2. Merknader frå komiteen

2.1 Lov om tekniske kontrollorgan

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, konstaterer at EØS-avtalen er i funksjon, og at Regjeringa gjer framlegg om ei ny lov som skal gje heimel for å oppnemne tekniske kontrollorgan i samsvar med EØS-avtalen.

       Komiteen er samd med departementet i at det er mest tenleg å ha ei ny lov om tekniske kontrollorgan i staden for å gje heimel i alle lovene som gjeld dei ulike tilsynsområda. Komiteen ser det som viktig at ein med å ha heimelsgrunnlaget i ei lov, kan få mest mogeleg lik praksis.

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, legg til grunn av lovframlegget ikkje går lenger enn EØS-avtalen krev. Fleirtalet ser det som positivt at ein med tekniske kontrollorgan og førmarknadskontroll kan redusere tekniske handelshinder ved at det vert ei samordning av krava og utvikla eit felles regelverk.

       Fleirtalet har merka seg at lovframlegget vil gje eit meir oversiktleg system for produsentar som treng samsvarsvurdering av produkt, noko som vil gjere tilgangen til EØS-marknaden lettare for norske varer.

       Komiteen finn det rett at klagereglane i forvaltningslova også skal gjelde for samsvarsvurderingar som tekniske kontrollorgan gjer, og at eksisterande klageordningar dermed kan oppretthaldast. Komiteen ser det som viktig at det er nær kontakt mellom søkjar og det tekniske kontrollorganet, slik at søkjaren kan kome med synspunkt undervegs.

       Komiteen vil be departementet leggje vinn på å gjere regelverket så enkelt og oversiktleg som mogeleg. Særleg av omsyn til små og mellomstore verksemder er dette svært viktig.

       Komitémedlemene frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til sine standpunkt til norsk medlemskap i EØS, og partia sine merknader nedfelt i Innst.S.nr.248 (1991-1992).

       Desse medlemene meiner at « føre-var-prinsippet » er sentralt. Det er viktig at land kan gå framfor som føregangsland. Desse medlemene ynskjer at Noreg framleis skal ha ei pådrivarrolle internasjonalt m.a. i spørsmål knytt til helse, sikkerheit og miljø.

       Fri flyt av varer er eit av måla i EØS-avtala, og dette krev like standardar i medlemslanda. Krava om felles regelverk i EØS-landa fører i praksis til total harmonisering. Desse medlemene viser til at Danmark har ved fleire høve vorte nedstemt i forsøk på å innføre strengare reglar for kjemikal, klassifiseringar og merking av kreftframkallande stoff.

       Desse medlemene viser til at høgare standard på eit område vil kunne bli stemna inn for EØS-domstolen og dømmast som eit ulovleg handelshinder. Domstolen avgjer da utfallet. I slike saker vil bevisbyrden vera Noreg sitt ansvar. Erfaringar viser at det er vanskeleg å leggje fram klare bevis som domstolen godtek i saker av denne typen.

       Desse medlemene vil ut i frå dette gå imot at ei samsvarsvurdering som er gitt av eit teknisk kontrollorgan som er peika ut av ein annan EØS-stat, har same rettsverknad som ei samsvarsvurdering frå eit teknisk kontrollorgan her i landet. Desse medlemene meiner at dette kan føre til at varer som har ein lågare standard på områda helse, sikkerheit og miljø enn det som tidlegare har vore kravd i Noreg, nå kan bli importerte hit til landet. Ei slik samsvarsvurdering vil også leggje klare begrensingar på retten Noreg har til å vidareutvikle høgare nasjonale standardar.

       Desse medlemene vil på denne bakgrunn gå imot § 6 i utkast til lov om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar etter EØS-avtalen.

       Komiteen viser til at det i § 4 er framlegg om reglar om kva som skal skje dersom eit teknisk kontrollorgan ikkje lenger oppfyller krava i § 2. Komiteen går ut frå at det er utpeikinga som teknisk kontrollorgan som skal kunne trekkjast tilbake, og ikkje den formelle meldinga til ESA og dei andre EØS-landa. Komiteen gjer derfor framlegg om endring i § 4 i samsvar med dette.

2.2  Lov om endringar i lov om mål og vekt

       Komiteen syner til at kongeleg resolusjon av 27. november 1992 gav forskrift som gjev heimel til Norsk Akkreditering for å krevje inn gebyr for handsaming av akkrediteringssøknader frå laboratorium og sertifiseringsorgan. Komiteen er samd med departementet i at det er naudsynt å avklare om akkrediteringar må reknast som vedtak etter forvaltningslova og at den nye føresegna vert teken inn i § 35 i lova.

       Komiteen ser det som positivt at Norsk Akkreditering no betre vert i stand til å finansiere verksemda.

       Komiteen finn det naturleg at stillinga som justerdirektør vert gjort om til tenestemannsstilling på line med toppleiarstillingar i ulike direktorat.