Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Endringar i § 4, § 5 og § 6 andre leden, reglar om provplikt

       Framlegget til provpliktsregel i § 4 og § 6 inneber at i tilfelle der det er påvist ulik behandling ved tilsetjing, permittering, vidareutdanning m.m., er det ein presumpsjon for at grunnen til den ulike behandlinga er kjønn, med mindre arbeidsgjevaren sannsynleggjer at det finst ein annan grunn. I praksis vil dette t.d. seia at dersom ein arbeidssøkjar blir vald framfor ein annan arbeidssøkjar med betre saklege kvalifikasjonar, så går ein ut frå at dette kjem av det kjønnet arbeidstakaren har, med mindre arbeidsgjevaren kan gjere mest truleg ein annan sakleg grunn til den ulike behandlinga. Regelen inneber òg at i tilfelle der det, etter at alle prov er framlagde, framleis er tvil om det har vore ulik behandling i strid med likestillingslova, så skal tvilsrisikoen liggja på arbeidsgjevaren.

       I tilfelle der det dreier seg om lønsfastsetjing (§ 5), må det fyrst påvisast at det faktisk ligg føre ein lønsskilnad mellom to arbeid av lik verdi. Likestillingsombodet har utarbeidd eit eige vurderingssystem som blir nytta til å avgjera om to arbeid kan seiast å ha same verdi. Ser det handhevande organet etter ei vurdering det slik at dei to arbeida har lik verdi, blir det etter dette opp til arbeidsgjevaren å sannsynleggjera at den påviste lønsskilnaden botnar i andre tilhøve enn kjønn. Arbeidsgjevaren må påvisa at løna er fastset etter dei same normene for kvinner og menn utan omsyn til kjønn, jf. likestillingslova § 5 tredje leden.

       Arbeidsgjevaren kan ikkje seiast å ha oppfylt provplikta berre ved å visa til at dei to lønene som blir samanlikna i det konkrete tilfelle, er fastsette gjennom ulike tariffavtalar; arbeidsgjevaren må likevel påvisa at normene for lønsfastsetjinga er dei same. Prinsippet om at lønsfastsetjing gjennom to ulike tariffavtalar ikkje i seg sjølv er prov nok for at det ikkje ligg føre kjønnsdiskriminering i dei konkrete tilfella som blir samanlikna, vart òg fastslege av EF-domstolen i den såkalla Enderby-saka.

       Det har vore diskutert om provpliktsregelen bør vere ei ålmen føresegn eller knyttast til føresegnene om arbeidslivet i § 4, § 5 og § 6 andre leden. Departementet går inn for ei lovfesting av provpliktsreglane i dei nemnde paragrafane, då det er på det området desse reglane dekkjer, at behovet for klåre provpliktsreglar i praksis er størst. Lovfesting av provpliktsreglar i desse føresegnene vil òg dekkje dei områda der EU-domstolen har tolka likestillingsdirektiva i EU/EØS slik at arbeidsgjevaren har provplikta for å påvisa at eventuell ulik behandling ikkje har sin grunn i kjønn. Departementet meiner òg at føremålet med lovfestinga - å gjera regelverket klårare og dermed auka regelvissa - i større grad blir oppnådd med ei plassering i dei respektive paragrafane.