsynet skal føre tilsyn med verksemda. Statsgarantien blir avvikla for nye innlån i selskapet, og selskapet blir skattepliktig. Utlånsreguleringa med innvilgingsrammer blir avvikla. Garantiordninga for kommunale lån til skulebygg fell bort.

Etter dei vanlege reglane i finansieringsverk­semdslova vil verksemda i Kommunalbanken AS bli avgrensa til finansieringsverksemd og verksemd som naturleg heng saman med dette. Selskapet får resultat­ansvar overfor eigarane på vanleg måte.

Det blir arbeidd for at banken skal verke som aksjeselskap frå og med oktober 1999.

Selskapet blir skipa som eit aksjeselskap i 100 pst. statleg eige. Det blir lagt opp til at 20 pst. av aksjane i det nystarta selskapet blir selde til Kommunal Landspensjonskasse (KLP). Det inneber at det må gjerast lovendring i form av eit nytt unntak frå eigaravgrensingsreglane i finansieringsverksemdslova, jf. nærmare omtale i pkt. 5.2 i proposisjonen. Vidare blir det lagt til grunn at siktemålet skal vere å overdra alle statens aksjar til kommunal sektor, slik at den statlege eigarskapen blir avvikla over tid. Statens aksjar skal overdragast til kommunesektoren til marknadsprisen som gjeld på det tidspunktet aksjane blir selde.

Dersom det på eit seinare tidspunkt skulle bli aktuelt for Regjeringa å ta opp spørsmålet om også andre enn KLP skal eige meir enn 10 pst. av aksjane i selskapet, må det i så fall gjerast ytterlegare lovendring i form av nye unntak frå eigaravgrensingsreglane i finansieringsverksemdslova. På noverande tidspunkt er det ikkje klart kva for andre eigarar det i tilfelle kan vere tale om.

Etter aksjelova § 4-15 andre ledd krevst det samtykke frå selskapet for å kunne overta aksjar. Det høyrer under styret å avgjere om samtykke skal bli gitt, med mindre vedtektene legg denne avgjerda til andre.

Etter aksjelova § 4-19 første ledd første setning har aksjeeigar rett til å overta aksje som skal avhen­dast eller på anna vis skifte eigar. Regelen gjer det mogeleg for dei andre aksjeeigarane å behalde selskapet for seg sjølve. Føresegna avløyser § 3-3 i den tidlegare aksjelova, der utgangspunktet var at løysingsretten måtte vere bestemt i vedtektene. Etter den nye aksjelova følgjer altså denne retten direkte av lova. Denne regelen korresponderer med § 4-20, som krev at selskapet skal varsle rettshavarane når det får melding om at det er ønske om å overdra aksjar. Etter § 4-19 første ledd andre setning kan det fastsetjast i vedtektene at ein aksjeeigar har rett til å overta aksje som har skifta eigar. Det kan derfor synest som om løysingsrett i slike tilfelle må takast inn i vedtektene. I Aarbakke, Skåre, Knudsen m.fl.: «Aksjeloven og allmennaksjeloven med kommentarer» (1999) blir det gitt uttrykk for at føresegna bør tolkast slik at aksjeeigarens rett til å overta aksjen òg gjeld etter eigarskifte sjølv om det ikkje er fastsett i vedtektene (s. 233). For å gjere det heilt klart kan ein eventuelt ta inn i vedtektene føresegner om at rett til å overta aksje også gjeld etter eigarskifte.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre og Tverrpolitisk Folkevalgte, slutter seg til Regjeringens vurderinger og ber om at det i vedtektene presiseres at retten til å overta aksjer også skal gjelde etter eierskifte.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Tverrpolitisk Folkevalgte understreker at Kommunalbanken AS på alle måter bør behandles som et ordinært finansieringsforetak, uten særskilte unntak fra de generelle reglene som gjelder for sammenliknbare foretak.

Videre mener disse medlemmer at aksjene i Kommunalbanken bør selges til høystbydende, uten noen form for særbehandling av enkelte interessenter.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber Regjeringen innen utgangen av 2000 selge alle statens aksjer i Kommunalbanken AS til høystbydende.»

På denne bakgrunn støtter ikke disse medlemmer forslagene om å gjøre unntak for Kommunalbanken fra eierbegrensningsreglene eller intensjonen om at aksjene skal overdras til kommunal sektor uten at andre interessenter får anledning til å være med i salgsprosessen. Videre ser disse medlemmer ingen grunn til å ta inn i vedtektene bestemmelser om retten til å overta aksjer. Dette kan trygt overlates til selskapets nye eiere.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet støtter ikke Regjeringens vurderinger når de gjelder fremtidig eierstruktur, men er tvert imot av den oppfatning at Kommunalbanken bør børsnoteres og aksjene legges ut på det åpne marked. Det er ingen grunn til å tro banken med en slik eierstruktur som foreslått i proposisjonen vil kunne betjene kommunesektoren på en bedre måte enn det som en økende konkurranse uansett vil tvinge frem. Disse medlemmer ser heller ikke at det å drive bankvirksomhet er en prioritert oppgave for en økonomisk presset kommunesektor.

