3. Endringar i § 21, oppfølging av endring i kommunelova
Likestillingslova § 21, slik føresegna lyder i dag, gjer unntak frå minsterepresentasjonskravet for utval som er valde ved høvetalsval. Den nye kommunelova (§ 36) har fått reglar om minstekrav til kjønnsrepresentasjon på vallistene som blir framlagde når folkevalde organ i kommunar og fylke skal velja representantar til utval etter høvetalsprinsippet. Kommunelovas § 37 inneheld nærare reglar om korleis oppteljinga av røystene skal gå føre seg for at representantane frå kvar liste skal vera fordelte med minst 40 % av kvart kjønn.
For å skapa eit enkelt og einskapeleg regelverk bør unntaket for høvetalsval i § 21 i likestillingslova takast bort. I staden bør § 21 visa til reglane i kommunelova.
Kommunelovas § 38 fastset at blant dei som skal veljast, skal kvart kjønn vera representert med minst 40 % i utval som er valde ved fleirtalsval. Slik § 21 lyder i dag, gjeld han for fleirtalsval. Harmoniseringsomsyn tilseier likevel at ein også når det gjeld denne utvalstypen, viser til føresegnene i kommunelova.
Fyrste leden andre punktum i § 21 blir endra slik at det no går tydeleg fram at også utval med to eller tre medlemmer kjem inn under føresegna (tidlegare gjekk grensa ved fire). For utval med to medlemmer og i tilfelle der eit offentleg organ nemner opp medlemmer til eit ikkje-offentleg utval eller eit utval samansett av representantar for fleire offentlege organ, inneber dette ei realitetsendring, sidan slike utval til no ikkje har kome inn under § 21.
Tredje leden andre og tredje punktum blir oppheva idet den nye kommunelovas § 36-37 har innført reglar som langt på veg automatisk vil sikra at det blir 40 % representasjon av kvart kjønn også i denne typen utval. Departementet peikar på at likestillingslova, slik ho lyder i dag, gjer unntak for utval som er valde ved høvetalsval, medan kommunelova har som hovudregel at også desse utvala skal omfattast. Kommunelovas § 36 inneber ei styrking av reglane om kjønnsrepresentasjon. Når det gjeld unntaket for utval med gjennomgåande representasjon, heiter det at kommunane må følgja representasjonsreglane « så langt som mulig ». Dette meiner departementet må oppfattast som ei plikt for kommunane til å freista å etterleva 40-prosentkravet.
§ 21 får ny fjerde led som inneheld ei tilvising til kommunelova når det gjeld desse utvala. Kommunale og fylkeskommunale utval som er valde av folkevalde organ ved fleirtalsval, kjem inn under kommunelova § 38. Tilvisinga til kommunelova gjeld òg for desse utvala. For administrativt oppnemnde kommunale og fylkeskommunale utval er § 21 framleis heimel for å kunne krevje minst 40 % representasjon av båe kjønn.
Handhevinga andsynes utval som er valde eller oppnemnde av kommunale eller fylkeskommunale organ, tek fylkesmannen eller fagdepartementa seg av i medhald av kommunelovas § 59.
Det foreslås ein ny femte led som er ein generell forskriftsheimel om handhevinga av § 25. Heimelen vil bli nytta til å gje forskrifter om handhevinga av § 21 andsynes statlege utval.
Med omsyn til statistikk over kjønnsfordelinga i utvala går departementet ut frå at den planlagde organisasjonsdatabasen til Kommunal- og arbeidsdepartementet vil gje nok informasjon. Det er både praktisk og økonomisk mest tenleg at denne statistikken blir offentleggjort av Kommunal- og arbeidsdepartementet i samband med annan statistikk basert på basen. Dette vil spara kommunane og fylkeskommunane for meirarbeidet med å senda inn statistiske opplysningar til Likestillingsombodet. Departementet legg til grunn at Likestillingsombodet held seg orientert om korleis § 21 blir etterlevd.