Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

5. Komiteens merknader

Grensa for revisjonsplikt

       Komiteen stør framlegget om at ansvarlege selskap med opp til 5 deltakarar vert fritekne frå revisjonsplikta dersom driftsinntektene ligg innanfor ei viss grense.

       Komiteen viser til at det ved fleire høve har vore peika på at driftsinntektsgrensa for revisjonsplikta har vore for låg. Grensa har stått stille sidan 1984. Sjølv om einskilde høyringsinstansar er mot ei kvar endring av revisjonspliktsgrensa, viser dei fleste høyringsfråsegnene til at grensa bør aukast.

       Komiteen vil peike på at Rekneskapslovutvalet gjorde framlegg om følgjande i NOU 1993:2 :

a) at grensa på summen burde hevast til 5 mill. kroner, for på den måten å møte verknaden av redusert kroneverdi, og
b) at ansvarleg selskap m.v. med inntil 5 deltakarar vert likestilte med personlege næringsdrivande.

       Komiteen vil peike på at departementet viser til at forbrukar- og administrasjonskomiteen i Innst.O.nr.116 (1992-1993) gjorde framlegg om ei kopling mellom bruk av autorisert rekneskapsførar og revisjonsplikt.

       Komiteen har merka seg at forbrukar- og administrasjonskomiteen i den nemnde innstillinga bad departementet snarast råd om å vurdere ei generell endring av grensa slik Rekneskapslovutvalet gjorde framlegg om i si utgreiing.

       Komiteen strekar under at Kredittilsynet legg stor vekt på dei tiltaka som styresmaktene nyttar i kampen mot økonomisk kriminalitet, og er oppteken av at det skal vera strenge krav til rekneskap og revisjon.

       Komiteen viser til at også Kredittilsynet har akseptert å heve driftsinntektsgrensa til 5 mill. kroner med den føresetnaden at det vert arbeidd ut andre rutinar for å få stadfesta ein del viktige tilhøve omkring skiping av selskap og avleggjing av rekneskap.

       Komiteen ser på denne utvidinga av fritak for revisjonsplikt for små verksemder som ei hjelp til ønskjet om å skipe nye tiltak og å trygge arbeidsplassane. Komiteen er kjent med at den samla innsparinga for verksemdene ved å auke grensa frå 2 til 5 mill. kroner vil vera vesentleg. Komiteen føreset at omsynet til ålmenta og det offentlege vert sikra ved at rekneskapsførselen er oversiktleg og i samsvar med reglane i rekneskapslova og at det er høve til kontroll.

       Komiteen vil også peike på at revisjonsplikt for små firma i mange høve vil utgjera ein relativt tung utgiftspost i den totale økonomien i firmaet.

       Etter ei samla vurdering vil komiteen gjere framlegg om at grensa for revisjonsplikt vert auka i tråd med framlegget frå Rekneskapslovutvalet til 5 mill. kroner og at endringane vert gjort gjeldande frå 1994. Komiteen reknar med at departementet vil justere grensa med jamnlege mellomrom, til dømes kvart fjerde år.

       Komiteen ser at det i visse høve kan vera grunnar til å gjera unntak frå revisjonsplikt når deltakartalet er større enn 5 og driftsinntektene småe, slik det stundom er innom ymse samarbeidstiltak (maskinsamarbeid, drift av skogteigar, utnytting av utmark osv.). Komiteen ser positivt på samarbeidstiltak innan ulike næringar med sikte på å få ned kostnadene og vil streke under kor viktig det er at prinsippet om likebehandling også gjeld mellom ulike typar ansvarlege selskap.

       Komiteen vil ikkje ta stilling til kor vidt deltakartalet allment bør løftast til eit høgare tal enn 5, men finn det rimeleg at departementet kan gjera unntak når det er påkravt.

