Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om lov om endringar i lovav 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen m.m.
Dette dokument
- Innst. O. nr. 95 (1996-1997)
- Kildedok: Ot.prp. nr. 38 (1996-97)
- Dato: 30.05.1997
- Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
Departementet gjer i proposisjonen framlegg om lovendringar som gjeld avgrensa fritak frå delar av opplæringa i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Bakgrunnen er at Stortinget i vedtak av 6. juni 1996, jf. Innst.O.nr.56 (1995-1996), ba Regjeringa gjere ei brei vurdering av fritaksretten knytt til det nye faget og leggje til grunn at grunnskolen sin formålsparagraf vert oppretthalden og at dei internasjonale konvensjonane som Noreg har slutta seg til, vert overhalde. Lagdommar Erik Møse si utgreiing om dette følgjer som vedlegg til proposisjonen.
Når det gjeld grunnskolen sin føremålsparagraf, drøftar Møse det innhaldet som i dag ligg i paragrafen i høve til dei folkerettslege pliktene og til Grunnloven § 2. Møse meiner formuleringa om « kristen og moralsk oppseding », m.a. ut fra tolkinga i læreplanen, neppe i seg sjølv strir mot menneskjerettskonvensjonane. Men ho kan vere eigna til å verte mistydd. Grunnloven § 2 krev ikkje at kristendomsundervisning skal vere forkynnande. Lovgjevar kan derfor innføre eit fag der kristendom ikkje skal forkynnast. Departementet seier seg einig i Møse sine vurderingar og gjer framlegg om at føremålsparagrafen blir ført vidare i den nye opplæringslova, jf. Ot.prp.nr.36 (1996-1997).
Departementet viser til at innhaldet i faget kristendomskunnskap med religion- og livssynsorientering er sentralt for vurderinga av kva rett til fritak som følgjer av konvensjonane. Departementet syner til tidlegare handsaming av faget som eit kunnskapsfag på line med skolefaga elles og til den presiseringa av innhaldet som vart teken inn i grunnskolelova i 1996, jf. Innst.O.nr.56 (1995-1996). Dei folkerettslege pliktene etter konvensjonane, den kvantitative fordelinga av stoffet og det kvalitative innhaldet i undervisninga i høve til desse krava er drøfta i Møse si utgreiing. Departementet legg etter dette til grunn at rettskjeldematerialet gir støtte for at faget ikkje er i strid med dei folkerettslege pliktene, men meiner det likevel er grunn til å få klarare fram krava i konvensjonane. Departementet gjer derfor framlegg om ei presisering i lovteksten om at kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er eit kunnskapsfag, og at opplæringa i faget ikkje skal være forkynnande.
Departementet gjer framlegg om eit avgrensa fritak frå dei delane av faget som gjeld religiøse aktivitetar. Sjølv om faget i innhald ikkje strir mot konvensjonane, kan praktiseringa av faget likevel gjere at det er behov for fritak frå einskilde aktivitetar. Departementet har tidlegare gjort framlegg om rett til avgrensa fritak frå å seie fram truvedkjenningar eller bøner, delta i salmesong eller i andre religiøse aktivitetar, delta i dramatisering eller liknande og å være tilstades i ritual eller gudstenester i ulike trudomssamfunn, jf. Ot.prp. nr. 40 (1995-1996) . Departementet gjer i tillegg til dette framlegg om rett til avgrensa fritak frå å lære utanåt religiøse tekstar. Departementet presiserer at retten til avgrensa fritak og skal omfatte religiøse aktivitetar utanom faget. Dette gjeld til dømes skoleavslutning i kyrkja, salmesong i musikktimar og utarbeiding av illustrasjonar. Det er her tale om fritak frå å ta del i religiøse aktivitetar, ikkje fritak frå å kjenne innhaldet i desse.
Møse peikar på at sjølv om rettskjeldematerialet gir støtte for at faget skal praktiserast nøytralt og objektivt, vil det likevel vere avgjerande om faget let seg gjennomføre og praktisere innanfor dei krav som følgjer av de folkerettslege pliktene. Dette føreset m.a. tilstrekkeleg kunnskap hjå personalet i skolane og tilstrekkeleg med læremiddel. Departementet viser i den samanheng m.a. til at planen for etterutdanning i faget snart ligg føre, at den metodiske rettleiinga i faget vil være ferdig til skolestart hausten 1997, og at det kjem eit eige informasjonsopplegg om faget til bruk for foreldre/føresette.
Departementet foreslår ein særskild rett til å klage over at opplæringa er i strid med lov- og forskrifter knytte til faget. Klageretten skal òg omfatte den nærmare gjennomføringa av avgrensa fritak. Statens utdanningskontor er klageinstans. Departementet legg til grunn at klageretten òg vil gjelde i tilfelle der det ikkje ligg føre einskildvedtak slik forvaltningslova føreset. Departementet bør derfor ha heimel til å gi forskrifter om klagehandsaminga. Departementet vil kome attende til Stortinget med ei oversikt over praktiseringa av fritaksreglane når desse har vore i bruk i ein 3-årsperiode.
Departementet meiner at Den norske kyrkja sin tilsynsrett ikkje kan sameinast med dei prinsipp som ligg til grunn for det nye faget. Departementet tek òg sikte på å oppheve forskrifta om at tre teologisk sakkunnige skal gå igjennom lærebøker i kristendomsfag. Nasjonalt læremiddelsenter har delegert mynde til å godkjenne lærebøker. Etter departementet si vurdering vil det ikkje lenger vere nødvendig med ein særskild gjennomgang av lærebøkene i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.
Forslaga i proposisjonen vil ikkje ha nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.
2.1 Generelt
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ottar Kaldhol, Marit Lefdal, Trond Mathisen, Tomas Norvoll, Marit Nybakk og Oddbjørg Ausdal Starrfelt, frå Senterpartiet, Jørgen Holte, Sigurd Manneråk og Rita H Roaldsen, frå Høgre, Jan Tore Sanner og Siri Frost Sterri, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren Jon Lilletun, og representanten Ellen Chr Christiansen, syner til vedtaket i Stortinget 6. juni 1996 der Stortinget ba Regjeringa kome attende med ei brei vurdering av fritaksretten knytta til faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. I Ot.prp.nr.38 (1996-1997) gjer Regjeringa dette.
Komiteen viser til at Stortinget handsama læreplanen for faget i Innst.S.nr.103 (1995-1996), og gjorde endringar i grunnskulelova i Innst.O.nr.56 (1995-1996).
Komiteen viser vidare til at Regjeringa gjer framlegg om parallelle vedtak om endring av grunnskulelova og vedtak om ny opplæringslov. Stortinget vil ikkje handsame opplæringslova i denne stortingssesjonen.
2.2 Om kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering
2.2.1 Innleiing
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, alle unnateke Norvoll og Ausdal Starrfelt, samt medlemene frå Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, viser til vedtaket 6. juni 1996 der Stortinget la til grunn at grunnskulen sin føremålsparagraf skulle oppretthaldast. Dette har også vore ein viktig premiss for vedtaket om å opprette faget og for handsaminga av læreplanen. Slik omtala fleirtalet i komiteen dette i Innst.S.nr.15 (1995-1996):
« ...at et hovedmål for revisjonsarbeidet innen skoleverket har vært ønsket om å sikre et felles kunnskaps-, verdi-, og kulturgrunnlag i en stadig mer flerkulturell befolkning. Dette svarer til formålsparagrafens tale om « god allmennkunnskap » og skolens formål i grunnskolelovens § 1: |
« Grunnskulen skal i forståing og samarbeid med heimen hjelpe til med å gje elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle deira evner, åndeleg og kroppsleg og gje dei god allmennkunnskap så dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn. |
Skolen skal fremje åndsfridom og toleranse og leggje vinn på å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar og mellom skole og heim. » |
Fleirtalet minner om at fleirtalet gjentok dette i Innst.S.nr.103 (1995-1996) og sa vidare:
« Flertallet viser til at det var på ovennevnte basis at stortingsflertallet gikk inn for at skolen skulle få et utvidet fag for Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering på enhetsskolens grunn. Kunnskap om kristendommen slik den er nedfelt i den evangelisk-lutherske lære og slik den kommer til uttrykk i menighetsliv, tro, liv og samfunn, skulle være den sentrale del av faget, men faget skulle også ha romslig plass til lærestoff om andre religioner og livssyn. |
Det er ikke hele faget, men kun den del som omhandler kristendomskunnskap som skulle ha utgangspunkt i den konfesjon som er mest utbredt i vårt land som tro, lære og kulturarv. » |
Fleirtalet viser videre til at departementet konkluderer i Ot.prp.nr.38 (1996-1997) av 14. mars 1997 med å gjere framlegg om å føre vidare formålsparagrafen i den nye opplæringslova, etter å ha synt til utgreiinga frå lagdommar Erik Møse. I utgreiinga peikar han på at formålsparagrafen « neppe i seg selv strider mot menneskerettighetskonvensjonen ». Fleirtalet er samd med departementet om å føre vidare gjeldande formålsparagraf for grunnskulen.
