Innstilling frå næringskomiteen om lov om endringar i lov av 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske m.v.
Dette dokument
- Innst. O. nr. 66 (1997-1998)
- Kildedok: Ot.prp. nr. 58 (1997-98)
- Dato: 04.06.1998
- Utgiver: næringskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Fiskeridepartementet legg i proposisjonen fram framlegg om endringar i lov av 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske m.v. Endringane gjeld §§ 4 og 45 i lova.
I proposisjonen vert det gjort framlegg om at det i § 4 i lova vert oppretta heimel til ved forskrift å kunne pålegge fiskefartøy å ha satellittsporingsutstyr om bord, slik at posisjonen til fartøyet kan formidlast automatisk via satellitt i staden for manuelt. Vidare vert det gjort framlegg om at det i § 45 i lova vert gjeve heimel for å kunne opprette eit register for opplysningar som er innhenta ved satellittsporingsutstyr.
Det vert vidare gjort framlegg om at det i § 45 i lova vert oppretta heimel for at det skal kunne bestemmast at fiskefartøy skal ha observatør om bord, for å betre kontrollen med korleis fisket vert utøvd.
I tillegg vert det gjort framlegg om å opprette heimel i §§ 4 og 45 i lova for at det ved forskrift skal kunne fastsetjast at fartøya heilt eller delvis skal bære kostnadene ved kjøp, installasjon og bruk av satellittsporingsutstyr og ved gjennomføring av inspektør- og observatørordningar.
Formålet med framlegga er å syte for at norsk fiskeriforvaltning har tilfredsstillande kontroll med utøvinga av fisket på feltet. Det er difor ynskjeleg å utvida bruken av informasjonsteknologi i dette arbeidet. Internasjonalt er det aukande medvet om at det er naudsynt med kontroll for å kunne nå målet om eit optimalt utbytte av ressursane på lang sikt, samt for å redusere omfanget av ikkje ynskjeleg beskatning av bestandane. Land som Noreg har bilaterale avtaler med, er i ferd med å innføre ordningar som svarar til dei ordningar som det vert gjort framlegg om i proposisjonen.
1.2 Høyringsrunden
Fiskeridepartementet sende 23. februar 1998 ut høyringsbrev til ei rekkje institusjonar og organisasjonar, og det er kome ein god del merknader til lovframlegget.
Fleire av høyringsinstansane er opptekne av internasjonal samordning og koordinering når det gjeld regelverk, teknologi og bruk av inspektørar og observatørar. Personvernet vert også nemnt i samband med bruken av satellittovervaking. Auka tryggleik vert òg framheva i denne samanheng.
Noregs Fiskarlag meiner at kontrollordningane i fiskerinæringa er eit offentleg ansvar, og i likheit med kontrolltiltak elles i samfunnet må staten dekkje kontrollkostnadene som er knytta til eventuell satelittsporing og inspektør-/observatørordningar. Noregs Fiskarlag peikar i denne samanheng på at dei kontrollordningane som det er gjort framlegg om, vil bety ei effektivisering av kontrollregimet slik det er i dag.
1.3 Økonomiske og administrative konsekvensar
Innføring av ei ordning med satellittsporing av fartøy vil føre til ei effektivisering av kontrollen med fiskeflåten.
Satellittsporing av fiskefartøy vil føre til auka utgifter i samband med kjøp og installasjon av utstyr om bord i fartøy, trafikkutgifter og utgifter hjå myndigheitene ved etablering og drift av ordninga.
Når det gjeld kostnader i samband med plassering av observatørar om bord i fartøy som fiskar i NAFO-området, er fartøya pålagt å bera desse kostnadene. Kostnadene omfattar transport av observatørar til og frå fartøyet, kost og losji om bord, samt lønn. Kostnadene ved observatørordninga i NAFO-omådet vil verta i storleik kr 1.800 pr. fartøy pr. døgn.
Ved å utvida eksisterande kontrollaktivitet på sjøen med 3.000 observatørdøgn vil kostnadene, basert på erfaringane med kontroll i NAFO-området, være om lag 6,5 mill. kroner kvart år.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Einar Johansen, Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan og Anita Apelthun Sæle, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Odd Roger Enoksen, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til proposisjonen.
2.1 Ressursforvaltning
Komiteen meiner det er viktig at Norge som leiande fiskerinasjon held ein framskoten posisjon når det gjeld utvikling av forvaltningsregimer som tryggjer ressursgrunnlaget i havet.
Komiteen syner til at Norge har eit omfattande samarbeid med andre land når det gjeld å arbeida for tilfredsstillande kontroll og handheving av fiske både på det åpne hav og av fiske på feltet. Komiteen er merksam på at det i dag ikkje er tilfredsstillande kontroll med utøving av fisket, særleg når det gjeld utkast/neddreping av fisk. Komiteen syner til at utkast er ressursøding og i graverande tilfelle miljøkriminalitet som kan gje misvisande fangststatistikk som i sin tur svekkar grunnlaget for rådgjeving frå forskarhald og forsvarleg forvaltning.
