Innstilling frå samferdselskomiteen om lov om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap.
Dette dokument
- Innst. O. nr. 58 (1993-1994)
- Kildedok: Ot.prp. nr. 61 (1993-94)
- Dato: 02.06.1994
- Utgiver: samferdselskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
- 1. Innledning
- 2. Nærare om lovframlegget
- 3. Komiteens merknader
- 4. Forslag fra mindretall
- 5. Komiteens tilråding
I proposisjonen legg Samferdselsdepartementet fram utkast til ei lov med regulering av rettslege spørsmål som følgjer av framlegg om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap, jf. St.prp. nr. 43 (1993-1994) Om tilknytningsformer for samferdselsbedriftene.
Lovforslaget regulerer forholdet til den allmenne aksjelovgivinga, eigarforholdet til aksjane og visse overgangsspørsmål som heng saman med overføring av offentlege og private rettsforhold frå forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap.
Regjeringa foreslår at det i lovutkastet blir teke inn ei lovføresegn om at alle aksjane i aksjeselskapet skal eigast av staten. Dette inneber eit avvik frå hovudregelen i aksjelova om at aksjar fritt skal kunne omsetjast.
Vidare blir det gjort framlegg om å regulere visse personalspørsmål knytt til føreretten til anna statsstilling og rett til venteløn etter tenestemannslova.
Lovframlegget inneheld og framlegg til naudsynte endringar i nokre andre lover som følgje av omdanninga av Televerket til aksjeselskap.
Framlegget i proposisjonen er avgrensa til spørsmål som må regulerast av omsyn til omdanningssaka.
Samferdselsdepartementet tar sikte på å leggje fram for Stortinget odelstingsproposisjon om ny generell lov om telekommunikasjon som m.a. vil avløyse telegraflova av 1899 og telegrafanleggslova av 1903.
Til § 1
Paragrafen fastset føremålet med lova. Utkastet §§ 2 og 3 inneheld føresegner med varig verknad. Elles har lova til føremål å regulere ymse overgangsspørsmål, mellom anna endringar i andre lover i samband med at forvaltningsbedrifta Televerket blir omdanna til aksjeselskap.
Til § 2
Paragrafen fastset at det aksjeselskapet som Televerket blir omdanna til, er underlagt den allmenne aksjelovgivinga, medrekna særreglane for aksjeselskap der staten eig alle aksjar.
Til § 3
Paragrafen lovfester at staten skal eige alle aksjar i aksjeselskapet. Føresegna inneber eit avvik frå utgangspunktet til aksjelova § 3-2 om at aksjar fritt kan omsetjast.
Til § 4
I første ledd gjer ein framlegg om ei generell overføring av offentlege rettar, konsesjonar, løyve m.v. til aksjeselskapet utan nærare vedtak frå offentlege styresmakter.
Framlegget har samanheng med at forvaltningsbedrifta Televerket sit med ei rad offentlege rettar i form av konsesjonar, løyve m.v. som skal overførast til aksjeselskapet i samband med omdanninga.
Televerket eig eller har langvarige bruksrettar til svært mange faste eigedomar som likeeins må overførast til aksjeselskapet.
Det vil vere svært ressurskrevjande både for Televerket og styresmaktene å gjennomføre individuelle overføringar for kvart einskilt rettsforhold, og å innhente særskilde løyve frå ulike styresmakter til overføring av konsesjonar, løyve m.v.
I andre ledd er det på dette grunnlag gjort framlegg om ei føresegn om omregistrering av heimelsforhold til eigedelar, rettar m.v. i offentlege register i samband med omdanninga.
Til § 5
I § 5 gjer departementet framlegg om ei føresegn som hindrar kreditorane og andre rettshavarar å motsetje seg at aksjeselskapet tek over som skyldnar for Televerkets (statens) avtaleskyldnader. Framlegget heng saman med at verksemda i forvaltningsbedrifta Televerket er basert på svært mange avtalar, som alle pålegg verksemda rettar og/eller skyldnader.
