Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

6. Komiteens tilråding

       Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov
om endringer i veglov av 21. juni 1963 nr. 23.

I.

I veglov av 21. juni 1963 nr. 23 gjøres følgende endringer:

Ny § 1a skal lyde:

       Formålet med denne lova er å tryggje planlegging, bygging, vedlikehald og drift av offentlege og private vegar, slik at trafikken på dei kan gå på eit vis som trafikantane og samfunnet til ei kvar tid kan vere tente med. Det er ei overordna målsetting for vegstyremaktene å skape størst mogleg trygg og god avvikling av trafikken og ta omsyn til grannane, eit godt miljø og andre samfunnsinteresser elles.

§ 2 nytt andre ledd skal lyde:

       Med godkjenning frå Stortinget kan departementet treffe avgjerd om at delar av riksvegnettet skal vere stamvegar.

Nåværende andre ledd blir nytt tredje ledd.

§ 3 andre ledd skal lyde:

       Etter at fylkeskommunen - i Oslo kommunen - har uttala seg, kan departementet ta opp fylkesveg, kommunal veg eller privat veg som riksveg.

§ 5 andre ledd skal lyde:

       Kommunen kan gjere vedtak om å ta opp privat veg som kommunal veg. Jamvel om slikt vedtak ikkje er gjort, er ein veg å rekne for kommunal veg når kommunen har tatt over vedlikehaldet etter reglar i plan- og bygningslova.

§ 7 første ledd skal lyde:

       Etter at fylkeskommunen - i Oslo kommunen - har uttala seg, kan departementet gjere vedtak om at riksveg skal leggjast ned eller gjerast om til fylkesveg eller til kommunal veg.

§ 7 nytt fjerde ledd skal lyde:

       Vedtak etter første og andre ledd kan likevel ikkje settast i verk utan at vegen oppfyller tekniske krav etter nærare retningsliner gitt av departementet.

§ 8 første ledd nytt andre punktum skal lyde:

       Som føremon for ferdsla eller dei vegfarande vert òg rekna at bruer, murar, vegstykke eller andre delar av vegen etter vegstyremakta sitt skjønn er verneverdig slik at den bør haldast ved like for komande slekter.

§ 9 første og andre ledd skal lyde:

       Sentralstyremakt for riksvegar er eit vegdirektorat under leiing av ein vegdirektør.

       Kongen gir nærare føresegner om korleis Vegdirektoratet skal vere organisert, og kva styringsområde det skal ha, og gir instruks for vegdirektøren. Vegdirektoratet kan etter nærare føresegner fastsett av departementet delegere styremakt til fylkeskommunen, vegkontor og kommunen. Vegkontoret kan etter nærare føresegner gitt av Vegdirektoratet delegere til kommunen styremakt som vegkontoret har etter denne lova når det gjeld riksvegar.

       Vegstyremakt for fylkesvegar er fylkeskommunen. Fylkeskommunen kan delegere styremakt til vegkontoret og kommunen. Dette gjeld òg delegert styremakt etter første ledd. Vegkontoret kan etter nærare føresegner gitt av fylkeskommunen delegere til kommunen styremakt som det har etter denne lova når det gjeld fylkesvegar.

§ 9 nytt tredje ledd skal lyde:

       Vegstyremakt for kommunale vegar er kommunen.

Nåværende § 9 tredje og fjerde ledd oppheves.

§ 11 skal lyde:

       For forvaltningsavgjerder etter denne lova gjeld reglane i forvaltningslova.

§ 20 skal lyde:

       Staten ber utgiftene til planlegging, bygging, utbetring, vedlikehald og drift av riksvegar, her òg utgiftene til eigedomsinngrep. Fylkeskommunen ber desse utgiftene for fylkesvegar og kommunen for kommunale vegar.

       Det som er fastsett i første ledd er ikkje til hinder for at vegstyremaktene i særlege høve blir samde om ei nærare fastsett fordeling når det gjeld utgifter til planlegging, bygging og utbetring av veg.

       Syter ein kommune for utgifter etter denne paragrafen, gitt med pålegg frå stat eller fylke med heimel i § 14, § 15, § 17 eller § 18, skal dei utgiftene kommunen har, refunderast etter retningsliner som departementet fastset.

§§ 21 til 25 oppheves.

§ 27 nytt andre ledd skal lyde:

       Med samtykke frå departementet kan rett til å krevje inn bompengar pantsetjast. Ei slik pantsetjing omfattar den rett pantsetjaren har til den eller dei eigedomane der det ligg eller skal liggja bomstasjon eller til eigedom som har samanheng med drifta av bompengeinnkrevinga. Panterett i rett til å krevje inn bompengar får rettvern ved å tinglysast i grunnboka på den eller dei eigedomane som er nemnde i førre punktum. Andre fordringshavarar enn panthavaren har ikkje rett til dekking i retten til å krevje inn bompengar.

Nåværende andre ledd blir nytt tredje ledd.

§ 28 skal lyde:

       Dersom andre enn stat, fylkeskommune eller kommune har ei særskilt plikt til å yte tilskott til anlegg eller vedlikehald av offentleg veg, skal føresegnene i denne lova ikkje gjere noko endring i dette. Føresegnene i § 20 gjer inga endring i den plikt som etter eldre lokale reglar i einskilde kommunar måtte kvile på eigarane av tilstøytande grunn til å syte for snørydding o.l. på fortau.

§ 29 første til fjerde ledd skal lyde:

       Langs offentleg veg skal det vere byggegrenser fastsette med heimel i denne lova, dersom ikkje anna følgjer av reguleringsplan etter plan- og bygningslova. Byggegrensene skal ta vare på dei krava som ein må ha til vegsystemet og til trafikken og til miljøet på eigedom som grenser opp til vegen og medverke til å ta vare på miljøomsyn og andre samfunnsomsyn.

       Byggegrensene skal gå i ein avstand på 50 meter frå riksveg og 15 meter frå fylkesveg eller kommunal veg. For gang- og sykkelveg er avstanden 15 meter (anten vegen er riksveg, fylkesveg eller kommunal veg). Føresegnene i dette leddet gjeld dersom ikkje anna følgjer av føresegnene i tredje og fjerde ledd. Avstanden skal reknast frå midtlina i høvevis kjørebana, eller gang- og sykkelvegen. Har vegen åtskilde kjørebaner, eller er det tvil om kva som bør reknast for midtline, avgjer vegstyremakta kva line avstanden skal reknast frå.

       Departementet kan for særskilt fastsette riksvegstrekningar sette større eller mindre avstand enn den som er nemnt i andre ledd, likevel ikkje større enn 100 meter. For fylkesveg kan fylkeskommunen for særskilt fastsette strekningar sette ein større avstand enn den som er nemnt i andre ledd, likevel ikkje større enn 50 meter.

       Ved kryss i plan mellom

1) offentlege vegar,
2) offentlege vegar og andre vegar som er opne for allmen ferdsle,
3) offentlege vegar og jarnveg eller sporveg, skal byggegrensa følgje den rette lina mellom punkt på midtlina åt vegane (jarnvegen, sporvegen) 60 meter frå skjeringspunktet åt midtlinene ved kryss med riksveg og 40 meter frå skjeringspunktet ved andre kryss. I særskilde høve kan vegstyremakta fastsette ei anna byggegrense for det einskilde krysset. Høyrer dei kryssande vegane ikkje under same vegstyremakt, tar den høgste av desse styremaktene avgjerd i saka.

§ 30 nytt andre ledd skal lyde:

       Føresegnene i første ledd skal gjelde tilsvarande for vareramper, murar og liknande innretningar, for utsprengde og utgravne rom og for nettstasjonar og andre byggverk m.v. i tilknyting til leidningar som nemnde i § 32. Det same gjeld for gjerde som kan hindre fri sikt, dersom ikkje anna følgjer av §§ 44 flg.

Nåværende andre og tredje ledd blir nye tredje og fjerde ledd.

§ 32 andre og tredje ledd skal lyde:

       Løyve etter første ledd gir vegkontoret for riksvegar og fylkesvegar, og kommunen for kommunale vegar.

       Departementet gir nærare føresegner om utgiftsdeling og sakshandsaming i samband med løyve etter denne paragrafen og § 30.

§ 35 skal lyde:

       Blir byggverk eller anna innretning som nemnt i § 30, § 32 eller § 33 rive ned eller øydelagt ved brann eller på annan måte, anten heilt ut eller i så stor mon at reparasjon vil bli ei vesentleg oppattnying, må oppattbygging berre gjennomførast i samsvar med føresegnene i § 29, § 30, § 32 og § 33.

§ 36 første ledd skal lyde:

       Blir byggverk eller anna innretning som nemnt i § 30 eller § 32 plassert eller endra i strid med det som er fastsatt i eller med heimel i denne lova, kan innretninga takast bort, flyttast eller endrast. Den ansvarlege lyt då bere kostnaden, dersom han ikkje sjølv syte for å ta bort, flytte eller endre innretninga innan ein fastsett frist.