2.2. Satellittsporing
Komiteen syner til at satellittsporing først og fremst vil vera eit godt hjelpemiddel til å målretta kontrollinnsatsen. Sporing vil også kunna gjera det mogeleg å etablera ordningar som kan betra trygleiken til sjøs både for mannskap og fartøy, særleg ved at høve til raskt å slå fast eit fartøy sin posisjon vert vesentleg betra. Komiteen sluttar seg til Fiskeridepartementet sitt framlegg om å oppretta heimel til ved forskrift å kunna påleggja fiskefartøy å ha satellittsporingsutstyr ombord, slik at fartøyet sin posisjon kan formidlast automatisk via satellitt i staden for manuelt.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, sluttar seg også til at det vert gjeve heimel for å kunna oppretta eit register for opplysningar som er henta inn ved satellittsporingsutstyr. Fleirtalet meiner bruken av dei data som sporingsutstyret hentar inn må regulerast av Datatilsynet i nært samarbeid med Fiskeridepartementet
Komiteens medlemmer fra Høyre går av prinsipielle grunner mot forslaget om opprettelse av et register for opplysninger som er innhentet ved satellittsporingsutstyr.
2.3 Observatørordninga
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, meiner ordninga med observatør ombord i fiskefartøy er ein god måte å styrkja kontrollregimet på som både Norge som fiskerinasjon og fiskerinæringa vil tena på.
Fleirtalet sluttar seg også til at det kan opprettast heimel for at det kan bestemmast at fiskefartøy skal ha observatør ombord for å betra kontrollen med utøving av fisket.
Fleirtalet sluttar seg til framlegget om at departementet kan gje forskrifter som heimlar finansiering av gjennomføring av ordninga med inspektør og observatør ombord på fartøyet.
Fleirtalet meiner finansieringa av ordninga må utformast slik at den sikrar god kontroll og hindrar overforbruk. Fleirtalet ber departementet leggje dette til grunn for arbeidet med forskriftane som regulerer kostnadsdelinga.
Komiteens medlemmer fra Høyre går mot forslaget om at det skal kunne bestemmes at fiskefartøy skal ha observatør ombord for å bedre kontrollen med utøvelsen av fisket. En videre utvikling av kontrollfunksjonen må etter disse medlemmers oppfatning først drøftes mellom myndigheter, kontrollverk og partene innen fiskerinæring samtidig som en innføring av inspektørordning må sees i en internasjonal sammenheng.
Komiteen viser til proposisjonen og til det som står framfor og rår Odelstinget til å gjera slikt
I.
I lov av 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske m.v. gjøres følgende endringar:
§ 4 første ledd bokstav s skal lyde:
s) | plikt til å ha og anvende bestemt utstyr for kontroll, rapportering og posisjonsbestemmelse. Departementet kan bestemme i hvilken utstrekning fartøy skal dekke kostnadene ved anskaffelse, installasjon og bruk av slikt utstyr. |
§ 45 skal lyde:
§ 45. Fiskeridirektoratets kompetanse
Fiskeridirektoratet skal føre kontroll med at bestemmelsene i loven her og i lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone § 3 , 4 og 7 bokstav b samt forskrifter gitt i medhold av disse lovene, blir overholdt.
Fiskeridirektoratet skal under sin kontrollvirksomhet gis uhindret adgang til fartøy, foredlingsanlegg, lagerbygning og havneområde. Ansvarshavende for fartøy og slike anlegg skal gi Fiskeridirektoratet nødvendig bistand og opplysninger, legge fram relevante gjenstander og dokumenter m.m, bekrefte kopier og tillate merknader om overtredelser i fangstdagboka, mottakjournal og liknende. Fartøy kan stanses for undersøkelse. Fiskeridirektoratet kan om nødvendig kreve hjelp av politiet for å få utført kontrollen.
Inspektører kan plasseres ombord for inspeksjonsoppdrag og observatører kan plasseres ombord for observasjon og registrering av fisket. Nødvendig kost og losji skal gis på fartøyets kostnad. Inspektør og observatør skal uten vederlag gis adgang til å nytte radio og annet kommunikasjonsutstyr.
Fiskeridirektoratet kan undersøke rederiregnskap og kan pålegge fryseribedrifter å gi opplysninger om fangst som mellomlagres i vedkommende bedrift. Reder og ansvarshavende ombord på fartøy som leverer fangst til utlandet eller til utenlandske skip og bedrifter eller selskap som leverer fangst eller produkter til utlandet, kan pålegges å gi de opplysninger som er nødvendige for utøvelse av kontroll etter første ledd.
Fiskeridirektoratet kan opprette et register for innsamling, lagring og bruk av opplysninger innhentet gjennom slikt utstyr som referert til i § 4 første ledd bokstav s. Departementet kan ved forskrift fastsette nærmere regler om registrering og bruk av opplysninger i registeret.
Departementet kan gi forskrift om kontroll som utøves etter paragrafen her, herunder fastsette bestemmelser om:
a. | observatørens myndighet og plikter, |
b. | hvilke fartøygrupper og hvor mange fartøy som skal ha inspektør eller observatør ombord, samt hvordan utvelgelsen av fartøy skal skje, |
c. | at fartøy helt eller delvis skal bære lønns- og transportkostnader m.v. ved gjennomføring av inspektør- og observatørordninger, |
d. | at kostnadene ved inspektør- og observatørordninger skal fordeles på alle deltakende fartøy i en nærmere definert fartøygruppe, og |
e. | at fartøy som ikke har betalt pålagte inspektør- eller observatørkostnader kan nektes å delta i fisket. |
II.
I lov av 13. juni 1997 nr. 42 om Kystvakten (kystvaktloven) gjøres følgende endring:
I § 38 nr. 1 oppheves endringene i lov av 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske m.v. § 45 annet ledd.
III.
Loven trer i kraft straks.
Oslo, i næringskomiteen, den 4. juni 1998. |
Odd Roger Enoksen, | Rita Tveiten, | Kjell Opseth, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |