Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling frå næringskomiteen om lov om endringar i lov av 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. (jordskifteloven) m.m.

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 20 (1995-1996)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 9 (1995-96)
  • Dato: 05.12.1995
  • Utgiver: næringskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

       Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om endringar i § 74 i jordskifteloven. Bakgrunnen for framlegget er dels å auke gebyrinntektene og dels å harmonisere reglane og gebyra med det som gjeld for samanliknbare saker for andre instansar. Gebyra for den delen av jordskiftedomstolane sine tenester som ikkje er rein domstolverksemd, bør samsvare med staten sine utgifter med ei sak.

       Fleire av høyringsinstansane peika på at når staten pålegg landbruket kostnadsreduksjonar, er det ikkje logisk å auke gebyra, da jordskifte er eit viktig verkemiddel for å gjennomføre dei politiske måla. Landbruksdepartementet er samd i at Jordskifteverket er viktig for å betre bruksstrukturen, redusere kostnadene i landbruket og leggje til rette for ny næringsutvikling i distrikta, og på slik måte ein viktig reiskap for å gjennomføre landbrukspolitikken.

       I statsbudsjettet er det lagt opp til 10 % auke i utgiftsbudsjettet til Jordskifteverket mot at innteninga også aukar. Det vert lagt opp til at gebyra skal vere så store at potensielle partar først prøver å ordne opp sjølve, men ikkje så store at jordskifte ikkje vert nytta aktivt for å nå samfunns-, landbruks- eller rettspolitiske mål.

       Prinsippet i jordskifteloven er at partane skal betale alt som ikkje fell på staten (fast kontorhald, porto, telefon og løn, skyss- og kostpengar til tenestemennene). Sjølv om gebyra vert auka, vil ikkje partane betale alle kostnader. Målet er at gebyra skal dekke dei tenestene som ikkje er rein domstolverksemd.

       Partane må betale eit grunngebyr når ei sak vert registrert (registreringsgebyr) og partsgebyr og grenselengdegebyr når saka vert avslutta. I tillegg er det framlegg om eit gebyr knytt til skjønn og overjordskifte.

       Departementet gjer framlegg om at registreringsgebyret vert auka frå fire gonger rettsgebyret til fem gonger rettsgebyret. Det er ikkje framlegg om auke i partsgebyret.

       Det er framlegg om større grenselengdegebyr for dei første 0,5 km. Bakgrunnen er at saker som gjeld så korte grenser, ofte er saker i tettbygde område og hytteområde med små areal som ofte har stor verdi i høve til landbruksareal generelt. Framlegget er at det skal betalast to gonger rettsgebyret for første 0,5 km og deretter ein gong rettsgebyret for kvar ny 0,5 km. Grenselengdegebyret skal vere likt i grensegangssaker og jordskiftesaker.

       Skjønn er arbeidskrevjande, og departementet meiner det er rett å harmonisere kostnader på dette området. Det vert difor lagt opp til at gebyret skal vere det same som ved lensmannsskjønn og rettsleg skjønn. Framlegget er fem gonger rettsgebyret for kvar dag (del av dag gir full gebyrplikt).

       I kombinerte saker skal det betalast både registreringsgebyr, partsgebyr og grenselengdegebyr i tillegg til skjønnsgebyr for dei dagane eller delar av dagar som retten fungerer som skjønnsrett.

       Ved anke til jordskifteoverretten skal det betalast fem gonger rettsgebyret for kvar rettsdag. Sjølv om det er fleire partar som ankar, skal det betalast bare eitt gebyr.

       Det er høve til å gjere unntak frå gebyrkravet dersom arbeidet med ei sak avvik mykje frå det vanlege. Unntaksregelen kan brukast både til føremon og til ulempe for partane avhengig av korleis saka skil seg frå andre saker.

       Det er framlegg om at dei nye reglane skal gjelde for alle saker med kravtidspunkt (krav satt fram og registreringsgebyr betalt) etter at lovendringane tek til å gjelde.

       Det vert rekna med meirinntekter på om lag 900.000 kroner første året. Over ein periode på 5-6 år vil gebyrinntektene auke frå om lag 6 mill. kroner til om lag 9 mill. kroner. Den reelle kostnadsauken vil vere om lag 8 % for gjennomsnittsparten.

       Det er òg framlegg om endring i § 2f i jordskifteloven og i § 1-2 i bygdeallmenningsloven. Endringane gjeld retting av feil som oppsto ved førebuing av ny jordlov.

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, meiner det i framtida vil vera stort behov for jordskiftetenester innan landbruk, makeskifte og større arealomdisponeringar.

       Komiteen syner til at med dei store endringane som skjer i samfunnet, er det viktig å ha regelverk og gebyrordningar som tener dette behovet.

       Komiteen er merksam på at fleire av dei tiltaka jordskifteretten iverkset, hjelper til med tilrettelegging for næringsutvikling både i sentrale strok og distrikt. Samferdselstiltak med makebyte og betre arrondering mellom eigedomar, grensefastsettingar og -endringar er også viktige saker her.

