Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

7. Endring av berekningsgrunnlaget for RISK-regulering av aksjar i kraftselskap

Samandrag

       Etter skattelova § 19 A-4 skal skattepliktig som eig vasskraftverk eller som har rett til uttak av kraft, svare skatt til staten på grunnlag av ei grunnrenteinntekt som vert fastsett etter nærare reglar i føresegna nr. 2 til 7. Skatt på grunnrenteinntekt vil på same måte som skatt på alminneleg inntekt redusere selskapet sin tilbakehaldne skattlagde kapital. Etter departementet sitt syn bør difor grunnrenteskatt takast med i RISK-berekninga. Særskatten innafor petroleumsskattesystemet er ivareteke i RISK-berekninga.

       Departementet har vurdert om også utlikna naturressursskatt etter skattelova § 19 A-2 og § 19 A-3 skal kome til frådrag i berekningsgrunnlaget for RISK. Naturressursskatten er imidlertid ei utgift for selskapet som ikkje kjem til frådrag i selskapet si alminnelege inntekt. Departementet vil kome tilbake til dette spørsmålet i samband med ei generell vurdering av om utgifter som ikkje kjem til frådrag i alminneleg inntekt og inntekter som ikkje er skattepliktige bør takast med i RISK-berekninga.

       Departementet gjer med dette framlegg om endring i selskapsskattelova § 5-5 nr. 2, slik at også utlikna skatt på grunnrenteinntekt etter skattelova § 19 A-4 skal trekkjast frå årets skattepliktige inntekt ved berekning av endring i selskapet sin tilbakehaldne skattlagde kapital.

       Departementet gjer framlegg om at endringa skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1997. Ein syner til utkast til endring av selskapsskattelova § 5-5 nr. 2 andre punktum.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om endring i selskapsskatteloven § 5-5 nr. 2 annet punktum slik at også utlignet skatt på grunnrenteinntekt etter skatteloven § 19 A-4 skal trekkes fra årets skattepliktige inntekt ved beregningen av endring i selskapets tilbakeholdte skattlagte kapital.