Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

5. Merverdiavgift - foreldelse av forsinkelsesrenter etter krav om tvangsfullbyrdelse

5.1 Sammendrag

       Departementet finn det uheldig og lite føremålstenleg at det i dag er ulike reglar for renter påløypt etter tvangsforretninga for krav på meirverdiavgift og krav på skatt. Etter departementet si meining tilseier ikkje reelle hensyn ein slik forskjell.

       Etter departementet sitt syn er det et klart behov for ei lovføresegn som harmoniserer avgifts- og skattelovgjevinga på dette punkt.

       Det blir i dag avholde utleggsforretninger som berre har til hensikt å verke fristavbrytande i høve til forelding. Denne oppfølginga av rentekrav fører med seg eit ikkje naudsynt meirarbeid for skattefuten, både i høve til å rekne ut renter etter utlegg, og arbeid med nye tvangsforretninger for å avbryte forelding. Dagens reglar påfører òg skyldnaren ekstra kostnader knytta til utleggsforretningene.

       Departementet meiner at hensynet til dei øvrige kreditorane heller ikkje tilseier at det skal vere noko skilnad mellom krav på meirverdiavgift og krav på skatt. Når det er avholdt utleggsforretning, vil kreditorane òg vere klar over at rente av avgiftskravet som forfall seinare ikkje blir forelda før 10-års fristen er løpt ut.

       På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om ei ny føresegn i meirverdiavgiftslova § 59a som tek omsyn til forseinkingsrenter som påløyper etter tvangsfullbyrding er krevd, slik at desse ikkje blir forelda før hovedstolen er forelda. Ut frå samanhengen med § 59 må ein med « renter » i § 59a òg forstå forseinkingsrenter som påløyper etter § 37 fjerde ledd.

       Etter departementet sitt syn er det viktig at føresegna kjem no for å kunne møte det praktiske behov innfordringsinstansane har. Departementet meiner det vil vere uheldig å avvente ein meir inngåande revisjon av meirverdiavgiftslova og andre avgiftslover.

       Ved at føresegnene i kap. XV gjeld tilsvarande så langt dei passar for investeringsavgift, jf. lov av 19. juni 1969 nr. 67 § 7 siste ledd, vil føresegna òg gjelde for investeringsavgift.

       Det er fleire ulike løysningar av overgangsspørsmålet for den foreslåtte endringa. Alternativa er i første rekke å la den nye føresegna få verknad for renter som påløyper etter ikrafttredinga. Dernest kan den nye føresegna òg få verknad for renter som har påløypt før ikrafttredinga gitt at dei ikkje er forelda ved ikrafttredinga. Den siste løysninga er i samsvar med den overgangsløysinga som ble valt ved endringane i lov om forelding § 21 og § 22 i 1993, og den som etter departementet si meining vil gi den rimelegaste regelen. I departementet sitt framlegg er derfor denne løysninga valt.

       Departementet gjer framlegg om at den nye føresegnen tek til å gjelde straks. Ein viser til utkastet i Ot.prp.nr.35 (1997-1998) til ny meirverdiavgiftslov § 59a.

5.2 Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til forslaget til ny § 59a i merverdiavgiftsloven.