Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Samandrag

       Proposisjonen inneheld forslag om å gje staten heimel i einskilde høve til å kunne omdisponere ferjemateriell i avgrensa tid, dersom det ikkje lukkast å kome fram til friviljuge avtalar med ferjeleiarlaga om mellombels utleige av materiell.

Bakgrunnen for forslaget

       Tidvis oppstår det behov for å omdisponere ferjemateriell for å få til ei forsvarleg trafikkavvikling. Det har særleg oppstått avviklingsvanskar som følgje av ekstraordinær trafikkauke, havari, ras og vegbrot av ulike årsaker.

       Ferjedrifta er på same måte som annan rutedrift styrt gjennom krav om løyve etter samferdselslova. Det ligg føre større grad av offentleg styring i ferjedrifta enn i annan transport som vert driven med tilskot frå det offentlege. Staten medverkar gjennom statsgarantiordninga til finansiering av materiell.

       I ulike samanhangar vert ferjene rekna som ein del av vegnettet. Det er likevel slik at ferjedrifta i hovudsak er basert på private reiarlag eller reiarlag utan direkte offentleg styring.

       Omsynet til å avgrense tilskotstrongen til ferjedrifta gjer det naudsynt m.a. med ein stram investeringspolitikk i ferjesektoren, noko som tilseier effektiv bruk av den samla ferjeflåten.

       Ifølgje B.innst.S.nr.14 (1995-1996) ønskjer fleirtalet ikkje å gje lovheimel for tvangsbruk slik Samferdselsdepartementet skisserte i St.prp. nr. 1 (1995-1996).

Høyring

       Departementet sende 19. januar 1996 lovframlegget til eventuelle merknader til nokre av departementa, fylkeskommunane, Vegdirektoratet, Rederienes Landsforening, organisasjonane for dei tilsette i reiarlag og Transportbrukernes fellesorgan.

       Fråsegner frå høringsinstansane er tekne inn i proposisjonen.

Generelle merknader

       Departementet vil peike på at hovudregelen bør vere at disponering av ferjemateriell innan riksvegferjedrifta framleis skal vere basert på avtaleløysingar mellom reiarlag og vegstyresmaktene. Når det likevel blir gjort framlegg om heimel for å kunne gje pålegg om utleige av ferjemateriell, har dette to hovudgrunnar. For det første kan det tenkjast tilfelle der forhandlingar ikkje fører fram, t.d. fordi det ikkje blir oppnådd semje om leigevederlaget. For det andre kan omstenda vere slik at omdisponering må gjerast utan at det er tid til forhandlingar. Departementet vil òg peike på at ein slik heimel i seg sjølv kan bidra til at det lettare enn elles kan bli semje om avtaleløysingar om ferjedisponering.

       Alternativa til omdisponeringsrett er etter departementets sitt syn at ein i staden kan risikere urasjonelle ferjedisponeringar eller i einskildfall stenging av ferjesamband i kortare eller lengre periodar, eller at staten eventuelt betaler kostnader knytt til ein permanent overkapasitet av ferjemateriell for å kunne møte ulike akutte behov eller gjennom urimeleg høge leigekostnader.

       På denne bakgrunn og sett i lys av at ferjene i riksvegsambanda utgjer viktige delar av vegnettet, meiner departementet det ikkje er tilstrekkeleg berre å basere seg på avtaleløysingar.

Merknader til § 4 a om mellombels pålegg om utleige av riksvegferjer

Merknader til første ledd

       Både ledig ferjemateriell og ferjer som er i drift i løyvepliktige samband er omfatta. Aktuelle døme der heimelen er tenkt å kunne nyttast, er:

- der kapasitetsvanskar skaper behov for særskilt rokering/tilpasning av ferjeflåten
- ved uventa eller ekstraordinær trafikkauke
- ved havari
- ved ras eller vegbrot som gjer det naudsynt med ferjetransport eller når det av andre årsaker oppstår behov for kriseløysingar.

       Det er berre ferjer som inngår i riksvegsamband som fell inn under nr. 1.

       Det er føresetnaden at pålegg om utleige som hovudregel ikkje skal gjevast for meir enn 6 månader, men likevel slik at denne perioden i særlege høve skal kunne forlengjast med ytterlegare 6 månader.

       Myndigheit til å treffe avgjerd om pålegg om utleige vil i utgangspunktet bli lagt til departementet. Seinare kan det eventuelt bli aktuelt å delegere myndigheiten heilt eller delvis til Vegdirektoratet.

Merknader til andre ledd

       Det ligg føre særskilde omstende når det gjeld ferjer som går på fastpriskontrakter (anbod) som tilseier at desse ikkje vert omfatta av ordninga om tvungen disposisjonsrett for offentlege styresmakter.

Merknader til tredje ledd

       Det er viktig at vedtak om omdisponering av ferje i einskilde høve kan effektuerast straks der det er behov for det.

Merknader til fjerde ledd

       Inngrep i form av tvungen avståing av materiell kan liknast med oreigning av leigerett, og det må ytast kompensasjon til reiarlag som må avstå ferje.

       Det vert foreslått at lova vert sett i kraft straks.

Administrative og økonomiske konsekvensar

       Samla vil forslaget truleg medverke til lågare samla kostnader og dermed eit lågare tilskotsbehov for ferjesektoren.