Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Administrative og økonomiske konsekvensar

       Det vesentlegaste nye i lova er lovfestinga av reglar for den del av politiet si verksemd som tidlegare har vore basert på sedvanerett. Politiinstruksen og andre instruksar må reviderast, men arbeidet med dette kan gjerast innafor eksisterande rammer.

       Dei rettslege rammene som lova set for kva for organisatoriske og personalpolitiske tiltak som kan gjennomførast, får ikkje administrative eller økonomiske konsekvensar.

       Gjeldande lov har reglar om refusjon for utgifter i samband med at politiet må styrkast når eit anlegg vert sett igang eller utvida. Regelen har vore lite brukt, og vert no oppheva utan at dette får omgåande økonomiske følgjer.