Fleirtalet vil peike på at skulen sitt føremål er grunnlaget for verksemda i grunnskulen. Skulen sine fag, læreplanar, og lover og føresegner byggjer på dette føremålet. Det er ei viktig oppgåve for skulen å gjere føremålet levande for elevane i den pedagogiske kvardagen, og fleirtalet meiner det ikkje er grunnlag for å hevde at føremålet er tømt for innhald.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen viser til Innst.S.nr.103 (1995-1996), der disse medlemmer etterlyste en bred juridisk vurdering av grunnskolens formålsparagraf i forhold til de internasjonale konvensjoner som Norge har tiltrådt. Disse medlemmer er tilfreds med at en slik gjennomgang er foretatt, og at den juridiske ekspertise er hentet utenfra. Disse medlemmer vil imidlertid påpeke at det mandat lagdommer Møse fikk, var en gjennomgang av fritaksretten i det nye faget under forutsetning av at grunnskolelovens formålsparagraf skulle opprettholdes. Disse medlemmer konstaterer at lagdommer Møse likevel har funnet det riktig å juridisk belyse grunnskolens formålsparagraf og Grunnlovens § 2 i lys av menneskerettighetskonvensjonene.
Disse medlemmer viser til at lagdommer Møse er tvetydig i sine konklusjoner på tross av at han velger en åpen tilnærming, og skriver:
« Min konklusjon blir etter dette at hverken Grunnlovens formålsbestemmelser i seg selv, eller sett i sammenheng med Grunnlovens § 2 og andre særregler om kirke og skole, gir grunnlag for å fastslå at undervisningen i kristendomskunnskap i det nye faget med rettslig nødvendighet vil bli forkynnende, oppdragende eller påvirkende i retning av den evangelisk-lutherske tro. » |
Han skriver videre om de internasjonale tilsynsorgan:
« Deres vurdering av den norske ordningen vil skje på bakgrunn av at vårt land har statskirke, kristen formålsparagraf, samt et foreldet påbud om at foreldre skal oppdra sine barn i den evangelisk-lutherske tro, som Menneskerettighetskomiteen allerede har slått ned på. Dette kan føre til et forklaringsproblem. Foran har jeg konkludert med at nærmere gjennomgåelse av rettskildematerialet viser at intet er til hinder at faget utformes i tråd med konvensjonene, samt at lovens intensjon er at undervisningen skal være i samsvar med dem. Men det er ikke gitt at de internasjonale organ vil komme til samme resultat, siden det er forhold som også trekker i motsatt retning. » |
Han skriver videre:
« Jeg vil ikke se bort fra at konvensjonsorganene kunne reagere mot en situasjon hvor en tro fikk en helt dominerende plass sammenlignet med andre. » |
Disse medlemmer vil påpeke at det forhold som klarest peker i motsatt retning, er komitéflertallets gjentatt understrekninger av at faget er et kristent fag, uttrykt slik i Innst.S.nr.103 (1995-1996):
« Flertallet vil understreke at undervisningen ikke skal være verdinøytral. At undervisningen ikke skal være forkynnende, må aldri tolkes slik at den skal skje i et religiøst/verdimessig tomrom. Alle undervisning og oppdragelse i vår grunnskole skal ha utgangspunkt i skolens formålsparagraf, og i dette faget skal kristendommen, de forskjellige religionene og livssyn fremstilles ut fra sin egenart. Hovedvekten ligger på kristendomsundervisningen. » |
Dette understrekes også av flertallets merknader i denne innstillingen.
Disse medlemmer vil videre vise til at Møse i sin utredning understreker at det som kan bli mest problematisk, ikke nødvendigvis er fagets forankring, men dens praktisering. Han skriver:
« Spørsmålet blir først og fremst om man har tillit til at undervisningen i praksis kan bli nøytral eller ikke. Dette er ikke et juridisk, men et religionsvitenskapelig og pedagogisk spørsmål. Endelig avklaring vil til syvende og sist først skje gjennom praktisering av faget på lokalt plan. » |
Disse medlemmer vil på bakgrunn av den usikkerhet som råder om grunnskolelovens formålsparagraf er i strid med menneskerettighetene, og om det er mulig ut fra fagets innhold og praktisering å tenke seg at undervisningen kan bli « nøytral, pluralistisk og objektiv », fremme forslag om å endre formålsparagrafen. Disse medlemmer vil videre understreke at en slik endring av grunnskolelovens formålsparagraf også vil være riktig, ut fra disse medlemmer prinsipielle holdning til at skolen skal være religionsnøytral. Disse medlemmer vil understreke at skolen ikke skal være verdinøytral.
Komiteens medlemmer Norvoll og Starrfelt er prinsipielt imot kristen formålsparagraf for grunnskolen.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti, representanten Christiansen, og medlemmene Norvoll og Ausdal Starrfelt fremmer følgende forslag:
« § 1 første ledd skal lyde:
Grunnskolen skal i forståing og samarbeid med heimen hjelpe til med å gje elevane ei felles etisk og moralsk oppseding, utvikle deira evner åndeleg og kroppsleg, og gje dei god allmennkunnskap så dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn. »
2.2.2 Om undervisninga i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering - § 7
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, vil vise til at faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er eit skulefag. Elevar skal med utgangspunkt i eigen identitet lære om trua og livssynet til kvarandre. Faget skal ivareta den enkelte elev sin identitet ut frå eigen tilhøyrsel samstundes som det skal fremje dialog i ein felles kultur. Fleirtalet vil understreke at dialog over livssynsgrensene best kan finne stad i same klasserom, der eleven sin individuelle identitet skal ivaretakast ut ifrå eige livssyn. Samstundes skal eleven få den nødvendige kulturkompetanse ved å lære om andre sitt livssyn og delta i ein dialog om religionar og livssyn. Fleirtalet meiner det er nødvendig at elevane tileignar seg kunnskap til å fungere innanfor både majoritets- og minoritetskulturane, og at dei slik vert sikra funksjonsdugleik i det norske samfunnet.
Fleirtalet meiner faget kan fungere som ein viktig motvekt mot og førebyggje føredomar i eit samfunn som blir alt meir fleirkulturelt. Elevane får øve seg i praktisk toleranse og er samla når dei skal arbeide med verdispørsmål. Slik vert alle born som veks opp i Noreg, sikra eit felles verdigrunnlag med utgangspunkt i eigen identitet.
Fleirtalet vil vise til at faget skal gi grundig kjennskap til kristendomen både som kulturfaktor og trudomssamfunn, fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar og gi kunnskap om andre religionar og livssyn i tillegg til etiske og filosofiske spørsmål. Fleirtalet meiner at faget kan utvikle verdiar som forståing, toleranse, vidsyn og sjølvkritikk.
Fleirtalet syner til Innst.S.nr.103 (1995-1996) der fleirtalet i komiteen sa følgjande:
« Flertallet vil også understreke at undervisningen ikke skal være verdinøytral. At undervisningen ikke skal være forkynnende, må aldri tolkes slik at den skal skje i et religiøst/verdimessig tomrom. All opplæring og oppdragelse i vår grunnskole skal ta utgangspunkt i skolens formålsparagraf, og i dette faget skal kristendommen, de forskjellige religioner og livssyn framstilles ut fra sin egenart. Hovedvekten i faget ligger på kristendomsundervisningen. » |
Fleirtalet finn grunn til å minne om at undervisninga skal skje på ein fagleg og sakleg måte. Fleirtalet vil peike på at undervisninga ikkje skal ha ein forkynnande form. I undervisninga må ein skilje mellom innhaldet i faget og den form undervisninga får. Arbeid med livssyn og religiøst materiale vil i sitt innhald ha eit bodskap som utfordrar elevane om ein skal ta eigenarten på alvor. Difor kan ikkje undervisninga vere verdinøytral.
Eit fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, legg til grunn at rettskjeldematerialet gir støtte for at faget ikkje er i strid med dei folkerettslege pliktene og i samsvar med intenasjonane med faget.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, ser at det kan vere grunn til å få fram krava i dei internasjonale konvensjonane på ein betre måte. På denne bakgrunn gjer komiteen framlegg om eit tillegg til § 7 nr. 4. Fleirtalet legg vekt på at faget skal vere eit ordinært skulefag og at undervisninga i faget ikkje skal vere forkynnande. Med denne presiseringa meiner fleirtalet at faget ikkje berre er eit kunnskapsfag, men også eit fag med opplevingar, dugleik og haldningar som mål for læringa, slik også andre skulefag har det.
Fleirtalet gjer følgjande framlegg:
« § 7 nr. 4 andre ledd og nytt tredje ledd skal lyde:
Undervisninga i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering skal:
- | gje grundig kjennskap til Bibelen og kristendommen som kulturarv og evangelisk-luthersk tru, |
- | gje kjennskap til andre kristne kyrkjesamfunn, |
- | gje kjennskap til andre verdsreligionar og livssyn, etiske og filosofiske emne, |
- | fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar og |
- | fremje forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørmål. |
Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er eit ordinært skolefag. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.»
Fleirtalet vil også peike på at undervisninga i faget vil vere særs krevjande og at ein treng godt skulerte lærarar. Fleirtalet vil i denne samanheng vise til Innst.S.nr.15 (1995-1996) der fleirtalet i komiteen støtta tilrådinga frå Pettersen-utvalet ( NOU 1995:9 Identitet og dialog) om å styrke faget både i allmennlærarutdanninga og i etterutdanninga.
