1. Innledning

       Til Odelstinget.

       I proposisjonen vert det lagt fram forslag til endringar i revisorlova, aksjelova og rekneskapslova. Det vert gjort framlegg om å endra § 1 i revisorlova slik at ansvarlege selskap med opp til fem deltakarar skal fritakast frå revisjonsplikt dersom driftsinntektene av den samla verksemda ikkje overstig 2 mill. kroner. (Eit slikt fritak for revisjonsplikt gjeld i dag for personleg næringsdrivande.)

       Ein tek sikte på at desse endringane skal kunne få verknad allereie frå årsoppgjeret for 1993.

       Det vert også gjort framlegg om endringar i aksjelova og rekneskapslova som har til føremål å innføra opplysningsplikt om særfordelar til leiarar, m.a. dei såkalla « fallskjermane ». Endringane er tenkt å få verknad frå rekneskapsåret 1994. I proposisjonen vert det innleiingsvis gjort greie for arbeidet til Rekneskapslovutvalet og Revisjonslovutvalet.