3. Økonomiske og administrative konsekvensar
Lovframlegget vil få nokre administrative og økonomiske konsekvensar for det offentlege, i all hovudsak for Foretaksregisteret. I St.prp. nr. 1 (1995-1996) var det gjort framlegg om å løyva 1,1 mill. kroner til sakshandsaming og systemutvikling for Foretaksregisteret medan utgifter til kunngjering og annonsering er rekna til 420.000 kroner. Innføring av skilje mellom dei to aksjeselskapsformene gjer at alle allmenne aksjeselskap må sende melding om dette til Foretaksregisteret. Meldingane er gebyrfrie og ein reknar ikkje med at dette vil føre til særleg mykje meirarbeid. Når det gjeld framlegget om å heve minste aksjekapital for dei allmenne selskapa, reknar ein med at dei selskapa det gjeld sannsynlegvis allereie har ein aksjekapital på 1 mill. kroner eller meir.
Dei strengare reglane om kontroll av tingsinnskot kan medføre noko auka kostnader, og regelen i lovframlegget § 9-6 a om handleplikt ved tap av halve aksjekapitalen kan ha visse administrative og økonomiske konsekvensar. Fusjonsreglane stiller strengare krav til utarbeiding av dokumentasjon enn det som følgjer av gjeldande lov, slik at ein må rekne med noko auka kostnader. Dei selskapa som skal drive som private aksjeselskap vert i liten grad omfatta av lovframlegget.
Komiteen sine merknader
Komiteen registrerer at lovframlegget først og fremst inneheld reglar av privatrettsleg karakter, men at det også vil få enkelte administrative og økonomiske konsekvensar for det offentlege, i hovudsak Foretaksregisteret.
For aksjeselskapa vil lovframlegget i liten grad gjelde for dei private, medan for dei allmenne aksjeselskapa kan lovframlegget få enkelte administrative og økonomiske konsekvensar.