Eit fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til at Pettersen-utvalet her meinte at 5 vekttal var ei for snever ramme for utdanninga, og at fleire institusjonar måtte styre sine ressursar mot tilbod med 10 eller 20 vekttal. Dette fleirtalet viser også til Innst.S.nr.103 (1995-1996) der fleirtalet i komiteen meinte « at virkeliggjøring av dette faget vil være avhengig av en sterk satsning på lærerutdanningen, både grunnutdanningen og tilretteleggelse av etter- og videreutdanningstilbudet. » Dette fleirtalet vil komme attende til ei styrking under handsaminga av meldinga om lærarutdanning, St.meld. nr. 48 (1996-1997).
Fleirtalet finn vidare grunn til å understreke på bakgrunn av utvidinga av emna i faget, at lærarar med utdanning i kristendomskunnskap, teologi, religionsvitenskap og anna relevant utdanning frå offentlege og offentleg godkjende private utdanningsinstitusjonar, kan undervise i faget. Det er ein føresetnad at dei har kompetanse for heile faget.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen viser til sine respektive merknader i Innst.S.nr.103 (1995-1996) og Innst.S.nr.15 (1995-1996) der disse medlemmer gikk imot å innføre det nye kristendomsfaget. Disse medlemmer vil understreke at det kristendomsfaget flertallet skaper, både juridisk og praktisk, vil være problematisk og ikke et fag slik skolen trenger det.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til Innst.S.nr.15 (1995-1996), der dette medlem fremhevet:
« Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener at det må etableres et felles tro- og livssynsfag som omfatter alle elever. Ett felles fag bygger opp under enhetsskolens bærende idé, nemlig møteplass for elever med forskjellig bakgrunn. Dette gir det beste grunnlag for å utvikle gjensidig respekt og forståelse mellom elever i et flerreligiøst og flerkulturelt samfunn. |
Dette medlem mener at målet må være et fag som både hjelper barn til å bli trygge på sin egen identitet og få styrke til nysgjerrighet, åpenhet og toleranse for andres tro, livssyn og tradisjon. Bare gjennom kunnskap og dialog kan en bryte ned fordommer. Dette er en forutsetning for sameksistens i et flerkulturelt samfunn med ulike religioner og livssyn. |
Dagens ordning med skille mellom kristendomsfag og livssynsfag er etter dette medlems mening uheldig, i stedet for å samle blir elevene plassert i ulike båser. Ordningen har bakgrunn i det særlige norske historiske kulturskillet mellom kristendom og « fritenkeri », og tar ikke høyde for dagens og framtidas flerkulturelle samfunn. |
Skolen har en viktig oppgave når det gjelder å utvikle forståelse, toleranse og samhold på tvers av ulik kulturell og religiøs- eller livssynsbakgrunn. |
Denne situasjonen tilsier at vi får et samlende fag, som kan skape rom for respekt. Hvis man klarer å etablere et fag som kan bidra til å avmystifisere og gi faktisk kunnskap om religionene, og ikke forutsetter at ett gudebilde er mer « riktig » enn andre, kan man skape grunnlag for toleranse og respekt. |
Skolen skal bidra til å motvirke fordommer og diskriminering og fremme gjensidig respekt og toleranse mellom grupper med ulikt levevis og fremme evnen til samarbeid mellom grupper som er forskjellige og slutter opp om ulike anskuelser. En enhetsskole som splitter elevene i et moral- og holdningsfag, gir dårligere mulighet til å fremme respekt og forståelse. |
Dette medlem mener at i en flerkulturell og flerreligiøs situasjon vil egenidentitet ikke kunne befestes uten kunnskap og andre kulturer, religioner og livssyn, og uten å møte med representanter for disse. Men egenidentitet betyr også å gjenkjenne egen tro eller livssyn i skolefaget. Dette vil gjelde både for det evangelisk-lutherske flertall og for mindretallet tilhørende andre religioner og livssyn. |
Det er derfor viktig at grunnskolen kan gi alle elever kunnskap og egen livssynssammenheng og god kjennskap til andres religioner og livssyn. Dette medlem er enig i at faget må legge stor vekt på den norske kulturarv og den posisjon den evangelisk-lutherske lære har og har hatt i vår historie. For dette medlem er det viktig at konfesjonsbindingen som ligger i grunnskolelovens § 7.4 andre ledd, bør fjernes og at faget ikke er konfesjonsforankret. Det er også viktig at faget ikke legges opp slik at det er et kristen-humanistisk « vi » som fører ordet, og tiltaler de andre som « ikke-kristne », « innvandrere » eller « representanter for fremmede kulturer ». |
Dette medlem fremmer forslag i samme innstilling om et nytt fag i tråd med dette. Dette faget skulle benevnes « Tro og livssyn » og skulle bygge på følgende pilarer:
« 1. | Opplæringen må være felles for alle, åpen og inkluderende. Skolen skal ikke skille elevene etter religion og livssyn, men organisere opplæringen slik at elevene kommer i vane med å drøfte også disse spørsmål med innsikt og åpenhet overfor hverandre i tråd med enhetsskolens bærende idé.I en skole som skal være felles for alle - og der elevgruppen er uensartet - vil et fellesfag øke forståelsen for hverandres religioner, livsanskuelser og kulturelle særpreg og demme opp mot fremmedfrykt og intoleranse. Opplæringen skal med andre ord ikke være verdinøytral, men nøytral i forhold til religion. Det som er felles, uavhengig av religion og livssyn, etikk, normer og verdier, skal ha størst vekt i faget. I tillegg bør faget omfatte filosofi og kunnskap om de ulike religioner og livssyn. Målet må være opplæring på felles grunn. |
2. | Kristen tro og tradisjon er en viktig del av norsk kultur og historie. En innføring i kristendom åpner for sammenhenger og perspektiver som er av stor betydning for å forstå den kultur og tradisjon vi er en del av. Innflytelsen fra kristendommen finner vi igjen bl.a. i billedkunst, musikk, litteratur og arkitektur, og i lovverket, i tradisjoner og språket. Denne kulturarven er det viktig for alle som bor i Norge å ha innsikt i. |
3. | På samme måte som opplæringen i kristendomskunnskap skal presenteres ut fra sin egenart og tradisjon, må kunnskap om andre livssyn og religion presenteres ut fra sin egenart. » |
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen vil vise til Innst.S.nr.91 (1994-1995), jf. Dok.nr.8:51 (1993-1994), fremmet av representanten Christiansen.
På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:
« § 7 nr. 4 andre ledd skal lyde:
Elevar som er fritekne frå undervisning i kristendom med religions- og livssynsorientering, har rett til alternativ undervisning. »
2.2.3 Om fritak - § 13
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til Innst.S.nr.15 (1995-1996) og Innst.S.nr.103 (1995-1996) der fleirtalet i komiteen støtta prinsippet om avgrensa fritak frå undervisninga i faget. Sjølv om det same fleirtalet kunne godta den måten departementet klargjorde fritaksretten på, ba eit samla Storting om ei utgreiing av fritaksretten, jf. Innst.O.nr.56 (1995-1996).
Fleirtalet vil minne om at det er fleire viktig omsyn ein skal ta når ein fastset avgrensa fritak frå undervisninga. Det gjeld omsynet til samfunnet sine interesser gjennom at alle barn skal få kjennskap til vår kultur og religiøse tradisjonar, og at barna skal få øving i forståing og respekt for dei som tenkjer og trur annleis. Vidare gjeld det interessene til foreldra gjennom å respektere deira rett til å fostre barna etter deira religiøse overtying og ta avgjerder om slike aktivitetar for barnet, og at foreldra får informasjon om undervisninga som barnet deira får i skulen. Det gjeld også omsynet til barna sine interesser gjennom å utvikle og styrke deira identitet, og utvide perspektivet med å gi kjennskap til nye religionar og livssyn. I tillegg gjeld det omsynet til skulen og lærarane gjennom å skape tillit mellom skule og heim, og støtte opp om arbeidet til lærarane når det gjeld fagleg kunnskap, metodisk variasjon og fridom.
Fleitalet vil minne om at læreplanen i faget legg opp til lokal tilpassing av undervisninga når det gjeld omfang av ulike emne, fagleg tilval, organisering og bruk av læremidlar. Vidare legg læreplanen stor vekt på emneorganisert undervisning og prosjektarbeid der 60 % av undervisninga på småskulestrinnet har slik organisering. Desse arbeidsformene gir gode pedagogiske høve til å ta omsyn til dei synspunkt heimen måtte ha på den undervisninga skulen driv.
Fleirtalet meiner læreplanen gjennom lokal tilpassing og høve til differensiert undervisning kan fungere godt for alle elevar, mellom anna med å bruke perspektivet og rolla som deltakar eller tilskodar til lærestoffet. Fleirtalet meiner til dømes slik differensiering kan vere særleg nyttig på småskuletrinnet, men også i høgare klassesteg kan slik differensiering vera ein nyttig pedagogisk metode. Fleirtalet vil peike på at særleg små barn er i ein livsfase kor skaping av identitet er viktig. Differensiert undervisning vil gjera det lettare for desse elevane å delta i undervisninga. Fleirtalet vil streke under at ein slik undervisning skal skje etter same læreplan. Det skal ikkje vere differensiering av kunnskap, men differensiering av aktivitet. Fleirtalet vil på denne bakgrunn tilrå at skulane legg opp til differensiert undervisning på småskuletrinnet ut frå lokale behov og ønskje.
