3. Komiteens tilråding
Komiteen har ellers ikke merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt
§ 1.
Etter denne lova er fritidsfartøy segl-, motor- og robåt eller liknande, når dei ikkje vert nytta i næring, og segl-, motor- og robåt eller liknande som vert leigd eller lånt ut for bruk i fritida.
§ 2.
Føremålet med lova er auka tryggleik for menneskeliv i samband med bruk av fritidsfartøy.
§ 3.
Kongen kan gi nærare forskrifter til utfylling og gjennomføring av lova.
§ 4.
Kongen får fullmakt til å peike ut ei eller fleire offentlege styremakter som skal kontrollere at forskriftene gitt i eller i medhald av denne lova vert haldne.
Utpeikt styremakt kan sende tenestemenn ombord i fartøya for å gjere kontroll. Om naudsynt kan fartøy i fart stoggast og bordast for kontroll.
Fartøyeigar og førar plikter å medverke til gjennomføring av kontrollen.
Kongen kan gi nærare forskrifter om kontrollen.
§ 5.
Fartøyeigar og førar er ansvarlege for at forskrifter gitt i eller i medhald av denna lova vert haldne, om ikkje anna følgjer av den einskilde føresegna eller samanhengen.
§ 6.
Den som forsettleg eller aktlaust bryt føresegn gitt i eller i medhald av lova vert straffa med bøter.
§ 7.
Lova tek til å gjelde straks.
Oslo, i næringskomiteen, den 15. mars 1995. |
Svein Ludvigsen, | Ulf Guttormsen, | William Engseth, |
leder. | ordfører. | sekretær. |