Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

8. Endringar i likningslova

8.1 Klagerett for boligselskap på vegne av andelseigarane i selskapet

Samandrag

       Den skattlegging som finn stad på andelshavaren si hand føreset etter departementet sitt syn at alle andelshavarar blir handsama likt med omsyn til fastsetjing av boligselskapet si formue, gjeld, inntekter og utgifter. Fører klage frå ein av andelshavarane til endring av vedkomande si likning når det gjeld inntekts- og formuesfastsetjinga frå selskapet, vil dette få verknad for samtlege andelshavarar i selskapet.

       Sidan alle andelseigarar i eit boligselskap etter gjeldande rett har individuell klagerett etter likningslova § 9-2 nr. 1, kan det stillast spørsmål ved om det er naudsynt at også boligselskapet får klagerett over delar av likningane. Det er dei enkelte andelseigarane som er skattesubjekt, jf. skattelova § 51 sjette og sjuande ledd. Sidan det ikkje er boligselskapet som skal betale skatt av beløpa, kan ein hevde at boligselskapet ikkje kan ha noko aktuell interesse i å klage på fastsetjinga av formue og inntekt frå selskapet.

       Etter departementet si meining er det likevel ønskjeleg at boligselskap får klagerett over fastsetjing av formue og inntekt frå selskapet. Det kan i mange tilfeller medføre store praktiske problem dersom ein skal krevje at den enkelte andelshavar sjølv må klage over likninga si, eller at boligselskapet må ha fullmakt frå den enkelte andelseigar for å kunne levere ei felles klage til likningsstyresmaktene. Etter departementet sitt syn vil det vere praktisk om boligselskapet med heimel i likningslova får høve til å sende ei felles klage med verknad for alle andelseigarane. Det vil følgje av reglane i burettslagslova og aksjelova kva for eit organ i boligselskapet som kan ta avgjerd om å levere ei slik felles klage. Normalt vil det vere styret eller forretningsførar.

       Ei felles klage frå boligselskapet vil etter departementet sitt syn truleg i stor grad innehalde alle naudsynte opplysningar til likningsstyresmaktene, medan ei klage frå enkeltpersonar ofte er såpass mangelfull at det er naudsynt med tilleggsopplysningar. Det kan ofte vere vanskelegare for den enkelte andelseigar å skaffe slike tilleggsopplysningar enn det vil vere for boligselskapet.

       Ei klage frå ein enkelt eller nokre få andelseigarar som fører fram vil som ovanfor nemnt uansett få verknad for alle andelshavarar i boligselskapet. Likningsstyresmaktene kan likevel ofte ikkje finne alle desse utan medverknad frå boligselskapet. Etter departementet sitt syn vil det då vere meir rasjonelt at boligselskapet får ein sjølvstendig klagerett, og dermed kome inn i biletet på eit så tidleg tidspunkt som mogleg. Det vil dessutan vere både tids- og ressurssparande dersom likningsstyresmaktene kan handsame ei enkelt klage frå boligselskapet i staden for fleire individuelle klager frå andelseigarane.

       På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om at boligselskap skal ha klagerett på vegne av andelseigarane over fastsetjing av inntekt og formue frå selskapet.

       Departementet gjer framlegg om at endringa skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1997. Ein syner til utkastet til endring i likningslova § 9-3 nr. 3.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å gi boligselskaper klagerett på vegne av andelseierne over fastsettelse av inntekt og formue i selskapet, jf. forslag til endring i ligningsloven § 9-3 nr. 3.

8.2 Innføring av plikt for boligselskap til å sende inn selskapsoppgåve

Samandrag

       Departementet vil peike på at ansvarlege selskap (ANS) og kommandittselskap (KS) må sende inn selskapsoppgåver, sjølv om det er andelshavarane i selskapa som skattemessig vert tilordna inntekt og formue. I boligselskap er situasjonen langt på veg den same som i ansvarlege selskap og i kommandittselskap, bortsett frå at inntekt og formue ikkje vert rekna ut som om boligselskapet var skattytar. Då er det etter departementet sitt syn ikkje urimeleg å påleggje også boligselskap å sende inn selskapsoppgåve.

       Eit system med likningsoppgåver frå boligselskapet er allereie innført når det gjeld skattegrunnlag og frådrag for den enkelte andelshavar. Boligselskap pliktar etter forskrift av 30. oktober 1992 nr. 773 § 2 å gi oppgåve over dei inntekter og utgifter samt den formue og gjeld som den enkelte andelshavar skal liknast for. Andelshavaren skal ha kopi av oppgåva. Oppgåvegivar skal etter § 6 i forskrifta sende inn følgeskriv på skjema fastsett av Skattedirektoratet til bruk med kontroll av innsendinga av oppgåvene. Følgeskrivet gir ikkje likningsstyresmaktene slike opplysningar at dei t.d. kan kontrollere om boligselskapet har frådragsrett for utgifter som er ført til frådrag, og om fordelinga på andelshavarane er riktig. Departementet ønskjer difor å innføre ei generell plikt for boligselskapa til å levere selskapsoppgåve. Skattedirektoratet kan i forskrift fastsetje kva opplysningar selskapsoppgåva skal innehalde, og samordne bruken av selskapsoppgåver og følgeskriv.

       Departementet gjer med dette framlegg om at boligselskap skal få plikt til å sende inn selskapsoppgåve.

       Departementet gjer framlegg om at endringa skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1997. Ein syner til utkast til endring i likningslova § 4-9 nr. 1.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å gi boligselskaper plikt til å sende inn selskapsoppgave, jf. forslag til endring i ligningsloven § 4-9 nr. 1.