Fleirtalet meiner ikkje det skal lagast nasjonale planar for slik differensiering, men at ein heller må finne lokale løysingar på den einskilde skule. Til hjelp i dette arbeidet vert det laga metodiske rettleiingar.
Fleirtalet meiner vidare at utforminga av fritaket frå faget må få ei utforming som tek omsyn til foreldreretten og andre behov hjå elevane og foreldra. Skulen må ha plikt til å gi tilbod om tilpassa undervisning, men der slik differensiert undervisning ikkje løyser problema ut frå foreldra sitt ståsted, må det vera mogleg med fritak. Fleirtalet legg stor vekt på at det er ein dialog mellom skule og foreldre i slike tilfelle, der foreldra gjer greie for kva dei opplever som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn med den undervisninga som vert gjeven på skulen.
Fleirtalet viser til at faget er eit skolefag som normalt skal samle alle elevar i same klasserom. Fleirtalet meiner elevane skal få fritak frå dei delar av undervisninga ved den einskilde skole som det ut frå deira eigen religion eller eige livssyn er rimeleg å oppleve som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn. Døme på aktivitetar som kan utløyse eit fritak, er å seie fram truvedkjenningar eller bøner, lære utanåt religiøse tekstar, delta i salmesong og å vere til stades i ritual eller gudstenester i ulike trudomssamfunn. Fleirtalet vil streke under at lova er å forstå slik som føre nemnd når det gjeld kva det i hovudsak er rimeleg å be seg friteken frå ettersom dette er eit ordinært skulefag. Fritak skal skje etter skrifteleg melding frå foreldre/føresette.
Fleirtalet meiner vidare at departementet må utarbeide nærare retningsliner om samarbeidet mellom skule og heim i dette spørsmålet, der skulen har plikt til å lage undervisningsplanar for faget og informere foreldra om desse. Det er vidare ønskjeleg med ein dialog mellom skulen og foreldra om undervisninga og om ei eventuell skriftleg melding om fritak frå faget. Skulen skal i slike tilfelle informere om kva for løysingar, m.a. differensiert undervisning, som kan vere nødvendige for å kome elevar og foreldre i møte. Omfanget av slik differensiering bør ikkje samla kome over 50 % av årstimetalet. Krev foreldra likevel fritak frå delar av undervisninga som dei opplever som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn, skal elevane få fritak etter at foreldra har gjort greie for kva dei opplever at verkar slik i undervisninga.
Fleirtalet meiner at elevar som har fylt 15 år, sjølv kan gi skriftleg melding i staden for foreldre/føresette, og vil lovfeste dette.
Fleirtalet er kjent med at departementet vil lage ei metodisk rettleiing for faget. Denne rettleiinga vil gi døme på korleis ein kan planleggje og undervise i faget. I departementet si rettleiing må ein i tillegg gjere nærare greie for prosedyrar om korleis ein skal arbeide med fritaksspørsmål. Her må ein gå inn på skulen si plikt til informasjon, dialog mellom skule og foreldre, og foreldra si plikt til å klargjere kva som er utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn i undervisninga.
På denne bakgrunn gjer fleirtalet framlegg om følgjande:
« § 13 nr. 9 skal lyde:
Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er eit skolefag som normalt skal samle alle elevar.
Eleven skal etter skriftleg melding frå foreldre/føresette få fritak frå dei delar av undervisninga ved den einskilde skolen som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn. Dette kan m.a. vere religiøse aktivitetar i eller utanfor klasserommet. Skolen skal ved melding om fritak, så langt det er råd og særleg på småskoletrinnet, søkje å finne løysingar ved å leggje til rette for differensiert undervisning innanfor læreplanen.
Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding som nemnd i andre leddet. »
Fleirtalet syner til Innst.S.nr.103 (1995-1996) der fleirtalet i komiteen ønskjer ei oversikt over praktiseringa av fritaksreglane etter ein periode på 3 år.
Fleirtalet har merka seg at departementet vil kome med ein rapport til Stortinget med oversikt over dette, og er nøgd med det.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at Høyre har støttet innholdet i det nye faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, men stått fast på at det skal være en reell adgang til å få delvis fritak fra faget.
Klare fritaksregler er viktig av to grunner:
- | For det første for å sikre og respektere foreldreretten. Foreldrene skal være trygge på at deres barn ikke får en opplæring som er i strid med deres overbevisning. Religionsfriheten må sikres og internasjonale konvensjoner som Norge har sluttet seg til overholdes. Behovet for fritak begrunnet i foreldreretten forsterkes av mangelen på private skoler hvor foreldrene kan velge et alternativ som er i tråd med egen overbevisning. |
- | For det andre for å sikre at grunnskolens formålsparagraf kan gis et reelt innhold. Uten en reell fritaksmulighet fra deler av faget vil kristendomsopplæringen i skolen utvannes. |
Disse medlemmer viser til utredningen om fritak utarbeidet av lagdommer Erik Møse på oppdrag av Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet. Utredningen underbygger etter disse medlemmers oppfatning behovet for en reell fritaksmulighet fra deler av faget. En mer begrenset fritaksrett må i tilfelle bygge på en sterkere presisering av at faget skal praktiseres nøytralt og objektivt. Disse medlemmer mener at faget skal tolkes i lys av grunnskolens formålsparagraf og at det da gir liten mening å bruke begrepene « nøytralt og objektivt ».
Disse medlemmer viser til at Høyre ved flere anledninger har foreslått en todeling av faget: En del som kan være obligatorisk og felles for alle elever hvor det legges vekt på etikk/filosofi og kulturaspektet og en orienterende presentasjon av kristendommen og andre religioner og livssyn, og en annen del som mer spesifikt omhandler kristendommen. Den andre delen av faget må foreldrene kunne søke helt eller delvis fritak fra. Disse medlemmer vil ikke opprettholde den alternative livssynsundervisningen som et alternativt fag, men gi skolen en plikt til å organisere en alternativ undervisning for elever som gis fritak.
Disse medlemmer mener flertallets forslag til ny lovparagraf om fritak er meget uklar. Forslaget kan tolkes i flere retninger og åpner derfor for ulik praktisering. Disse medlemmer viser bl.a. til at flertallet foreslår at det er en vurdering av undervisningen ved den enkelte skole som skal danne grunnlag for eventuelle fritak. En slik forutsetning innebærer at det stilles særdeles høye krav til foreldrenes innsikt i læreplanen og skolens undervisning, og vil i praksis kunne resultere i at fritaksretten blir forbeholdt de velskolerte. På den annen side kan også forslaget til ny paragraf tolkes dit hen at foreldrene i praksis vil kunne få eleven fritatt fra hele eller store deler av faget. Disse medlemmer frykter også at upresise fritaksregler vil kunne innebære at skolen toner ned bruken av aktiviteter som vil kunne åpne for fritak.
Disse medlemmer mener at pedagogisk differensiering kan være en nyttig metode i faget, men ikke en løsning på fritaksspørsmålet.
Disse medlemmer viser til at det ved behandling av proposisjonen kun er få uker frem til skoleferien. Det betyr liten tid til etterutdannelse og skolering av lærere og informasjon til foreldre. Disse medlemmer viser også til den betydelige uro, knyttet til det nye faget, som eksisterer i mange miljøer og blant mange foreldre. Disse medlemmer frykter at flertallets forslag til fritaksregler vil skape mye usikkerhet og i liten grad bidra til å bilegge konflikten knyttet til det nye faget. Disse medlemmer mener at departementet må bære ansvaret for at fritaksproblematikken ikke har fått en endelig avklaring tidligere. Stortingets flertall har helt siden førstegangsbehandling av faget etterlyst en nærmere vurdering av fritaksproblematikken.
Disse medlemmer er opptatt av å skape tillit til faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Det kan etter disse medlemmers oppfatning kun gjøres ved å ha en liberal praktisering av fritaksreglene det første året. Disse medlemmer vil foreslå at dagens lovtekst videreføres for skoleåret 1997-98, slik at det åpnes for en mulighet for helt eller delvis fritak. Disse medlemmer forutsetter at det vises smidighet i tolkningen og praktiseringen av dagens lov slik at det kan finnes lokale løsninger i de tilfeller foreldre mener at det foreligger et behov for fritak.
På denne bakgrunn vil disse medlemmer ta opp følgende forslag:
« § 13 nr. 9 skal lyde:
Born av foreldre som ikkje høyrer til Den norske kyrkja, skal vere heilt eller delvis fritekne for undervisning i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.
Elevar som har fylt 15 år, avgjer sjølv spørsmålet om fritak og klage. »
Disse medlemmer vil be departementet å komme tilbake til Stortinget i løpet av høsten 1997 med forslag til nye prinsipper for fritak. De nye prinsippene må ha som utgangspunkt at deler av faget skal være felles for alle elever, men at det gis en reell mulighet for fritak fra deler av faget. Disse medlemmer legger til grunn at skolen er pliktig til å gi elever som får fritak annen undervisning.
