Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Samandrag

       Departementet gjer i proposisjonen framlegg om lovendringar som gjeld avgrensa fritak frå delar av opplæringa i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Bakgrunnen er at Stortinget i vedtak av 6. juni 1996, jf. Innst.O.nr.56 (1995-1996), ba Regjeringa gjere ei brei vurdering av fritaksretten knytt til det nye faget og leggje til grunn at grunnskolen sin formålsparagraf vert oppretthalden og at dei internasjonale konvensjonane som Noreg har slutta seg til, vert overhalde. Lagdommar Erik Møse si utgreiing om dette følgjer som vedlegg til proposisjonen.

       Når det gjeld grunnskolen sin føremålsparagraf, drøftar Møse det innhaldet som i dag ligg i paragrafen i høve til dei folkerettslege pliktene og til Grunnloven § 2. Møse meiner formuleringa om « kristen og moralsk oppseding », m.a. ut fra tolkinga i læreplanen, neppe i seg sjølv strir mot menneskjerettskonvensjonane. Men ho kan vere eigna til å verte mistydd. Grunnloven § 2 krev ikkje at kristendomsundervisning skal vere forkynnande. Lovgjevar kan derfor innføre eit fag der kristendom ikkje skal forkynnast. Departementet seier seg einig i Møse sine vurderingar og gjer framlegg om at føremålsparagrafen blir ført vidare i den nye opplæringslova, jf. Ot.prp.nr.36 (1996-1997).

       Departementet viser til at innhaldet i faget kristendomskunnskap med religion- og livssynsorientering er sentralt for vurderinga av kva rett til fritak som følgjer av konvensjonane. Departementet syner til tidlegare handsaming av faget som eit kunnskapsfag på line med skolefaga elles og til den presiseringa av innhaldet som vart teken inn i grunnskolelova i 1996, jf. Innst.O.nr.56 (1995-1996). Dei folkerettslege pliktene etter konvensjonane, den kvantitative fordelinga av stoffet og det kvalitative innhaldet i undervisninga i høve til desse krava er drøfta i Møse si utgreiing. Departementet legg etter dette til grunn at rettskjeldematerialet gir støtte for at faget ikkje er i strid med dei folkerettslege pliktene, men meiner det likevel er grunn til å få klarare fram krava i konvensjonane. Departementet gjer derfor framlegg om ei presisering i lovteksten om at kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er eit kunnskapsfag, og at opplæringa i faget ikkje skal være forkynnande.

       Departementet gjer framlegg om eit avgrensa fritak frå dei delane av faget som gjeld religiøse aktivitetar. Sjølv om faget i innhald ikkje strir mot konvensjonane, kan praktiseringa av faget likevel gjere at det er behov for fritak frå einskilde aktivitetar. Departementet har tidlegare gjort framlegg om rett til avgrensa fritak frå å seie fram truvedkjenningar eller bøner, delta i salmesong eller i andre religiøse aktivitetar, delta i dramatisering eller liknande og å være tilstades i ritual eller gudstenester i ulike trudomssamfunn, jf. Ot.prp. nr. 40 (1995-1996) . Departementet gjer i tillegg til dette framlegg om rett til avgrensa fritak frå å lære utanåt religiøse tekstar. Departementet presiserer at retten til avgrensa fritak og skal omfatte religiøse aktivitetar utanom faget. Dette gjeld til dømes skoleavslutning i kyrkja, salmesong i musikktimar og utarbeiding av illustrasjonar. Det er her tale om fritak frå å ta del i religiøse aktivitetar, ikkje fritak frå å kjenne innhaldet i desse.

       Møse peikar på at sjølv om rettskjeldematerialet gir støtte for at faget skal praktiserast nøytralt og objektivt, vil det likevel vere avgjerande om faget let seg gjennomføre og praktisere innanfor dei krav som følgjer av de folkerettslege pliktene. Dette føreset m.a. tilstrekkeleg kunnskap hjå personalet i skolane og tilstrekkeleg med læremiddel. Departementet viser i den samanheng m.a. til at planen for etterutdanning i faget snart ligg føre, at den metodiske rettleiinga i faget vil være ferdig til skolestart hausten 1997, og at det kjem eit eige informasjonsopplegg om faget til bruk for foreldre/føresette.

       Departementet foreslår ein særskild rett til å klage over at opplæringa er i strid med lov- og forskrifter knytte til faget. Klageretten skal òg omfatte den nærmare gjennomføringa av avgrensa fritak. Statens utdanningskontor er klageinstans. Departementet legg til grunn at klageretten òg vil gjelde i tilfelle der det ikkje ligg føre einskildvedtak slik forvaltningslova føreset. Departementet bør derfor ha heimel til å gi forskrifter om klagehandsaminga. Departementet vil kome attende til Stortinget med ei oversikt over praktiseringa av fritaksreglane når desse har vore i bruk i ein 3-årsperiode.

       Departementet meiner at Den norske kyrkja sin tilsynsrett ikkje kan sameinast med dei prinsipp som ligg til grunn for det nye faget. Departementet tek òg sikte på å oppheve forskrifta om at tre teologisk sakkunnige skal gå igjennom lærebøker i kristendomsfag. Nasjonalt læremiddelsenter har delegert mynde til å godkjenne lærebøker. Etter departementet si vurdering vil det ikkje lenger vere nødvendig med ein særskild gjennomgang av lærebøkene i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.

       Forslaga i proposisjonen vil ikkje ha nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.