3. Tilpassing i regelverket for å auke bruken av forenkla sjølvmelding - utvida oppgåveplikt for underhaldsbidrag betalt gjennom Statens innkrevingssentral og Trygdeetatens innkrevingssentral
3.1 Samandrag
Etter skattelova § 44 første leden bokstav e kan skattytar på nærare vilkår krevje frådrag for betalt underhaldsbidrag. Dette gjeld enten bidraget vert betalt direkte til mottakaren av tilskottet eller gjennom Statens Innkrevingssentral, Trygdeetatens Innkrevingssentral eller gjennom trekk i løn. I dag kan skattytarar som blir trukket i løn av arbeidsgjevar for pliktig underhaldsbidrag levere forenkla sjølvmelding. Det kan ikkje skattytarar som betalar underhaldsbidag gjennom Statens Innkrevingssentral eller Trygdeetatens Innkrevingssentral. Det har si årsak i at verken Trygdeetatens Innkrevingssentral eller Statens Innkrevingssentral er oppgåvepliktig etter likningslova kap. 6.
Departementet gjer framlegg om at Statens Innkrevingssentral og Trygdeetatens Innkrevingssentral får plikt til å gje likningsstyresmaktene oppgåve over underhaldsbidrag som disse to institusjonane krev inn, slik at opplysningane kan nyttast i ordninga med forenkla sjølvmelding. Opplysningane skal òg omfatte eventuell gjeld eller tilgodehavande som disse skattytarane har i høve til innkrevjingssentralen.
Ein syner til utkast til nytt nr. 4 i likningslova § 6-13, som gjev heimel for at departementet kan gje føresegner om at Trygdeetatens Innkrevingssentral og Statens Innkrevingssentral skal levere oppgåver til likningsstyresmaktene over pliktig underhaldsbidrag som er teke imot frå bidragspliktige og de bidragspliktiges eventuelle gjeld eller tilgodehavande i innkrevjingssentralen.
Bruk av forenkla sjølvmelding byggjer i praksis på at likningsstyresmaktene må få oppgåvene i maskinleseleg form. Ein syner til utkast til endring i likningslova § 6-16 c.
Departementet gjer framlegg om at endringane trer i kraft straks.
3.2 Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til forslaget.