På denne bakgrunn vil disse medlemmer fremme følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringen legge følgende til grunn ved innføring av faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering:
1. | For skoleåret 1997-98 opprettholdes retten til helt eller delvis fritak fra faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Skolen plikter å gi elever som fritas fra faget en alternativ undervisning. |
2. | Regjeringen bes komme tilbake til Stortinget i løpet av høsten 1997 med nye prinsipper for fritak bygget på en todeling av faget: En del som vil være felles for alle elever, og en del som det kan søkes helt eller delvis fritak fra.» |
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen konstaterer at flertallet er usikker på om den foreslåtte fritaksretten er i tråd med de internasjonale menneskerettslige konvensjoner Norge er forpliktet av, og forsøker å løse dette ved å foreslå differensiert undervisning. Disse medlemmer tar dette som en bekreftelse på at dette faget er en politisk konstruksjon og ikke et fag slik skolen trenger det. Disse medlemmer konstaterer at dette innebærer at fagets hovedidé, å skape en felles arena rundt viktige etiske og religiøse spørsmål ikke skal realiseres, og som sådan bekrefter at faget ikke vil bli et felles inkluderende fag, slik flertallet har gitt uttrykk for at det ønsker. Disse medlemmer vil understreke at den modell flertallet her velger ut fra politiske ønsker, og ikke prinsipielle menneskerettslige betraktninger eller skolen og elevenes behov, etter all sannsynlighet vil bidra til en enda mer uklar praktisering av faget og en uavklart situasjon med hensyn til de internasjonale konvensjoner vi er forpliktet av. Det er tvilsomt om de internasjonale tilsynsorgan vil finne at denne konstruksjonen som flertallet beskriver, tilfredsstiller de elementære menneskerettslige forpliktelser et slikt fag krever.
Disse medlemmer vil minne om Møse sin hovedkonklusjon der han fastslår:
« Slik situasjonen nå fremstår, finner jeg at det tryggeste er en generell fritaksrett. Det vil innebære at de internasjonale tilsynsorganene ikke gir seg inn på en nærmere vurdering av de tvilsomme spørsmål obligatorisk undervisning reiser. » |
Disse medlemmer vil på denne bakgrunn fremme forslag om generell fritaksrett fra det nye faget og alternativ undervisning for dem som ønsker fritak.
« § 13 nr. 9 skal lyde:
Elevane skal etter skriftleg melding frå foreldre/føresette få fritak frå faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Elevane skal få tilbod om alternativ undervisning.
Elevar som har fylt 15 år, avgjer sjølv spørsmålet om fritak og klage. »
Disse medlemmer vil på denne bakgrunn fremme forslag om å videreføre dagens livssynsundervisning og be departementet utarbeide nye læreplaner for livssynsundervisningsfaget. I påvente av faget videreføres de eksisterende læreplaner:
« Stortinget ber Regjeringen utarbeide nye læreplaner for livssynsfaget. De eksisterende læreplaner videreføres i påvente av nye læreplaner. »
Komiteens medlemmer fra Høyre, Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen vil opprettholde samme regler for fritak for elever og lærere.
2.2.4 Om klagerett
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, vil gå imot framlegget frå Regjeringa om klagerett over opplæringa i § 13 nr. 9 andre ledd. Fleirtalet har merka seg at lagdomar Møse i si utgreiing peiker på kor viktig det er for den ssom meiner at retten hans er krenkt, kan vende seg til ein nasjonal prøvingsinstans for å få spørsmålet avgjort. Denne prøvingsretten følgjer av Den europeiske menneskerettighetskonvensjon og FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Fleirtalet har vidare merka seg at departementet av denne årsak legg opp til ein særskild klagerett over innhaldet i opplæringa i faget og i saker om fritak.
Fleirtalet vil vise til at foreldre har ein generell klagerett over enkeltvedtak i grunnskulen etter forvaltningslova og grunnskolelova. Dette åpnar for klagerett knytta til einskildvedtak om fritak, men gir ikkje utan vidare rett til å klage over innhaldet i opplæringa i faget.
Eit fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, finn det ikkje grunngjeve at det ordinære skulefaget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering står i noka særstilling i høve til andre skulefag når det gjeld innhaldet i opplæringa. Dette fleirtalet kan heller ikkje sjå at det skulle vere noko sakleg grunnlag for å klage på innhaldet i opplæringa i faget når det er mogleg for elevar å få fritak frå dei delar av undervisninga ved den einskilde skulen som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn, slik dette fleirtalet gjer framlegg om i andre ledd. Dette fleirtalet meiner vidare ein slik prøvingsrett på einskildvedtak er tilstrekkeleg godtgjord etter forvaltningslova og grunnskolelova. Dersom ein ønskjer ein generell klageordning over innhaldet og opplæringa i dei ulike faga i grunnskulen, vil dette fleirtalet peike på at dette er ei ny og vidtfemnande problemstilling som treng nærare vurdering i samband med handsaminga av ei ny samla opplæringslov.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen viser til lagdommer Møse sin utredning der han konkluderer i spørsmålet om en nasjonal prøvingsrett:
« Menneskerettighetskonvensjonene krever ikke bare at statene skal gjennomføre rettighetene i nasjonal rett. Viktig er også at den som mener at hans rett er krenket, kan henvende seg til en nasjonal prøvningsinstans for å få avgjort spørsmålet. Dette følger av EMK artikkel 13 og SP artikkel 2 (3) (a) om et « effective remedy ». Foreligger ingen slik prøvingsrett, vil disse bestemmelser være krenket. |
Nasjonal prøvingsrett er også viktig av en annen grunn. Det er et vilkår for at tilsynsorganene kan realitetsbehandle klager at de nasjonale rettsmidler er uttømt, jf. EMK artikkel 26 og SP P1 artikkel 2 (exhaustion of domestic remedies). |
Kjernespørsmålet ved det nye faget er risikoen for at undervisningen ikke vil være nøytral og objektiv. Det er dermed viktig at det etableres et system for nasjonal prøving av undervisningens innhold. » |
Disse medlemmer viser til departementets vurdering, som understreker behovet for en nasjonal klageinstans ut fra de menneskerettslige forpliktelser vi har. Disse medlemmer finner det derfor uforståelig ut fra flertallets uttalte målsetting om å balansere de menneskerettslige forpliktelser flertallet angivelig har, at de går imot en prøveinstans slik departementet foreslår.
Disse medlemmer vil på denne bakgrunn, ut fra erkjennelse av at disse medlemmer prinsipielle tilnærming til det nye faget ikke samler flertall, sterkt understreke behovet for en slik prøveinstans departementet foreslår, og vil komme tilbake til dette under behandlingen av ny opplæringslov.
2.2.5 Andre endringar - § 41
Komiteen har merka seg at det ikkje lenger skal vere naudsynt med ein særkild gjennomgang av bøkene i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, finn grunn til å presisere at sjølv om den særskilde gjennomgangen av lærebøkene i dette faget vert oppheva, vil det framleis vera ei godkjenningsordning for lærebøkene, jamfør § 39 i grunnskulelova. Slik vert lærebøker i dette faget handsama på same måte som andre skulefag. Fleirtalet er samd i dette.
Komiteen syner til at lovendringane i samband med grunnskulereformen tek til å gjelde frå 1. juli 1997. Komiteen har merka seg at når det gjeld lovendringar som er knytte til faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, skal dei følgje same innføringstakt som det nye læreplanverket for grunnskulen, dvs. innføring over ein treårsperiode.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen, meiner at det ut frå den karakteren faget har og har hatt sidan 1969, ikkje lenger bør vere ein særskild rett for biskop, prest eller kateket til å vere til stades under undervisninga.
Fleirtalet gjer slikt framlegg:
« § 41 utgår. »
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti er kjent med at retten for biskop, prest og kateket til å være tilstede ved undervisning i realiteten ikke praktiseres. Disse medlemmer mener imidlertid at en eventuell fjerning av denne lovfestede rettigheten vil gi et uheldig signal, som vil kreve en mer omfattende behandling. Disse medlemmer vil komme tilbake til dette i forbindelse med opplæringsloven.
2.3 Om valg av skole - § 13
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, viser til Innst.O.nr.56 (1995-1996), jf. Ot.prp. nr. 40 (1995-1996) , der det samme flertallet « mener at hovedprinsippet etter grunnskoleloven er at elever skal gå på nærmeste skole. Flertallet ønsker ikke innføring av fritt skolevalg, men erkjenner at lovverket kan tolkes ulikt på dette punkt. Flertallet forutsetter at denne problemstillingen blir belyst ved behandlingen av opplæringsloven ».
Siden forslaget til ny opplæringslov ikke blir behandlet i inneværende stortingsperiode, vil flertallet endre grunnskolelovens § 13 slik at barnet ikke gis rett til å gå på en annen skole enn nærmiljøskolen, og slik at kommunen sikrer barnets rett til å gå på nærmeste skole.
Flertallet vil legge stor vekt på hensynet til enhetsskolen og et likeverdig skoletilbud. Fritt skolevalg kan utvikle eliteskoler, særlig i de større byene. Flertallet vil også understreke at retten til å gå på nærmeste skole og forbud mot fritt skolevalg vil kunne styrke grendeskoler og fådelte skoler.
Flertallet vil på denne bakgrunn foreslå følgende:
« § 13 nr. 1 første og andre ledd skal lyde:
Born og ungdom har rett og plikt til å gå i grunnskolen, dersom dei ikkje på annan måte får tilsvarande undervisning.