Ved omdanninga av Televerket er alle dei avtalar der Televerket i dag er part, føresett overført til aksjeselskapet.
Etter vanlege formuerettslege reglar vil dei rettar basert på avtale som forvaltningsbedrifta sit med, kunne overførast til aksjeselskapet utan at den andre parten kan gjere gjeldande innvendingar mot overføringa.
Når det gjeld dei skyldnader Televerket har i medhald av avtalar, kan ikkje desse på same vis med frigjerande verknad for staten fritt overførast til aksjeselskapet.
For å avklare ansvarsforholdet ved overføring av Televerkets skyldnader til aksjeselskapet og å avskjere eventuelle motsegner frå kreditorane etter alle dei avtaleskyldnadene som skal overførast, meiner departementet det bør fastsetjast ei slik føresegn som det her er gjort framlegg om. Føresegna vil gjera omdanningsarbeidet vesentleg enklare.
Til § 6
For tenestemenn i Televerket vil omdanninga medføre at dei ikkje lenger er omfatta av tenestemannslova. Arbeidsmiljølova vil gjelde fullt ut for dei tilsette i aksjeselskapet.
Det blir i lovutkastet § 6 gjort framlegg om at reglane om førerett til anna statsstilling og rett til venteløn ved oppseiing etter tenestemannslova § 13 blir ført vidare i eit avgrensa tidsrom frå omdanningstidspunktet.
Departementet gjør framlegg om at rettane gis for ein periode på inntil 3 år i første omgang. I lys av utviklinga i aksjeselskapet vil ein seinare vurdere ei forlenging av overgangsperioden med 1-2 år.
Til § 7
Det blir her overlate til Kongen å fastsetje tidspunkt for iverksetting av lova. Ein tek sikte på at tidspunktet vil falle saman med gjennomføringstidspunktet for omdanninga.
Til § 8
Paragrafen fastset endringar i anna lovgiving som er ein konsekvens av at Televerket som forvaltningsbedrift opphøyrer og blir vidareført i aksjeselskaps form.
Dette gjeld:
1. | Lov 29. april 1899 om Eneret for Staten til Befordring af Meddelelse ved Hjælp af Telegraflinjer og lignende anlæg. (Telegrafloven) |
Framlegget her gjeld føresegna om teieplikt i telegraflova § 5. Det er naudsynt å fastsetje ei ny formulering av føresegna i samband med omdanninga til aksjeselskap. |
Endring i telegraflova § 6 nr. 2 trengst for å kunne bruke straffeføresegna i straffelova § 121 overfor tilsette i aksjeselskapet. |
2. | Lov 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål |
Tvistemålslova § 204 nr. 2 inneheld forbod mot at retten mottar forklaring som inneber brot på lovfastsett teieplikt som følgje av arbeid eller teneste for stat eller kommune. |
Etter ei omdanning av Televerket til aksjeselskap vil personar som utfører teneste eller arbeid for det nye aksjeselskapet ikkje vere omfatta av tvistemålslova § 204 nr. 2. |
Departementet meiner at dei same reglane for høvet til å ta imot vitneforklaringar framleis bør gjelde, og at desse bør gjelde generelt for personar som utfører teneste eller arbeid for nokon som driv offentleg telenett eller tilbyr offentlege teletenester (teleoperatør). Det vert derfor gjort framlegg om at tvistemålslova § 204 nr. 2 blir endra slik at desse personane blir omfatta av forbodet mot å motta vitneforklaring. |
3. | Lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i straffesaker |
Endringsframlegget til straffeprosesslova § 118 første ledd første punktum svarer til endringa i tvistemålslova § 204 nr. 2 første punktum som er omtalt i pkt. 2 ovanfor. |
Straffeprosesslova § 211 første ledd gjeld retten til å ta beslag i m.a. telegram som fortsatt vil bli ei samfunnspålagt oppgave. |
4. | Lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting |
