Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

7. Endringer i reglene om skattlegging av kraftselskap - Overgangsregelen til skatteloven § 37 bokstav a tredje og fjerde ledd

7.1 Sammendrag

Fastsettelse av brutto salgsinntekter etter overgangsregelen nr. 1 bokstavene b og c og nr. 2 bokstav c

       Dei vedtekne overgangsreglane til skattelova § 37 bokstaven a tredje og fjerde leddet gjeld etter sin ordlyd alle kraftverk, også dei som har vore rekneskapslikna før 1. januar 1997. For inntektsåra 1997 og 1998 er overgangsordninga delvis grunna på sjablonmessig fastsette brutto salsinntekter, jf. overgangsregelen nr. 1 bokstavane b og c og nr. 2 bokstaven c.

       Intensjonen i overgangsregelen var å bruke den mengda produsert kraft som allereie har blitt fastsett ved likninga. Ved likninga har ein nytta ei inndeling i fast og tilfeldig kraft (total produksjon), medan ein i overgangsregelen har nytta omgrepet midlare produksjon. Det kan vere uklårt om midlare produksjon er fullt ut i samsvar med dei omgrepa (fast og tilfeldig kraft) som har vore nytta ved likninga, jf. Riksskattestyret sitt rundskriv. Etter departementet si vurdering bør ein som grunnlag for fastsetjinga av den sjablonmessige inntekta nytta den totale produksjonen, slik den er fastsett ved likninga for inntektsåra 1995 og 1996.

       Då produksjon av fastkraft og tilfeldig kraft er avgjerande for kva slags pris som blir sett på krafta for likningsføremål, meiner departementet at det og bør takast omsyn til denne sondringa i overgangsregelen ved at produksjonen av tilfeldig og fast kraft vert verdsett kvar for seg.

       For fast kraft kan ein ta utgangspunkt i den såkalla « normprisen » som er fastsett av Finansdepartementet til bruk ved likninga, likevel slik at det blir teke omsyn til prisane på kraft som er omfatta av reglane i skattelova § 19 A-4 nr. 2 bokstavane a-c.

       For tilfeldig kraft er det ikkje utarbeidd nokon « normpris » til bruk ved likninga slik det er for fast kraft. Tilfeldig kraft vert verdsett etter eit konkret skjøn, og departementet gjer framlegg om at ein for tilfeldig kraft nyttar den prisen som er lagt til grunn ved likninga for det aktuelle inntektsåret.

       Departementet gjer såleis framlegg om at ein i overgangsregelen nr. 1 bokstavane b og c og nr. 2 bokstaven c knyttar fastsetjinga av kraftanlegget si inntekt til kraftverket sin produksjon av fast og tilfeldig kraft slik dette er lagt til grunn ved likninga for inntektsåra 1995 og 1996.

Verdsettelse av kraft som er omfattet av skatteloven § 19 A-4 nr. 2 første ledd bokstavene a-c

       Stortinget har vedteke at konsesjonskraft, einskilde langsiktige kontraktar, samt interne leveransar ikkje skal verdsetjast til prisen på spotmarknaden ved formuesverdsettinga, jf. skattelova § 19 A-4 nr. 2 første leddet bokstavane a-c. Dette går derimot ikkje fram av overgangsregelen for fastsetjing av dei normerte brutto salsinntektene for inntektsåra 1995 og 1996.

       Under handsaminga i Stortinget blei det i tillegg vedteke at einskilde langsiktige kontraktar og leieavtalar skal verdsetjast til oppnådde prisar også med verknad for eigedomsskatten. Ut i frå dette er det etter departementet si vurdering truleg at Stortinget meinte at dette prinsippet også skulle gjelde for overgangsregelen.

       Departementet gjer derfor framlegg om å utfylle overgangsregelen for prosentlikna kraftverk slik at konsesjonskraft, einskilde langsiktige kontraktar og leieavtaler verdsett til oppnådde prisar også for inntektsåra 1995 og 1996 medan interne leveransar vert verdsett til prisen på Statkrafts 1976-kontrakter. Det er her naudsynt å nytte ein sjablonmessig metode.

       Departementet foreslår at kraftverket sin produksjon av fast kraft fordelt på sommar- og vinterkraft, slik denne er fastsett ved likninga for 1995 og 1996, dannar utgangspunktet for utrekninga. Det blir foreslått at det blir gjeve frådrag i denne produksjonen for konsesjonskraft, kontraktar og leieavtaler som er inngått før 1. januar 1996 med ein kontraktsperiode på 7 år eller meir og eventuelle aktuelle interne leveransar, jf. skatteloven § 19 A-4 nr. 2 første leddet bokstavane a, b og c.