       Komiteen vil understreka at fleire av dei tiltaka jordskifteretten iverkset, gjer sitt for å styrka miljøet slik at naturressursane blir forvalta på ein berekraftig måte. Komiteen er klår over at Jordskifteverket har sitt arbeidsgrunnlag i distrikta. Dette er viktig for dei oppgåvene som skal forvaltast, til dømes ved grensefastsettingar og -endringar.

       Komiteen syner elles til at alderen på avslutta saker ofte er høg. Lang ventetid er uheldig når det er behov for rask omstilling i eigedoms- og bruksrettstilhøva. Det er derfor viktig at lova og gebyrordningane på dette området også medverkar til effektiv saksbehandling.

       Komiteen er merksam på at fleire av høyringsinstansane peika på at når staten pålegg landbruket kostnadsreduksjonar, er det ikkje logisk å auka gebyra. Komiteen meiner i utgangspunktet at gebyra må ha ein storleik som gjer at jordskifte vert nytta aktivt for å nå mål heile samfunnet kan nyta godt av. Gebyret skal dekkja dei tenestene som ikkje er rein domstolverksemd. Komiteen er klår over at jordskifte er eit viktig verkemiddel for å gjennomføra dei politiske måla om å betra bruksstrukturen, redusera kostnadene og leggja til rette for ny næringsutvikling i distrikta.

       Komiteen syner til at registreringsgebyret vert auka frå fire til fem gonger rettsgebyret i departementet sitt forslag. Komiteen er samstundes klår over at dei fleste av høyringsinstansane går imot større auke av gebyret her. Grunngjevinga er at inngangsbilletten bør vera låg for å ikkje støyta vekk partar frå Jordskifteverket. Komiteen meiner at registreringsgebyret heller ikkje bør vera så lågt at det freistar folk til å ta opp saker i utide.

       Komiteen syner elles til at når det gjeld ankegebyret, er det svært delte meiningar om dette i høyringsinstansane. Komiteen meiner her at det ikkje er forsvarleg å gå for høgt med tanke på rettstryggleiken. Komiteen støttar derfor proposisjonen i dette.

       Utover dette har ikkje komiteen merknader og tilrår endringane i lov om jordskifte o.a. (jordskifteloven) m.m. i samsvar med det framlagde forslaget.

       Komiteen syner til at rettsgebyret frå 1. januar 1996 vil vera 495 kroner.

       Komiteen viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov
om endringar i lov av 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. (jordskifteloven) m.m.

I.

I lov av 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. (jordskifteloven) vert det gjort følgjande endringar:

§ 2 f) skal lyde:

       forme ut eigedomane når grunn og rettar skal avhendast i samsvar med formålet i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord.

§ 74 skal lyde:

       For jordskiftesak og grensegangssak behandla ved jordskifterett skal ein betale 5 gonger rettsgebyret i registreringsgebyr og 1 gong rettsgebyret pr. part (partsgebyr). Ved grensemerking skal det betalast 2 gonger rettsgebyret for første påbegynte 0,5 km merka grense og deretter 1 gong rettsgebyret pr. påbegynte 0,5 km (grenselengdegebyr).

       For skjønn som jordskifteretten held som eiga sak eller som ledd i ei jordskiftesak, skal ein betale 5 gonger rettsgebyret for kvar dag eller del av dag skjønnet varer.

       For anke til jordskifteoverrett skal ein betale 5 gonger rettsgebyret for kvar dag eller del av dag retten held rettsmøte. For anke til lagmannsrett gjeld reglane i lov 17. desember 1982 nr. 86 § 8 om rettsgebyr.

       For stadfesting av minneleg jordskifte skal ein betale 5 gonger rettsgebyret.

       For krav om gjenopptaking skal ein betale 5 gonger rettsgebyret. Blir kravet tatt til følgje, skal ein betale gebyr som for ny sak.

       Dersom saka blir trekt tilbake eller nekta fremma, skal ein betale 2 gonger rettsgebyret.

       Jordskifteretten kan endre dei samla gebyrkostnadene dersom arbeidsmengda i saka avvik mykje frå det vanlege.

       Partane betaler elles jordskiftekostnadene så nær som fast kontorhald, porto, telekommunikasjon og løn, skyss- og kostpengar til tenestemennene.

       Reglane i lov av 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr kap. 1 og § 27 gjeld tilsvarande dersom ikkje anna er fastsett i eller i medhald av denne lova.

II.

I lov av 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger skal § 1-2 andre ledd lyde:

       Det kan selges eller festes bort parseller av bygdeallmenning til:

a) Oppdyrking, herunder dyrking av kulturbeite.
b) Formål som står i forbindelse med driften av allmenningen eller med virksomhet som allmenningen deltar i.
c) Fremme av allmennyttige tiltak innen det bygdelag allmenningen tilligger.
d) Tomter for oppføring av boliger og fritidshus. Som hovedregel kan slike tomter bare festes bort, og bare i særlige tilfelle selges.

III.

       Dei nye gebyrreglane gjeld for alle saker som er kome inn til (kravd) jordskifteretten etter at lova har trådt i kraft. For eldre saker gjeld dei tidlegare reglane.

Oslo, i næringskomiteen, den 5. desember 1995.

Svein Ludvigsen, Unn Aarrestad, William Engseth,
leiar. ordførar. sekretær.