1. Innledning
Til Odelstinget.
Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om endringar i lov om offentlige anskaffelser. På bakgrunn av reglane i WTO-avtala om offentlege innkjøp har Nærings- og energidepartementet utarbeidd forslag til endringar i lov av 27. november 1992 nr. 116 om offentlige anskaffelser m.v. (lov om offentlige anskaffelser). Endringsforslaget går ut på å gi nødvendig lovheimel for å sikre nasjonal domstolbehandling ved brot på WTO-avtala om offentlege innkjøp og andre internasjonale avtalar som Noreg forpliktar seg etter.
WTO-avtala om offentlege innkjøp er ikkje ein del av sjølve WTO-avtala, men er ein sjølvstendig avtale som vart inngått mellom Canada, EU, Israel, Japan, Noreg, Sveits, Korea og USA.
Det overordna målet med WTO-avtala om offentlege innkjøp er å få til ei effektiv multilateral ramme for offentlege innkjøp og sikre at lovgivinga og praksis blir baserte på prinsippa om nasjonal behandling og ikkje-diskriminering.
Avtala tek til å gjelde 1. januar 1996.