       Konsesjonskrafta er normalt knytta til eit einskild kraftverk. Ein må derimot ha ein regel for korleis kraft skal tilordnast kvart einskild kraftverk for langsiktige kontraktar, leieavtaler og interne leveransar, samt for dei tilfelle der konsesjonsvilkåra ikkje har fastlagd korleis konsesjonskrafta skal tilordnast dei einskilde kraftverka. Ein må også fordele frådraget i produksjonen av fast kraft på sommar- og vinterkraft og ta omsyn til verknaden på frådraget i salbar effekt.

       Departementet gjer framlegg om at ein nyttar dei same prinsippa for tilordning av konsesjonskraft, langsiktige kontraktar og leieavtaler samt aktuelle interne leveransar til kraftverk i overgangsregelen som gjeld etter reglane i skattelova § 19 A-4 nr. 2. Disse prinsippa vil bli fastsett av departementet i forskrift om skatt på grunnrenteinntekt til staten.

       Departementet gjer framlegg om at ein fordeler frådraget i produksjonen av fast kraft for produksjon av konsesjonskraft, langsiktige kontraktar og leieavtaler samt eventuelle interne leveransar på sommar- og vinterkraft slik det er gjort ved likninga for det aktuelle inntektsåret. Det blir tilsvarande gjort framlegg om at ein nyttar den brukstida som er fastsett ved likninga for det aktuelle inntektsåret ved utrekninga av frådraget i salbar effekt.

       For langsiktige kontraktar og leieavtalar samt interne leveransar som vil vere omfatta av skattelova § 19 A-4 første leddet bokstavane b og c der det ikkje har vore teke omsyn til dei faktiske prisane ved prosentlikninga, vil det ikkje vere foreteke ei fordeling på sommar- og vinterkraft eller fastsett ei årleg brukstid ved likninga. For desse tilfella vert det foreslått å fordele frådraget med 5/12 på sommar- og 7/12 på vinterkraft, og at ein nyttar ei brukstid på 8.000 timar i året for utrekninga av frådraget i salbar effekt.

       Departementet gjer framlegg om at den konsesjonskrafta som blir tilordna kraftverket vert verdsett til faktisk oppnådde prisar.

       For langsiktige kontraktar som er inngått før 1. januar 1996 med ein kontraktsperiode på 7 år eller meir, gjer departementet framlegg om at dei blir verdsett til gjennomsnittsprisen på alle dei kontraktane som skattytar kan verdsetje til faktisk kontraktspris. Ein skal nytta eit veid gjennomsnitt, der ein tek omsyn til det samla kraftvolumet i dei einskilde kontraktane.

       For leieavtaler blir dei oppnådde leieinntektene (kontraktsprisen) nytta.

       For interne leveransar gjer departementet framlegg om at ein nyttar prisen på Statkraft sine 1976-kontraktar.

       Det blir vist til framlegg i Ot.prp.nr.35 (1997-1998) til overgangsregel ny nr. 7.

       Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde frå og med inntektsåret 1997.

Fastsettelse av brutto salgsinntekter etter overgangsregelen til skatteloven § 37 bokstav a tredje og fjerde ledd for inntektsårene 1997 og 1998 for kraftverk som har vært regnskapsliknet før 1. januar 1997

       Departementet gjorde i Ot.prp. nr. 23 (1995-1996) s. 102 særskilt framlegg om korleis ein for kraftverk som hadde vore rekneskapslikna før 1. januar 1997, skulle fastsetje brutto salsinntekter for inntektsåra 1997 og 1998.

       Brutto salsinntekter for 1997 skulle bli fastsette etter skattelova § 19 A-4 nr. 2, jf. overgangsregelen nr. 1 bokstaven a. For 1998 skulle brutto salsinntekter bli fastsette til gjennomsnittet av brutto salsinntekter for 1997 og 1998, jf. overgangsregelen nr. 2 bokstavane a og b. Dette er metoden som skal nyttast for å fastsetje brutto salsinntekter for nye kraftverk, det vil seie som vert bygd etter 1. januar 1997, jf. skattelova § 37 bokstav a fjerde leddet andre punktumet. Denne ordninga har likevel ikkje kome til uttrykk i den vedtekne overgangsregelen.

