1. Sammendrag
Barne- og familiedepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov av 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer m.v. (merkeloven). Framlegget inneber at EUs forordning om frivillig miljømerking av produkt blir gjennomført i norsk rett i form av ei ny føresegn i merkeloven som gir forordninga lovs kraft.
Det apparatet forordninga gjer nødvendig, i form av eit ansvarleg organ, er i dag etablert i Stiftinga Miljømerking i Noreg. I hovudsak vil det difor berre vere tale om å lovfeste ei ordning som alt eksisterer.
Nærmare om ein del spørsmål
Gjennomføring av forordninga ved endringar i merkeloven
Departementet har funne det mest formålstenleg at forordninga blir inkorporert direkte i merkeloven i form av ei ny føresegn, § 6a. Dette inneber at forordninga blir gjord gjeldande som lov, med dei tilpassingar som følgjer av EØS-avtalen, utan at ein konkret forordningstekst blir teken inn i lovteksten. For å gjere henne lettare tilgjengeleg er forordninga, med dei tilpassingar som følgjer av EØS-avtalen, teken inn som vedlegg til proposisjonen.
For å klargjere tilhøvet mellom forordninga og dei andre føresegnene i merkeloven må det gjerast enkelte tilpassingar av loven. Det blir foreslått å dele loven inn i kapittel slik at forordninga blir gjennomført i eit eige kapittel. Vidare blir det gjort framlegg om å endre teksten i § 2 i loven om verkeområde, slik at det framgår at loven også omfattar varer som er meinte å skulle omsetjast i EØS-området, der føresegnene i loven eller forskrifter gitt med heimel i loven, tener til å oppfylle plikter etter EØS-avtalen.
Departementet valde å leggje oppgåvene som ansvarleg organ for det europeiske miljømerket til Stiftinga Miljømerking i Noreg fordi det her fanst den nødvendige kompetansen til å administrere ordninga på ein forsvarleg måte. I tillegg ville dette krevje mindre ressursar enn å byggje opp eit nytt organ. Departementet ser det som formålstenleg å halde fram med denne ordninga.
I framlegget til ny § 6a andre ledd er det teke inn ein forskriftsheimel som gir høve til å gi nærmare føresegner til gjennomføring av forordninga.
Forordninga har ikkje eigne sanksjonsføresegner. Det er likevel føresetnaden at den enkelte stat innfører same type sanksjonsføresegner som ved brot på tilsvarande nasjonale reglar. Brot på føresegna om marknadsføring i artikkel 16 vil bli behandla etter marknadsføringsloven, som blir handheva av Forbrukarombodet. Artikkel 13 om teieplikt i samband med behandlinga av søknader om tildeling av miljømerket er etter departementet si vurdering også ei føresegn der det er aktuelt med sanksjonar ved regelbrot. Ved at forordninga blir gjennomført ved ei føresegn i merkeloven, vil straffeføresegnene i merkeloven gjelde. Dette inneber at forsettleg eller uaktsomt regelbrot blir straffa med bøter, dersom ikkje andre og strengare straffebod kjem i bruk.
Tilhøvet til forvaltningsloven og offentlegheitsloven
Stiftinga Miljømerking i Noreg reknast som eit organ for staten etter forvaltningsloven § 1 og offentlegheitsloven § 1. Forvaltningsloven og offentlegheitsloven vil derfor gjelde for stiftinga si verksemd.
Etter departementet si vurdering er vedtak som tek stilling til om eit produkt skal merkjast med det europeiske miljømerket enkeltvedtak etter forvaltningsloven, jf. forvaltningsloven § 2 første ledd. Dette inneber at saksbehandlingsreglane for enkeltvedtak i forvaltningsloven kjem i bruk.
Etter artikkel 13 i forordninga har ansvarleg organ og andre involverte personar teieplikt for alle opplysningar dei får kjennskap til ved vurderinga av eit produkt med sikte på tildeling av merket. Dette går noko lenger enn det som følgjer av den tilsvarande føresegna i forvaltningsloven. Forordninga må likevel gjennomførast fullt ut etter si ordlyd. Gjennom det lovframlegget som her ligg føre, vil reglane i artikkel 13 vere spesialføresegner som går framom føresegnene om teieplikt i forvaltningsloven. Dei opplysningane som er nemnde i artikkel 13, vil dessutan vere unnatekne offentleg innsyn etter offentlegheitsloven § 5a.
Nærmare om klageretten
Det blir foreslått at departementet eller den departementet gir fullmakt, er klageinstans for vedtak som avgjer om eit produkt skal miljømerkjast. Det blir vidare gjort framlegg om at departementet får heimel til å fastsetje at klagene skal behandlast av ei særskild klagenemnd og gi nærmare reglar for korleis nemnda skal samansetjast, og for saksbehandling og kompetanse.
Departementet peiker på at det førebels ser ut til å vere tale om svært få klager. Trass i at det i Noreg har vore mogleg å søkje om tildeling av det europeiske miljømerket i fleire år, er det førebels ingen som har søkt. Departementet vil derfor vurdere det praktiske behovet for ei særskild klagenemnd når ordninga får ei faktisk utbreiing her i landet. Da vil ein ha eit betre grunnlag for å vurdere korleis klageordninga mest formålstenleg kan innrettast. Inntil vidare lyt departementet derfor vere klageinstans.
Tilhøvet til marknadsføringsloven
Artikkel 16 i forordninga regulerer bruken av merket i samband med marknadsføring.
Departementet meiner føresegnene i marknadsføringsloven i tilstrekkeleg grad sikrar at artikkel 16 blir etterlevd.