       Komiteen vil difor gjera framlegg om eit tillegg i ordlyden til revisjonslova § 1, tredje ledd:

       « Departementet kan fastsette høyere beløpsgrenser og deltakerantall for særskilte grupper av virksomheter og foretak. »

Offentleg innsyn i særskilte vederlag til leiarar

       Komiteen sluttar seg til framlegget frå departementet om at aksjelova og rekneskapslova skal endrast slik at det blir opplysningsplikt om særskilte vederlag til dagleg leiar eller styreleiar, såkalla « fallskjermar », som vert motteke ved slutten av eller ved endring i tilsetjingsforholdet.

       Komiteens fleirtal, medlemane frå Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og representanten Wetterstad, viser til at spørsmålet om å utvide omfang og spesifisering av særskilte vederlag har vore framme i samfunnsordskiftet. Fleirtalet ser at det kan vera avgrensingsproblem i slike spørsmål, og finn det positivt at departementet vil gjera ei nærare vurdering på desse områda. Fleirtalet viser til brev frå departementet 10. mai 1994 som svar på komiteens brev av 5. mai (vedlegg). Fleirtalet føreset at Rekneskapslovutvalet vurderer desse spørsmåla nøyare, inklusive opsjonsavtalar, og at departementet seinare kjem med saken til Stortinget på ein høveleg måte.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil vise til at frynsegoder i form av « fallskjermer » fikk et voksende omfang på 80-tallet. Lovverket har så langt ikke i tilstrekkelig grad fanget opp denne utviklinga. Regjeringas forslag innebærer derfor større åpenhet når det gjelder lederes økonomiske forhold.

       Disse medlemmer ser imidlertid behov for å utvide opplysningsplikten, både når det gjelder hvilke ansettelsesforhold og verv som denne plikten skal gjøres gjeldende for, i tillegg til at opplysninger om opsjonsavtaler, bonus- og resultatpremieordninger, forsikrings, pensjons- og førtidspensjonsavtaler o.l. bør omfattes av opplysningsplikten.

       Disse medlemmer mener også at styremedlemmer og stillinger av « ledende eller kontrollerende art » bør omfattes av denne plikten, slik det er fremmet forslag om i høringsnotatet fra departementet. Slik forslag til lovtekst i dag er utformet, vil ikke mellomledere, f.eks. direktørsjiktet i store og mellomstore selskaper, være omfattet av loven, noe disse medlemmer finner uheldig.

       Disse medlemmer ser ingen gode grunner til at en slik plikt til å oppgi opplysninger om de forhold som nevnt ovenfor, skal avgrenses til om det overstiger visse beløp. I et samfunn som tar sikte på større åpenhet rundt enkeltpersoners økonomiske forhold i næringslivet, vil innføring av beløpsgrenser kunne undergrave arbeidet med å fastslå et prinsipp om at alle opplysninger om « gyldne fallskjermer » skal gis uavhengig av « fallskjermens » størrelse eller verdi.

       På denne bakgrunn vil disse medlemmer fremme forslag om at § 11-8 første ledd nytt nr. 18 i lov av 4. juni 1976 nr. 59 om aksjeselskaper skal lyde:

       « Dersom selskapet har forpliktet seg overfor styremedlemmer, herunder styreleder, eller ansatte personer i stilling av ledende eller kontrollerende art til å gi særskilt vederlag ved opphør eller endring av ansettelsesforholdet eller vervet, skal det gis opplysning om arten og omfanget av forpliktelsen. Plikten til å gi opplysninger gjelder også for forhold som opsjonsavtaler, bonus- og resultatpremieordninger, forsikrings-, pensjons-, og førtidspensjonsavtaler. Dersom forpliktelsen som nevnt i første ledd har opphørt eller er endret i løpet av regnskapsåret, skal det opplyses om årsaken til de økonomiske virkninger av opphøret eller endringen. »

       Den samme ordlyd foreslås som nytt ledd nr. 16 i § 19 i lov av 13. mai 1977 nr. 35 om regnskapsplikt m.v.