Det er gjort framlegg om å oppheve kringkastingslova § 6-1 tredje ledd som gir Kongen rett til å dra den nærare grensa mellom verksemda i Norsk rikskringkasting og i Televerket. Føresegna er overflødig, då kringkastingslova § 1-1 gir heimel til å avgjere grensa mellom kringkasting og telekommunikasjon. |
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ragnhild Barland, Aud Blattmann, Johan M. Nyland, Ola Røtvei, Magnar Sætre og Solveig Torsvik, fra Senterpartiet, Johanne Gaup, Nils Arild Johnsen og Terje Sandkjær, fra Høyre, Ole Johs. Brunæs, Oddvard Nilsen og Thorhild Widvey, fra Sosialistisk Venstreparti, fung. leder Inge Myrvoll, og fra Kristelig Folkeparti, May-Helen Molvær Grimstad, viser til sine respektive merknader i Innst.S.nr.163 (1993-1994) Om tilknytningsform for samferdselsbedriftene.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Kristelig Folkeparti er enig med departementet i at Televerket omdannes til et heleid statlig aksjeselskap på de vilkår som er omtalt i St.prp. nr. 43 og Innst.S.nr.163 (1993-1994).
Disse medlemmene slutter seg til lovforslaget.
Disse medlemmene vil vise til at forslaget innebærer at det fortsatt vil bli en statlig styring av Televerket med krav om landsdekkende tilbud på like vilkår. « Televerket AS » pålegges bl.a. å videreføre oppgaver av distrikts- og sosialpolitisk karakter.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti går inn for at Televerket fortsatt skal være forvaltningsbedrift.
Disse medlemmene kan derfor ikke støtte forslaget til lov om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap.
Disse medlemmene vil dessuten bemerke at Regjeringens lovforslag er svært liberalt til sammenlikning med f.eks. den svenske Telelagen som er mer utfyllende når det gjelder vilkår for teletjenesten. Dette gjelder bl.a. teletakster, nødtelefoner, tjenester for handikappede og krav om landsdekkende tjenester.
Disse medlemmene vil derfor stemme imot hele lovforslaget.
Komiteens medlemmer fra Høyre er enig med departementet i at Televerket på nåværende tidspunkt omdannes til et statlig aksjeselskap.
Disse medlemmene er imidlertid uenig i at det blir tatt inn i lovvedtektene at alle aksjene skal eies av staten, jf. lovforslagets § 3 Aksjeeigaren.
Disse medlemmene vil derfor foreslå:
« § 3 Aksjeeigaren skal lyde:
Staten skal eige fleirtalet av aksjane i aksjeselskapet. »
Forslag fra Høyre:
§ 3 Aksjeeigaren skal lyde:
Staten skal eige fleirtalet av aksjane i aksjeselskapet.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt
§ 1. Føremål
Føremålet med denne lova er å regulere forholdet til aksjelovgivinga, eigarforholdet til aksjane og visse overgangsspørsmål i samband med omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap.
§ 2. Forholdet til aksjelovgivinga
Lovgivinga om aksjeselskap gjeld for aksjeselskapet dersom ikkje anna følgjer av lova her.
§ 3. Aksjeeigaren
Staten skal eige alle aksjar i aksjeselskapet.
§ 4. Overføring av offentlege rettar m.v.
Offentlege rettar, konsesjonar, løyve m.v. som gjeld for forvaltningsbedrifta Televerket blir frå omdanningstidspunktet overført til aksjeselskapet.
Omregistrering i grunnbok og andre offentlege register i samband med omdanninga skjer ved namneendring.
§ 5. Overføring av skyldnader
Overføring til aksjeselskapet av skyldnader knytt til forvaltningsbedrifta Televerket har frigjerande verknad for staten.
Kravshavarar og andre rettshavarar kan ikkje motsetje seg overføringa eller gjere gjeldande at den utgjer ein bortfallsgrunn for rettsforholdet.