§ 37 første ledd første punktum skal lyde:

       Eldre byggverk eller anna innretning som nemnt i § 30, § 32 eller § 33 kan mot vederlag fastsett ved skjønn krevjast borttatt eller flytt til slik avstand frå veg eller vegkryss som følgjer av føresegnene i § 29, § 32 eller § 33.

§ 38 skal lyde:

       Når arbeid med ein plan for offentleg veg er kome så langt at veglina kan visast i marka, kan vegstyremakta vedta at grunn som vil liggje innafor byggegrenser etter § 29, ikkje må byggast på eller nyttast på ein måte som vil kome i strid med lova her.

       Når plan for offentleg veg er endeleg vedtatt, kan grunn som vil liggje innafor byggegrenser som er fastsette i eller med heimel i § 29, ikkje byggast på eller nyttast på ein måte som vil kome i strid med lova her.

       Før det blir tatt avgjerd etter første ledd for riksveg eller fylkesveg, skal vedkomande kommune få høve til å uttale seg.

       Er veglina ikkje endeleg vedtatt seinast 2 år - for stamveg seinast 10 år - etter at det er lagt ned forbod, fell forbodet bort. Vegstyremakta kan lenge fristen, men ikkje for meir enn 1 år om gongen.

§ 40 første og andre ledd skal lyde:

       Avkjørsle frå offentleg veg må berre byggast eller nyttast etter reguleringsplan etter plan- og bygningslova.

       Ligg det ikkje føre nokon reguleringsplan som nemnd, eller planen ikkje omfattar avkjørsle må avkjørsle frå riksveg eller fylkesveg ikkje byggast eller nyttast utan løyve frå vegkontoret og avkjørsle frå kommunal veg ikkje byggast eller nyttast utan løyve frå kommunen. Fylkesmannen er klageinstans i avkjørslesaker for riksvegar.

§ 40 nytt fjerde ledd skal lyde:

       Er arbeidet med avkjørsla ikkje sett i gang innan 3 år etter at løyve er gitt, fell løyvet bort.

§ 43 første ledd nytt tredje, fjerde og femte punktum skal lyde:

       I reglane kan det fastsettast at det skal gjelde særlege frisiktliner mellom avkjørsla og den offentlige vegen. Om vegstyremakta finn det naudsynt, kan slike frisiktliner òg gjerast gjeldande utanom byggegrensene. Vegstyremaktene kan òg sette som vilkår for løyve til avkjørsle i det einskilde tilfellet at eigaren eller brukaren av avkjørsla syter for å halde fri sikt etter slike liner som er fastsette av vegstyremakta.

§ 43 fjerde ledd skal lyde:

       Vegkontoret tar avgjerd etter denne paragrafen for riksvegar og fylkesvegar og kommunen tar slik avgjerd for kommunale vegar.

§ 53 første og nytt andre ledd skal lyde:

       Eigedomsinngrep til bygging, utbetring, vedlikehald og drift av privat veg, her òg gangstig, kløvveg o.l., kan det gjerast vedtak om i skjønn mot vederlag til den det råkar, dersom det må reknast for klårt at inngrepet vil vere meir til gagn enn til skade. På same måte og vilkår kan skjønnet òg gi rett til å bruke veg som alt ligg der. Kvar av partane i slik sak kan krevje avgjort om vegretten alt er til, at han vert nærare fastlagt, eller å få bruken flytt.

       Slikt eigedomsinngrep kan òg gjelde grunn og rettar til bate for ein som lyt tåle eigedomsinngrep etter første ledd eller for tredjemann, så framt skaden og ulempene då alt i alt vert monaleg mindre.

§ 53 nåværende andre ledd blir nytt tredje ledd og skal lyde:

       Skjønnet tar avgjerd om kva inngrepet skal gå ut på, kor langt det skal gå, og kva for vilkår som i tilfelle skal settast for inngrepet. Skjønnet kan fastsette at vederlag for bruksrett til veg som alt ligg der, skal omfatte ein forholdsmessig part av utgiftene til anlegg og vedlikehald av vegen. Skjønn til fastsetting av slikt vederlag kan krevjast av båe partane.

Nåværende tredje ledd blir nytt fjerde ledd.

§ 54 nye fjerde og femte ledd skal lyde:

       Er slik avgjerd og avgjerd etter § 53 tredje ledd teke etter reglar i § 55, må skjønn vere kravd innan tre månader etter at mottakaren fekk melding om avgjerda eller kunne ha gjort seg kjent med ho og om fristen.

