1. Samandrag
1.1 Bakgrunn
Fiskeridepartementet la fram spørsmålet om framtidig organisering av ytre fiskerietatar - Fiskeridirektoratets Kontrollverk (KV) og Rettleiingstenesta i fiskerinæringa (RIF) - i St.prp. nr. 1 (1996-1997). Organisasjonsspørsmålet vart lagt fram i Ot.prp.nr.33 (1996-1997) etter ønske frå Stortinget om å handsame saka som eiga sak, jf. B.innst.S.nr.8 (1996-1997). Proposisjonen vart imidlertid ikkje handsama av Stortinget i vårsesjonen og vert difor fremma for det nye Stortinget (Ot.prp.nr.2 (1997-1998)). Det vert i denne samanhengen vist til vedlagde brev fra Fiskeridepartementet, datert 13. mai, 10. oktober og 7. november 1997. Årsaka til at saka blir lagt fram i form av ein proposisjon er at Rettleiingstenesta i fiskerinæringa er regulert i ei eiga lov.
Det er fleire grunnar til at det er gjort ei vurdering av organiseringa av ytre fiskerietatar. Den viktigaste har vore å vurdere den ytre fiskeriadministrasjonen i forhold til endringar i ansvar og rammevilkår for fiskeri- og havbruksnæringa. Organiseringa må òg sjåast i forhold til utviklinga av fiskeri- og havbruksnæringa og endringar i oppgåver som følgje av det.
1.2 Hovudinnhaldet i proposisjonen
I proposisjonen blir det gjort framlegg om å oppheve lov av 11. juni 1982 nr. 42 om rettleiingstenesta i fiskerinæringa.
I proposisjonen går departementet inn for å slå saman dei noverande to ytre etatar i fiskeriforvaltinga, Fiskeridirektoratets Kontrollverk og Rettleiingstenesta i fiskerinæringa, til ein etat, både regionalt og lokalt. Det er òg gjort framlegg om å avvikle ordninga med fiskeristyre og fiskerinemnd.
Vurderinga til departementet er at det ikkje er naturleg å la eit felles ytre forvaltingssystem under Fiskeridirektoratet vere regulert i ei eiga lov. Ansvar og oppgåver for Rettleiingstenesta i fiskerinæringa har òg endra seg sidan lova blei etablert, og etaten er i dag blitt ein integrert del av den samla fiskeri- og havbruksadministrasjonen.
1.3 Om høyringsnotat om framtidig organisering av ytre fiskerietatar
I vurderinga av den framtidige organiseringa av ytre fiskerietatar er Høringsnotat om framtidig organisering av ytre fiskerietater utgangspunktet.
Det som kjenneteiknar fiskeriforvaltinga er ei klar statleg forankring og ei sterk samla styring av næringa. Organiseringa av fiskeriforvaltinga har bakgrunn i at dei ressursane som blir forvalta, er nasjonale ressursar. Staten har ansvaret for at ressursane blir utnytta i samsvar med fastsette samfunnspolitiske mål. Fiskeressursane er heller ikkje bundne til ein stad, men er å finne på ulike stader til ulike tider.
Av offentlege oppgåver kan det skiljast mellom:
1. | forvaltnings- og kontrolloppgåver, |
2. | nærings- og utviklingsoppgåver og |
3. | offentleg tenesteyting. |
Etter at den organisasjonsstruktur Rettleiingstenesta og Kontrollverket har i dag, blei etablert kring 1980, har det skjedd vesentlege endringar i ansvaret og rammeføresetnadene for fiskeri- og havbruksnæringa.
