1. Endringar i § 3, positiv særbehandling av menn
Positiv særbehandling er heimla i likestillingslova § 3 tredje leden. Med tilvising til føremålsparagrafen i lova har denne føresegna vore tolka slik at ho berre kan nyttast til fordel for kvinna.
I føremålsparagrafen heiter det at likestillingslova skal fremja likestilling mellom kjønna, og at det skal takast særleg sikte på å betra kvinners stilling, jf. likestillingslova § 1.
I praksis har det vore nokså stor uvisse om kor langt ein kan gå i å tillate særbehandling til fordel for menn. Praksis hos Likestillingsombodet har vore at det er mest i samsvar med føremålsparagrafen i lova at positiv særbehandling i arbeidslivet berre blir nytta i høve til kvinner.
Denne tolkinga har òg Klagenemnda for likestilling lagt seg på (jf. Hurumsaka frå 1991).
Når det gjeld utdanning, har Likstillingsombodet i praksis ikkje avvist positiv særbehandling til fordel for menn. Men ombodet har ikkje godteke ordningar som gjev menn førerett til fleire fag/liner enn det kvinner får førerett til.
I St.meld. nr. 70 (1991-1992) gjorde Regjeringa framlegg om at likestillingslova skulle endrast slik at ho opnar for positiv særbehandling til fordel for menn som ein spore for menn til å bryta med kjønnsskilja på arbeidsmarknaden. Fleirtalet i forbrukar- og administrasjonskomiteen (Arbeidarpartiet og Høgre) stødde positiv særbehandling i form av visse særtiltak for å få fleire menn inn i barnehagar, grunnskulen og barnevernsinstitusjonar.
Departementet ser det framleis slik at positiv særbehandling kan verka som ein spore for gutar/menn til å velja andre utdannings- og yrkesvegar enn dei tradisjonelle. Den løysinga stortingsfleirtalet gjekk inn for under førehavinga av St.meld. nr. 70 (1991-1992), føreset ei detaljregulering av kva yrke som skal koma inn under lova, og kva typar ulik behandling som skal tillatast. Dette meiner departementet høver dårleg til å bli regulert i ein generalklausul og meiner forskriftsforma er meir høveleg.
Ynsket om å utvida eller avgrensa området der positiv særbehandling av menn kan vera tillate, kan melda seg som ei følgje av endringar i kjønnsrollemønsteret og som følgje av røynsler med positiv særbehandling av menn. Forskrifta kan innehalde nærare føresegner om positiv særbehandling i samband med opptak og rekruttering til utdanning. Positiv særbehandling til fordel for menn i samband med utdanning bør skje i den mon dette stør opp under målet om å få fleire menn inn i yrke med tilknyting til omsorg for og undervisning av barn. Når det gjeld utforminga av lovteksta, er departementet kome fram til at det framlegget som vart presentert i høyringsnotatet gjev liten signal- eller opplysningseffekt i høve til det departementet ynskjer å oppnå. Departementet foreslår ei utforming av forskriftsheimelen som gjev uttrykk for at det er tillate å nytta forskrifta til å regulera positiv særbehandling av menn i samband med undervisning av og omsorg for barn.