§ 6. Førerett til anna statsstilling og venteløn
Tenestemannslova § 13 nr. 2 til nr. 6 om førerett til anna statsstilling og venteløn skal framleis gjelde for tidlegare arbeidstakarar i forvaltningsbedrifta Televerket som blir sagt opp av grunn som nemnt i tenestemannslova § 13 nr 1 (a), (b) og (c), og som var omfatta av desse reglane før omdanninga. Føreretten til anna statsstilling og retten til venteløn etter førre punktum opphører på eit nærare fastsett tidspunkt etter omdanninga. Tidspunktet fastsetjast av departementet. Føresegna her avgrensar ikkje arbeidstakars rettar etter arbeidsmiljølova §§ 60 nr. 2 og 67.
§ 7. Iverksetting
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
§ 8. Endring i andre lover
Frå den tid lova tek til å gjelde, skal desse føresegnene i andre lover endrast slik:
1. | Lov av 29. april 1899 om Eneret for Staten til Befordring af Meddelelse ved Hjælp af Telegraflinjer og lignende Anlæg |
§ 5 skal lyde: |
Teleoperatør, tjenesteleverandør og installatør plikter å bevare taushet om innholdet av telekommunikasjon og om andres bruk av telekommunikasjon, herunder opplysninger om tekniske innretninger og fremgangsmåter. De plikter å gjennomføre tiltak for å hindre at andre enn de som opplysningene gjelder får anledning til selv å skaffe seg kjennskap til slike opplysninger. Heller ikke kan de nytte opplysningene i egen virksomhet eller i tjeneste eller arbeid for andre, med mindre det dreier seg om statistiske opplysninger om nettverkstrafikk som er fullt ut anonymiserte og som ikke gir informasjon om innretninger eller tekniske løsninger. |
Taushetsplikt etter første ledd gjelder også for alle som utfører arbeid eller tjeneste for teleoperatør, tjenesteleverandør, teleinstallatør eller telemyndigheten. Taushetsplikten gjelder også etter at vedkommende har avsluttet tjenesten eller arbeidet. |
Departementet kan gi forskrifter om taushetsplikt. Annen lovbestemt taushetsplikt gjelder i tillegg til denne paragraf. |
§ 6 nr. 2 skal lyde: |
Krenkelse av taushetsplikt etter § 5 straffes som bestemt i straffeloven § 121 selv om krenkelsen er foretatt av noen som ikke utfører tjeneste eller arbeid for statlig eller kommunalt organ. |
2. | Lov av 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål |
§ 204 nr. 2 første ledd første punktum skal lyde: |
Retten må ikke ta imot forklaring som vitnet ikke kan gi uten å krenke lovbestemt taushetsplikt han har som følge av tjeneste eller arbeid for stat eller kommune eller teleoperatør, om ikke departementet gir samtykke. |
3. | Lov av 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i straffesaker |
§ 118 første ledd første punktum skal lyde: |
Retten må ikke ta imot forklaring som vitnet ikke kan gi uten å krenke lovbestemt taushetsplikt han har som følge av tjeneste eller arbeid for stat eller kommune eller teleoperatør, hvis ikke departementet gir samtykke. |
§ 211 første ledd skal lyde: |
Brev, telegram eller annen sending som er i postverkets eller teleoperatørs besittelse kan ved rettens kjennelse beslaglegges dersom sendingen etter reglene i §§ 203 og 204 vil kunne beslaglegges hos mottakeren, og mistanken gjelder en handling som etter loven kan medføre straff av fengsel i mer enn 6 måneder. |
4. | Lov av 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting |
§ 6-1 tredje ledd vert oppheva. |
Oslo, i samferdselskomiteen, den 2. juni 1994. |
Inge Myrvoll, |
Thorhild Widvey, | Solveig Torsvik, |
fung. leder. |
ordfører. | sekretær. |