- | For det første set både strategien om berekraftig utvikling og auka verdiskaping nye krav til å sjå fiskeriforvaltinga i ein større heilskap. |
- | For det andre er det kome til ei rekkje nye problemstillingar som det blir forventa fiskeriforvaltinga skal handsame og løyse. |
- | For det tredje har ulike handelsavtalar lagt nye premissar for næringsverksemda. Dette har mellom anna ført til at dei fordelingspolitiske verkemidla i form av produksjonavhengig støtte har fått mindre å seie. Innafor kvalitetskontrollen erstattar eigenkontrollsystem ein del av den tradisjonelle produktkontrollen (jf. EØS-avtalen). |
- | For det fjerde har fiskeriforvaltinga sitt ansvarsområde blitt meir omfattande som følgje av framveksten av havbruksnæringa. |
- | For det femte har auka lønnsemd i næringa hatt som følgje at det offentlege si rolle i større grad enn tidlegare er blitt konsentrert om å leggje til rette rammevilkåra for næringsverksemda og å kontrollere at desse blir følgde, og dessutan FoU-arbeid. Auka lønnsemd gjer det også naturleg, og skaper betre grunnlag for, at næringa sjølv tek eit større ansvar for eiga utvikling. |
Følgjande oppgåver blir framleis sentrale for den ytre fiskeriforvaltinga:
- | Reguleringsoppgåver (med særleg vekt på ressurskontroll og overvakingsoppgåver) |
- | Konsesjonssaker |
- | Delta i planprosessar, til dømes kystsoneplanlegging, der ulike interesser i kystsona blir vege opp mot kvarandre |
- | Samfunnsutbygging og tilrettelegging for ny næringsverksemd |
- | Oppgåver knytt til det offentlege sitt garantiansvar for kvalitet (mellom anna eigenkontroll og overvaking av det marine miljøet) |
- | Kontroll med helse, miljø, tryggleik og sjukdom, samt førebyggjande miljøtiltak. |
Følgjande oppgåver vil i framtida ha ein mindre sentral plass:
- | Finansieringssaker |
- | Produktkontroll (jf. innføring av eigenkontroll) |
- | Rettleiingsoppgåver (i tydinga rettleiing i driftsspørsmål) |
Av nye oppgåver som vil krevje meir merksemd peiker departementet særleg på:
- | Tang/tareforvalting |
- | Biodiversitet, biologisk mangfald, marine verneområde |
- | Utsetting/hausting (kulturbetinga fiske) |
- | Kystsel |
I følgje høyringsnotatet trekkjer dei fleste omsyna i retning av å organisere den ytre fiskeriadministrasjonen i ein etat, både regionalt og lokalt. Dei viktigaste grunnane til dette er at det trengst ein meir fleksibel utnytting av personalressursane, og for etablering av administrative fellesfunksjonar. Meir fleksibel ressursbruk er særleg grunngjeven med at dei samla kontrolloppgåvene har auka, men også med at nye problemstillingar i kystsona krev breiare kompetanse i løysing av oppgåver, til dømes innafor helse, miljø og sjukdom. Ein etat vil òg skape betre grunnlag for å innta ei meir samla styring av verksemdsområdet og utvida perspektiv på næringspolitikken.
Det blir i høyringsnotatet foreslått at ordninga med statlege fiskeristyre og fiskerinemnder blir avvikla. Det er då lagt avgjerande vekt på Stortinget sitt generelle prinsipp for gjennomgangen av den statlege nemndsstrukturen. Prinsippet går ut på at lokalt politisk skjøn og avgjerder skal utøvast av lokale folkevalde organ som kommunestyre og fylkesting.
Erfaringane frå frikommuneforsøka, både på fylkes- og kommunenivå, tyder på at modellen med avvikling av fiskeristyret og fiskerinemnda skaper betre høve for nærare samarbeidsrelasjonar mellom fiskerietaten og fylkeskommunar og kommunar.
I høyringsnotatet blir det ikkje sett på som formålstenleg å gå inn på ei integrering av den regionale fiskerietaten med fylkeskommunar og kommunar.
Ei nærare tilknyting mellom den regionale fiskerietaten og fylkesmannen blir heller ikkje sett på som ei god organisatorisk løysing.
