2. Endringer i likningsloven og merverdiavgiftsloven
2.1 Endringer i likningsloven og merverdiavgiftsloven som følge av omorganisering av Postverket
2.1.1 Endringer i likningsloven
2.1.1.1 Sammendrag
Etter likningslova § 6-13 nr. 1 har « offentlige myndigheter, innretninger m.v. og tjenestemenn » opplysningsplikt til likningsstyresmaktene om andre skattytere. Det er i likningslova § 6-13 nr. 2 bokstav d ei særleg lovføresegn om Postverket si opplysningsplikt om postinkassasjon, pengesending ved posttilvising og pengesending ved verdibrev. Postverket blei omdanna til eit eige selskap ved lov av 22. november 1996 nr. 65, og er såleis ikkje lenger eit offentleg organ i likningslova § 6-13 sin forstand. Departementet visar mellom anna til at Statens postselskap rettsleg og økonomisk er skilt ut frå staten. På denne bakgrunn er likningslova § 6-13 nr. 2 bokstav d om Postverket etter departementet sitt syn overflødig, og departementet gjer framlegg om at føresegna blir oppheva.
Det følgjer av likningslova § 6-13 nr. 2 bokstav d at postvesenet etter krav frå likningsstyresmaktene pliktar å gi informasjon om postinkassasjon (som i dag er erstatta av betaling med innbetalingsblankettar) og om pengesending ved posttilvising. Postbanken BA er i dag rett organ for informasjon om betaling med innbetalingsblankett og om pengesending ved posttilvising. Postbanken BA har som alle andre bankar opplysningsplikt etter likningslova § 6-4 nr. 2. Departementet meiner at opplysning om betaling med innbetalingsblankettar og pengesending ved posttilvising er omfatta av plikta etter denne lovføresegna. Departementet legg såleis til grunn at Postbanken BA etter gjeldande rett har opplysningsplikt med omsyn til betaling med innbetalingsblankettar og pengesending med posttilvising, og at oppheving av § 6-13 nr. 2 bokstav d såleis ikkje får konsekvensar på dette punkt.
Det følgjer vidare av likningslova § 6-13 nr. 2 bokstav d at postvesenet etter krav frå likningsstyresmaktene skal gi opplysningar om pengesending ved verdibrev. Framleis er det grunn til å ha ein slik regel i lova. Men pengesending ved verdibrev skjer i dag gjennom Statens postselskap, og likningsstyresmaktene kan derfor som nemnt ovanfor ikkje lenger nytte § 6-13 nr. 2 bokstav d som heimel for opplysningar om pengesending ved verdibrev. Etter departementet sitt syn kan heller ikkje likningslova § 4-10 nyttast som heimel for eit slikt krav om opplysningar om tredjemenn.
Etter departementet si oppfatning kan derimot likningslova § 6-15 om kontrollundersøking i utgangspunktet nyttast når likningsstyresmaktene ønskjer opplysningar om pengesending ved verdibrev. Det er likevel uheldig om likningsstyresmaktene må basere seg berre på § 6-15 i denne samanhengen.
På denne bakgrunn meiner departementet at likningsstyresmaktene bør få ein ny og klar heimel for sine krav om opplysningar frå Statens postselskap og andre postoperatørar om pengesending ved verdibrev. Departementet gjer derfor framlegg om ein særleg heimel for dette i likningslova § 6-4 nr. 2 nytt siste punktum. Statens postselskap og andre postoperatørar vil då ha plikt etter likningslova § 6-1 til å innrette si rekneskapsføring slik at forholdet kan kontrollerast.
På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om at likningslova § 6-13 nr. 2 bokstav d blir oppheva. Departementet gjer vidare framlegg om at opplysningsplikt til likningsstyresmaktene for Statens postselskap og andre postoperatørar om pengesending ved verdibrev får ein særleg heimel i likningslova § 6-4 nr. 2 nytt siste punktum. Departementet gjer framlegg om at lovendringa trer i kraft straks, med verknad frå og med inntektsåret 1998. Departementet viser til utkast i Ot.prp.nr.35 (1997-1998) til endring i likningslova § 6-4.
2.1.1.2 Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til forslaget til endringer i likningsloven.