Elevar skal til vanleg skrivast inn ved den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Etter søknad kan elevar takast inn på annan skole.
Noverande andre ledd blir tredje ledd. »
Flertallet vil med dette klargjøre prinsippet om at en grunnskoleelev skal ha rett til å gå på den nærmeste skolen. Det vil si at arbeidet til kommunen med å fordele elevene mellom de tilgjengelige skolene skal ta utgangspunkt i et prinsipp om at eleven skal gå på den nærmeste skolen.
Vurderingen av hvilken skole som er nærmest, skal ta utgangspunkt i geografiske forhold, men skal også ta hensyn til andre relevante forhold, for eksempel om søsken er plassert på den samme skolen, kapasiteten på skolene og om skoleveien er farlig.
Flertallet vil gå imot å innføre noen rett til fritt skolevalg. Etter begrunnet søknad må imidlertid en elev kunne tas inn på en annen skole enn den skolen som ligger nærmest, eller den skolen i nærmiljøet som eleven sokna til.
Flertallet vil presisere at retten til å gå på den nærmeste skolen også vil gjelde når eleven går over til en annen skole, for eksempel fra barneskolen til ungdomsskolen.
Flertallet mener at nærhetsprinsippet til vanlig også skal gjelde elever som trenger spesialundervisning. I de aller fleste tilfeller kan spesialundervisning gis på den skolen eleven sokner til. Flertallet viser likevel til at enkelte elever kan trenge et undervisningstilbud eller læringsmiljø som ikke alle skoler kan settes i stand til å tilby, noe som ofte vil være tilfelle for f.eks. tegnspråkopplæring.
Flertallet vil likevel understreke prinsippet om at ingen kan tvinges til å ta imot spesialundervisning, heller ikke til å ta imot denne opplæringen på en annen skole enn den nærmeste.
Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen mener flertallets forslag til vedtak strider mot foreldreretten og er et angrep på det lokale selvstyret.
Det er bred enighet om at barn skal sikres plass ved nærskolen. Spørsmålet er om foreldre som ønsker at deres barn skal gå på en annen skole, skal gis en slik mulighet, eller om kommune og stat skal nekte foreldrene dette. Disse medlemmer mener det er meget overraskende at partier som i andre sammenhenger begrunner sine standpunkter med foreldreretten, vil frata eller hindre foreldre muligheten til å bestemme hvilken skole barna skal gå på.
Det er et grovt angrep på det lokale selvstyre når flertallet vil bruke norsk lov for å hindre at kommuner innfører fritt skolevalg.
Disse medlemmer mener at fritt skolevalg er viktig av mange grunner:
- | Det gir foreldre mulighet til å foreta aktive valg. For noen vil det være å velge bort et tilbud enten fordi tilbudet er for dårlig eller at barna er utrygge ved skolen. For andre vil valgfriheten innebære at foreldrene velger et tilbud fordi de mener at en skole har et tilbud som passer deres barn. |
- | Det fremmer sosial mobilitet og kan motvirke såkalte «ghettoskoler». |
- | Det vil innebære at kommunen og skolen må bli mer lydhøre overfor skolens brukere. |
Disse medlemmer viser til at flere land praktiserer fritt skolevalg. Erfaringene fra Danmark og Sverige er at bare en liten andel bruker denne rettigheten, men at eksistensen av valgfrihet er viktig både for foreldre og skolen. Disse medlemmer vil komme tilbake til denne problemstillingen ved behandling av opplæringsloven.
2.4 Rett til opplæring for barn av asylsøkere og elever fra språklige minoriteter - § 13
Komiteen vil foreslå å gi barn av asylsøkere lovfestet rett og plikt til grunnskoleutdanning når det er sannsynlig at barnet skal være i Norge mer enn tre måneder. Det skal ikke være avgjørende for retten til grunnskoleopplæring om oppholdet er lovlig eller ikke.
Komiteen vil på denne bakgrunn foreslå følgende tillegg i § 13:
« § 13 nytt nr. 4 skal lyde:
Retten til grunnskoleopplæring gjeld når det er sannsynleg at barnet skal være i Noreg i meir enn tre månader. Plikta til grunnskoleopplæring byrjar når opphaldet har vart i tre månader. Departementet kan i særlege tilfelle frita elevar frå denne plikta.
Noverande nr. 5-10 blir nr. 6-11. »
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre, vil videre foreslå at det gis en lovhjemmel til å fastsette forskrifter om opplæring for elever fra språklige minoriteter.
Flertallet vil foreslå flg. tillegg i § 13:
« § 13 nytt nr. 12 skal lyde:
Departementet gir forskrifter om plikt for kommunane til å gi særleg opplæring for elevar frå språklege minoritetar. »
Komiteen viser for øvrig til Stortingets forestående behandling av St.meld. nr. 17 (1996-1997) Om innvandring og det flerkulturelle Norge.
Komiteens medlem representanten Christiansen vil peke på at det er en rekke viktige problemstillinger knyttet til opplæring for elever fra språklige minoriteter som burde drøftes i Stortinget og ikke kun overlates til departementet å ta stilling til. Dette medlem vil spesielt påpeke spørsmål om hvilke elever som skal få opplæring i eget morsmål enten fordi det dreier seg om for små språk, språk som ikke brukes skriftlig i deres eget hjemland, eller språk som avviker fra det offisielle språket i hjemlandet. Dette er problemstillinger som bør drøftes uavhengig av om man ønsker at morsmålet skal brukes som redskapsspråk eller det skal ha en selvstendige status i opplæringen. Videre er det et spørsmål om det antall språk som skal kunne gis som tilvalgsspråk på ungdomstrinnet, skal begrenses til enkelte større språk eller ikke. Dette medlem forutsetter at en lovhjemmel til å fastsette forskrifter om opplæring for elever fra språklige minoriteter ikke innbefatter en rett for departementet til å ta avgjørelser i slike prinsipielle spørsmål.
2.5 Klassen - § 5
Komiteen viser til klassen som den samlende enhet på den enkelte skole. Klassen skal være en møteplass på tvers av sosiale, økonomiske og evnemessige forhold og kjønn. Klassen skal på denne måten utvikle den gjensidige respekten og toleransen elevene skal ha for hverandre.
Komiteen understreker at klasseinndelingen i grunnskolen fortsatt skal skje med utgangspunkt i aldersmessige forhold. Blant annet skal kjønn og forutsetningene til den enkelte eleven som hovedregel ikke være relevant for sammensetningen av klassen.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, vil på denne bakgrunn foreslå at følgende tas inn i § 5 som nytt nr. 1:
« § 5 nytt nr. 1 skal lyde:
Alle elevar har rett til å høyre til ein klasse. For bestemte delar av opplæringa kan elevane organiserast på andre måtar. Organiseringa skal til vanleg ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhøyrsel.
Kvar klasse skal ha ein klassestyrar med særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen, m.a. kontakten med heimen.
Noverande nr. 1 og 2 blir nr. 2 og 3. »
Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen foreslår flg. tatt inn i § 5 som nytt nr. 1:
« § 5 nytt nr. 1 skal lyde:
Alle elevar har rett til å høyre til ein klasse. For bestemte delar av opplæringa kan elevane organiserast på andre måtar.
Kvar klasse skal ha ein klassestyrar med særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen, m.a. kontakten med heimen.
Noverande nr. 1 og 2 blir nr. 2 og 3. »
2.6 Kommunale musikk/kulturskoler - ny § 42c
Komiteens flertall, alle unntatt representanten Christiansen, viser til at Stortinget ved flere anledninger har bedt om en lovforankring av kommunale musikkskoler. Flertallet vil vise til B.innst.S.nr.12 (1995-1996), der det heter:
« Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemet frå Framstegspartiet, viser til at gode musikkskular er bygde opp i eit fleirtal av kommunane i landet, men framleis finst det kommunar som ikkje har eit musikkskuletilbod. Fleirtalet viser til B.innst.S.nr.12 (1995-1996), der komitefleirtalet, alle unnateke representanten Christiansen, uttalte: |
« Flertallet mener at det vil tjene musikkskolene og de ulike instanser ansvar og arbeid om musikkskolene forankres i lovverket. » |
Fleirtalet er kjent med at det i nokre enkeltkommunar også finst kunstskular med eit større spekter av aktivitetar, og imøteser ei utviding av aktivitetane i musikk- og kunstskular, slik at dei utviklar seg til kulturskuler, utan at det skal skje på kostnad av den nåverande musikkundervisninga. Kulturskulane må finansierast gjennom ein kombinasjon av statlege løyvingar, kommunale løyvingar og eigedelar frå brukarane. Eigedelane må ikkje vere så høge at nokon vert stengde ute frå tilbodet. » |
Flertallet vil på denne bakgrunn foreslå at kommunale musikkskoler inntil videre omtales som musikk/kulturskoler. Flertallet vil videre foreslå at musikk/kulturskolen lovforankres ved at følgende tekst tas inn i grunnskoleloven som ny paragraf:
« Ny § 42c skal lyde:
Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk/kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles. »
Komiteens medlem representanten Christiansen mener de områdene som sortere under grunnskoleloven, prinsipielt bør avgrenses til å gjelder forhold som har med den obligatoriske 10-årige grunnskole å gjøre. Dette medlem vil peke på at musikkskoler er en frivillig aktivitet på linje med andre fritidsaktiviteter som tilbys barn og unge, så som eksempelvis idrett og speidervirksomhet. Dette medlem vil derfor gå imot å legge en lovfesting av et slikt frivillig tilbud inn under denne loven og vil derfor stemme mot forslaget.