På grunn av nære samarbeidsrelasjonar mellom den regionale fiskeriforvaltinga og fylkesmann og fylkeskommune blir det gjort framlegg om å dele regionnivået inn i ein storleik på regionar som i hovudsak følgjer fylkesgrensene og som samsvarer med fiskerisjefsdistrikta. Lokalt framstår det som mest nærliggjande å ha ei ordning som dekkjer ein eller fleire kommunar, og det blir teke til orde for ei viss samordning av lokalnivået for å skape større fagmiljø og redusere talet på einmannskontor.
I framlegget til ny organisasjonsmodell blir det lagt til grunn at personalressursane i ytre fiskeriadministrasjon blir vidareført på om lag noverande nivå. Rasjonaliseringsgevinstar vil i første rekkje vere knytta til meir rasjonelle administrative fellesløysingar, meir fleksibel utnytting av personale og meir samordna styring av saksområde.
Høyringsnotatet går ikkje nærare inn på den interne organisasjonsstrukturen i Fiskeridirektoratet, men det blir gjeve utrykk for at ein treng å vurdere dette.
1.4 Merknader til høyringsnotatet
Høyringsrunden viser at dei sentrale næringsorganisasjonane har motførestellingar mot framlegga i høyringsnotatet. Dette gjeld særleg framlegget om å slå saman RIF og KV og om å leggje ned fiskeristyre og fiskerinemnder. Motstanden mot å slå saman etatane blir grunngitt med at ein slik modell vil kunne føre til ei svekking av rettleiingsfunksjonen og ei uheldig blanding av rettleiings- og kontrollrolla. Organisasjonane meiner elles at organiseringa i dag er tenleg. Grunngjevinga for framleis å ha fiskeristyre og fiskerinemnder er at desse organa sikrar at næringsorganisasjonane kan leggje fram si meining i dei regionale og lokale avgjerdsprosessane.
I eit felles høyringsbrev frå fleirtalet av fylkesmennene blir ei tilknyting av fiskerietaten til fylkesmannen sett på som den mest naturlege løysinga i kombinasjon med overføring av den lokale fiskerietaten til kommunane.
Dei fleste høyringsinstansane sluttar opp om ei inndeling av regionnivået i hovudsak etter fylkesgrenser. Fiskeridirektoratet vil derimot ha større geografiske einingar regionalt. Det kjem i høringsrunden fram motstand frå næringa og Fiskeridirektoratet mot å svekkje lokalnivået, mellom anna av omsyn til kontakten med næringsutøvarane.
I fleire av høyringsfråsegnene, mellom anna frå Norges Fiskarlag og Fiskerinæringens Landsforening, blir det etterlyst ein gjennomgang av den interne organiseringa i Fiskeridirektoratet i tilknyting til gjennomgangen av dei ytre fiskerietatane.
1.5 Framlegg til organisatoriske løysingar
Fiskeridepartementet kan vanskeleg sjå at innvendingane frå næringsorganisasjonane mot ei felles fiskeriforvalting veg tungt nok til å endre den opprinnelege haldninga til departementet om å slå saman RIF og KV.
Fiskeridepartementet vil elles understreke at det ikkje ligg noko dramatikk i forslaget om ei viss omlegging av rettleiarrolla til meir generelt arbeid med næringsutvikling, som til dømes arbeid med kystsoneplanar. Det er her tale om ei tilpassing til dei reelle oppgåvene i ytre etat i dag.
Sjølv om sentrale næringsorganisasjonar går imot å avvikle fiskeristyre og fiskerinemnd, vil departementet halde fast ved framlegget å leggje ned desse organa.
Departementet held vidare fast ved framlegget om å ikkje leggje den regionale fiskeriforvaltninga inn under fylkesmannen.
Slik Fiskeridepartementet ser det, vil etablering av ein felles ytre fiskerietat ikkje vere til hinder for å vurdere nærare spørsmålet om den nasjonale organiseringa av næringsmiddelkontrollen seinare.
Departementet vil ta til med ein gjennomgang av den interne organiseringa i Fiskeridirektoratet i samband med ei omorganisering av dei ytre fiskerietatane.
