1. Innledning

       I proposisjonen legg Samferdselsdepartementet fram utkast til ei lov med regulering av rettslege spørsmål som følgjer av framlegg om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap, jf. St.prp. nr. 43 (1993-1994) Om tilknytningsformer for samferdselsbedriftene.

       Lovforslaget regulerer forholdet til den allmenne aksjelovgivinga, eigarforholdet til aksjane og visse overgangsspørsmål som heng saman med overføring av offentlege og private rettsforhold frå forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap.

       Regjeringa foreslår at det i lovutkastet blir teke inn ei lovføresegn om at alle aksjane i aksjeselskapet skal eigast av staten. Dette inneber eit avvik frå hovudregelen i aksjelova om at aksjar fritt skal kunne omsetjast.

       Vidare blir det gjort framlegg om å regulere visse personalspørsmål knytt til føreretten til anna statsstilling og rett til venteløn etter tenestemannslova.

       Lovframlegget inneheld og framlegg til naudsynte endringar i nokre andre lover som følgje av omdanninga av Televerket til aksjeselskap.

       Framlegget i proposisjonen er avgrensa til spørsmål som må regulerast av omsyn til omdanningssaka.

       Samferdselsdepartementet tar sikte på å leggje fram for Stortinget odelstingsproposisjon om ny generell lov om telekommunikasjon som m.a. vil avløyse telegraflova av 1899 og telegrafanleggslova av 1903.