Komiteens medlemmer fra Høyre ser ingen grunn til at staten skal eie Kommunalbanken. Tvert imot mener disse medlemmer det vil være en fordel både for Kommunalbanken AS og samfunnet for øvrig at staten overlater sitt eierskap til andre aktører. Blant annet vil dette kunne bidra til et mer aktivt eierskap til beste for Kommunalbanken, mer likeverdige konkurranseforhold på kredittmarkedet og å redusere de generelle ulempene knyttet til statlig eierskap. Det vises i denne sammenheng blant annet til disse medlemmers merknader i tilknytning til eierskapsmeldingen.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til Regjeringens målsetting om at kommunesektoren skal overta de aksjer som staten selger. I brev til Sosialistisk Venstrepartis stortingsgruppe fra Kommunal- og regionaldepartementet 21. mai 1999 heter det:

«Etter aksjeloven kan aksjer fritt skifte eier med mindre annet er bestemt i aksjeloven selv, selskapets vedtekter eller i avtale med aksjeeierne.»

I Regjeringens opplegg ligger det ikke tilstrekkelige virkemidler for å oppfylle målsettingen om overdragelse til kommunesektoren over tid. Dersom nye eiere i kommunal sektor ønsker å overdra sine aksjer til private aktører ligger det en mulighet i aksjeloven for de øvrige aksjonærer i å overta aksjer som ønskes solgt. Det forutsetter imidlertid økonomisk evne og politisk vilje blant de øvrige eiere til å kjøpe opp aksjene til de som måtte ønske å selge seg ut. Dette er en usikkerhetsfaktor som lett kan unngås ved å legge inn en bestemmelse om begrensning av videresalg i selskapets vedtekter.

Dette medlem fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

«Stortinget ber Regjeringen sørge for at Kommunalbanken AS tar inn i sine vedtekter en bestemmelse om at bare kommunal sektor og staten kan eie aksjer i selskapet.»

Statsgarantien blir avvikla for nye innlån, men halden oppe for eksisterande innlån i Kommunalbanken. For eksisterande innlån med statsgaranti skal det framleis betalast garantiprovisjon.

Den ansvarlege kapitalen i Kommunalbanken består av grunnfond (statens innskotskapital), reservefond og risikofond. Av grunnfondet på 2 350 mill. kroner har staten betalt inn 20 mill. kroner kontant. For den ikkje innbetalte delen på 2 330 mill. kroner av grunnfondet, har staten skrive ut evigvarande gjeldsbevis (grunnfondsobligasjonar) på Kommunalbanken. Banken sin disponible eigenkapital (reservefond og risikofond) var ved utgangen av 1998 på om lag 255 mill. kroner.

Kommunalbanken vil bli omdanna til aksjeselskap ved at banken overfører den disponible eigenkapitalen ved omdanningstidspunktet til staten, og betaler tilbake til staten den innbetalte delen på 20 mill. kroner av grunnfondet. Staten skyt inn 660 mill. kroner i eigenkapital i den nye banken.

Tabellen nedanfor viser korleis omdanninga skjer i budsjettsamanheng. Den disponible eigenkapitalen er sett til 250 mill. kroner.

Tabell 4.1 Omdanninga av Kommunalbanken i budsjettsamanheng. Mill. kroner

Transaksjon Beløp70-post90-poster (balanse)
Oppgjer grunnfond …………………………….+2350+2350
-2330-2330
Netto oppgjer grunnfond/ tilbakebetaling ………+20+20
Innbetaling reservefond og risikofond ………….+250+250
Staten skyt inn eigenkapital …………………….-660-660
Sum …………………………………………….+250-640

Stortinget har alt innarbeidd dei budsjettmessige konsekvensane av omdanninga til heileigd statleg aksjeselskap i statsbudsjettet for 1999 i samband med behandlinga av Budsjett-innst. S. nr. 6 (1998-99). Eventuelle forslag til endringar i beløpet for aksjekapital i det nye selskapet (kap. 2427.90) vil bli fremma i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 1999. Eventuelle endringar på basis av rekneskapsresultat for den disponible eigenkapitalen ved omdanningstidspunktet (jf. kap. 5330.70) vil bli fremma til hausten i nysalderingsproposisjonen om statsbudsjettet for 1999.

Kommunaldepartementet vil i samråd med Finansdepartementet komme tilbake til dei budsjettmessige konsekvensane av sal av aksjar i det nye selskapet.

Det blir arbeidd for at banken skal verke som aksjeselskap frå og med 1. oktober 1999.

Eit særleg spørsmål er om ordninga med garantiar for lån til skulebygg skal førast vidare. Etter kommunalbanklova § 10 heftar staten for Kommunalbankens garantiansvar for lån som kommunar tek opp i andre finansinstitusjonar for å finansiere skulebygg. Ved utgangen av 1998 kom dette garantiansvaret opp i 16,7 mill. kroner. Det har ikkje vore gitt nye garantiar sidan 1990. Finansdepartementet sende i august 1996 på høyring eit forslag om å oppheve garantiordninga. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet hadde som merknad at ein eventuelt ikkje burde oppheve garantiordninga før kommunane hadde gjennomført investeringar i lokale i samband med grunnskulereforma. Saka blei omtalt i St.prp. nr. 1 (1996-97) for Finansdepartementet.

