Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

4. Komiteen si tilråding

       Komiteen viser til proposisjonen og til det som står over, og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov
om endringer i lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen.

I.

       I lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen blir det gjort følgjande endringar:

§ 5 nytt nr. 1 skal lyde:

       Alle elevar har rett til å høyre til ein klasse. For bestemte delar av opplæringa kan elevane organiserast på andre måtar. Organiseringa skal til vanleg ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhøyrsel.

       Kvar klasse skal ha ein klassestyrar med særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen, m.a. kontakten med heimen.

Noverande nr. 1 og 2 blir nr. 2 og 3.

§ 7 nr. 4 andre ledd og nytt tredje ledd skal lyde:

       Undervisninga i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering skal:

- gje grundig kjennskap til Bibelen og kristendommen som kulturarv og evangelisk-luthersk tru,
- gje kjennskap til andre kristne kyrkjesamfunn,
- gje kjennskap til andre verdsreligionar og livssyn, etiske og filosofiske emne,
- fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar og
- fremje forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.

       Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er eit ordinært skolefag. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.

§ 13 nr. 1 første og andre ledd skal lyde:

       Born og ungdom har rett og plikt til å gå i grunnskolen, dersom dei ikkje på annan måte får tilsvarande undervisning.

       Elevar skal til vanleg skrivast inn ved den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Etter søknad kan elevar takast inn på annan skole.

Noverande andre ledd blir tredje ledd.

§ 13 nytt nr. 4 skal lyde:

       Retten til grunnskoleopplæring gjeld når det er sannsynleg at barnet skal være i Noreg i meir enn tre månader. Plikta til grunnskoleopplæring byrjar når opphaldet har vart i tre månader. Departementet kan i særlege tilfelle frita elevar frå denne plikta.

Noverande nr. 5-10 blir nr. 6-11.

§ 13 nr. 9 skal lyde:

       Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er eit skolefag som normalt skal samle alle elevar.

       Eleven skal etter skriftleg melding frå foreldre/føresette få fritak frå dei delar av undervisninga ved den einskilde skolen som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn. Dette kan m.a. vere religiøse aktivitetar i eller utanfor klasserommet. Skolen skal ved melding om fritak, så langt det er råd og særleg på småskoletrinnet, søkje å finne løysingar ved å leggje til rette for differensiert undervisning innanfor læreplanen.

       Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding som nemnd i andre leddet. »

§ 13 nytt nr. 12 skal lyde:

       Departementet gir forskrifter om plikt for kommunane til å gi særleg opplæring for elevar frå språklege minoritetar.

§ 41 utgår.

Ny § 42c skal lyde:

       Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk/kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.

II.

       Denne lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset. Kongen kan fastsetje at dei ulike delane av lova tek til å gjelde til ulik tid.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 30. mai 1997.

Jon Lilletun, Siri Frost Sterri,
leiar og ordførar. sekretær.