Fiskeridepartementet gjer framlegg om å organisere ytre fiskerietatar på følgjande måte:
- | RIF og KV blir slått saman til ein felles ytre fiskerietat, både regionalt og lokalt. |
- | Fiskeristyra og fiskerinemndene blir avvikla. Samstundes blir det etablert samarbeid med dei folkevalde organa i fylkeskommunar og kommunar. |
- | Geografisk blir regionnivået i hovudsak delt inn etter fylkesgrenser. Den organiseringa som i dag gjeld for RIF, blir lagt til grunn. |
- | For å sikre fagleg sterke miljø blir det lagt opp til ei viss omlegging til større lokale einingar. |
- | Omorganiseringa skal gjennomførast innafor dei økonomiske rammene dei ytre fiskerietatane i dag har til rådvelde. |
1.6 Lov om rettleiingstenesta i fiskerinæringa
I høyringsnotatet er det gjort framlegg om å oppheve lov av 11. juni 1982 nr. 42 om rettleiingstenesta i fiskerinæringa. Dette er grunngjeve med at det ikkje vil vere naturleg å la eit felles ytre forvaltingssystem under Fiskeridirektoratet vere regulert i ei eiga lov. Framlegget om å oppheve lova må sjåast i samanheng med at ansvaret og oppgåvene for RIF har endra seg sidan lova blei etablert, og at etaten er blitt ein integrert del av den samla fiskeri- og havbruksadministrasjonen.
Tre sentrale organisasjonar går mot å oppheve lova. Dette gjeld Norges Fiskarlag, Norske Fiskeoppdretteres Forening og Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund. Det same gjeld tre av fylkeskommunane. Også fiskeristyra og fiskerinemndene vil oppretthalde lova.
Fiskeridepartementet held fast ved framlegget om å avvikle lov om rettledningstjenesten i fiskerinæringen. Ein sentral del av formålet med lova fell bort som følgje av framlegget om å leggje ned fiskeristyra og fiskerinemndene. Departementet vil dessutan peike på at lova kan skape uklare ansvarsforhold mellom RIF og fiskeriforvaltninga elles.
1.7 Manntalet over fiskarar og fangstfolk
Ved ei oppheving av lov om rettledningstjenesten i fiskerinæringen gjer departementet framlegg om å overføre lovregelen for manntalet for fiskarar og fangstfolk til lov av 16. juni 1972 nr. 57 om regulering av deltagelsen i fisket. Ansvaret for føringa av manntalet vil samstundes bli overført til Fiskeridirektoratet.
Opphevinga av lov om rettledningstjenesten krev lovtekniske endringar i enkelte andre lover. Dette gjeld referanse til fiskarmanntalet i andre lover; lov av 28. februar 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere.
1.8 Organisatoriske retningsliner for eit ytre apparat
Som ledd i å utvikle det administrative apparatet blir det viktig å finne fram til ei optimal arbeidsdeling mellom nivåa i den samla fiskeriadministrasjonen. Det vil bli lagt vekt på auka delegasjon, og på at saker ikkje blir handsama i fleire ledd enn nødvendig.
I samband med omorganiseringa vil som nemnt også måten ytre etat er organisert inn i Fiskeridirektoratet på, bli tatt opp til vurdering.
Det er også aktuelt å vurdere justering av ressursane mellom regionane på grunnlag av ein del normtal; tal på fartøy og fiskarar, landa kvantum, tal på oppdrettsanlegg med vidare.
Sjølv om den geografiske inndelinga av regionkontora i hovudsak vil følgje fylkesgrensene, vil utvalde kontor kunne få tillagt oppgåver som det er naturleg å handsame innafor ei større geografisk ramme.
1.9 Administrative og økonomiske konsekvensar
Forslaget til organisering får ikkje direkte konsekvensar for andre offentlege organ eller økonomien til kommunane.
Omorganiseringa vil gi grunnlag for auka effektivitet og reduserte kostnader i den ytre fiskeriforvaltninga over tid. Lokalt vil det vere aktuelt med ei viss samordning av kontora, men utan at dette skal gå ut over kontakt- og servicefunksjonane for næringsutøvarane i særleg grad.