Departementet går ut frå at det ikkje lenger er behov for garantiordninga. Ein viser bl.a. til at det ikkje er stilt nye garantiar dei siste åtte åra. Kommunane har i dag ikkje problem med å finansiere byggjeprosjekta. Finansieringa av investeringar i samband med grunnskulereforma er i hovudsak fullført. Departementet foreslår på denne bakgrunnen at garantiordninga blir oppheva. Det blir lagt til grunn at staten framleis skal hefte for det garantiansvaret Kommunalbanken i dag har for lån som kommunane alt har teke opp i andre finansinstitusjonar for å finansiere skulebygg.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til departementets vurderinger.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser for øvrig til sine merknader under pkt. 1 foran.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti tar dette til orientering og viser for øvrig til sin merknad under pkt. 1.

Etter kommunalbanklova § 3 skal det leggjast opp eit reservefond av banken sitt overskot. Overskotet kjem fram som eit driftsoverskot minus renter av grunnfondet. Etter § 4 kan det leggjast opp risiko- og kursrisikofond ved eit prosentvis frådrag i kvart lån. Det er lovfesta i §§ 3 og 4 at desse fonda, dersom banken blir oppheva og grunnfondet og andre forpliktingar er dekte, skal nyttast til beste for kommunane etter vedtak av Stortinget. Etter § 3 tredje ledd kan delar av fondet etter stortingsvedtak overførast til statskassa. Denne føresegna kom inn ved lovendring 4. desember 1992 nr. 122. I samband med endringa viste Finansdepartementet til at overføring av midlar frå reservefondet ikkje inneber inngrep i oppnådde rettar, jf. Ot.prp. nr. 7 (1992-93) s. 5. Departementet viste vidare til at tilsvarande spørsmål tidlegare hadde vore lagt fram for Justisdepartementet og at Justisdepartementet har same syn som Finansdepartementet. Tilsvarande vurdering er lagd til grunn når det gjeld overføring av midlar i form av utbytebetaling.

Som følgje av omdanninga blir banken sin kapital ført til inntekt for staten over statsbudsjettet, slik det alt er gjort vedtak om, jf. omtale ovanfor. Ved at Stortinget i lovs form opphevar kommunalbanklova, inkludert reglane om korleis fonda skal brukast, vil det ikkje liggje føre rettslege skrankar for at staten disponerer fonda.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens vurderinger.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti tar dette til orientering og viser for øvrig til sin merknad under pkt. 1.

Kommunalbanken blir no leia av eit styre på 5 medlemmer, jf. kommunalbanklova § 6. Stortinget vel formann og varaformann med vararepresentantar. Dei tre andre styremedlemmene med vararepresentantar blir oppnemnde av Kongen. Stortinget vel ein kontrollkomité på tre medlemmer. Riksrevisjonen fører kontroll med verksemda. Administrerande direktør blir tilsett av Kongen.

Etter finansieringsverksemdslova § 3-10 skal finansieringsføretak som hovudregel ha eit representantskap med minst 12 medlemmer. Kongen kan gjere unntak frå krav om representantskap når føretaket er organisert som aksjeselskap. Føretaket skal ha eit styre med minst 4 medlemmer, dersom ikkje Kongen samtykkjer i eit lågare tal, jf. § 3-9. Administrerande direktør skal også vere medlem av styret. Føretaket skal vidare ha ein kontrollkomité med minst tre medlemmer som blir valde av generalforsamlinga, jf. § 3-11. Minst ein av medlemmene skal tilfredsstille krava til å vere dommar. Denne medlemmen skal godkjennast av Kredittilsynet. Revisor blir vald av representantskapet, jf. § 3-13. Dersom føretaket ikkje har representantskap, skal revisor veljast av kontrollkomiteen.

Omdanninga til aksjeselskap inneber at selskapet får styrande organ i samsvar med føresegnene i aksjelova og finansieringsverksemdslova.

Det kan vere aktuelt å ta opp spørsmålet om dispensasjon frå kravet om representantskap. Unntak frå kravet om representantskap krev samtykke frå Kongen etter finansieringsverksemdslova § 3-10 første ledd. Myndigheita er delegert til Kredittilsynet. Det vil i så fall bli fremma søknad om dispensasjon til Kredittilsynet på vanleg måte.

Dersom ein person som eventuelt skal ha styreverv i Kommunalbanken AS samstundes er medlem av styrande organ eller har leiande stilling i KLP, vil dette krevje dispensasjon frå finansieringsverk­semdslova § 2-8. Sjå nærmare om dette under pkt. 5.2. Det vil - dersom det skulle bli aktuelt - bli fremma ein søknad til Kredittilsynet om dispensasjon frå forbodet mot gjensidig styrerepresentasjon.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Tverrpolitisk Folkevalgte, slutter seg til Regjeringens vurderinger.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre og Tverrpolitisk Folkevalgte, støtter Regjeringens ønske om økt kommunalt eierskap i det nye selskapet. For å gjøre eierskap interessant for kommunale eiere, i tillegg til KLP, mener flertallet at representantskapsordningen kan virke positiv, og ber om at dette også vurderes før en eventuell søknad om unntak fra kravet om representantskap.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Tverrpolitisk Folkevalgte viser til forslaget om å selge aksjene i Kommunalbanken AS til høystbydende, noe som blant annet innebærer at KLP eller kommunesektoren for øvrig ikke nødvendigvis blir eiere av Kommunalbanken AS. Disse medlemmer ser derfor ikke behov for særskilte retningslinjer, men legger til grunn at Kommunalbanken, på samme måte som konkurrentene, kan søke om unntak fra det generelle regelverket dersom dette anses nødvendig.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti tar dette til orientering og viser for øvrig til sin merknad under pkt. 1.

