Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

Lover på området for innsatsvarer i landbruket

       Noreg har idag fem sentrale lover på området for innsatsvarer i landbruket:

- Lov av 5. april 1963 nr. 9 om plantevernmiddel m.v.
- Lov av 14. mars 1964 nr. 1 om tiltak mot plantesjukdommar og skadedyr på planter (plantesjukdomslova)
- Lov av 4. desember 1970 nr. 82 om såvarer
- Lov av 4. desember 1970 nr. 83 om handel med gjødsel og jordforbedringsmidler m.v.
- Lov av 23. mars 1973 nr. 18 om tilsyn med fôrvarer.

Føremålet med lovframlegget

       Føremålet med lovframlegget er å gi heimel for innføring av internkontroll og internkontrollsystem på området for innsatsvarer i landbruket. Føremålet er også å gi heimel for å regulere fôrvarer tilverka til eige bruk. Vidare er føremålet å harmonisere føresegnene om rente ved forseinka betaling av avgifter etter lovene.

Tilsyn etter såvarelova

       Såvareforretningar skal ha statleg godkjenning etter såvarelova med forskrifter. Landbrukstilsynet er godkjenningsinstans på dette området. For å bli godkjend må forretningane oppfylle visse krav til fagkunnskap, teknisk utstyr og lager. Landbrukstilsynet kontrollerer at desse krava, samt krav til merking og føring av lagerbøker blir følgde, og at arbeidet elles blir utført på ein tilfredsstillande måte. Det blir teke ut stikkprøver av såvarene for analysar.

Tilsyn etter fôrvarelova

       Fôrvarelova gir heimel for tilsyn med fôrvarer til alle dyreslag. Landbrukstilsynet fører tilsyn med fôrvarer til alle dyreslag bortsett frå fisk, medan Fiskeridirektoratets kontrollverk fører tilsyn med fôr til fisk og andre akvatiske organismar.

Tilsyn etter lov om handel med gjødsel og jordforbedringsmidler m.v.

       Etter lov om handel med gjødsel og jordforbedringsmidler m.v. med forskrifter skal alle verksemder som tilverkar, innfører og omset gjødselvarer melde frå til Landbrukstilsynet og vere registrert etter varetype. Alle gjødselvareprodukt skal godkjennast av Landbrukstilsynet før dei kan marknadsførast og omsetjast i Noreg.

Tilsyn etter plantevernmiddellova

       Plantevernmiddel som skal omsetjast og brukast i Noreg må vere godkjende av Landbrukstilsynet. Før godkjenning blir gitt, blir det enkelte produkt undergitt ei omfattande vurdering i Landbrukstilsynet med omsyn til agronomisk verknad, effekt på menneske, dyre- og planteliv og miljøet elles. Landbrukstilsynet fører tilsyn med verksemder som tilverkar, innfører eller omset plantevernmiddel. Tilverkar må ha løyve frå Landbruksdepartementet, medan verksemder som vil innføre eller handle med plantevernmiddel må ha løyve frå Landbrukstilsynet.

Tilsyn etter plantesjukdomslova

       Landbrukstilsynet fører tilsyn med at import av planter og plantedelar, bortsett frå frø, er i samsvar med krava i plantesjukdomslova med forskrifter. Tilsynet skal hindre at det blir innført farlege eller viktige planteskadegjerarar saman med varene. Kontrollen med planter og plantedelar er i stor grad basert på internasjonale avtalar om kontroll og utskriving av plantehelsesertifikat i eksportlandet.

Nærare om lovframlegget

       Landbruksdepartementet ynskjer å innføre internkontroll som tilsynsform på området for innsatsvarer i landbruket. Det er difor utarbeidd eit framlegg om lovendringar som gir heimel til å innføre ei slik tilsynsform. Dette gjeld dei lover som er nemnt ovanfor. Departementet ønskjer òg å utvide virkeområdet for fôrvarelova slik at lova ikkje berre gjeld tilverking av fôrvare med tanke på sal, men òg tilverking til eige bruk. Det er dessutan naudsynt å harmonisere føresegnene i dei nemnte lovene om innkrevjing av avgift og innkrevjing av renter dersom avgifta ikkje blir innbetalt til rett tid.

       Både offentlege og private verksemder har sjølvstendig plikt til å sjå til at ulike typar krav som eit tilsynsorgan rettar mot verksemda blir overhaldne. Innføring av internkontroll inneber at verksemdene som skal kontrollerast må etablere systematiske tiltak for å sjå til at krava frå tilsynsstyremakta blir følgde og at den enkelte verksemd må kunne dokumentere at slike systematiske tiltak er etablerte.

       Bruk av internkontroll vil bidra til å klargjere ansvarsforholdet mellom styremakt og verksemd. Ved tradisjonelle tilsynsformer kan det oppstå uklare situasjonar i dette ansvarsforholdet, til dømes ved at kontrollen blir teke som ein garanti for at « alt er i orden ». Ved internkontroll blir det understreka at verksemda har eit sjølvstendig ansvar for å følgje vedkomande lov eller forskrift uavhengig av kontrollen styremaktene utfører.

       Bruk av internkontroll vil òg kunne føre til betre koordinering mellom ulike tilsynsetatar. På sektoren for innsatsvarer kan ein tenke seg ei betre samordning mellom tilsynet for å sikre etterleving av regelverket for kvaliteten på innsatsvarer og tilsynet etter forskrift om internkontroll, som skal sikre etterleving av krav med omsyn til helse, miljø og tryggleik.

Administrative og økonomiske konsekvensar

       Ein legg til grunn at ei omlegging av tilsynsstrategien skal skje innanfor dei noverande ressursmessige rammene. Overgangen til å stille krav til verksemdene sine system og rutiner og til å føre kontroll med dette, vil dermed krevje ei omprioritering av tilsynsstyremaktene sine ressursar. Mellom anna for å sikre naudsynt innsikt og kompetanse i oppfølging av verksemdene si utøving av plikta til internkontroll reknar ein med at tilsynsorgana kan bruke ein del ressursar på å rettleie verksemdene. Det er ein føresetnad at bransjeorganisasjonane tek aktivt del i dette arbeidet.

       Frigjeringa av ressursar som følgje av mindre detaljtilsyn, vil føre til at det offentlege sine ressursar kan nyttast på ein meir effektiv måte innan ramma av eit tilsyn basert på internkontrollprinsippet.

       Ei utviding av virkeområdet til fôrvarelova vil innebere ein auke i talet på anlegg som skal kontrollerast. Omlegging til tilsyn basert på internkontroll vil likevel gjere det mogleg å utføre kontrollverksemda innanfor dei noverande ressursrammene. For tilverkarar av fôrvare til eige bruk vil det bli eit utvida tilsyn samanlikna med situasjonen i dag. Kontrollen av anlegg som tilverkar fôr til eige bruk vil bli finansiert gjennom kontrollavgifter.