2.7 Annan bruk av skolelokale
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, meiner det ikkje er naudsynt å gjere endringar i § 10 nr. 4 andre ledd, jf. nedanfor. Fleirtalet syner til at dei fleste skulefaglege instansar og foreldra ønskjer å halde på forbodet mot å skjenke alkohol på skular og kombinerte anlegg. Fleirtalet finn vidare grunn til å peike på faren for at kommersielle aktivitetar skal få gå føre friviljug og ideell verksemd forankra i nærmiljøet når det gjeld bruken av skulebygga. Fleirtalet ønskjer ikkje ei slik utvikling, og meiner skuleleiinga bør prioritere friviljug og ideell verksemd i skulelokala.
Fleirtalet vil elles kome attende til spørsmål knytta til utleige av skular og kombinerte anlegg og kva desse kan nyttast til i samband med den komande handsaminga av utdanningslova.
Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen deler lovens intensjon om at skoleanlegg bør brukes til andre formål utenom skoletiden. Loven nevner spesielt kulturelle og sosiale formål, noe som også innebærer at skolelokalene kan leies ut og skaffe skolen/kommunen en kjærkommen ekstrainntekt. Disse medlemmer mener imidlertid at den begrensning som ligger i at det ikke under noen omstendighet er mulig å servere alkohol i lokalene, gjør dem mindre aktuelle for mange utleiere. Disse medlemmer mener det bør være mulig å søke om ambulerende skjenkebevilgning også ved sosiale tilstelninger i skolelokaler dersom disse ligger utenom skoletiden, og det dreier seg om tilstelninger hvor elever ikke er til stede. Slike forutsetninger kan legges til grunn for tildeling av slik bevilling.
Disse medlemmer vil derfor fremme følgende forslag:
« § 10 nr. 4 tredje ledd skal lyde:
På skolar og i kombinerte anlegg for skole og andre føremål må det ikkje i skoletida eller i samanhengar der elevar er til stades, serverast alkohol eller takast med alkohol til nyting. »
2.8 Foreldra sin rett til å ta avgjerd om skolestart
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, og Sosialistisk Venstreparti, viser til at Stortinget seinare skal handsame ny opplæringslov og meiner dette spørsmålet blir å ta opp i den samanhengen.
Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og representanten Christiansen mener at det bør være opp til barnets foreldre å vurdere om deres barn skal starte på skolen senere enn det som er hovedregelen, da foreldrene må være dem som er best egnet til å vurdere om barnet er tilstrekkelig skolemodent eller ei. Disse medlemmer vil derfor fremme følgende forslag:
« § 13 nr. 2 andre punktum skal lyde:
Foreldre kan, etter samråd med skolen, ta avgjerd om at eit barn kan starte skolen eitt år seinare. »
2.9 Målform i skolen
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, vil oppretthalde § 40 nr. 5, jf. nedanfor.
Eit fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, viser til at bokmål og nynorsk er jamstilte skriftspråk i Noreg. Av språkpolitiske og skulepolitiske grunnar meiner dette fleirtalet at det ikkje er rett eller ønskjeleg å ta bort opplæringa i sidemål.
Komiteens medlem representanten Christiansen mener pålegget om at elever i norsk skole er pliktig til å lære seg å skrive på såvel bokmål som nynorsk, er med på å redusere elevens evne til god språkføring, ortografi og grammatikk. Dette medlem mener det norske språk er tjent med at elevene kun pålegges ett skriftspråk. Dette medlem vil derfor fremme følgende forslag:
« § 40 nr. 5 utgår. Nåværende nr. 6 og 7 blir nytt nr. 5 og 6. »
2.10 Andre forslag til endringar
Reglement og bortvising
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, viser til at Stortinget seinare skal handsame ny opplæringslov og meiner at andre lovendringar blir å ta opp i den samanhengen.
Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen vil peke på at grunnskoleloven gjelder skolegang for barn i alder 5 år. Disse medlemmer mener begrensningen på bortvisning ikke tar hensyn til at enkelte elever i den øvre aldersgruppen i noen tilfeller ikke lar seg håndtere av skolen og derigjennom kan ødelegge skolegangen for en hel klasse. Disse medlemmer mener det bør være mulig å bortvise denne typen elever på ungdomstrinnet i inntil en uke.
Disse medlemmer vil derfor fremme følgende forslag:
« § 16 annet ledd tredje punktum skal lyde:
Bortvisning kan ikkje nyttast for meir enn 3 dager på barnesteget og ei veke på ungdomssteget. »
Lærebøker
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, viser til at Stortinget seinare skal handsame ny opplæringslov og meiner at andre lovendringar blir å ta opp i den samanhengen.
Komiteens medlem representanten Christiansen mener det er en overlevning fra et totalitært tankesett at departementet skal godkjenne lærebøkene. Dette medlem vil peke på at brukerne, i dette tilfellet lærere, elever og foreldre, har ulike lærebøker å velge mellom og at lærebokprodusentenes egeninteresse tilsier at man søker å gjøre disse så gode som mulig. Videre mener dette medlem det er en unødig kostnadsfaktor å kreve at samtlige lærebøker skal foreligge på bokmål og nynorsk til samme tid og til samme pris. Dette kravet er med på å gjøre bokproduksjonen dyrere enn nødvendig. Dette medlem fremmer derfor forslag om at § 39 nr. 1 utgår, og nåværende nr. 2 blir nytt nr. 1, endret slik:
« § 39 nr. 1 skal lyde:
Når det ikkje gjeld lærebokverk i morsmålet, kan foreldre til kvar einskild elev velje om eleven skal nytte nynorsk- eller bokmålutgåva dersom læreboka ligg føre i båe målformer.
Nåværende nr. 3 og 4 blir nr. 2 og 3. »
Fråvik frå lova
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, viser til at Stortinget seinare skal handsame ny opplæringslov og meiner at andre lovendringar blir å ta opp i den samanhengen.
Komiteens medlem representanten Christiansen vil påpeke at grunnskolen er et kommunalt ansvarsområde. Det vil være ulike behov og ønsker i de enkelte kommuner, og en ensartet løsning for samtlige av landets kommuner vil føre til at gode løsninger en rekke steder ikke lar seg gjennomføre, noe som i siste omgang vil skade barna. Dette medlem mener derfor at loven bør være deklaratorisk såfremt hensynet til barna legges til grunn ved avvik, og mener derfor det må være opp til den enkelte kommune å organisere skolene på annen måte enn det loven forutsetter. Dette medlem vil derfor fremme følgende forslag:
« Ny § 47 skal lyde:
Lova kan fråvikast ved søknad til departementet etter vedtak i den einskilde kommune. »
Private skolar
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser også her til at Stortinget seinare skal handsame ny opplæringslov.
Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og representanten Christiansen mener private skoler representerer et viktig supplement til det offentlige skoleverket. Disse medlemmer mener prinsipielt at alle søknader om opprettelse av private skoler bør godkjennes såfremt de oppfyller de krav til undervisningen som er satt, men erkjenner at denne debatten hører hjemme i en eventuell endring av privatskoleloven.
Disse medlemmer vil peke på at grunnskoleloven § 14 slår fast at alle skoler som er startet som et faglig-pedagogisk alternativ, skal godkjennes etter privatskoleloven. Dette gir disse skolene en særskilt rett fremfor skoler som er startet på religiøs/etisk grunnlag. Disse medlemmer mener dette er en uakseptabel forskjellsbehandling, og vil på denne bakgrunn av dette fremme følgende forslag:
« § 14 nr. 2 tredje ledd skal lyde:
Private skolar som er skipa som eit fagleg-pedagogisk alternativ eller som er skipa av religiøse og/eller etiske grunnar som søkjer tilskot etter lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskolar eller private skolar som gjev vidaregåande opplæring, blir godkjende etter nemnde lov. »
Om eigen lov for private skolar
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at opplæringsloven ikke vil bli behandlet av dette Storting. Disse medlemmer vil be departementet om å legge til grunn at privatskoleloven skal opprettholdes som egen lov og ikke integreres i en felles opplæringslov. En egen lov gir en legitimitet og synliggjør de private skolenes basis i menneskerettighetene og gir de beste muligheter for en hensiktsmessig og praktisk lovregulering som samtidig er oversiktlig for brukergruppene. Det vises i den forbindelse til at det er forskjell i arbeidsgiver- og arbeidstakerforhold, økonomi og eierforhold ved offentlige og private skoler.
På denne bakgrunn vil disse medlemmer fremme følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringen om å legge til grunn at privatskoleloven skal opprettholdes som egen lov og ikke integreres i en felles opplæringslov. »
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til at opplæringsloven ikke skal behandles av det sittende Storting, og at spørsmålet om hvilke lover som skal inngå i opplæringsloven dermed er skjøvet ut i tid. Disse medlemmer vil vente med realitetsbehandling av spørsmålet inntil opplæringsloven fremmes på nytt overfor Stortinget.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at opplæringsloven ikke skal behandles av de sittende Storting, og at spørsmålet om hvilke lover som skal inngå i opplæringsloven dermed er skjøvet ut i tid. Dette medlem ser få gode grunner til et felles lovverk for skolen, men vil imidlertid avvente realitetsbehandling av spørsmålet til saken på ny fremmes for Stortinget.