Kommunalbanken er i dag ikkje underlagt dei generelle krava til kapitaldekning i finansieringsverksemdslova. Den noverande kapitalstrukturen i Kommunalbanken som statsbank er spesiell, fordi den må vurderast i samanheng med statsgarantien på innlåna. Kapitalstrukturen i ein omdanna kommunalbank må derfor vurderast uavhengig av kapitalstrukturen i dag.

I samband med ei avvikling av Kommunalbanken som statsbank, vil statsgarantien for nye innlån som nemnt bli avvikla, og den nye Kommunalbanken vil bli underlagt krav til ansvarleg kapital som andre finansinstitusjonar. Krav til ansvarleg kapital for finansieringsføretak blir fastsette med heimel i finansieringsverksemdslova. Etter § 3-17 skal den ansvarlege kapitalen utgjere minst 8 pst. av samla aktiva i finansinstitusjonen og forpliktingar utanfor balansen, berekna etter prinsipp for risikovekting.

Ein føresetnad for at Kommunalbanken skal føre vidare rolla si som kredittgivar til kommunane i landet, er at innlånskostnadene ikkje blir endra for mykje. Det vil seie at innlånskostnaden i Kommunalbanken utan statsgaranti ikkje bør bli vesentleg høgare enn kostnaden ved statsgaranterte innlån, med tillegg av dagens garantiprovisjon på 0,10 pst. Storleiken på eigenkapitalen vil ha mykje å seie for innlånskostnadene.

Det er viktig at kapitaliseringa reflekterer den typen verksemd som institusjonen skal drive. Eigenkapitalen må vere stor nok til at den ikkje verkar negativt inn på utsikta til å oppnå fordelaktig kredittvurdering (rating) frå dei store internasjonale byråa, som til dømes Moody"s og Standard & Poor"s. Med utgangspunkt i at Kommunalbanken skal føre vidare den gjeldande utlånsverksemda si, kan institusjonen kapitaliserast relativt sett noko lågare enn dei fleste andre bankar og finansieringsføretak. Dette fordi det knyter seg ein lågare risiko til utlån til kommunar og fylkeskommunar.

På denne bakgrunnen vil ei forsvarleg kapitalisering av ein omdanna Kommunalbank kunne byggje på ei kapitaldekning på 10 pst. av ein balanse der det er lagt inn ein viss vekst i utlåna samanlikna med utlånsporteføljen i dag.

Departementet meiner på denne bakgrunnen at behovet for kjernekapital i ein omdanna Kommunalbank vil vere på om lag 660 mill. kroner. Vidare blir det lagt til grunn at Kommunalbanken tek opp ansvarlege lån i marknaden for 160 mill. kroner. Dette gir ein ansvarleg kapital i den omdanna banken på 820 mill. kroner.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens vurderinger.

Komiteen viser for øvrig til sine respektive merknader under pkt. 1 foran og til Budsjett-innst. S. I (1998-99).

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti tar dette til orientering og viser for øvrig til sin merknad under pkt. 1.

Arthur Andersen & Co har utført ei verdivurdering av Noregs Kommunalbank på oppdrag frå Kommunaldepartementet. Verdivurderinga er presentert i ein rapport frå august 1998. Arthur Andersen & Co rek­nar med at banken har ein verdi på 700 mill. kroner, av dette 40 mill. kroner som er verdien ut over bokført eigenkapital.

Verdien på 700 mill. kroner er kommen fram som den neddiskonterte verdien av utbyte over ein periode på 10 år pluss ein sluttverdi for bokført eigenkapital ved utløpet av berekningsperioden. Beløpet på 40 mill. kroner vil vere den neddiskonterte meirverdien som ligg i framtidig inntening ut over avkastningskravet, og består av meirverdiar i balansen i forhold til bokførte verdiar, verdien av merkenamnet «Noregs Kommunalbank» og gode kunderelasjonar.

Vurderinga til Arthur Andersen & Co er bl.a. basert på desse føresetnadene:

  • Verksemda i banken retta mot kommunesektoren blir ført vidare som sjølvstendig kredittføretak.

  • Ein eigenkapital på 660 mill. kroner som gir ei risikovekta kjernekapitaldekning på 8 pst., som vil gi ei innlånsrente ned mot statsrenta.

  • Ein rentemargin på 0,21 pst. mellom banken sine innlån og utlån.

  • Eit avkastningskrav til eigenkapitalen på 7,5 pst. etter skatt.

  • Ein nokså stor likviditetsreserve og omstrukturert balanse i retning av innlån med lengre løpetid for å redusere refinansieringsrisikoen.

Ein reknar med at uvissa i verditakseringa er +/- 10 pst. At den reelle verdien av banken skulle vere lågare enn bokført eigenkapital, blir vurdert som lite sannsynleg.

Verdivurderinga er svært følsam for synsmåtar om rentemarginen mellom banken sine innlån og utlån. Ei endring på 0,01 prosentpoeng i denne føresetnaden endrar verdien av banken med 15 mill. kroner.

Fordi marknaden har endra seg sidan Arthur Andersen & Co si utgreiing blei laga, legg departementet til grunn at ei oppdatering av rapporten må finne stad i samband med salet av 20 pst. av aksjane i det omdanna selskapet.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Tverrpolitisk Folkevalgte, sier seg enig i behovet for en oppdatering av verdivurderingen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Tverrpolitisk Folkevalgte viser til at en salgsprosess der selskapet legges ut for salg til høystbydende vil etablere markedsprisen for selskapet.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti tar dette til orientering og viser for øvrig til sin merknad under pkt. 1.

