Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Komiteen sine merknader

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og representanten Christiansen, syner til Innst.O.nr.80 (1992-1993) der fleirtalet uttala følgjande:

       « En vil understreke at særlig livssynsskolene og pedagogiske alternativskoler må ha rett til å opprettes og videreutvikles som supplement til fylkeskommunale skoler. »

       Fleirtalet vil gi Regjeringa rett i at fleirtalet peika på skular bygde på livssyn eller alternativ pedagogikk, men fleirtalet meiner dette ikkje utelukker tilskot til skular på eit anna grunnlag. Ordet « særlig » utelukker ikkje at ein i spesielle høve kan opprette skular og gi statstilskot til desse. Døme på slike skular er Toppidrettsgymnaset.

       Fleirtalet ser og at endringane i lov om vidaregåande utdanning og lov om fagutdanning i arbeidslivet, gir fylkeskommunane plikt til å syte for at alle 16-19-åringar får 3 år kompetansegjevande utdanning. Difor vil fylkeskommunane ha hovudansvaret for eit godt og tilstrekkeleg tilbod for denne aldersgruppa.

       Fleirtalet vil minne om at fleirtalet i Innst.O.nr.53 (1984-1985) la vekt på

       « at ordet « behov » skal knytast til manglande undervisningskapasitet innanfor offentlege skular, anten ved at utdanningstilbodet manglar heilt, eller ved at det offentlege skuleverket ikkje fullt ut dekkar etterspurnaden etter utdanning. »

       Fleirtalet legg vekt på at Regjeringa ikkje vil ta bort statstilskotet til private skular som er godkjende ut frå dagens § 3d, men at endringar i tilbodet skal godkjennast. Fleirtalet meiner ein heimel i lova gir desse skulane eit nødvendig rettsgrunnlag, og at dette fell bort om ein stryk lovregelen.

       Fleirtalet vil ikkje tilrå å endre § 3.

       Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti støttar forslaget i proposisjonen om endringar i privatskulelova § 3. Desse medlemene ser på endringane som ein naturleg konsekvens av innføringa av Reform 94 som pålegg fylkeskommunane å syte for at alle 16-19-åringane får 3 år kompetansegjevande opplæring og å sikra eit antal plassar for vaksne elevar.

       Desse medlemene har merka seg at proposisjonen føreset at skular som alt er godkjende, får halda fram, men ser det ikkje som naudsynt å oppretthalda ein lovparagraf, § 3d, for at desse skulane skal ha eit rettsleg grunnlag. Tvert om ser desse medlemene at å oppretthalda § 3d vil kunna føra til etablering av nye private skular på kvantitativt grunnlag.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen mener at den gjeldende privatskoleloven har vært et brukbart instrument når den har blitt praktisert på en liberal måte, men at den i dag blir praktisert på en for restriktiv måte. Disse medlemmer ønsker derfor primært en endring av privatskoleloven med den hensikt å gjøre det enklere å etablere private skoler når disse oppfyller de krav til kvalitet som samfunnet setter. Disse medlemmer legger til grunn foreldrenes rett til å velge skole for sine barn, og vil understreke at et større mangfold og økt valgfrihet vil fremme kvaliteten - også i den offentlige skolen.

       Komiteen har ingen merknad til framlegget om endring i § 26 tilskotsregel nr. 1 om grunnskular for funksjonshemma, bokstav b.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, syner til Innst.S.nr.206 (1993-1994) der komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, uttalar:

       « Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, registrerer en økning av antallet private grunnskoler og elevplasser i Norge. Flertallet mener en slik utvikling er uheldig og vil kunne undergrave og føre til et brudd med enhetsskoletanken. Etter flertallets syn skal det private skoletilbudet kun være et supplement til det offentlige skoleverket og de private skolenes pedagogikk representere et klart alternativ til pedagogikken i den offentlige skolen. Flertallet er kjent med at departementet arbeider med revisjon av lovverket. Flertrallet vil be departementet under arbeidet med endring av privatskoleloven foreta en juridisk vurdering av grenseoppgangen til annen lovgivning, jf. bl.a. grunnskoleloven og likestillingsloven. »

       Det same fleirtalet gjentok dette i B.innst.S.nr.12 (1994-1995) . Fleirtalet er kjent med at departementet arbeider med endring av privatskulelova i forhold til grunnskulen. Fleirtalet vil understreka betydningen av å trygge einskapsskulen og sikre alle elevar eit likeverdig opplæringstilbod som og legg til rette for integrering i samfunnet.

       Fleirtalet føreset at det vert oppretthalde ein heimel for grunnskular som alt er etablerte, og at ei innstramming ikkje skal ha tilbakeverkande kraft og såleis ikkje skal endre vilkåra for dei grunnskulane som finst i dag.