Komiteens medlem representanten Christiansen viser til at komiteen har valgt ikke å behandle opplæringsloven Ot.prp.nr.36 (1996-1997).
Dette medlem deler oppfatningen om at lovverket bør synliggjøre de private skolene og sikre dem en legitimitet med basis i menneskerettighetene. Videre deler dette medlem den oppfatning at lovreguleringen av private skoler bør være oversiktlig for brukergruppene. Dette medlem vil imidlertid påpeke at det viktigste når det gjelder lovgivningen må være å sikre private skoler retten til å være et annerledes alternativ, og å sikre foreldre og elever retten til å velge seg ulike typer private skoler og til å etablere slike skoler. Det er etter dette medlems mening ikke kun i forhold til økonomi, eierforhold og arbeidsgiver- og arbeidstakerforhold private skoler skal kunne skille seg fra det offentlige. Også i forhold til formålsparagraf, pedagogikk, timefordeling, læreplaner og organisering bør private skoler stå langt friere enn de gjør i dag - og kun forutsettes å sørge for at elevene tilegner seg fastsatt basiskunnskap.
Hensikten med en egen privatskolelov må nettopp være å sikre private skoler muligheten til å skille seg fra de offentlige skolene. Dette medlem ser ingen grunn til å ha en egen privatskolelov dersom realitetene blir at privatskolene allikevel styres gjennom et like stramt lovverk som de offentlige. Dersom bestemmelsene stort sett skal være de samme uavhengig av skolens eierform, mener dette medlem det er like greit å regulere dette området gjennom en lov.
Dette medlem vil peke på at de partier som ønsker en egen privatskolelov har ulike oppfatninger av hvem som skal få drive private skoler. Videre hersker det heller ingen ensartet oppfatning i forhold til hvor sterk styringen av privatskolene skal være. Dette medlem mener dette er viktige punkter som må drøftes når man skal vurdere om en egen privatskolelov er fornuftig, og mener derfor dette spørsmålet bør drøftes i forbindelse med behandlingen av opplæringsloven som helhet.
Forslag fra Senterpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti:
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringen om å legge til grunn at privatskoleloven skal opprettholdes som egen lov og ikke integreres i en felles opplæringslov.
Forslag fra Høyre, Kristelig Folkeparti og representanten Christiansen:
Forslag 2
§ 13 nr. 2 andre punktum skal lyde:
Foreldre kan, etter samråd med skolen, ta avgjerd om at eit barn kan starte skolen eitt år seinare.
Forslag 3
§ 14 nr. 2 tredje ledd skal lyde:
Private skolar som er skipa som eit fagleg-pedagogisk alternativ eller som er skipa av religiøse og/eller etiske grunnar som søkjer tilskot etter lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskolar eller private skolar som gjev vidaregåande opplæring, blir godkjende etter nemnde lov.
Forslag fra Sosialistisk Venstreparti, representanten Christiansen og medlemmene Norvoll og Ausdal Starrfelt:
Forslag 4
§ 1 første ledd skal lyde:
Grunnskolen skal i forståing og samarbeid med heimen hjelpe til med å gje elevane ei felles etisk og moralsk oppseding, utvikle deira evner åndeleg og kroppsleg, og gje dei god allmennkunnskap så dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.
Forslag fra Høyre og representanten Christiansen:
Forslag 5
§ 5 nytt nr. 1 skal lyde:
Alle elevar har rett til å høyre til ein klasse. For bestemte delar av opplæringa kan elevane organiserast på andre måtar.
Kvar klasse skal ha ein klassestyrar med særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen, m.a. kontakten med heimen.
Noverande nr. 1 og 2 blir nr. 2 og 3.
Forslag 6
§ 10 nr. 4 tredje ledd skal lyde:
På skolar og i kombinerte anlegg for skole og andre føremål må det ikkje i skoletida eller i samanhengar der elevar er til stades, serverast alkohol eller takast med alkohol til nyting.
Forslag 7
§ 16 annet ledd tredje punktum skal lyde:
Bortvisning kan ikkje nyttast for meir enn 3 dager på barnesteget og ei veke på ungdomssteget.
Forslag fra Høyre:
Forslag 8
§ 13 nr. 9 skal lyde:
Born av foreldre som ikkje høyrer til Den norske kyrkja, skal vere heilt eller delvis fritekne for undervisning i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.
Elevar som har fylt 15 år, avgjer sjølv spørsmålet om fritak og klage.
Forslag 9
Stortinget ber Regjeringen legge følgende til grunn ved innføring av faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering:
1. | For skoleåret 1997-98 opprettholdes retten til helt eller delvis fritak fra faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Skolen plikter å gi elever som fritas fra faget en alternativ undervisning. |
2. | Regjeringen bes komme tilbake til Stortinget i løpet av høsten 1997 med nye prinsipper for fritak bygget på en todeling av faget: En del som vil være felles for alle elever, og en del som det kan søkes helt eller delvis fritak fra. |
Forslag fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen:
Forslag 10
§ 7 nr. 4 andre ledd skal lyde:
Elevar som er fritekne frå undervisning i kristendom med religions- og livssynsorientering, har rett til alternativ undervisning.
Forslag 11
§ 13 nr. 9 skal lyde:
Elevane skal etter skriftleg melding frå foreldre/føresette få fritak frå faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Elevane skal få tilbod om alternativ undervisning.
Elevar som har fylt 15 år, avgjer sjølv spørsmålet om fritak og klage.
Forslag 12
Stortinget ber Regjeringen utarbeide nye læreplaner for livssynsfaget. De eksisterende læreplaner videreføres i påvente av nye læreplaner.
Forslag fra representanten Christiansen:
Forslag 13
§ 39 nr. 1 skal lyde:
Når det ikkje gjeld lærebokverk i morsmålet, kan foreldre til kvar einskild elev velje om eleven skal nytte nynorsk- eller bokmålutgåva dersom læreboka ligg føre i båe målformer.
Nåværende nr. 3 og 4 blir nr. 2 og 3.
Forslag 14
§ 40 nr. 5 utgår. Nåværende nr. 6 og 7 blir nytt nr. 5 og 6.
Forslag 15
Ny § 47 skal lyde:
Lova kan fråvikast ved søknad til departementet etter vedtak i den einskilde kommune.
Komiteen viser til proposisjonen og til det som står over, og rår Odelstinget til å gjere slikt
I lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen blir det gjort følgjande endringar:
§ 5 nytt nr. 1 skal lyde:
Alle elevar har rett til å høyre til ein klasse. For bestemte delar av opplæringa kan elevane organiserast på andre måtar. Organiseringa skal til vanleg ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhøyrsel.
Kvar klasse skal ha ein klassestyrar med særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen, m.a. kontakten med heimen.
Noverande nr. 1 og 2 blir nr. 2 og 3.
§ 7 nr. 4 andre ledd og nytt tredje ledd skal lyde:
Undervisninga i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering skal:
- | gje grundig kjennskap til Bibelen og kristendommen som kulturarv og evangelisk-luthersk tru, |
- | gje kjennskap til andre kristne kyrkjesamfunn, |
- | gje kjennskap til andre verdsreligionar og livssyn, etiske og filosofiske emne, |
- | fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar og |
- | fremje forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål. |
Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er eit ordinært skolefag. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.
§ 13 nr. 1 første og andre ledd skal lyde:
Born og ungdom har rett og plikt til å gå i grunnskolen, dersom dei ikkje på annan måte får tilsvarande undervisning.
Elevar skal til vanleg skrivast inn ved den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Etter søknad kan elevar takast inn på annan skole.
Noverande andre ledd blir tredje ledd.
§ 13 nytt nr. 4 skal lyde:
Retten til grunnskoleopplæring gjeld når det er sannsynleg at barnet skal være i Noreg i meir enn tre månader. Plikta til grunnskoleopplæring byrjar når opphaldet har vart i tre månader. Departementet kan i særlege tilfelle frita elevar frå denne plikta.
Noverande nr. 5-10 blir nr. 6-11.
§ 13 nr. 9 skal lyde:
Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er eit skolefag som normalt skal samle alle elevar.
Eleven skal etter skriftleg melding frå foreldre/føresette få fritak frå dei delar av undervisninga ved den einskilde skolen som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn. Dette kan m.a. vere religiøse aktivitetar i eller utanfor klasserommet. Skolen skal ved melding om fritak, så langt det er råd og særleg på småskoletrinnet, søkje å finne løysingar ved å leggje til rette for differensiert undervisning innanfor læreplanen.
Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding som nemnd i andre leddet. »
§ 13 nytt nr. 12 skal lyde:
Departementet gir forskrifter om plikt for kommunane til å gi særleg opplæring for elevar frå språklege minoritetar.
§ 41 utgår.
Ny § 42c skal lyde:
Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk/kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.
Denne lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset. Kongen kan fastsetje at dei ulike delane av lova tek til å gjelde til ulik tid.
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 30. mai 1997. |
Jon Lilletun, | Siri Frost Sterri, |
leiar og ordførar. | sekretær. |