Dei tilsette i Kommunalbanken er statstenestemenn, og deira rettsstilling blir i dag regulert av tenestemannslova og tenestetvistlova, og likeins hovudavtalen i staten og anna statleg avtaleverk. Dette vil endre seg når Kommunalbanken blir omdanna til aksjeselskap. Rettsstillinga for dei tilsette vil etter ei omdanning i staden bl.a. bli regulert av arbeidsmiljølova og arbeidstvistlova. Dette reiser enkelte overgangsspørsmål, bl.a. spørsmålet om å føre vidare reglane i tenestemannslova om fortrinnsrett til anna statsstilling og ventelønn for ein avgrensa periode.

Ved omdanning til aksjeselskap blir det lagt opp til at alle dei som i dag er tilsette i Kommunalbanken, får tilbod om å halde fram i banken. For desse blir det foreslått at reglane i tenestemannslova § 13 nr. 2 til 6 om førerett til ny stilling i staten og rett til ventelønn, framleis skal gjelde for dei arbeidstakarane som er tilsette i Kommunalbanken ved omdanningstidspunktet for ein periode på tre år frå dette tidspunktet. Dette vil vere i samsvar med dei overgangsordningane som tidlegare er fastsette ved omdanning av forvaltningsorgan og forvaltningsbedrifter til selskap (jf. bl.a. lov 24. juni nr. 451994 om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap).

Vi legg til grunn at omdanninga av Kommunalbanken vil vere omfatta av reglane i arbeidsmiljølova om verksemdsoverdraging (arbeidsmiljølova kap. XII A). Dei tilsette vil i samsvar med reglane om verk­semdsoverdraging ha krav på å halde fram med arbeidsforholdet sitt i den omorganiserte verksemda. Dei arbeidstakarar som ikkje ønskjer å ta imot tilbod om arbeid i det nye selskapet, vil ha vanleg oppseiing og vil behalde førerett til ny statsstilling i inntil eitt år etter omdanninga.

Etter reglane om verksemdsoverdraging vil alle rettane og pliktene til arbeidstakar i samsvar med arbeidsavtale eller arbeidsforhold som gjeld overføringstidspunktet, følgje med i det nye tilsetjingsforholdet, jf. arbeidsmiljølova § 73 B nr. 1. Det same vil gjelde for dei individuelle arbeidsvilkåra som følgjer av tariffavtale, jf. § 73 B nr. 2.

Etter den praksis som gjeld i dag, vil eit statsaksjeselskap bli medlem av Norges arbeidsgiverforening for virksomheter med offentlig tilknytning (NAVO), og vil utforme personal- og tariffpolitikken sin i nært samarbeid med andre fristilte statlege verksemder. Det vil bli teke stilling til spørsmålet om organisasjonstilknyting i samband med etablering av selskapet Kommunalbanken AS.

Utforming av personal- og tariffpolitikk for ei verksemd med kommunal eigarskap vil vere avhengig av den organisasjonstilknytinga eigaren (eigarane) vel. Det vil ikkje vere til hinder for medlemskap i NAVO at selskapet kjem heilt eller delvis i kommunalt eige.

Fristilte statlege verksemder kan halde fram som medlem av Statens Pensjonskasse. Dersom selskapet blir overdrege til kommunal sektor, går ein ut frå at det blir avklart mellom eigaren av selskapet og dei tilsette kva for pensjonsordning som skal gjelde i selskapet. Dersom staten sel seg ned til under 50 pst. eigardel, vil det vere naturleg at ei anna tilknyting enn Statens Pensjonskasse blir vurdert. Med kommunal eigarskap vil i praksis KLP vere eit aktuelt alternativ. Ein overføringsavtale mellom Statens Pensjonskasse og KLP sikrar dei tilsette full opptening endå om tilsetjingsforholdet har vart under 30 år i ein av sektorane, dersom det til saman har vart i 30 år.

Komiteen vil understreke behovet for at selskapsomdanningen skal skje på en måte som ivaretar de ansattes rettigheter og mulighet til medinnflytelse.

Kommunalbanken AS vil etter departementet sitt forslag vere eit finansieringsføretak regulert av reglane i finansieringsverksemdslova og aksjelova. Særlova om Noregs Kommunalbank blir foreslått oppheva. Det blir nødvendig med ein særregel i finansieringsverksemdslova.

Finansdepartementet vil i ein proposisjon med framlegg til endringar i skattelova seinare i vår, gjere framlegg om at skattefritaket for Kommunalbanken blir oppheva.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens vurdering.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti tar dette til orientering og viser for øvrig til sin merknad under pkt. 1.

Verkeområdet for finansieringsverksemdslova går fram av lova § 1-1 til 1-3. Den verksemda Kommunalbanken driv, går inn under definisjonen av finansieringsverksemd i § 1-2. Etter § 1-3 første ledd nr. 1 er «offentlige kredittinstitusjoner og fond» haldne utanfor lova sitt verkeområde. Departementet legg til grunn at det nemnde unntaket ikkje vil gjelde for Kommunalbanken AS. Kommunalbanken AS vil derfor vere eit finansieringsføretak slik det er meint i finansieringsverksemdslova.

