1. Hovudinnhaldet i proposisjonen
I proposisjonen føreslår Regjeringa m.a. ei fast promillegrense for førarar av visse småbåtar. Grensa vert føreslått sett til 0,5 promille, og skal gjelde for førarar av alle motorbåtar under 15 meter og seglbåtar mellom 4,5 og 15 meter. Det vert også føreslått innført ein generell dugleiksregel for førarar av småbåtar etter mønster av vegtrafikkloven § 21.
Det er etter kvart relativt mange lovreglar som spesielt rettar seg mot fritids- og småbåtar, og i proposisjonen vert det derfor føreslått ei lovteknisk opprydding i dette regelverket i ein ny lov om fritids- og småbåtar.