Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

2. Komiteen sine merknader

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Dagny Gärtner Hovig, Tom Thoresen og Rita Tveiten, frå Senterpartiet, Edvard Grimstad og Marit Tingelstad, frå Høgre, Jan P. Syse og Petter Thomassen, frå Sosialistisk Venstreparti, Kjellbjørg Lunde, frå Kristeleg Folkeparti, Dag Jostein Fjærvoll, og frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen, har merka seg at dette lovframlegget har sin bakgrunn i at ombudsmannslova § 4 bokstav f - som omhandlar Ombodsmannen sin kompetanse - blei endra ved lov 11. juni 1993 nr. 85 om endringar i særlovgjevinga for kommuner og fylkeskommuner. I ombudsmannslova § 4 bokstav f blei ordlyden i fyrste punktum endra m.a. for å få inn ei henvisning til dei nye kommunale organ. Ved denne endringa av lova blei føresegna i § 4 bokstav f andre punktum ikkje teken med i den nye lovteksten, noko som ikkje var tilsikta med den aktuelle lovendringa. Lovframlegget i Ot.prp. nr. 8 (1995-1996) er såleis nødvendig for å retta opp ein utilsikta endring av ombudsmannslova, og ombudsmannslova § 4 bokstav f andre punktum får såleis etter denne endringa same ordlyd og innhald som før endringa av 11. juni 1993.

       Det vert i tillegg gjort framlegg om ein reint språkleg oppretting av føresegna i § 4 bokstav f fyrste punktum.