Etter finansieringsverksemdslova § 2-2 første ledd kan ingen eige meir enn 10 pst. av aksjekapitalen i ein finansinstitusjon. Men i første og andre ledd er det stilt opp fleire unntak frå denne grensa. Staten vil etter forslaget i utgangspunktet eige 80 pst. av aksjane i selskapet, og KLP vil eige 20 pst. Det blir derfor foreslått å innføre eit nytt unntak i § 2-2 andre ledd. Etter lova § 2-4 første ledd kan ingen på generalforsamlinga røyste for meir enn 10 pst. av røystene i selskapet eller for meir enn 20 pst. av dei røystene som er representerte på generalforsamlinga. Gjennom tilvisinga i § 2-4 andre ledd følgjer det at denne avgrensinga i røysteretten ikkje vil gjelde for dei institusjonane der det er gjort unntak frå eigaravgrensingsreglane i § 2-2.

Dersom det seinare skulle bli aktuelt for Regjeringa å ta opp spørsmålet om også andre enn KLP etter kvart skal eige meir enn 10 pst., må det som nemnt framfor i tilfelle gjerast ytterlegare lovendring i form av nye unntak i § 2-2. Departementet har vurdert å gjera unntak for andre enn KLP, men har førebels ikkje funne dette tenleg. Det er vanskeleg å gjere slike unntak før det er klart kva for instansar dette er. Slik forslaget lyder, er det derfor ikkje teke inn andre unntak i sjølve lova enn for staten og KLP. Departementet vil eventuelt komme tilbake til dette seinare.

Kommunalbanken AS vil elles vere undergitt dei vanlege reglane for finansieringsføretak i finansieringsverksemdslova. Dette omfattar bl.a. reglar om organa og verksemda i føretaket.

Kommunaldepartementet vil i samråd med Finansdepartementet fastsetje vedtekter for Kommunalbanken AS i samband med omdanninga. Vedtektene må godkjennast av Kongen og kan ikkje endrast utan godkjenning av Kongen, jf. finansieringsverksemds­lova § 3-3 femte ledd. Myndigheita er delegert til Kredittilsynet.

Kommunalbanken AS er eit direkte framhald av Noregs Kommunalbank, og det skal ikkje skje noka vesentleg endring av verksemdsområdet. Fordi Kommunalbanken AS skal bli driven som eit ordinært finansieringsføretak og bli gitt samme rammevilkår som andre finansieringsføretak, blir det likevel lagt til grunn at det skal frammast ein søknad til Kredittilsynet om konsesjon etter finansieringsverksemdslova § 3-3.

Etter kredittilsynslova § 1 fører Kredittilsynet tilsyn med finansinstitusjonar som er omfatta av finansieringsverksemdslova. Kommunalbanken AS kjem derfor under tilsyn av Kredittilsynet.

Etter finansieringsverksemdslova § 2-8 kan den som er medlem av eit styrande organ eller har leiande stilling i ein finansinstitusjon, ikkje vere medlem av eit styrande organ i ein annan finansinstitusjon med mindre anna er bestemt av Kongen. (Myndigheita er delegert til Finansdepartementet.) Det er gitt nærmare reglar om avgrensinga av forbodet og høvet til å gi dispensasjon ved forskrift av 1. juni 1990 nr. 433 om gjensidig representasjon i styrande organ. Myndigheita til å gi dispensasjon er lagt til Kredittilsynet. Dersom nokon som er omfatta av personkrinsen i § 2-8, jf. nemnde forskrift, skal vere representert i styret i Kommunalbanken AS, vil det etter dei reglane som er nemnde her vere nødvendig med dispensasjon. Det kan vere aktuelt å ta opp spørsmålet om dispensasjon frå forbodet om gjensidig styrerepresentasjon. Det vil i så fall bli fremma ein søknad for Kredittilsynet på vanleg måte.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Tverrpolitisk Folkevalgte, slutter seg til Regjeringens vurdering.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Tverrpolitisk Folkevalgte viser til merknader foran, og går mot forslaget om å endre § 2-2 andre ledd i finansieringsvirksomhetsloven.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti tar dette til orientering og viser for øvrig til sin merknad under pkt. 1.

Det blir lagt til grunn at omdanninga ikkje får verknader for eksisterande avtalar som Noregs Kommunalbank har inngått. Departementet har komme til at dette bør gå fram av ei særskild føresegn i overgangsreglane.

Statsgarantien på lån som er tekne opp før omdanninga, vil bli haldne oppe. På denne bakgrunnen og på bakgrunn av at Kommunalbanken AS blir ei direkte vidareføring av Noregs Kommunalbank, og etter overgangsreglane skal overta alle rettar og plikter Noregs Kommunalbank har ved omdanninga, går ein ut frå at eksisterande låneforhold vil gjelde utan endringar.

I enkelte avtalar har likevel staten som garantist ein rett til å tre inn i låneforholdet i tilfelle långjevar hevdar at avtalar kan seiast opp. Kommunaldepartementet vil derfor i ein seinare proposisjon be om fullmakt til å overta lån der långjevar viser til omdanninga som grunnlag for å seie opp lånet. Kommunaldepartementet vil eventuelt berre utnytte denne fullmakta når renta på det aktuelle lånet er lågare enn den relevante marknadsrenta, dvs. når det er fordelaktig å halde fram med låneforholdet.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens vurdering.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti tar dette til orientering og viser for øvrig til sin merknad under pkt. 1.

