Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

8. Lovteknisk opprydding i lovreglar om fritids- og småbåtar

       Det er etter kvart blitt nokså mange lovreglar som spesielt rettar seg mot fritids- og småbåtar, eller som iallfall er viktige for slike båtar.

       Reglar om registrering og merking av småbåtar er gjevne i lov om registrering og merking av småfartøy og i lov om registrering av fritids- og småbåtar. Fartsreglar for fritids- og småbåtar finnest m.a. i sjøloven og havneloven. Lov om trygg bruk av fritidsfartøy gjev heimel for å påby flyteutstyr om bord på fritidsfartøy. I medhald av sertifiseringsloven er det m.a. fastsett føresegn om minstealder for førar av visse maskindrevne fartøy. Føresegner om konstruksjon og utrusting av fritidsbåtar er m.a. gjeve med heimel i sjødyktighetsloven og produktkontrolloven. Reglar om fritidsbåtavgift finnest i lov om avgifter vedrørande motorkjøretøy og båtar. Det finnest også ei rekkje andre reglar i m.a. straffeloven som har verknad for fritids- og småbåtar.

       I ein ny lov om fritids- og småbåtar er det etter Justisdepartementet si oppfatning nærliggjande å inkorporere iallfall dei reglane som i dag finnest i lov om registrering av fritids- og småbåtar og lov om trygg bruk av fritidsfartøy. Vidare kan det vere grunn til å ta med nokre reglar i sjødyktighetsloven som har stor praktisk verknad for fritids- og småbåtar. Det bør også takast med ein regel som gjev heimel for å gje føresegner om krav til minstealder og kvalifikasjonar til førarar av småbåtar, forutan dei foreslåtte promillereglane.

       Det dreier seg i denne omgang først og fremst om ei samling av ei lang rekkje ulike reglar, der det ikkje er meininga å gjere vesentlege materielle endringar. Ein tek derfor ikkje nå sikte på ei gjennomført innhaldsmessig samordning av reglane. Justisdepartementet foreslår likevel ei viss språkleg og lovteknisk samordning.