       Grunnen til dette framlegget er at kraftverk som har vore rekneskapslikna før 1. januar 1997 blei skattlagt på grunnlag av sine faktiske inntekter. For rekneskapslikna kraftverk er dermed fast og tilfeldig kraft og salbar effekt ikkje nytta for likningsformål tidlegare. Etter departementet si vurdering er det derfor ikkje grunnlag for å la reglane om utrekna inntekt gjelde også for kraftverk som har vore rekneskapslikna tidlegare.

       Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at overgangsregelen til skatteloven § 37 bokstaven a tredje og fjerde leddet ikkje skal gjelde for kraftverk som har vore rekneskapslikna før 1. januar 1997. Framlegget er i samsvar med omtalen på s. 102 i Ot.prp. nr. 23 (1995-1996) , og gjer at same metoden som for nye kraftverk vert nytta i staden.

       Ein viser til første leddet i utkastet i Ot.prp.nr.35 (1997-1998) og den nye innleiinga.

Oppretting av overgangsregelen til skatteloven § 37 bokstav a tredje og fjerde ledd nr. 1 bokstav c og nr. 2 bokstav c

       For 1997 bestemmer overgangsregelen nr. 1 bokstav b at den utrekna inntekta for 1996 skal fastsetjast slik:

       « verkets midlere produksjon, fordelt på sommer- og vinterkraft og salgbar effekt nyttet ved formues- og inntektsligningen, multiplisert med Finansdepartementets prisanbefaling for lønnsomhetsberegning av kraftverk for formues- og inntektsskatt i inntektsåret 1996, oppjustert med konsumprisindeksen til 1997, »

       I overgangsregelen nr. 1 bokstav c og nr. 2 bokstav c manglar formuleringa « og salgbar effekt nyttet ved formues- og inntektsligningen ». Det kan sjå ut som om denne er falt ut under handsaminga i Stortinget.

       Departementet viser til at den vedtekne regelen med eitt års forskyving bygde på eit femårig rullerande gjennomsnitt av brutto salsinntekter, jf. Ot.prp. nr. 23 (1995-1996) s. 102 og utkastet til overgangsregel til § 19 A-2 nr. 3. I utkastet var effektleddet teke med både i nr. 1 bokstavane b og c og nr. 2 bokstaven b, jf. Ot.prp. nr. 23 (1995-1996) s. 203. Utelatinga av effektleddet i nr. 1 bokstaven c og nr. 2 bokstaven c er ikkje kommentert i forarbeida, jf. Innst.O.nr.62 (1995-1996) s. 60-62.

       Departementet legg til grunn at det ikkje har vore Stortinget si meining å endre utkastet til lovtekst på dette punktet. Departementet gjer derfor framlegg om at dette blir retta i lovteksten slik at formuleringa « og salgbar effekt nyttet ved formues- og inntektligningen » blir teke inn i overgangsregelen til skattelova § 37 bokstav a tredje og fjerde ledd nr. 1 bokstav c og nr. 2 bokstav c.

Oppretting av overgangsregelen til skatteloven § 37 bokstav a tredje og fjerde ledd nr. 1 bokstavene b og c og nr. 2 bokstav c

       I overgangsregelen nr. 1 bokstavane b og c og nr. 2 bokstaven c er det bestemt at den sjablonmessig fastsette verdien av produksjonen skal oppjusterast med den årlege endringa i konsumprisindeksen til og med inntektsåret. Dette er også regulert i overgangsregelen nr. 6. Departementet legg til grunn at det er tilstrekkeleg at bestemmelsen om omrekning til kroneverdien i inntektsåret med konsumprisindeksen berre står i overgangsregelen nr. 6.

       Departementet gjer no framlegg om at dette blir retta i lovteksten ved at henvisinga til konsumprisindeksen i overgangsregelen nr. 1 bokstavane b og c og nr. 2 bokstaven c blir tekne ut.

       Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde frå og med inntektsåret 1997.

7.2 Komiteens merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Høyre, slutter seg til forslagene til endringer i overgangsregelen til skatteloven § 37 bokstav a tredje og fjerde ledd.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre merker seg at de foreslåtte endringer i kraftverksbeskatningen innebærer forenklinger som ikke antas å ha skatteskjerpende effekt.

       Disse medlemmer ber Regjeringen foreta en evaluering av reglene for formuesskatteligningen av prosentlignede kraftselskaper når data for inntektsåret 1998 foreligger med sikte på kontroll av om de sjablonmessige formuesskatteberegninger står i et rimelig forhold til de faktiske inntekter kraftverkene har oppnådd. Disse medlemmer vil be om at dette fremlegges for Stortinget i en egnet form.