Omdanning av Kommunalbanken til aksjeselskap med større handlingsrom under resultatansvar vil kunne gje auka konkurranse i marknaden for kommunelån.

Over statsbudsjettet for 1999 blir kapital som no er bunden i institusjonen inntektsført og ny kapital i form av aksjekapital vert tilført, jf. pkt. 2 og pkt. 4.3.

Etter omdanninga vil staten ikkje lenger garantere for nye innlån, slik at etter få år vil staten sitt totale garantiansvar bli vesentleg redusert. På den andre sida vil staten ikkje motta garantiprovisjon for nye innlån. Det vil bli stilt ordinære krav til avkastning på den innskotne aksjekapitalen i det nye selskapet. Selskapet vil framleis betale utbytte til staten av driftsoverskottet.

Kommunalbanken AS vil som finansinstitusjon komme under tilsyn av Kredittilsynet. Staten sine eigarinteresser i Kommunalbanken vil bli forvalta av Kommunal- og regionaldepartementet.

Komiteen har ingen merknader.

Paragrafen fastset føremålet med lova. Utkastet til §§ 2 og 3 inneheld føresegner med varig verknad. Elles har lova til føremål å regulere ymse overgangsspørsmål, mellom anna endringar i andre lover i samband med at forvaltningsbedrifta Noregs Kommunalbank blir omdanna til aksjeselskap.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknader foran og vil stemme imot Regjeringens forslag.

Paragrafen fastset at Noregs Kommunalbank skal omdannast til aksjeselskap.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknader foran og vil stemme imot Regjeringens forslag.

Forretningsbanklova § 2 fastset at utan særskild heimel i lov må berre forretningsbankar bruke ordet «bank» med eller utan tillegg i namnet (firma) eller ved omtale av verksemda. Ein foreslår å oppheve spesiallova om Noregs Kommunalbank. Ein foreslår òg at verksemda til Noregs Kommunalbank blir driven vidare av Kommunalbanken AS. Sidan denne institusjonen ikkje er ein bank, trengst det ein eksplisitt lovheimel for at institusjonen utan hinder av forretningsbanklova § 2 kan bruke nemninga «bank» i namnet sitt.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknader foran og vil stemme imot Regjeringens forslag.

Føresegna i første ledd legg til grunn eit kontinui­tetsprinsipp for korleis verksemda i Noregs Kommunalbank skal overførast til Kommunalbanken AS. Omdanninga kan etter denne føresegna gjennomførast ved at verksemda med eigedelar, rettar, under det offentlege løyve, og forpliktingar blir overført til aksjeselskapet. Det er ein føresetnad at verksemda blir overført som ein heilskap, og at ikkje enkelte eigedelar eller rettar blir skilde ut.

Føresegna i andre ledd regulerer omregistrering av heimelsforhold knytte til eigedelar, rettar o.a. i offentlege register i samband med omorganiseringa. Føresegna gir grunnlag for å registrere omdanning til aksjeselskap ved at vedkommande registreringsinstans gjer ei namneendring i vedkommande register. For grunnboka vil dette innebere at det ikkje blir kravd formell overskøyting av faste eigedommar. Ein konsekvens av dette vil vere at det ikkje skal betalast tinglysingsgebyr eller dokumentavgift. Ei tilsvarande føresegn blei teken inn i lov om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket (§ 4).

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknader foran og vil stemme imot Regjeringens forslag.

Paragrafen regulerer forholdet til fordringshavarane og andre rettshavarar til dei forpliktingane som blir overførde. Det sentrale er at dei må godta overføringa utan at det krevst deira samtykke eller at dei kan vise til overføringa som ein opphøyrsgrunn. Føresegna har sitt mønster i lov 24. juni 1994 nr. 45 om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap (§ 5). Ei liknande føresegn gjeld også ved omdanning av forvaltningsbedrift til statsføretak etter statsføretakslova § 55 første ledd. Ei føresegn med det same innhaldet blei også lagd til grunn ved omdanning av Postbanken.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknader foran og vil stemme imot Regjeringens forslag.

Paragrafen slår fast at føreretten til anna statsstilling og rett til ventelønn etter tenestemannslova framleis skal gjelde for dei som var tilsette i Kommunalbanken ved omdanninga, i ein periode på 3 år frå omdanningslova tek til å gjelde. Ordninga er avgrensa til tilsette som var omfatta av desse reglane før omdanninga. Føresegna inneber at dei tilsette i denne perioden beheld dei særskilde rettane ved oppseiing på grunn av forhold dei sjølve ikkje har herredømme over. Føresegna har sitt mønster i lov 24. juni 1994 nr. 45 om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap (§ 4).

Siktemålet med denne føresegna er å sikre dei tilsette sine rettar i den aktuelle perioden. Dei same omsyna gjer seg gjeldande der tilsette blir overførde frå Kommunalbanken AS til anna verksemd i denne perioden, og det etter dei konkrete omstenda kan reknast som ei fortsetjing av tilsettingsforholdet. Etter dei konkrete tilhøva vil det same kunne gjelde der tilsette blir overførde til ei anna verksemd som Kommunalbanken AS tek over.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknader foran og vil stemme imot Regjeringens forslag.

I denne føresegna blir Kongen gitt heimel til å gi nødvendige overgangsreglar utover det som går fram av denne lova.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknader foran og vil stemme imot Regjeringens forslag.

