Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Samandrag

       Regjeringa legg i proposisjonen fram forslag til endringar i lov av 3. juni 1977 nr. 50 om arbeidstiden på skip og lov av 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister. Forslaget er fremja for å gjennomføra endringar vedtekne under STCW-konferansen i juli 1995 av FNs maritime organisasjon, IMO.

       Endringane inneber innføring av obligatoriske krav til kviletid for vaktgåande personell på norske skip som eit ledd i arbeidet for auka tryggleik til sjøs ved reduksjon av talet på ulykker som skriv seg frå menneskeleg svikt på grunn av trøyttleik. Det er foreslått ein ny § 12, med krav til kviletid for tilsette som inngår i maskin- eller bruvakt.

       Forslaget til lovendringar vart sendt til høyring til 55 høyringsinstansar, der 23 var eksterne og dei resterande omfatta sjøfartsinspektørane, skispkontrollstasjonar og distriktssjefar. Det kom stort sett berre inn høyringssvar med forslag til mindre endringar, som til dels er følgde opp i lovteksten. I høyringssvara frå Rederienes Landsforening, Sjøoffisersforbundet og Maskinistforbundet vart det bede om opning for unntak frå kviletidskravet i § 12 for tilsette som inngår i bru- eller maskinvakt på skip med skiftordningar, då særleg innanriksferjer. Organisasjonane gjer framlegg om at Sjøfartsdirektoratet kan gi unntak i særskilde høve etter grunngitt søknad frå dei sjømanns- og reiarorganisasjonane saka vedkjem.

       Dei føreslegne lovendringane vil ikkje påføra norske myndigheiter utgifter eller ha nemnande administrative konsekvensar.