2. Oppretting av selskapsskattelova § 1-1 nr. 1
2.1 Samandrag
Selskapsskattelova § 1-1 nr. 1 er endra fleire gonger. I samband med dei fire siste endringane ( lov av 5. juni 1992 nr. 51 , 8. januar 1993 nr. 17, 4. november 1994 nr. 59 og lov av 23. desember 1994 nr. 72), er det oppstått einskilde feil ved at endra lovtekst ikkje er komen med ved seinare endringar. Departementet gjer difor framlegg om at teksten vert retta opp i samsvar med intensjonene for dei nemnde endringane. Opprettinga inneber ingen realitetsskilnad i høve til dette.
2.2 Komiteens merknader
Komiteen har ingen merknader.