Det blir her overlate til Kongen å fastsetje tidspunkt for iverksetting av lova. Ein tek sikte på at tidspunktet vil falle saman med gjennomføringstidspunktet for omdanninga.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknader foran og vil stemme imot Regjeringens forslag.

Paragrafen fastset endringar i anna lovgiving som er ein konsekvens av at Kommunalbanken som forvaltningsbedrift opphøyrer og blir vidareført i form av eit aksjeselskap.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknader foran og vil stemme imot Regjeringens forslag.

Kommunalbanken AS blir stifta og tek over verksemda til Noregs Kommunalbank. Det nye kredittføretaket Kommunalbanken AS blir underlagt den vanlege lovgivinga for finansinstitusjonar og aksjelova. Lov om Noregs Kommunalbank blir såleis overflødig.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknader foran og vil stemme imot Regjeringens forslag.

Lova er ikkje sett i verk. Føresegna i § 8 nr. 5 føreset at kommunalbanklova gjeld, og bør derfor opphevast.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknader foran og vil stemme imot Regjeringens forslag.

Ein foreslår eit nytt pkt. 8 i opprekninga i § 2-2 andre ledd av unntak frå eigaravgrensingsreglane i § 2-2 første ledd. Dette inneber at staten og KLP kvar for seg kan eige meir enn 10 pst. av aksjane i den nye finansinstitusjonen. Ved at det blir teke inn eit eige unntak her, følgjer det av § 2-4 andre ledd at det også blir gjort unntak frå regelen om røysterettsavgrensing i § 2-4 første ledd.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Tverrpolitisk Folkevalgte, slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Tverrpolitisk Folkevalgte viser til merknader foran, og går mot forslaget om å endre § 2-2 andre ledd i finansieringsvirksomhetsloven.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknader foran og vil stemme imot Regjeringens forslag.

Forslag fra Fremskrittspartiet, Høyre og Tverrpolitisk Folkevalgte:

Forslag 1

Stortinget ber Regjeringen innen utgangen av 2000 selge alle statens aksjer i Kommunalbanken AS til høystbydende.

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 2

Stortinget ber Regjeringen sørge for at Kommunalbanken AS tar inn i sine vedtekter en bestemmelse om at bare kommunal sektor og staten kan eie aksjer i selskapet.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget å gjøre slikt

vedtak til lov

om omdanning av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap.

§ 1 Føremål

Føremålet med denne lova er å regulere forholdet til aksjelovgivinga og visse overgangsspørsmål i samband med omdanning av forvaltningsbedrifta Noregs Kommunalbank til aksjeselskap.

§ 2 Forholdet til aksjelovgivinga

Når denne lova trer i kraft, blir Noregs Kommunalbank omdanna til aksjeselskap.

§ 3 Om retten til å bruke ordet «bank» i namn (firma)

Aksjeselskapet Kommunalbanken kan utan hinder av lov 24. mai 1961 nr. 2 om forretningsbanker § 2 bruke ordet «bank», med eller utan tillegg, i sitt namn (firma) og ved omtale av si verksemd.

§ 4 Overføring av offentlege rettar m.v.

Ved omdanning av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap blir eigedelar, rettar, under det offentlege løyve osv., og skyldnader overførte til aksjeselskapet.

Omregistrering i grunnbok og andre offentlege register i samband med omdanninga skjer ved namneendring.

§ 5 Overføring av skyldnader

Overføring til aksjeselskapet av skyldnader knytt til forvaltningsbedrifta Noregs Kommunalbank har frigjerande verknad for staten.

Kravshavarar og andre rettshavarar kan ikkje setje seg imot overføringa eller gjere gjeldande at den er ein bortfallsgrunn for rettsforholdet.

§ 6 Førerett til anna statsstilling og venteløn

Lov 4. mars 1983 nr. 3 om statens tenestemenn m.m. § 13 nr. 2 til 6 om førerett til anna statsstilling og venteløn skal framleis gjelde for tidlegare arbeidstakarar i forvaltningsbedrifta Noregs Kommunalbank som blir sagde opp av grunn som nemnd i tenestemannslova § 13 nr. 1 bokstavene a, b og c, og som var omfatta av desse reglane før omdanninga. Føreretten til anna statsstilling og retten til venteløn etter førre punktum opphøyrer 3 år etter at lova her tek til å gjelde. Føresegna her gjer inga innskrenking i arbeidstakars rettar etter lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidarvern og arbeidsmiljø m.v. §§ 60 nr. 2 og 67.

§ 7 Overgangsreglar

Kongen kan gi overgangsreglar.

§ 8 Iverksetting

Lova her tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

§ 9 Endring av andre lover

Frå den tid lova tek til å gjelde, skal desse føresegnene i andre lover endrast slik:

1. Lov 15. juli 1949 nr. 1 om Norges Kommunalbank blir oppheva.

2. I lov 5. juni 1981 nr. 45 om representasjon av tilsatte i styrende organer i offentlige virksomheter blir § 8 nr. 5 oppheva.

3. I lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner skal § 2-2 andre ledd nytt nr. 8 lyde:

8. staten og Kommunal Landspensjonskasse (KLP) hver for seg eier mer enn 10 prosent av aksjekapitalen i Kommunalbanken AS.

Noverande nr. 8 og 9 bli nye nr. 9 og 10.

Oslo, i finanskomiteen, den 26. mai 1999.

Lars Gunnar Lie,leder. Dag Terje Andersen,ordfører. Siv Jensen,sekretær.