Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om lov om endring i lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova).

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 62 (1994-1995)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 32 (1994-95)
  • Dato: 31.05.1995
  • Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

       Til Odelstinget.

       Departementet meiner det ikkje lenger skal vere høve til å opprette nye vidaregåande skular berre ut frå eit kvantitativt undervisningsbehov, og gjer framlegg om å fjerne dette kriterium, § 3 bokstav d, i privatskulelova. Endringa vert gjord for å få privatskulelova i samsvar med prinsippa i Reform 94, der fylkeskommunane har plikt til å gi alle 16-19-åringar 3 år vidaregåande opplæring, og å stille til rådvelde eit tal plassar for vaksne.

       Departementet strekar under at for skular som allereie er godkjende etter kvantitative behov, står den opphavlege godkjenninga ved lag. Søknad om fornya godkjenning som følgje av endra fagleg tilbod, eigarskifte eller søknad om tilskot til elevtalsauke, må ein rekne med avslag på.

       Proposisjonen inneheld og einskilde reint tekniske endringsframlegg.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og representanten Christiansen, syner til Innst.O.nr.80 (1992-1993) der fleirtalet uttala følgjande:

       « En vil understreke at særlig livssynsskolene og pedagogiske alternativskoler må ha rett til å opprettes og videreutvikles som supplement til fylkeskommunale skoler. »

       Fleirtalet vil gi Regjeringa rett i at fleirtalet peika på skular bygde på livssyn eller alternativ pedagogikk, men fleirtalet meiner dette ikkje utelukker tilskot til skular på eit anna grunnlag. Ordet « særlig » utelukker ikkje at ein i spesielle høve kan opprette skular og gi statstilskot til desse. Døme på slike skular er Toppidrettsgymnaset.

       Fleirtalet ser og at endringane i lov om vidaregåande utdanning og lov om fagutdanning i arbeidslivet, gir fylkeskommunane plikt til å syte for at alle 16-19-åringar får 3 år kompetansegjevande utdanning. Difor vil fylkeskommunane ha hovudansvaret for eit godt og tilstrekkeleg tilbod for denne aldersgruppa.

       Fleirtalet vil minne om at fleirtalet i Innst.O.nr.53 (1984-1985) la vekt på

       « at ordet « behov » skal knytast til manglande undervisningskapasitet innanfor offentlege skular, anten ved at utdanningstilbodet manglar heilt, eller ved at det offentlege skuleverket ikkje fullt ut dekkar etterspurnaden etter utdanning. »

       Fleirtalet legg vekt på at Regjeringa ikkje vil ta bort statstilskotet til private skular som er godkjende ut frå dagens § 3d, men at endringar i tilbodet skal godkjennast. Fleirtalet meiner ein heimel i lova gir desse skulane eit nødvendig rettsgrunnlag, og at dette fell bort om ein stryk lovregelen.

       Fleirtalet vil ikkje tilrå å endre § 3.

       Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti støttar forslaget i proposisjonen om endringar i privatskulelova § 3. Desse medlemene ser på endringane som ein naturleg konsekvens av innføringa av Reform 94 som pålegg fylkeskommunane å syte for at alle 16-19-åringane får 3 år kompetansegjevande opplæring og å sikra eit antal plassar for vaksne elevar.

       Desse medlemene har merka seg at proposisjonen føreset at skular som alt er godkjende, får halda fram, men ser det ikkje som naudsynt å oppretthalda ein lovparagraf, § 3d, for at desse skulane skal ha eit rettsleg grunnlag. Tvert om ser desse medlemene at å oppretthalda § 3d vil kunna føra til etablering av nye private skular på kvantitativt grunnlag.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen mener at den gjeldende privatskoleloven har vært et brukbart instrument når den har blitt praktisert på en liberal måte, men at den i dag blir praktisert på en for restriktiv måte. Disse medlemmer ønsker derfor primært en endring av privatskoleloven med den hensikt å gjøre det enklere å etablere private skoler når disse oppfyller de krav til kvalitet som samfunnet setter. Disse medlemmer legger til grunn foreldrenes rett til å velge skole for sine barn, og vil understreke at et større mangfold og økt valgfrihet vil fremme kvaliteten - også i den offentlige skolen.

       Komiteen har ingen merknad til framlegget om endring i § 26 tilskotsregel nr. 1 om grunnskular for funksjonshemma, bokstav b.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, syner til Innst.S.nr.206 (1993-1994) der komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, uttalar:

       « Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, registrerer en økning av antallet private grunnskoler og elevplasser i Norge. Flertallet mener en slik utvikling er uheldig og vil kunne undergrave og føre til et brudd med enhetsskoletanken. Etter flertallets syn skal det private skoletilbudet kun være et supplement til det offentlige skoleverket og de private skolenes pedagogikk representere et klart alternativ til pedagogikken i den offentlige skolen. Flertallet er kjent med at departementet arbeider med revisjon av lovverket. Flertrallet vil be departementet under arbeidet med endring av privatskoleloven foreta en juridisk vurdering av grenseoppgangen til annen lovgivning, jf. bl.a. grunnskoleloven og likestillingsloven. »

       Det same fleirtalet gjentok dette i B.innst.S.nr.12 (1994-1995) . Fleirtalet er kjent med at departementet arbeider med endring av privatskulelova i forhold til grunnskulen. Fleirtalet vil understreka betydningen av å trygge einskapsskulen og sikre alle elevar eit likeverdig opplæringstilbod som og legg til rette for integrering i samfunnet.

       Fleirtalet føreset at det vert oppretthalde ein heimel for grunnskular som alt er etablerte, og at ei innstramming ikkje skal ha tilbakeverkande kraft og såleis ikkje skal endre vilkåra for dei grunnskulane som finst i dag.

Forslag frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti:

I privatskulelova skal § 3 lyde:

§ 3. Skulen sitt føremål

       For å bli godkjend med rett til tilskot etter denne lova må skulen anten vera:

a. Skipa av religiøse og/eller etiske grunnar,
b. eller skipa som eit fagleg-pedagogisk alternativ,
c. eller skipa for undervisning av norske born/norsk ungdom i utlandet,
d. eller å ha til føremål å gje vidaregåande yrkesretta undervisning som ikkje vert gjeven ved vidaregåande offentlege skular.

       Komiteen syner til merknadene og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov
om endring i lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova).

I.

       I lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova) blir det gjort følgjande endring:

§ 26 tilskotsregel nr. 1 skal lyde:

       Grunnskular for funksjonshemma.

a. Alle utgifter som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, vert dekka ved statstilskot. Departementet fastset tilskotet på grunnlag av framlagde planar og budsjettframlegg. Så langt råd vert normalsatsen pr. elev pr. skuleår lagd til grunn.
b. Andre driftsutgifter vert dekka ved tilskot frå den kommunen der eleven har heimen sin, jf. § 37 nr. 3 i lov om grunnskolen.
c. Skulane kan etter søknad få statstilskot til investeringsutgifter.
d. Utgifter til elevreiser vert dekka etter gjeldande reglar i lov om grunnskolen.

II.

       Lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 31. mai 1995.

Jon Lilletun, Siri Frost Sterri,

leiar og ordførar. sekretær.