2. Bakgrunnen for lovforslaget
Spørsmålet om rus og bruk av fritidsbåtar har vore handsama i ulike samanhangar, m.a. i NOU 1978:32 Fritidsbåtflåten, i St.meld. nr. 83 (1980-1981) om fritidsbåtar og i St.meld. nr. 17 (1987-1988) om alkohol og folkehelse.
Straffelovrådet føreslår m.a. i NOU 1993:21 , Fast promillegrense på sjøen, at det vert innført ei promillegrense på 0,8 for førarar av alle båtar som kan oppnå ein fart på 10 knop eller meir, eller som er tyngre enn 1.000 kilo.
Utgreiinga har vore på høyring til ei rekkje instansar.