2.1.2 Endringer i merverdiavgiftsloven
2.1.2.1 Sammendrag
Etter meirverdiavgiftslova § 50 annet ledd har « offentlige myndigheter, innretninger m.v. og tjenestemenn » opplysningsplikt til avgiftsstyresmaktene. Likeins likningslova § 6-13, er det i meirverdiavgiftslova § 50 tredje ledd bokstav d ei særleg lovføresegn om postverket si opplysningsplikt om postinkassasjon, pengesending ved posttilvising og pengesending ved verdibrev. Av same omsyn som omtala i Ot.prp.nr.35 (1997-1998) pkt. 2.1.2, meiner departementet at Statens postselskap etter omdanninga heller ikkje er omfatta av meirverdiavgiftslova § 50 tredje ledd bokstav d. På denne bakgrunn er også meirverdiavgiftslova § 50 tredje ledd bokstav d etter departementet sitt syn overflødig, og ein gjer framlegg om at lovføresegna blir oppheva.
Det følgjer av meirverdiavgiftslova § 50 tredje ledd bokstav d at Postverket etter krav frå avgiftsstyresmaktene pliktar å gi informasjon om postinkassasjon (som i dag er erstatta av betaling med innbetalingsblankettar) og om pengesending ved posttilvising. Postbanken BA er rett organ for informasjon om betaling med innbetalingsblankett og om pengesending ved posttilvising. Postbanken BA har som alle andre bankar opplysningsplikt til avgiftsstyresmaktene etter meirverdiavgiftslova § 48. Departementet meiner at opplysningsplikt om betaling med innbetalingsblankettar og pengesending ved posttilvising er omfatta av plikta etter denne lovføresegna. Departementet legg såleis til grunn at Postbanken BA etter gjeldande rett har opplysningsplikt for betaling med innbetalingsblankettar og pengesending med posttilvising, og at opphevinga av § 50 tredje ledd bokstav d ikkje får konsekvensar på dette punkt.
Det følgjer vidare av meirverdiavgiftslova § 50 tredje ledd bokstav d at Postverket etter krav frå avgiftsstyresmaktene skal gi opplysningar om pengesending ved verdibrev. Pengesending ved verdibrev skjer som nemnt gjennom Statens postselskap, og avgiftsstyresmaktene kan derfor etter omdanninga ikkje lenger nytte meirverdiavgiftslova § 50 tredje ledd bokstav d som heimel for opplysningar om pengesending ved verdibrev. Sjølv om Postverket er omdanna, vil behovet for myndigheitene til å hente inn opplysningar om pengesending ved verdibrev vere det same. Departementet ønskjer derfor å vidareføre lovføresegna om høve til å gjere dette. Etter departementet si oppfatning vil det vere i samsvar med meirverdiavgiftslova sitt system at ein har ein eigen heimel med dette innhald. Departementet legg i denne samanheng vekt på at Statens postselskap sit inne med opplysningar om ei stor mengde personar, selskap og innretningar.
Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at ein særleg heimel for avgiftsstyresmaktene sine krav om opplysningar frå Statens postselskap og andre postoperatørar om pengesending ved verdibrev blir teke inn i meirverdiavgiftslova § 48 første ledd nytt siste punktum. På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om at meirverdiavgiftslova § 50 tredje ledd bokstav d blir oppheva. Departementet gjer framlegg om at lovendringa trer i kraft straks. Ein viser til utkast i Ot.prp.nr.35 (1997-1998) til endring i meirverdiavgiftslova § 48.
2.1.2.2 Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til forslagene til endringer i merverdiavgiftsloven § 48 og § 50 tredje ledd.
2.2 Endring i merverdiavgiftsloven § 35
2.2.1 Sammendrag
Meirverdiavgiftslova § 35 første ledd bokstav a nyttar omgrepet « postgiro ». Som ei følgje av samordninga mellom Postbanken BA og forretnings- og sparebankane, blir det no nytta ein felles giroblankett merka « giro ». Overfor kunden blir det ikkje skilt mellom postgiro og bankgiro. Det er ut frå dette ikkje lenger hensiktsmessig å skilje mellom betaling over post- og bankgiro i lovverket.
Innbetaling over giro til Postbanken BA vil etter dette vere omfatta av meirverdiavgiftslova § 35 første ledd bokstav c, og føresegna i bokstav a vil vere overflødig.
På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om at meirverdiavgiftslova § 35 første ledd bokstav a blir oppheva, slik at noverande bokstav b og c blir nye bokstavar a og b. Departementet gjer framlegg om at lovendringa trer i kraft straks. Ein viser til utkast til endring i meirverdiavgiftslova § 35.
2.2.2 Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til forslaget til endring i merverdiavgiftsloven § 35 første ledd.