Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Samandrag

       Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om endringar i § 74 i jordskifteloven. Bakgrunnen for framlegget er dels å auke gebyrinntektene og dels å harmonisere reglane og gebyra med det som gjeld for samanliknbare saker for andre instansar. Gebyra for den delen av jordskiftedomstolane sine tenester som ikkje er rein domstolverksemd, bør samsvare med staten sine utgifter med ei sak.

       Fleire av høyringsinstansane peika på at når staten pålegg landbruket kostnadsreduksjonar, er det ikkje logisk å auke gebyra, da jordskifte er eit viktig verkemiddel for å gjennomføre dei politiske måla. Landbruksdepartementet er samd i at Jordskifteverket er viktig for å betre bruksstrukturen, redusere kostnadene i landbruket og leggje til rette for ny næringsutvikling i distrikta, og på slik måte ein viktig reiskap for å gjennomføre landbrukspolitikken.

       I statsbudsjettet er det lagt opp til 10 % auke i utgiftsbudsjettet til Jordskifteverket mot at innteninga også aukar. Det vert lagt opp til at gebyra skal vere så store at potensielle partar først prøver å ordne opp sjølve, men ikkje så store at jordskifte ikkje vert nytta aktivt for å nå samfunns-, landbruks- eller rettspolitiske mål.

       Prinsippet i jordskifteloven er at partane skal betale alt som ikkje fell på staten (fast kontorhald, porto, telefon og løn, skyss- og kostpengar til tenestemennene). Sjølv om gebyra vert auka, vil ikkje partane betale alle kostnader. Målet er at gebyra skal dekke dei tenestene som ikkje er rein domstolverksemd.

       Partane må betale eit grunngebyr når ei sak vert registrert (registreringsgebyr) og partsgebyr og grenselengdegebyr når saka vert avslutta. I tillegg er det framlegg om eit gebyr knytt til skjønn og overjordskifte.

       Departementet gjer framlegg om at registreringsgebyret vert auka frå fire gonger rettsgebyret til fem gonger rettsgebyret. Det er ikkje framlegg om auke i partsgebyret.

       Det er framlegg om større grenselengdegebyr for dei første 0,5 km. Bakgrunnen er at saker som gjeld så korte grenser, ofte er saker i tettbygde område og hytteområde med små areal som ofte har stor verdi i høve til landbruksareal generelt. Framlegget er at det skal betalast to gonger rettsgebyret for første 0,5 km og deretter ein gong rettsgebyret for kvar ny 0,5 km. Grenselengdegebyret skal vere likt i grensegangssaker og jordskiftesaker.

       Skjønn er arbeidskrevjande, og departementet meiner det er rett å harmonisere kostnader på dette området. Det vert difor lagt opp til at gebyret skal vere det same som ved lensmannsskjønn og rettsleg skjønn. Framlegget er fem gonger rettsgebyret for kvar dag (del av dag gir full gebyrplikt).

       I kombinerte saker skal det betalast både registreringsgebyr, partsgebyr og grenselengdegebyr i tillegg til skjønnsgebyr for dei dagane eller delar av dagar som retten fungerer som skjønnsrett.

       Ved anke til jordskifteoverretten skal det betalast fem gonger rettsgebyret for kvar rettsdag. Sjølv om det er fleire partar som ankar, skal det betalast bare eitt gebyr.

       Det er høve til å gjere unntak frå gebyrkravet dersom arbeidet med ei sak avvik mykje frå det vanlege. Unntaksregelen kan brukast både til føremon og til ulempe for partane avhengig av korleis saka skil seg frå andre saker.

       Det er framlegg om at dei nye reglane skal gjelde for alle saker med kravtidspunkt (krav satt fram og registreringsgebyr betalt) etter at lovendringane tek til å gjelde.

       Det vert rekna med meirinntekter på om lag 900.000 kroner første året. Over ein periode på 5-6 år vil gebyrinntektene auke frå om lag 6 mill. kroner til om lag 9 mill. kroner. Den reelle kostnadsauken vil vere om lag 8 % for gjennomsnittsparten.

       Det er òg framlegg om endring i § 2f i jordskifteloven og i § 1-2 i bygdeallmenningsloven. Endringane gjeld retting av feil som oppsto ved førebuing av ny jordlov.