Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling frå næringskomiteen om lov om endringar i lov av 27. november 1992 nr. 117 om offentleg stønad.

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 74 (1995-1996)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 39 (1995-96)
  • Dato: 04.06.1996
  • Utgiver: næringskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

       OECD-avtalen om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien (OECD-avtalen) og WTO/GATT-avtalen om subsidiar og utjamningsavgifter (WTO/GATT-avtalen) gjer det naudsynt med nokre endringar i lov av 27. november 1992 nr. 117 om offentleg stønad.

       Lova om offentleg stønad vart vedteke for å sikra at dei pliktene Noreg har etter EØS-avtalen når det gjeld å føra kontroll med offentlege stønadsordningar, jf. Ot.prp. nr. 73 (1991-1992) , vert etterlevde.

       Lova om offentleg stønad sikrar at alle stønadsordningar som omfattast av EØS-avtalen vert melde til departementet og at stønad utbetalt i strid med regelverket kan krevjast attendebetalt.

       Ved OECD-avtalen har Noreg forplikta seg til å føra kontroll med stønadsordningar og skadeleg prisfastsetjing i skipsbyggingsindustrien. Avtalen om normale forhandlingsvilkår i skipsbyggingsindustrien vart forhandla ferdig 17. juni 1994 og vart, saman med sluttakta til avtalen, underteikna 21. desember same året i OECD i Paris. For ytterlegare informasjon, sjå St.prp. nr. 64 (1994-1995) Om samtykke til ratifikasjon av avtalen om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien. Noreg, EU og Sør-Korea har no ratifisert avtalen, medan Japan og USA ennå ikkje har ratifisert.

       Ved WTO/GATT-avtalen er det gjeve internasjonale reglar om kva for subsidiar som er tillatne og kven det kan iverksetjast tiltak mot. I Uruguay-runden vart avtalen om subsidiar og utjamningsavgifter reforhandla. Avtalen vart opprinneleg framforhandla under den siste forhandlingsrunden i GATT, Tokyo-runden, og har verka sidan 1980 for ein avgrensa krins av GATT sine medlemsland. I og med skipinga av WTO vil avtalen gjelda for alle medlemsland.

       Etter som OECD-avtalen om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien og WTO/GATT-avtalen om subsidiar og utjamningsavgifter, på same måten som EØS-avtalen, er folkerettslege avtalar som staten er part i, er det nødvendig med ei eiga fullmakt i lovs form for å kunna innfri dei pliktene Noreg har etter avtalane. Det er såleis naudsynt med ein eigen heimel til å gjennomføra krav om attendebetaling av allereie utbetalt stønad, og heimel til å henta inn all naudsynt informasjon om den stønaden som vert gjeven.

       Departementet meiner at endringane ikkje vil ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.


       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Kari Meløy, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, har merka seg at lovendring er naudsynt for at Noreg skal fylgje opp OECD-avtalen om skipsverftsstøtte og WTO/GATT-avtalen om subsidier og utjamningsavgifter. Komiteen syner til dei respektive partia sine standpunkt i Innst.O.nr.16 (1992-1993), jf. Ot.prp. nr. 73 (1991-1992) og Innst.S.nr.22 (1995-1996), jf. St.prp. nr. 64 (1994-1995).

       Komiteen legg til grunn at OECD-avtalen vert ratifisert i løpet av kort tid slik at den vert gjeldande for dei største skipsbyggingslanda.

       Komiteen har merka seg at lovheimelen også vil omfatte løyve til å gjennomføre krav om attendebetaling av allereie utbetalt stønad. Komiteen vil be departementet ha ei særleg aktsemd på dette område, slik at verksemder/personar ikkje vert forskjellsbehandla. Komiteen syner til at OECD-avtalen tillet ordningar med CIRR-finansiering, og at dei fleste viktige skipsbyggingsnasjonar har innført denne ordninga. Komiteen vil kome attende til desse spørsmåla i samband med innstilling til St.meld. nr. 28 (1995-1996) « Hvor fartøy flyte kan ... »

       Komiteen viser til det som står framanfor og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov
om endringer i lov av 27. november 1992 nr. 117 om offentlig støtte.

I.

       I lov av 27. november 1992 nr. 117 om offentlig støtte gjøres følgende endringer:

§ 1 skal lyde:

       Loven omfatter alle offentlige støttetiltak som faller innenfor virkeområdet av EØS-avtalen artikkel 61, OECD-avtalen om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien og WTO/GATT-avtalen om subsidier og utjevningsutgifter.

       Kongen kan beslutte at loven skal gis anvendelse ved gjennomføring av andre internasjonale avtaler som Norge er forpliktet etter.

§ 2 skal lyde:

       Offentlige støttetiltak som faller innenfor virkeområdet av EØS-avtalen artikkel 61 eller OECD-avtalen om normale konkurranseforhold i skipsbyggingsindustrien, må meldes til departementet av den som skal yte støtten før støttetiltaket kan settes i verk. Departementet kan kreve fremlagt den informasjon som finnes påkrevet for å kontrollere at reglene gitt i medhold av denne lov overholdes.

       Departementet kan pålegge støttegiver å utarbeide rapporter over tildeling av støtte som faller innenfor virkeområdet i § 1.

       Kongen kan gi nærmere regler om hvilke støtteordninger som omfattes av meldeplikten, fristen for melding og hvilke opplysninger som kan kreves fremlagt.

§ 3 skal lyde:

       Dersom meldepliktig støtte i henhold til EØS-avtalens artikkel 61 er utbetalt før EFTAs overvåkingsorgan har godkjent meldingen, eller EFTAs overvåkingsorgan finner at støtten er i strid med EØS-avtalens regler om offentlig støtte, kan støtten kreves tilbakebetalt.

       Utbetalt støtte kan også kreves tilbakebetalt dersom departementet finner at støtten er i strid med andre internasjonale avtaler som nevnt i § 1, eller støtten ved en folkerettslig bindende avgjørelse for Norge er funnet å være i strid med avtalene.

       Departementet kan bestemme at beløpet som skal betales tilbake skal inkludere renter. Kongen kan gi nærmere regler om vilkårene for og gjennomføringen av slik tilbakebetaling.

II.

       Loven trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer.

Oslo, i næringskomiteen, den 4. juni 1996.

Svein Ludvigsen, Lars Gunnar Lie, William Engseth,
leiar. ordførar. sekretær.