       Når fem år er gått sidan bindande avgjerd er tatt etter reglane i § 55 eller sidan siste skjønn, kan dei interesserte eller veglaget krevje ny avgjerd eller nytt skjønn.

§ 55 skal lyde:

       Dei som har plikter etter § 54 første ledd, utgjer eit veglag. Veglaget skal møtast ein gong i året eller når det er turvande. Det tek fleirtalsavgjerd i alle spørsmål som gjeld vegfellesskapet og står for den daglege drifta.

       Når det ikkje er grunn for anna, har einkvar i veglaget ei røyst. Dersom nokon i veglaget blir tillagt større plikt enn andre, skal røysteretten aukast tilsvarande. I mangel av semje om slik fordeling skal veglaget leggje si avgjerd i saka fram til endeleg avgjerd for skjønnet etter § 54 tredje ledd.

       Veglaget kan for den daglege drifta velje eit styre med eit eller fleire medlemmer til å handsame saker for det, og kan òg vedta vedtekter for laget. På grunnlag av høvetalet etter § 54, fastset veglaget det årlege driftstilskotet frå den einskilde. Veglaget kan òg fastsette vederlaget for bruksrett til veg som alt ligg der. Veglaget har tilsynet med at pliktene blir stetta slik som fastsett av veglaget, ved skjønn, jordskifte eller på anna vis.

       Om nokon ikkje fyller sin part av plikter fastsette etter § 54 og denne paragrafen, kan veglaget gjere vedtak om at arbeidet skal gjerast på den ansvarlege sin kostnad.

       Veglaget kan elles ta avgjerd om å

- setje av pengar til eit fond for tiltak til utbetringar,
- ta opp lån,
- fremje søknad om rett til å krevje bompengar,
- ta utlegg etter § 59,
- gi vilkårsbunden vegrett til nye brukarar og trekkje slik bruksrett tilbake,
- gjere avtale med eigarane til veggrunnen,
- fremje krav om oreigning,
- treffe avgjerd om fartshinder og annan trafikkregulering og om parkering,
- inngå kontrakt om bygging, utbetring og vedlikehald av vegen.

       Det som er bestemt i paragrafen her om den einskilde sine rettar og plikter, gjeld òg om ansvaret for drifta av vegen ligg i eit sameige, andelslag, eller er skipa på annan måte.

§ 56 skal lyde:

       Med samtykke frå kommunen kan det krevjast bompengar for ferdsel på privat veg. Kommunen skal òg fastsette storleiken på avgifta og kan sette vilkår om bestemt bruk av avgiftsmidlane.

       Kommunen kan òg fastsette at det kan krevjast tilleggsavgift av eigaren til køyretøyet ved unnlatt betaling av bompengar og fastsette storleiken på tilleggsavgifta.

§ 57 andre ledd nr. 2 skal lyde:

2 å sette reklameinnretning eller anna innretning, å legge tømmer, ved, stein, torv, byggemateriale eller anna på annan stad enn der det er laga særskilt offentleg opplagsplass til slik bruk.

II.

       I følgende bestemmelser skal uttrykket « fylke », « fylket », « fylkesutval », « fylkesutvalet » og « fylkesting », « fylkestinget » erstattes med « fylkeskommunen », uttrykket « i Oslo kommunestyret » erstattes med « i Oslo kommunen » og utrykket « kommunestyre », « kommunestyret » og « formannskap », « formannsskapet » erstattes med « kommunen »:

       § 1 første ledd, § 4 andre ledd, § 6, § 7, § 15, § 18, § 26 første ledd, § 29 femte ledd, § 30, § 31 femte ledd, § 34 andre ledd, § 36 andre ledd, § 37 andre ledd, § 41 andre ledd, § 42 andre ledd, § 43 siste ledd, § 48 siste ledd og § 51 siste ledd.

       I følgende bestemmelser skal uttrykket « vegsjef », « vegsjefen » erstattes med « vegkontoret »:

       § 30 nytt tredje ledd, § 31 tredje og femte ledd, § 32 nytt andre ledd, § 33 siste ledd, § 34 andre ledd, § 36 andre ledd, § 37 andre ledd, § 40 tredje ledd, § 41 første ledd, § 42 andre ledd, § 48 siste ledd og § 51 siste ledd.

III.

       Loven trer i kraft fra den tid Kongen fastsetter. Kongen kan fastsette at de enkelte reglene i loven skal tre i kraft til ulik tid.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 21. november 1995.

Magnus Stangeland, Aud Blattmann, Solveig Torsvik,
leder. ordfører. sekretær.